Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk i samsvar med eit vedlagt forslag.