2 Nærmare om rettsakta
I fortalen til direktivet vert det lagt vekt på at kulturarvinstitusjonar over heile Europa er i gang med å digitalisere samlingane sine for å kunne lage europeiske digitale bibliotek. Desse medverkar til å ta vare på og spreie den europeiske kulturarven, noko som òg er viktig for å lage europeiske digitale bibliotek, som til dømes Europeana. Teknologien som gjer det mogleg med massedigitalisering av trykt materiale og med søk og indeksering, aukar forskingsverdien til samlingane i biblioteka. Det å ha store bibliotek tilgjengelege på nettet fremjar elektroniske søk, og gjev oppdagingsverktøy til forskarar som elles hadde måtta nytte tradisjonelle analoge metodar.
Det å finne løysingar for klarering av hitteverk er difor ein viktig del av den europeiske digitale agendaen.
Ulike løysingar som gjeld hitteverk, hindrar den frie marknaden, og det er behov for ei felles tilnærming til hitteverk for å sikre brukarane av slike verk eit høgare nivå for presisjon og planlegging.
For å kunne fremje tilgangen til kulturarven for borgarane er det naudsynt å sikre at hitteverk som er digitaliserte og stilte til rådvelde i ein medlemsstat, òg kan stillast til rådvelde for ålmenta i andre medlemsstatar.
Artikkel 1 inneheld definisjonar og verkeområde for direktivet.
Etter artikkel 1 nr. 1 gjeld direktivet visse former for bruk av hitteverk i offentlege bibliotek, utdanningsinstitusjonar og museum. Direktivet gjeld òg bruk i arkiv, film- eller lydkulturarvinstitusjonar og i allmennkringkastarar av radio og fjernsyn. Desse institusjonane må vere etablerte i medlemsstatane, og bruken av hitteverk må vere innanfor det allmennyttige føremålet til institusjonen.
Artikkel 1 nr. 2bokstav a)–c) reknar opp dei verka som er omfatta av direktivet. Etter bokstav a) dreier dette seg om utgjevne verk i skriftleg form, til dømes bøker og tidsskrift i samlingane til institusjonane. Etter bokstav b) er filmverk og andre audiovisuelle verk omfatta, i tillegg til fonogram i samlingane til bibliotek, utdanningsinstitusjonar, museum eller arkiv, jf. artikkel 1 nr. 1. Bokstav c) omfattar verk som er nemnde i bokstav b) og er produserte av ein allmennkringkastar til og med 31. desember 2002, og som kringkastaren har i egne arkiv. Det er eit vilkår at verka som er nemnde i bokstav a)–c), må vere verna etter reglane om opphavsrett eller nærståande rettar, og at den første utgjevinga eller utsendinga av verket må vere i ein medlemsstat.
Artikkel 1 nr. 3 fastset at direktivet òg skal gjelde for verk som er nemnde ovanfor som aldri er vortne utgjevne eller utsende, men som er offentliggjorde i samlingane til institusjonane (jf. artikkel 1 nr.1) med samtykke frå rettshavarane. Det er eit vilkår at det ikkje finst grunn til å tru at rettshavarane ville ha sett seg imot bruken av desse verka etter direktivet. Etter denne føresegna kan medlemsstatane avgrense bruken til verk og fonogram som er overlatne til institusjonane før 29. oktober 2014.
Artikkel 1 nr. 4 og nr. 5 inneheld nærmare presiseringar av verkeområdet for direktivet.
Artikkel 2 definerer kva som er eit hitteverk. Etter artikkel 2 nr. 1 skal eit verk eller eit fonogram reknast som hitteverk dersom ingen av rettshavarane er identifiserte. Dersom ein eller fleire av rettshavarane er identifiserte, er verket òg eit hitteverk dersom ingen av rettshavarane kan lokaliserast etter omfattande søk. Slike omfattande søk skal utførast og registrerast etter reglane i artikkel 3.
Dersom det er fleire enn éin rettshavar til eit verk eller fonogram og ikkje alle er vortne identifiserte eller lokaliserte etter eit grundig søk, følgjer det av artikkel 2 nr. 2 at verket likevel kan nyttast i samsvar med direktivet. Føresetnaden er at dei rettshavarane som er lokaliserte, har gjeve institusjonen løyve etter artikkel 1 til å framstille eksemplar og gjere verket tilgjengeleg for ålmenta etter artikkel 2 og 3 i opphavsrettsdirektivet (2001/29/EF).
Artikkel 2 nr. 3–5 har nærare presiseringar av definisjonen av hitteverk.
Artikkel 3 inneheld reglar om det omfattande søket som må utførast før eit verk kan få status som hitteverk.
Etter artikkel 3 nr. 1 skal dei institusjonane som ønskjer å nytte verket (jf. artikkel 1), syte for at det vert utført eit omfattande søk i god tru etter rettshavarane til verket. Dette omfattande søket skal utførast før verket kan få status som hitteverk og dermed nyttast i samsvar med direktivet.
Etter artikkel 3 nr. 2 skal den einskilde medlemsstaten, i samråd med rettshavarane og brukarane, fastsetje kva kjelder som det er relevant å søkje i. Søket skal minst omfatte dei kjeldene som er rekna opp i vedlegget til direktivet.
