6 Myndigheit for Forsvaret til å opprette restriksjonsområde i særlege tilfelle
6.1 Høyringsforslaget
Samferdselsdepartementet er samd med Forsvarsdepartementet i at Forsvaret i visse situasjonar kan ha behov for å reagere omgåande dersom det oppstår situasjonar som gjer det nødvendig for Forsvaret å vareta slike oppgåver som å hevde suverenitet i norsk luftrom, handheve NATOs luftberedskap i nordområda, slå tilbake luftborne terroråtak og handtere tryggingspolitiske kriser. Samferdselsdepartementet ser at den normale prosedyren med fastsetjing av forskrift om oppretting av restriksjonsområde då blir for omstendeleg og tidkrevjande. Etter det Samferdselsdepartementet kjenner til, er det i dag slik at Forsvarets behov ved luftborne terrorangrep og liknande i praksis får prioritet over all anna flyging når situasjonane oppstår. Samferdselsdepartementet meiner at det er formålstenleg å lovfeste denne ordninga ved at militær luftfartsstyresmakt får myndigheit til å innføre restriksjonar i luftrommet ved akutte og uavklarte situasjonar. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det må vere opp til den militære luftfartsstyresmakta å vurdere om situasjonen er slik at kriteria for å opprette restriksjonsområde er oppfylte, og at denne vurderinga ikkje kan overprøvast av Luftfartstilsynet. Samferdselsdepartementet foreslår at Forsvaret skal opprette restriksjonsområde i samråd med ansvarleg ytar av lufttrafikktenester. Det må presiserast at ytaren av lufttrafikktenester skal informerast og konsulterast i praktiske spørsmål knytte til restriksjonsområdet, og at vedkommande ikkje vil ha høve til å hindre Forsvaret i å opprette slikt restriksjonsområde som det meiner er nødvendig.
Når det gjeld Forsvarets behov for å opprette restriksjonsområde ved deltaking i redningsaksjonar, brannsløkkingsarbeid og liknande, meiner Samferdselsdepartementet at dagens ordning der politiet opprettar restriksjonsområde, fungerer tilfredsstillande.
6.2 Høyringsinstansane sitt syn
Avinor støttar at Forsvaret får myndigheit til å opprette restriksjonsområde i visse situasjonar. Avinor foreslår likevel at «samråd med ansvarlig tjenesteyter,» blir endra til «samråd med ansvarlig yter av lufttrafikktjenester,»
Politidirektoratet meiner at ordlyden i samband med Forsvarets oppgåver og «akutte eller uavklarte militære situasjoner» ikkje er presist nok sett på bakgrunn av dei oppgåvene og behova som er omtalte i høyringsnotatet. Politidirektoratet meiner at forarbeida til lova tydeleg bør beskrive i kva tilfelle Forsvaret skal ha høve til å opprette restriksjonsområde. Politidirektoratet stiller òg spørsmål ved om det er tenleg å bruke omgrepet «sikkerhetspolitisk krise» i forarbeida til lova.
Luftfartstilsynet ønskjer ei klargjering av korleis «i samråd med […] ansvarlig yter av lufttrafikktjenester» er å forstå, i og med at det i høyringsnotatet er foreslått at Forsvaret ikkje treng å oppnå semje med ytaren av lufttrafikktenester dersom vilkåra for oppretting av restriksjonsområde er oppfylte.
6.3 Departementet si vurdering
Etter det Samferdselsdepartementet har forstått, kan «sikkerhetspolitisk krise» forståast som ei krise som utfordrar den territoriale integriteten og den politiske suvereniteten til staten, utan at det dreier seg om eit militært angrep i tradisjonell forstand. Ei slik krise er kjenneteikna av å vere i ei gråsone mellom krig og fred, og av at ho kan endre karakter og eskalere undervegs. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Forsvaret må ha høve til å opprette restriksjonsområde når dette blir vurdert som nødvendig som følgje av ei slik krise.
