6 Opphavsrett, personvern oa.
6.1 Opphavsrett og vidarebruk
6.1.1 Høyringsnotatet. Bakgrunn
Høyringsnotatet inneheldt ein omfattande gjennomgang av forholdet mellom opphavsrett og vidarebruk av offentleg informasjon. Bakgrunnen for dette er at temaet dukkar opp når vidarebruk blir diskutert både på nasjonalt og på europeisk nivå. Departementet ønskte derfor å gjere greie for dei problemstillingane som blir diskuterte. Det blei samtidig gjort klart i høyringsnotatet at det ikkje ville bli foreslått nokon endringar i åndsverklova.
Vidarebruk og opphavsrettar blei elles inngåande diskuterte og omtalte ved implementeringa av vidarebruksdirektivet, sjå punkt 5.17 i rapporten «Fra bruk til gjenbruk – gjennomføring av direktiv 2003/98/EF om gjenbruk av den offentlige sektors informasjon og supplerende forslag».
6.1.2 Høyringsinstansane sitt syn
Difi skriv i sitt høyringssvar:
«Som et innspill til arbeidet ønsker vi å trekke frem at det er en relativt liten kunnskap om hvordan opphavsretten gjelder for offentlige virksomheter. I vårt arbeid som pådriver for åpne data er en av de vanligste misforståelsene vi har møtt knyttet til opphavsrett; mange tror at det å publisere noe på etatens nettsider er det samme som å tillate viderebruk. De er ikke klar over at det for de fleste dokumenter og data som publiseres på norske etaters nettsider kreves en eksplisitt angivelse av at etaten tillater viderebruk, for eksempel i form av en lisens.
Vi regner med at spørsmålet om en bør endre opphavsrettsreguleringen i Norge vil føre til diskusjoner om en mulig vei å gå er å etablere liknende regler som i USA, der føderale myndigheter ikke har opphavsrett. En slik regulering vil også redusere behovet for lisenser.
Difi foreslår derfor at departementet ser på disse problemstillingene i det videre arbeidet med endringer i opphavsrettsreguleringen.»
IKT-Norge er oppteken av at data som er finansierte av skattebetalarane og skaffa fram av det offentlege, tilhøyrer samfunnet, og at det offentlege ikkje bør hevde opphavsrett til offentleg informasjon.
6.1.3 Departementets vurdering
Når det gjeld Difis innspel om å etablere liknande opphavsrettsreglar som i USA, vil departementet peike på at veldig mange av dei dokumenta som blir publiserte på nettsidene til norske etatar, ikkje vil vere verna etter gjeldande reglar. Dei vil dermed fritt kunne brukast, jf. åndsverklova § 9. Departementet har, i samråd med Kulturdepartementet, ikkje vurdert det som ønskjeleg å foreslå endringar i åndsverklova § 9 om unntak for offentlege dokument.
Åndsverklova set rammer for bruk av opphavsrettsleg verna materiale og gir i utgangspunktet opphavsmenn einerett til å råde over åndsverk, jf. åndsverklova § 2. Mange dokument som er skapte av offentleg forvaltning, har derimot ikkje opphavsrettsleg vern. Dokument som «lover, forskrifter, rettsavgjørelser og andre vedtak av offentlig myndighet», og «forslag, utredninger og andre uttalelser som gjelder offentlig myndighetsutøvelse, og er avgitt av offentlig myndighet, offentlig oppnevnt råd eller utvalg, eller utgitt av det offentlige», er ikkje omfatta av åndsverklova, jf. åndsverklova § 9.
Forholdet mellom åndsverklova og offentleglova er presisert i åndsverklova § 27, der det er slått fast at føresegnene i offentleglova om dokumentoffentlegheit går føre reglane om opphavsrettsleg vern i åndsverklova. Dette fordi innsyn etter offentleglova ikkje inneber at verket er offentleggjort i åndsverklovas forstand. For tilgjengeleggjering og vidarebruk vil ein måtte gjere konkrete vurderingar.
Vidarebruksdirektivet artikkel 1, nr. 2, bokstav b, i tillegg til direktivets fortalepunkt 22 og 24, gjer det klart at eventuell opphavsrett ikkje blir påverka av vidarebruksdirektivet. Dette utgangspunktet gjeld for opphavsrettar som ligg til anten tredjepartar eller den offentlege verksemda.
