1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «EØS-avtala», særleg artikkel 98, og
på følgjande bakgrunn:
1) Europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU av 25. oktober 2012 om ein viss tillaten bruk av hitteverk,1 skal takast inn i EØS-avtala.
2) Av praktiske omsyn bør rettsaktene som er førte opp under overskrifta «RETTSAKTER AVTALEPARTENE SKAL TA I BETRAKTNING» i vedlegg XVII til EØS-avtala, omnummererast.
3) Vedlegg XVII til EØS-avtala bør difor endrast–
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg XVII til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. Under overskrifta «RETTSAKTER AVTALEPARTENE SKAL TA I BETRAKTNING» vert nr. 10 (rådsresolusjon 92/C/138/01) og 11 (kommisjonsmelding av 27. oktober 1992) til nr. 1 og 2.
2. Etter nr. 9h (europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/95/EF) skal nytt nr. 10 lyde:
«10. 32012 L 0028: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU av 25. oktober 2012 om ein viss tillaten bruk av hitteverk (TEU L 299 av 27.10.2012, s. 5).
Direktivets bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:
a) EFTA-statene skal delta i en felles direktekoplet database som er allment tilgjengelig, og som er opprettet av Kontoret for harmonisering i det indre marked, som nevnt i artikkel 3 nr. 6. EFTA-statene skal bære kostnadene for oversetting til islandsk og norsk der dette er nødvendig.
b) For EFTA-statene skal anvendelsesdatoen nevnt i artikkel 8 være ikrafttredelsesdatoen for EØS-komiteens beslutning nr. 29/2015 av 6. februar 2015.»
Artikkel 2
Teksta til direktiv 2012/28/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3
Denne avgjerda tek til å gjelde 26. februar 2015, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn.2
Artikkel 4
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 25. februar 2015.
For EØS-komiteen
Gianluca Grippa
Formann