8 Ubemanna luftfartøy og forhold til forslaget frå Forsvarsdepartementet til forskrift om kontroll med informasjon innhenta ved bruk av luftborne sensorsystem
8.1 Høyringsforslaget
Som nemnt ovanfor har Nasjonalt tryggingsorgan mellom anna peikt på at det dei siste åra har vore ei stor teknologisk utvikling både på sensorar og luftborne plattformer, og at ubemanna luftfartøy har skapt utfordringar den seinare tida. Luftfartstilsynet har vedteke ei forskrift om bruk av ubemanna luftfartøy som tok til å gjelde 1. januar 2016. Luftfartstilsynet har innført rutinar om at personar eller firma som ønskjer å starte med RPAS-operasjonar [RPAS: Remotely Piloted Aircraft System], må søkje Luftfartstilsynet om løyve til slik flyging. Vidare går det fram av denne rutinen at droneoperasjonar blir rekna som luftfart og er omfatta av luftfartslova, og at dei same reglane som for bemanna luftfart såleis i utgangspunktet gjeld. Operatørar av ubemanna luftfartøy pliktar derfor å gjere seg kjende med utstrekninga av dei ulike typane kontrollert luftrom og kva dei inneber, og med aktuell luftromsklassifisering og ansvarleg lufttrafikktenesteeining der operasjonane etter planen skal utførast. I det nasjonale regelverket som tok til å gjelde 1. januar 2016, er det innført forbod mot å bruke ubemanna luftfartøy over visse høgder. Høgdegrensene er generelle og varierer mellom anna med vekta på det ubemanna luftfartøyet. I det kommande felles europeiske regelverket vil det truleg òg bli fastsett ei slik høgdeavgrensing, venteleg på 150 meter.
I eit forslag til rammeverk for felleseuropeisk regulering av operasjonar med ubemanna luftfartøy foreslår det europeiske luftfartsbyrået (EASA) at statane kan definere soner der dronar ikkje er tillatne utan særskilt løyve («no-drone-zone»), og soner der det blir stilt krav til utstyr eller funksjon som mellom anna sikrar at dronen kan identifiserast.
Forslaget til regulatorisk rammeverk var på høyring i EU/EØS i perioden juni–september 2015. EU tek sikte på at det skal vedtakast endring i rammeforordninga frå byrået (forordning 216/2008) i løpet av 2017. Gjennomføringsregelverk i tilknyting til små dronar skal etter planen også vedtakast då, og regelverk for større dronar er tenkt framlagt i perioden 2017–2019.
Samferdselsdepartementet meiner at det er viktig å ha heimel for å kunne gi restriksjonar på bruken av ubemanna luftfartøy i luftrommet frå bakken og opp til dei nivåa som blir høgdegrenser i nasjonalt og seinare felleseuropeisk regelverk. Behov for dette kan oppstå ved større arrangement, statsbesøk og liknande.
Samferdselsdepartementet viser likevel til at ubemanna luftfartøy vil falle inn under omgrepet «luftfartøy» i lovforslaget, og at det derfor er overflødig å presisere i luftfartslova at det er høve til å gi forskrifter om oppretting av restriksjonsområde for bruk av ubemanna luftfartøy.
8.2 Høyringsinstansane sitt syn
Norsk Journalistlag har gitt ein høyringsuttale som både kommenterer Samferdselsdepartementets forslag til endring av luftfartslova og Forsvarsdepartementets høyring av forslag til ny forskrift om kontroll med informasjon innhenta ved bruk av luftborne sensorsystem. Norsk Journalistlag meiner at omgrepet «restriksjonsområde» er brukt i fleire regelverk og på fleire område og dermed kan bety ulike ting. Norsk Journalistlag ber derfor om at det blir rydda opp i ordbruken. Norsk Journalistlag meiner òg at det ikkje er samsvar mellom forslaga frå Samferdselsdepartementet og Forsvarsdepartementet med omsyn til kven som skal kunne opprette restriksjonsområde i ulike akutte situasjonar, kven som skal ha ansvar for å publisere dette, og kvar det skal publiserast.