Samtidig gir fortalen ei klar oppfordring om at offentlege verksemder forvaltar rettane sine på ein måte som legg til rette for og mogleggjer vidarebruk: «[..] Public sector bodies should, however, exercise their copyright in a way that facilitates re-use.»
6.2 Personvern og vidarebruk
Høyringsnotatet inneheldt også ein gjennomgang av forholdet mellom personvern og vidarebruk av offentleg informasjon. Dette er eit område som kan vere både juridisk og teknisk komplisert. Departementet ønskte derfor å gjere greie for visse problemstillingar.
Det er presisert i fortalen i endringsdirektivet at implementering av vidarebruksreglane i nasjonal rett skal skje i fullt samsvar med innhaldet og prinsippa i personverndirektivet, og det skal gjerast ei juridisk vurdering av eventuell tilgjengeleggjering på grunnlag av nasjonal rett. Personverndirektivet er implementert i norsk rett i personopplysningslova, slik at personopplysningslova set ramma for tilgjengeleggjering og vidarebruk i nasjonal rett.
Personopplysningslova regulerer verksemders behandling av personopplysningar og gjeld fullt ut ved tilgjengeleggjering av offentlege data. Det følgjer av personopplysningslova § 6 første ledd at lova ikkje avgrensar innsynsrett etter offentleglova. Same avgrensing blir ikkje gitt for tilgjengeleggjering for vidarebruk, slik at reglane i personopplysningslova som hovudregel må vere oppfylte for å kunne gjere dokument tilgjengelege for vidarebruk. Å gjere personopplysningar tilgjengelege er «behandling» etter personopplysningslova § 2 nr. 2, og det må derfor liggje føre behandlingsgrunnlag, jf. personopplysningslova § 8, for å kunne gjere dokument tilgjengelege. Behandlingsgrunnlaget kan vere anten samtykke eller lovheimel, eller det kan reknast som «nødvendig» av fleire grunnar, jf. personopplysningslova § 8.
I høyringsnotatet blir samansette og anonymiserte data, tekniske løysingar og lisensiering presenterte som alternative utvegar for auka vidarebruk.
6.2.1 Høyringsinstansane sitt syn
Difi problematiserer både innsynskrav utanfor EØS og publisering av dokument på internett og peiker på at departementet i lita grad går inn på kva for tekniske sperrer som kan vere aktuelle for å sikre personvernet samtidig som ein gjer offentlege data tilgjengelege. Difi peker i den samanhengen på søkjesperra som er implementert i offentleg elektronisk postjournal (OEP). Difi stiller spørsmålsteikn ved om lisensiering er eigna som mekanisme for å sikre personvern ved publisering av personopplysningar på internett.
IKT-Norge peiker i sitt høyringssvar på at omsynet til personvern ofte blir brukt som ei grunngiving for ikkje å gjere data tilgjengelege, også i tilfelle der personvernet openbert ikkje er utfordra.
Kartverket hevdar at det må vere feil når departementet i høyringsnotatet skriv at offentlegforskrifta § 7 er heimel for at sensitive personopplysningar ikkje kan brukast vidare. Kartverket meiner det for eksempel vil vere føresegnene i forvaltningslova om teieplikt og tilsvarande føresegner i særlovgivinga som utgjer skranken for vidarebruk av slike personopplysningar.
Kartverket peiker vidare på at manglande prinsipielle retningslinjer for korleis personopplysningar skal gjerast tilgjengelege, gjer det vanskeleg for dei aktørane som skal vurdere informasjonen.
Norsk Arkivråd og Universitetet i Oslo peiker begge på endringsforbodet i arkivlova, og det blir understreka at anonymisering eller nøytralisering ikkje kan skje på ein måte som kompromitterer dei opphavlege dataa utan å komme i strid med arkivlovgivinga.
