Prop. 111 L (2015–2016)

Endringar i offentleglova (gjennomføring av endringsdirektivet til vidarebruksdirektivet)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

Forslaga som departementet legg fram, er utarbeidde for å gjennomføre føresegnene i direktiv 2013/37/EU – endringsdirektiv for direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av den offentlege sektors informasjon (Public Sector Information – PSI).

Kommisjonens legislative prosess med endringsdirektivet tok til i desember 2011, og direktivet blei formelt godkjent av Europaparlamentet og Europarådet i juni 2013. Fristen for implementering var sett til 18. juli 2015.

Samtidig er prosessen med å ta inn direktivet i EØS-avtalen kraftig forseinka. Forslaget som blir lagt fram, er derfor ikkje knytt til sjølve direktivet, men oppfyller dei krava minimumsdirektivet vil stille til norsk lovgiving dersom det blir vedteke å ta det inn i EØS-avtalen.

Endringsforslaga blir lagde fram utan at dei formelle prosessane for å ta inn direktivet i EØS-avtalen er avslutta.

Tilgjengeleggjering av offentlege data kan medverke til ei positiv utvikling på fleire område:

  • Utvikling av nye tenester. Offentlege data om for eksempel geografiske forhold, vassføring og meteorologi er data som kan danne grunnlag for nye tenester. Standardisering av dataformat og programvare har medverka til at det ligg godt til rette for at private aktørar kan utnytte offentlege rådata i nye, innovative produkt og tenester. Vi ser allereie fleire eksempel på at offentlege data eignar seg for utvikling av enkle applikasjonar på mobiltelefonar og nettbrett, sjå for eksempel yr.no og BMWs bruk av plandata som Norsk Reiseinformasjon AS har samla inn.

  • Demokratisk deltaking og kontroll med forvaltninga. Informasjon er ein viktig føresetnad for å kunne ta stilling til saker, delta i debattar og påverke samfunnsutviklinga. Innsyn i saker og prosessar gir høve til å kontrollere korleis offentleg tilsette og politikarar forvaltar posisjonane sine og offentleg middel. Gjennom bruk av offentlege datasett kan pressa eller andre for eksempel avdekkje feil i system eller saksbehandling.

  • Effektivisering i offentleg og privat sektor. Når data frå ei verksemd blir gjorde tilgjengelege, kan offentlege verksemder sleppe å hente inn data som andre delar av det offentlege allereie har. Det kan medverke til at oppgåver blir løyste på ein meir effektiv måte.