Etter artikkel 3 nr. 3 skal det utførast eit omfattande søk i medlemsstaten der verket først vart utgjeve, eller – dersom verket ikkje er utgjeve – der utsendinga først fann stad. Dette gjeld ikkje i tilfelle der produsenten av filmverk eller andre audiovisuelle verk har hovudsetet sitt eller er busett i ein medlemsstat: det omfattande søket skal då utførast i denne staten.
Dersom eit verk ikkje er utgjeve, men er offentleggjort (jf. artikkel 1 nr. 3), skal søket utførast i medlemsstaten der organisasjonen som gjorde verket tilgjengeleg – med samtykke frå rettshavaren – er etablert.
Dersom det er grunn til å tru at det finst relevante opplysningar om rettshavaren i andre statar, skal det etter artikkel 3 nr. 4 òg søkjast i kjelder der. Etter artikkel 3 nr. 5 og 6 skal medlemsstatane sikre at dei organisasjonane som er omfatta av direktivet, fører lister over dei omfattande søka som er utførte, og at informasjon om søket vert gjeven vidare til nasjonale styresmakter. Denne informasjonen skal sendast vidare og registrerast i ein direktekopla database som er oppretta og forvalta av Kontoret for harmonisering av den indre marknaden (OHIM).
Artikkel 4 innfører eit krav til medlemsstatane om innbyrdes godkjenning av den statusen verket har som hitteverk i EØS-området.
Eit verk eller fonogram som etter artikkel 2 vert rekna som hitteverk i ein medlemsstat, skal reknast som hitteverk i alle medlemsstatar. Eit hitteverk kan nyttast og gjerast tilgjengeleg i alle medlemsstatar i medhald av direktivet.
Artikkel 5 regulerer oppheving av statusen som hitteverk. Dersom rettshavarar melder seg etter at eit verk har fått hitteverkstatus, vil verket ikkje lenger vere å rekne som eit hitteverk og kan ikkje nyttast etter direktivet.
Artikkel 6 gjev reglar om kva bruk av hitteverk som er tillaten.
Etter artikkel 6 nr. 1 skal medlemsstatane innføre ei avgrensing av retten til eksemplarframstilling og av retten til tilgjengeleggjering for ålmenta slik det er definert i artikkel 2 og 3 i opphavsrettsdirektivet (2001/29/EF). Avgrensinga som vert innført, skal sikre at ein organisasjon slik det er nemnt i artikkel 1 nr. 1, skal kunne nytte hitteverk i samlingane sine ved
å stille hitteverket til rådvelde for ålmenta;
å framstille eksemplar med sikte på å digitalisere, tilgjengeleggjere, indeksere, katalogisere, bevare eller restaurere hitteverk.
All bruk av hitteverk skal etter artikkel 6 nr. 2 vere innanfor det allmennyttige føremålet til institusjonane, som å bevare og restaurere hitteverk og å kunne gje tilgang til verk for kultur- og utdanningsføremål. Gjennom bruken kan institusjonane generere inntekter til å dekkje kostnader ved digitalisering og tilgjengeleggjering av hitteverk. Etter artikkel 6 nr. 3 skal institusjonane opplyse om namnet på eventuelle identifiserte opphavsmenn og andre rettshavarar i samband med all bruk av hitteverk.
Etter artikkel 6 nr. 4 skal direktivet ikkje røre ved den fridommen institusjonane har til å inngå avtaler innanfor det allmennyttige føremålet sitt, til dømes offentleg-private partnarskapsavtaler.
Etter artikkel 6 nr. 5 skal medlemsstatane fastsetje at rettshavarar som melder seg og såleis opphevar hitteverksstatusen til eit verk, skal få ein rimeleg kompensasjon for bruken av verket etter direktivet. Medlemsstatane skal fritt kunne fastsetje korleis betalinga av slik kompensasjon skal organiserast. Nivået på kompensasjonen skal – innanfor dei grensene som er fastsette i EU-retten – fastsetjast i medlemsstaten der verket vart nytta.
Artikkel 7 gjeld tilhøvet til andre rettsreglar. Direktivet rører ikkje ved andre føresegner om mellom anna industrielle rettar, tilgangstenester, skatt, pliktavlevering, konkurranselovgjeving, datavern mv.
Artikkel 8 gjev reglar om verkeområdet for direktivet når det gjeld tid. Direktivet gjeld alle verk og fonogram som er verna av lovgjevinga om opphavsrett i medlemsstatane frå og med 29. oktober 2014. Direktivet gjeld ikkje handlingar som er utførte og rettar som er oppnådde innan 29. oktober 2014.
Artikkel 9 inneheld ein gjennomføringsdato for direktivet, som for EU-statane er sett til 29. oktober 2014.
Artikkel 10 inneheld ein revisjonsklausul. Kommisjonen skal følgje utviklinga, og skal innan 29. oktober 2015 og deretter éin gong om året leggje fram ein rapport om direktivet. Rapporten skal vurdere om verkeområdet for direktivet bør utvidast til å omfatte forleggjarar og verk som ikkje er omfatta i dag – til dømes separate fotografi og andre bilete. Kommisjonen skal seinast 29. oktober 2015 leggje fram ein rapport for andre EU-institusjonar om bruken av direktivet sett i lys av utviklinga av digitale bibliotek. Dersom det er naudsynt, skal Kommisjonen kome med framlegg til endringar i direktivet.
Artikkel 11–12 gjeld iverksetjing av og adressatar for direktivet.
Vedlegget til direktivet inneheld ei liste over dei kjeldene som skal nyttast i det omfattande søket som er regulert i artikkel 3 nr. 2.