Også Luftfartstilsynet har bedt om at omgrepet «restriksjonsområde» ikkje blir brukt i samband med luftborne sensorsystem.
NLF meiner at dersom eit restriksjonsområde først og fremst blir oppretta med sikte på å kunne halde dronar unna det aktuelle luftrommet, må det presiserast at restriksjonane berre gjeld aktivitet med dronar, ikkje all luftfart. NLF meiner òg at eit alternativ til regulering kan vere å informere og ha dialog med dei ulike miljøa, og at dette gir større fleksibilitet.
8.3 Departementet si vurdering
Forsvarsdepartementet har opplyst at det som følgje av dei innkomne høyringsinnspela til forslaget til forskrift om luftborne sensorsystem har vedteke ikkje å bruke omgrepet «restriksjonsområde» i forskrifta om kontroll med informasjon innhenta ved bruk av luftborne sensorsystem. Dette for å unngå eventuelle uklare grenselinjer mellom anna tilgrensande regelverk eller uklart meiningsinnhald. Forsvarsdepartementet vil truleg bruke omgrepet «forbudsområde» i forskrifta, men den endelege avgjerda er ikkje teken enno. Forsvarsdepartementet har påpeikt at regelverket deira har til formål å vareta informasjonstryggleiken, mens fastsetjing av restriksjonsområde i medhald av luftfartslova primært har med tryggleiken til luftfartøya å gjere. Forsvarsdepartementet uttaler vidare at det er eit berande prinsipp i tryggingslovgivinga at det er den som har utferda informasjonen, som skal vurdere og opplyse kor viktig den aktuelle informasjonen er i tryggingssamanheng. Av den grunn vil det ifølgje Forsvarsdepartementet ikkje nødvendigvis vere samsvar mellom kven som kan fastsetje restriksjonsområde etter luftfartslova, og kven som kan setje grenser for innhenting av informasjon ved bruk av luftborne sensorsystem etter den foreslåtte forskrifta. Samferdselsdepartementet vurderer det slik at Forsvarsdepartementets behov for å sikre informasjonstryggleik knytt til bruk av ubemanna luftfartøy har andre grunnar og verknader enn det restriksjonsområde oppretta i medhald av luftfartslova vil ha. Derfor er det, slik departementet ser det, ikkje grunnlag for å stille spørsmål ved at Forsvarsdepartementet i utkastet til forskrift har foreslått at forbodsområde, eller anna nemning som Forsvarsdepartementet vedtek, blir oppretta av Forsvaret. På den andre sida meiner Samferdselsdepartementet at det må vere slik at når det blir oppretta restriksjonsområde i medhald til luftfartslova, og desse skal gjelde for bruk av dronar, vil det vere føresegnene i ny § 9-1 a i luftfartslova som gjeld, og som avgjer kva instans som skal opprette restriksjonsområdet.
Samferdselsdepartementet har forståing for merknaden frå NLF om at det ved oppretting av restriksjonsområde bør differensierast mellom ulike typar lufttrafikk. Dersom situasjonen til dømes er slik at det først og fremst er ubemanna luftfartøy det er viktig å halde ute frå det aktuelle luftrommet, bør dette gå fram av avgjerda om å opprette restriksjonsområde, slik at annan lufttrafikk kan bruke det aktuelle luftrommet. Luftfartstilsynet har etablert ein praksis der dei ved oppretting av restriksjonsområde prøver å vedta berre dei avgrensingane i luftrommet dei ser som nødvendige. Luftfartstilsynet må i den samanhengen vurdere kva typar overflygingar som kan representere ein fare, og tilpasse restriksjonane i arealomfang, tidsomfang og typar luftfartøy med meir ut frå kva som er nødvendig for å vareta formålet med restriksjonsområdet. Som nemnt i kapittel 4 vil Samferdselsdepartementet ta initiativ til å få utarbeidd forskrift med retningslinjer for oppretting av restriksjonsområde.