6 Konklusjon og tilråding
Hitteverkdirektivet gjer det enklare for norske kulturarvinstitusjonar å klarere hitteverk til bruk for dei allmennyttige føremåla sine, til dømes bruk i digitale bibliotek.
Kulturdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om å endre vedlegg XVII til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.