2 Bakgrunn, gjeldande rett og høyringa
2.1 Bakgrunn og gjeldande rett
Etter lov 1993-06-11 nr. 101 om luftfart (luftfartslova) § 9-1 gir Samferdselsdepartementet forskrifter om kva ein skal passe på for å unngå samanstøyt mellom luftfartøy eller andre luftfartsulykker og elles for å tryggje mot farar og ulemper, mellom anna støy som følgje av luftfart. Myndigheit til å fastsetje forskrifter er delegert til Luftfartstilsynet i samsvar med forskrift 10. desember 1999 nr. 1273 om delegering av myndighet til Luftfartstilsynet etter luftfartsloven. Samferdselsdepartementet vil endre denne forskrifta slik at ho òg delegerer myndigheit i samband med ny § 9-1 a i luftfartslova.
Denne forskriftsheimelen blir i dag brukt når Luftfartstilsynet fastset forskrift om oppretting av restriksjonsområde i luftrommet. Eit restriksjonsområde kan definerast som eit luftrom med visse dimensjonar over landområdet eller territorialfarvatnet til ein stat der flyging med luftfartøy berre skal utførast i samsvar med særskilt fastsette vilkår. Eit praktisk døme på ein situasjon der det er behov for å opprette restriksjonsområde, er når det skal haldast militærøvingar. Då blir det innført restriksjonar i aktuelle luftrom i periodar der det går for seg flyging i samband med øvinga. Det blir gjort for å redusere faren for samanstøyt mellom luftfartøy. Men òg i ein del andre situasjonar er det behov for å opprette restriksjonsområde, og Samferdselsdepartementet har komme til at luftfartslova § 9-1 gir utilstrekkeleg og uklart heimelsgrunnlag med tanke på situasjonar der det er behov for å opprette restriksjonsområde, og som ikkje først og fremst kan setjast i samband med omsynet til flytryggleiken.
Samferdselsdepartementet vedtok å setje i gang eit arbeid med å endre luftfartslova for å klargjere heimelsgrunnlaget for restriksjonsområde. Justisdepartementet, Forsvarsdepartementet, Luftfartstilsynet, Nasjonalt tryggingsorgan, Luftforsvaret og politiet (Oslo politidistrikt) har i samband med dette delteke i ei arbeidsgruppe leidd av Samferdselsdepartementet. Mandatet til arbeidsgruppa var mellom anna å fastslå kva som er ønskjeleg å beskytte gjennom oppretting av restriksjonsområde, kven som skal ha høve til å opprette restriksjonsområde i dei ulike tilfella, og kven som skal kunne be om dette. Den myndigheita som skal kunne opprette restriksjonsområde, må òg kunne vurdere om behovet er til stades, basert på kriteria i lova.
Arbeidsgruppa har diskutert behovet for å opprette varige restriksjonsområde og likeins behovet for meir kortvarige restriksjonsområde som må opprettast straks som følgje av ein fare eller ei hending som har komme brått på. Arbeidet og diskusjonane i arbeidsgruppa blei presenterte i høyringsnotat frå Samferdselsdepartementet av 6. oktober 2016.
2.2 Høyringa
Høyringsnotat med forslag til endringar i luftfartslova om forskriftsfullmakt for restriksjonsområde blei sendt på høyring 4. oktober 2016 med høyringsfrist 6. januar 2017.
Høyringsinstansar
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Utanriksdepartementet
Kriminalomssorgsdirektoratet
Luftfartstilsynet
Luftforsvaret
Luftoperativt inspektorat
Politidirektoratet
Airlift AS
Avinor AS
CHC HELIKOPTER SERVICE AS
Helitrans AS
NHO Luftfart
Norges Luftsportforbund
Norsk Flygerforbund
Norsk Flyoperatør Forbund
Norsk Flyoperatør Forbund
Norsk Helikopter AS
Norsk Luftambulanse AS
Norwegian Air Shuttle ASA
Scandinavian Airlines Norge AS
Widerøes Flyveselskap AS
Høyringsinstansar som har meldt at dei ikkje har merknader:
Forsvarsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Utanriksdepartementet
Høyringsinstansar som ikkje har andre merknader enn at dei støttar forslaget:
Forsvaret
Oslo politidistrikt
Høyringsinstansar med realitetsmerknader:
Avinor
Folkehelseinstituttet
Helse- og omsorgsdepartementet
Luftfartstilsynet
Norges Luftsportforbund
Norsk journalistlag
Politidirektoratet