6.2.2 Departementets vurdering
Personopplysningslova gjeld fullt ut ved tilgjengeleggjering av offentlege data der desse dataa inneheld personopplysningar. Det medfører at det må gjerast ei konkret vurdering i forkant av ei eventuell tilgjengeleggjering av offentlege dokument, for å avklare om dataa inneheld personopplysningar, og dersom dei gjer det, kva som då skal skje. Eitt alternativ er at verksemda må avstå frå tilgjengeleggjering fullt ut. Dersom dataa etter ei vurdering likevel skal gjerast tilgjengelege for vidarebruk, må det vurderast om personopplysningar skal anonymiserast, om dei skal presenterast gjennom ei teknisk sperre som hindrar urettmessig vidarebruk, eller om vidarebruk skal lisensierast under særlege reglar.
Det er fastsett i offentlegforskrifta at det som i personopplysningslova er definert som sensitive personopplysningar, ikkje skal gjerast tilgjengelege på internett, jf. offentlegforskrifta § 7 andre ledd bokstav c. Det er viktig å vere klar over at «sensitive personopplysningar» ikkje alltid er omfatta av teieplikt, og det er heller ikkje nødvendigvis slik at dei kan haldast unna innsyn. Offentlegforskrifta § 7 andre ledd fastset at visse opplysningar ikkje skal leggjast ut på nettet, uavhengig av om dei er omfatta av teieplikt eller ikkje.
Departementet kan ikkje sjå at endringsforbodet i arkivlova er til hinder for anonymisering eller nøytralisering, som Norsk Arkivråd og Universitetet i Oslo hevdar. Den versjonen av arkivmaterialet som det skal takast vare på, vil etter departementets forståing framleis liggje hos organet sjølv, i original versjon.
Informasjon som inneheld personopplysningar eller er underlagde teieplikt, skal som hovudregel ikkje gjerast tilgjengeleg for vidarebruk. I visse tilfelle kan likevel samfunnsbehov vege tyngre enn den enkelte sin rett til privatliv, slik at informasjon som inneheld personopplysningar, likevel kan gjerast tilgjengeleg for vidarebruk. Dette kan for eksempel gjelde for lister over politiske verv etc.
Personopplysningslova skal gjelde ved tilgjengeleggjering og vidarebruk av offentlege data der desse dataa inneheld personopplysningar. Det medfører at det må gjerast ei konkret vurdering i forkant av ei eventuell tilgjengeleggjering av offentlege dokument, for å avklare om dataa inneheld personopplysningar. Dersom datasett inneheld personopplysningar, må det liggje føre heimel i personopplysningsloven §§ 8-9, jf. § 11, for å gjere setta tilgjengelege. Dersom det ikkje finst heimel, må verksemda i utgangspunktet avstå frå tilgjengeleggjering. I nokre tilfelle vil personopplysningane kunne anonymiserast. Informasjonen vil då kunne gjerast tilgjengeleg for vidarebruk på vanleg måte. Høve til anonymisering må avklarast i kvar enkelt sak. Datatilsynet lanserte i 2015 «Anonymisering av personopplysninger – Veileder 2015», og denne og liknende tiltak vil vere til god hjelp for verksemder som skal gjere tilgjengeleg data som i utgangspunktet omfattar personopplysningar.
Departementet erkjenner at vidarebruk frå tid til anna kan reise vanskelege personvernspørsmål som gjerne krev konkrete vurderingar av komplekse tekniske og juridiske forhold. Departementet meiner at det likevel er påkravd at verksemdene gjer konkrete vurderingar i kvart enkelt tilfelle.
6.3 Andre forhold
Universitetet i Oslo og Norsk Arkivråd har registrert at den uoffisielle norske omsetjinga av endringsdirektivet omset «archives» til det norske ordet «arkiver». Begge peiker på at ei meir presis omsetjing vil vere «arkivinstitusjonar». Departementet sluttar seg til denne forståinga av omgrepet «archives».
Etter endringsdirektivet artikkel 2, punkt 9, omfattar omgrepet «universitet» all offentleg verksemd som tilbyr undervisning som leier mot ein akademisk eksamen.
Det er få som støttar ideen om eit eige klageorgan for vidarebrukarar som får avslag på tilgang til informasjon, og fleire peiker på at dei generelle nasjonale forvaltningsrettslege reglane fullt ut sikrar dei omsyna som ligg bak kommisjonens forslag om ei slik oppretting.