5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Gjennomføringa av hitteverkdirektivet er ikkje venta å føre til større økonomiske eller administrative utgifter. Dei institusjonane som ønskjer å nytte hitteverk, må rekne med nokre administrative konsekvensar. Noko administrasjon og eventuelt utgifter må påreknast i samband med det omfattande søket som skal utførast før eit verk kan få status som hitteverk.
Det vert gjort framlegg om at Nasjonalbiblioteket skal vere norsk kontaktpunkt mellom hitteverksdatabasen og norske institusjonar. Det er for tidleg å seie noko om omfanget og følgjeleg dei økonomiske og administrative konsekvensane for Nasjonalbiblioteket. Kulturdepartementet legg til grunn at oppgåva som norsk kontaktpunkt skal kunne tilpassast slik at ho kan utførast innanfor dei gjeldande budsjettrammene til Nasjonalbiblioteket.
Når det gjeld sjølve bruken av hitteverk, vil institusjonane kunne å få dekt utgiftene sine i form av ei viss brukarbetaling. Det er for tidleg å seie noko om omfanget av bruken av hitteverk og dermed om dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei kulturarvinstitusjonane som er omfatta av lovframlegget. Kulturdepartementet reknar med at dei økonomiske og administrative konsekvensane for institusjonane vil vere relativt små.