7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Vidarebruksdirektivet har som formål å leggje til rette for at mest mogleg offentleg informasjon blir gjord tilgjengeleg for vidarebruk. Hovudregelen i offentleglova er at alt innsyn skal vere gratis, noko som også vidarebruksføresegnene tek utgangspunkt i. Lovforslaget styrkjer dette ytterlegare. Gjeldande reglar om betaling blir likevel i all hovudsak vidareførte.
Departementet kan derfor ikkje sjå at forslaget vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. I tillegg konkluderer ei rekkje nasjonale og internasjonale utgreiingar og rapportar med at tilgjengeleggjering for vidarebruk har eit både økonomisk og samfunnsøkonomisk potensial. I utgreiinga frå Vista Analyse som det er vist til ovanfor, blir det konkludert med at tilgjengeleggjering av geodata utan gebyr venteleg har ein samfunnsøkonomisk nytte tilsvarande 60 millionar årleg. Vista Analyse skriv dette på side 10:
«Nytten av gratisdata er trolig høyere enn kostnaden.
Essensen i vår analyse er at nytten av gratis kart- og eiendomsdata er de samfunnsmessige verdiene som skapes av gratis kart- og eiendomsdata. Kostnaden er de samfunnsmessige verdiene som skapes når alminnelige skatter og avgifter øker noe.
Analysen tyder på at verdiene som skapes kan være store, og nytten av tiltaket er sannsynligvis høyere enn kostnaden. I verste fall kan samfunnet tape 30 millioner kroner i året dersom tiltaket ikke gir noen flere, bedre eller billigere produkter, hvilket vi vurderer å være meget usannsynlig. I beste fall kan den høye oppsiden utløse nyttegevinst på flere hundre millioner i året. Det ville være dumt for samfunnet å stenge for den muligheten når det såpass lite å tape.
Formelt sett er det drøyt 95 prosent sannsynlig at nytten er større enn kostnaden. Forventet nytte minus kostnad, altså netto nytte, er 60 millioner kroner. Under stiliserte forutsetninger er neddiskontert netto nytte av tiltaket lik 2,4 milliarder kroner.»
Hovudprinsippet er at offentlege data skal tilbydast gratis, sjå offentleglova § 8. Offentleglova med forskrift inneheld samtidig konkrete unntak frå hovudprinsippet. Både vidarebruks- og endringsdirektivet har føresegner som opnar for unntak. Desse unntaka blir vidareførte, men noko innskrenka samanlikna med dagens regulering. Departementet meiner likevel at endringane er så små at dei ikkje utgjer større økonomiske konsekvensar for dei offentlege verksemdene som gjer sine data tilgjengelege for vidarebruk.
Europakommisjonen fekk i 2011 utført ein analyse med sikte på å estimere det økonomiske potensialet ved auka vidarebruk av offentleg informasjon i EU, den såkalla Graham Vickery-rapporten. Rapporten kom til at den samla marknaden for offentleg informasjon i 2008 utgjorde EUR 28 milliardar for heile EU. Samtidig fann rapporten at den økonomiske gevinsten ved å lette tilgangen til offentleg informasjon ytterlegare, ville utgjere EUR 40 milliardar årleg. Rapporten kom fram til at den samla direkte og indirekte økonomiske fortenesta ved vidarebruk av offentleg informasjon utgjer rundt rekna EUR 140 milliardar årleg.
Rapporten understrekar at ein vesentleg føresetnad for å realisere dei økonomiske verdiane er at det er lett tilgang til informasjonen, og at informasjonen anten er gratis, eller at gebyra ikkje overstig marginalkostnadene knytte til distribusjon.
I rapporten «Open data: Unlocking innovation and performance with liquid information» frå McKinsey Global Institute, utgitt i oktober 2013, er verdien av opne data estimert til $ 3 billionar:
«Open data—machine-readable information, particularly government data, that’s made available to others—has generated a great deal of excitement around the world for its potential to empower citizens, change how government works, and improve the delivery of public services. It may also generate significant economic value, according to a new McKinsey report. Our research suggests that seven sectors alone could generate more than $3 trillion a year in additional value as a result of open data, which is already giving rise to hundreds of entrepreneurial businesses and helping established companies to segment markets, define new products and services, and improve the efficiency and effectiveness of operations.»
Forslaga opnar for auka tilrettelegging for vidarebruk av offentleg informasjon, noko som vil kunne medføre meirarbeid for dei offentlege verksemdene. Samtidig står unntaket frå gratisprinsippet ved lag. Dette er meint å vege opp for eventuelt meirarbeid som verksemdene har med å leggje til rette.