8 Særskilte merknader
Til offentleglova § 8 fjerde ledd
Føresegna gjennomfører endringsdirektivet artikkel 6. Føresegna blir foreslått endra slik at verksemder som fell utanfor verkeområdet til offentleglova, men som er omfatta av anna lovgiving som gir rett til innsyn, eller av vidarebruksdirektivet, ikkje lenger vil ha høve til å ta med kostnader knytte til innsamling og produksjon ved utrekninga av eventuell betaling for informasjonsutlevering. Departementet viser til utgreiinga under punkt 5.1.3.
Til offentleglova § 8 femte ledd
Føresegna gjennomfører endringsdirektivet artikkel 7. Føresegna regulerer i utgangspunktet berre krav til openheit rundt utrekninga av standardgebyr som ei offentleg verksemd krev i samband med at verksemda gjer informasjon tilgjengeleg. For å gjere det tydeleg at plikta berre gjeld dei som til vanleg krev betaling, og ikkje dei som krev betaling ut frå den konkrete situasjonen, blir orda «som på generell basis» foreslått lagt til i første punktum. Dette er ikkje meint å medføre noka realitetsendring.
Sidan føresegna regulerer standardsatsar, er det òg naturleg at slik informasjon er ope tilgjengeleg på førehand. Departementet går derfor inn for å innføre ei plikt i første punktum til på førehand å offentleggjere gjeldande vilkår og faktisk betalingssum, medrekna utrekningsgrunnlaget for betalinga. Dette er ei tydeleg endring frå dagens regel, som i hovudsak berre påbyr å offentleggjere betalingssatsane og etter konkrete førespurnader å gi opplysningar om grunnlaget for utrekninga av satsane.
Føresegna går lenger enn det endringsdirektivet føreskriv, men departementet meiner at openheit rundt slike forhold er særleg viktig. Utforminga av føresegna er dermed eit uttrykk for ei oppfatning av at det i utgangspunktet ikkje er rimeleg å ikkje vere transparent om forhold som betalingsvilkår og faktiske betalingssummar.
Dermed vil det kvile på verksemder som skal krevje betaling for informasjon, og som ønskjer og har heimel for å krevje betaling, å publisere utrekningsgrunnlaget for betalinga i tillegg til sjølve betalingssummen og vilkåra elles.
Forslaget til andre punktum gjer det dessutan til ei plikt for den offentlege verksemda å gjere denne informasjonen tilgjengeleg elektronisk, for eksempel gjennom publisering på nett, dersom det er mogleg. I dagens § 8 femte ledd første punktum er plikta til å offentleggjere betalingssatsane elektronisk avgrensa til å gjelde der det er «mogleg og formålstenleg». Vilkåret «formålstenleg» kjem fra artikkel 7 i vidarebruksdirektivet, som opnar for å stille slikt krav. Departementet meiner at vilkåret ikkje har gode, praktiske funksjonar, samtidig som det stundom kan føre til vanskelege og lite føreseielege vurderingar for både offentlege verksemder og potensielle vidarebrukarar. Departementet foreslår derfor å fjerne vilkåret. Sjølv om dette forslaget medfører ei endring i gjeldande rett, meiner departementet at dei praktiske konsekvensane av forslaget er avgrensa.
Avgrensinga til «dersom det er mogleg» er meint å vere snever. Det kan for eksempel omfatte svært små verksemder med avgrensa ressursar, verksemder som ikkje har eigne heimesider eller liknande. Verksemda vil likevel kunne vere forplikta til å gjere informasjonen elektronisk tilgjengeleg på andre måtar, for eksempel på e-post.
Til offentleglova § 30
Offentleglova § 30 gir reglar om korleis innsyn skal givast, men paragrafen har til no ikkje gitt føringar for korleis dokument skal gjerast tilgjengelege. Artikkel 5 i direktivet seier at offentlege verksemder skal gjere informasjonen sin tilgjengeleg i maskinleselege format der det er mogleg og formålstenleg. Departementet foreslår å ta inn reglar om tilgjengeleggjering av dokument i eit nytt tredje ledd.
Det er vanskeleg å finne eksempel på at tilgjengeleggjering av informasjon i maskinleseleg format ikkje vil vere formålstenleg. Samtidig kom det inn innspel frå enkelte verksemder om utfordringar når verksemda har fleire format til forskjellig bruk. For å gi ei så klar føresegn som mogleg er desse problemstillingane tekne hand om gjennom tredje punktum i føresegna.