Samferdselsdepartementet støttar Forsvarsdepartementet når det meiner at Forsvaret i visse tilfelle kan ha behov for å reagere omgåande dersom det oppstår situasjonar som gjer det nødvendig for Forsvaret å vareta oppgåvene som er nemnde ovanfor. I ein slik samanheng ser Samferdselsdepartementet at den normale prosedyren med fastsetjing av forskrift om å opprette restriksjonsområde blir for omstendeleg og tidkrevjande. Etter det Samferdselsdepartementet kjenner til, er det i dag slik at Forsvarets behov ved luftborne terroråtak og liknande i praksis får prioritet over all anna flyging når situasjonane oppstår. Samferdselsdepartementet ser det som formålstenleg å lovfeste denne ordninga ved at militær luftfartsmyndigheit får myndigheit til å innføre restriksjonar i luftrommet ved akutte og uavklarte situasjonar. Luftfartstilsynet støttar òg ei slik ordning på dei føresetnadene som er nemnde under kommentarane frå Luftfartstilsynet ovanfor. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det må vere opp til den militære luftfartsmyndigheita å vurdere om situasjonen oppfyller kriteria for oppretting av restriksjonsområde, og at denne vurderinga ikkje kan overprøvast av Luftfartstilsynet. Samferdselsdepartementet foreslår at Forsvaret først skal kunne opprette restriksjonsområde etter at ansvarleg ytar av lufttrafikktenester er orientert og konsultert. Det må presiserast at det her er meint konsultasjon i praktiske spørsmål som gjeld restriksjonsområdet, og at vedkommande ikkje vil ha høve til å hindre Forsvaret i å opprette slikt restriksjonsområde som det meiner er nødvendig.
Forsvarsdepartementet har uttalt at det er vanskeleg å føreseie kva for akutte og uavklarte militære situasjonar som kan oppstå, og som kan gjere det nødvendig med restriksjonsområde. Men departementet ser for seg ulike typar luftborne terrorangrep, hybride truslar eller truslar mot norsk suverenitet eller statstryggleik. Restriksjonsområde må i slike tilfelle òg kunne opprettast preventivt når slike truslar eller angrep blir vurderte som venta eller moglege. Forsvarsdepartementet ser det som viktig at ordlyden i lova ikkje blir for snever, då dette kan skape uheldig tvil ved akutte situasjonar. Forsvarsdepartementet viser òg til at Forsvaret, når det gjeld militære situasjonar generelt, innrettar seg etter dei oppgåvene regjeringa har gitt i sitt iverksetjingsbrev til forsvarssektoren. I hovudsak er dette oppgåver som har med folkerettsleg suverenitetshevding å gjere.
Samferdselsdepartementet er samd med Luftfartstilsynet i at formuleringa «i samråd med» i høyringsforslaget er eigna til å villeie, når meininga er at Forsvaret skal ha eksklusiv myndigheit til å fastsetje restriksjonsområde dersom kriteria for dette er oppfylte. Som nemnt i høyringsnotatet er det viktig at ansvarleg ytar av lufttrafikktenester blir orientert og konsultert når Forsvaret opprettar restriksjonsområde. Departementet foreslår derfor at dette blir teke inn i lovteksten i staden for «i samråd med».
Luftfartstilsynet er nasjonal luftfartsmyndigheit med hovudansvar for å organisere luftrommet i Noreg, og Samferdselsdepartementet meiner det er vesentleg at Luftfartstilsynet blir informert om restriksjonsområde i luftrommet som andre myndigheiter opprettar. Det er viktig at Luftfartstilsynet blir informert så raskt som mogleg, slik at oversikta over luftromsorganiseringa til kvar tid er oppdatert og rett. Då kan luftfartsmyndigheita snarast treffe eventuelle nødvendige tiltak eller formidle nødvendig informasjon til brukarane av luftrommet. Derfor er det teke inn ei føresegn om dette i tredje ledd til forslaget til ny § 9-1 a.