5 Myndigheit for politiet til å opprette restriksjonsområde
5.1 Høyringsforslaget
I dag opprettar politiet straks mellombelse restriksjonsområde ved ulykker, søk, redningsoppdrag, skogbrannar eller andre situasjonar i medhald av politilova § 7. Luftfartstilsynet meiner at det framleis bør vere mogleg for politiet å opprette restriksjonsområde straks utan å involvere Luftfartstilsynet. Samferdselsdepartementet deler denne oppfatninga. Luftfartstilsynet fastset i dag oppretting av restriksjonsområde i forskrift, med føregåande høyring osv. Ei slik saksbehandling kan ofte gjere det umogleg å opprette mellombelse restriksjonsområde raskt nok i akutte situasjonar.
Arbeidsgruppa vurderte om det er behov for å klargjere heimelen for å opprette restriksjonsområde i politilova § 7. På bakgrunn av tilbakemeldingar frå politiet, mellom anna om at det aldri har vore problematisk å meine at ferdselsomgrepet i politilova § 7 òg omfattar luftrom, har Samferdselsdepartementet komme til at det ikkje skal leggjast fram forslag om endring av politilova § 7 i samband med endringa av heimelsgrunnlaget for oppretting av restriksjonsområde i luftfartslova. Samferdselsdepartementet har forstått det slik at Justisdepartementet meiner det same.
Samferdselsdepartementet meiner det er nødvendig at politiet rådfører seg med dei som yter lufttrafikktenester, når det skal opprettast mellombelse restriksjonsområde.
5.2 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet støttar at det ikkje blir foreslått endringar i politilova § 7.
NLF har uttalt at det er nødvendig å endre dagens praksis der politiet kan opprette restriksjonsområde i medhald av politilova § 7, då dette ved fleire høve utilsikta har skadd verksemda til medlemmer i NLF. NLF har også tidlegare påpeikt at luftsporten generelt har avgrensa tilgang til luftrom. Samferdselsdepartementet er samd med NLF i at restriksjonsområde helst må opprettast på ein slik måte at dei ulike gruppene som bruker luftrommet, blir minst mogleg påverka. NLF meiner òg at det er nødvendig med materiell endring av dagens praksis der politiet kan opprette restriksjonsområde i medhald av politilova § 7, då dette ved fleire høve utilsikta har skadd verksemda til medlemmer i NLF.
5.3 Departementet si vurdering
Norges Luftsportforbund (NLF) har i høyringssvaret sitt mellom anna uttalt at restriksjonsområde må etablerast med ei meir formålstenleg og målretta differensiering mellom ulike typar luftfartøy og operasjonar, og at brukarorganisasjonane må involverast i større grad for å identifisere utilsikta effektar av restriksjonsområde. NLFs synspunkt er gitt på generelt grunnlag, men organisasjonen synest å vere særleg oppteken av at det må vere dialog med brukarane av luftrommet når politiet opprettar restriksjonsområde i medhald av politilova § 7.
Samferdselsdepartementet er samd med NLF i at det er viktig med god dialog mellom politiet og brukarane av luftrommet i samband med oppretting av restriksjonsområde, og meiner at politiet bør sjå på om denne dialogen kan forbetrast. Samferdselsdepartementet meiner òg heilt generelt at den som opprettar restriksjonsområde, i kvart tilfelle må sjå til at luftrom med restriksjonar ikkje er større i utstrekning enn det som er nødvendig for å vareta formålet med opprettinga, anten dette er flytryggleik eller omsyn til samfunnstryggleik. Vidare bør det om mogleg takast bevisst stilling til kva slags luftfart det er viktig å halde ute frå luftrommet der restriksjonsområdet skal opprettast, og vurderingar knytte til dette bør i størst mogleg grad gjerast i samråd med brukarane. Det er gjort nærmare vurderingar av denne problemstillinga i kapittel 9 om ubemanna luftfartøy.