Første punktum i forslaget seier at dersom verksemder som er omfatta av vidarebruksdirektivet, gjer dokument med tilhøyrande metadata allment tilgjengelege, skal tilgjengeleggjeringa skje i alle eksisterande format og språkversjonar, så langt slik tilgjengeleggjering er i samsvar med offentleglova og offentlegforskrifta. Forslaget medfører inga plikt til å gjere dokument tilgjengelege, men regulerer korleis ei eventuell tilgjengeleggjering skal skje. Det medfører inga allmenn tilgjengeleggjering etter føresegna at det er gitt innsyn i eit dokument.
Allmenn tilgjengeleggjering vil normalt skje gjennom internettpublisering, men kan i prinsippet skje også på andre måtar. I andre punktum blir det presisert at plikta også gjeld maskinleselege format. Dette ville følgt av første punktum òg, men departementet finn grunn til å gjere dette heilt tydeleg i lova.
Atterhaldet om at tilgjengeleggjeringa må vere i samsvar med offentleglova og offentlegforskrifta, tek særleg sikte på avgrensingane i offentlegforskrifta § 7 andre ledd for kva som kan leggjast ut på internett. Departementet finn det nødvendig å presisere at plikta til å publisere i alle tilgjengelege format og språkversjonar ikkje skal medføre noko vidare høve enn før til å gjere opplysningar tilgjengelege på internett.
Forslagets formulering om «i alle allerede foreliggande format eller språkversjonar» inneber at verksemda i utgangspunktet ikkje har noka plikt til å gjere om informasjonen til andre format enn dei som allereie ligg føre, eller til å omsetje informasjonen til andre språk eller språkversjonar enn han allereie ligg føre på.
Samtidig bør forslaget sjåast i lys av krava i digitaliseringsrundskrivet om å leggje til rette for at data frå nyetablerte eller oppgraderte eksisterande fagsystem eller digitale tenester skal kunne gjerast tilgjengelege i maskinleselege format.
I tredje punktum blir det fastsett enkelte unntak frå plikta etter første punktum. Dersom verksemda bruker forskjellige format til forskjellige formål, er det ikkje eit krav at format som berre blir brukte til lagring eller annan intern bruk, blir tilgjengeleggjorde. Det same gjeld for format som etter sin art er ueigna for tilgjengeleggjering. Dette kan for eksempel gjelde format som blir nytta for langtidslagring, og som det vil krevje store ressursar av verksemda å endre for å leggje til rette for vidarebruk. Departementet finn det ikkje aktuelt å ta inn noka generell tilvisning til kva som er formålstenleg.
Forslaget er ikkje til hinder for at informasjonen blir gjord tilgjengeleg gjennom API-ar, sjå side 20, der det er meir formålstenleg enn å gjere datasettet tilgjengeleg. Det vil i mange tilfelle gi betre høve til vidarebruk enn tilgang i form av datafiler.
Forslaget introduserer ingen legaldefinisjonar av omgrepet «maskinleseleg format». Føresegna set heller ingen materielle krav til verken dokumentasjon eller kva slags format som skal vere «maskinleseleg».
Som følgje av at § 30 etter forslaget vil handle om meir enn korleis eit organ skal gi innsyn, foreslår departementet også å endre overskrifta i paragrafen, slik at ho òg handlar om det å gjere dokument tilgjengelege.
Til § 2 sjette ledd, § 6 tredje ledd, § 7 andre ledd, § 8 fjerde og sjette ledd og § 30 første og andre ledd
Offentleglova § 2 sjette ledd, § 6 tredje ledd, § 7 andre ledd, § 8 fjerde og sjette ledd og § 30 første og andre ledd inneheld alle referansar til vidarebruksdirektivet, direktiv 2003/98/EF. For å gjere tilvisinga riktig etter innføringa av endringsdirektivet, blir det teke inn ei tilvising også til dette direktivet, direktiv 2013/37/EU. Endringa medfører ingen realitetsendringar. Sjå elles ovanfor om dei andre endringane i § 8 fjerde ledd og § 30.
Til iverksetjingsføresegna:
Departementet foreslår at lova skal gjelde frå 1. juli 2016 eller frå den tida Kongen fastset.