Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2018 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1300 | Samferdselsdepartementet | ||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med | 5 800 000 | |
frå kr 45 200 000 til kr 39 400 000 | |||
1310 | Flytransport | ||
70 | Kjøp av innanlandske flyruter, kan overførast, blir redusert med | 40 000 000 | |
frå kr 729 100 000 til kr 689 100 000 | |||
1320 | Statens vegvesen | ||
23 | Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 5 200 000 | |
frå kr 11 788 344 000 til kr 11 793 544 000 | |||
36 | E16 over Filefjell, kan overførast, blir auka med | 130 000 000 | |
frå kr 119 100 000 til kr 249 100 000 | |||
72 | Kjøp av riksvegferjetenester, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30, blir redusert med | 14 200 000 | |
frå kr 1 241 300 000 til kr 1 227 100 000 | |||
1352 | Jernbanedirektoratet | ||
70 | Persontransport med tog, kan overførast, blir auka med | 450 000 000 | |
frå kr 3 484 100 000 til kr 3 934 100 000 | |||
71 | Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 72, post 73 og post 74, blir redusert med | 450 000 000 | |
frå kr 8 225 456 000 til kr 7 775 456 000 | |||
1360 | Kystverket | ||
72 | Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø, kan overførast, blir redusert med | 57 000 000 | |
frå kr 75 200 000 til kr 18 200 000 | |||
1370 | Posttenester | ||
70 | Kjøp av post- og banktenester, blir auka med | 15 400 000 | |
frå kr 603 700 000 til kr 619 100 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4320 | Statens vegvesen | ||
02 | Diverse gebyr, blir auka med | 100 000 000 | |
frå kr 437 653 000 til kr 537 653 000 | |||
5577 | Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet | ||
74 | Sektoravgifter Kystverket, blir auka med | 9 470 000 | |
frå kr 767 600 000 til kr 777 070 000 | |||
75 | Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, blir auka med | 3 290 000 | |
frå kr 209 808 000 til kr 213 098 000 |
Fullmakter til å forplikte staten utover gitte løyvingar
II
Fullmakter til å forplikte staten for investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2018 kan:
starte opp dette investeringsprosjektet:
innanfor ei kostnadsramme på:
E10/rv. 85 Myrland-, Sløverfjord-, Rørvikskaret-, Nappstraumen-, Seljeli- og Sigerfjordtunnelane
763 mill. kroner
gjennomføre investeringsprosjekta:
innanfor ei ny kostnadsramme på:
E6 Nordbytunnelen, fase 2
581 mill. kroner
E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane
750 mill. kroner
E6 Forså-, Fagernes-, Larsberg-, Skardal- og Isfjelltunnelane
685 mill. kroner
Rv. 13 Deildo
590 mill. kroner
gjennomføre disse tidlegare godkjende investeringsprosjekta:
innanfor ei endra kostnadsramme på:
Rv. 110 Ørebekk–Simo
900 mill. kroner
E39 Dregebø–Grytås og Birkeland–Sande nord
825 mill. kroner
E69 Skarvbergtunnelen
918 mill. kroner
Fullmaktene over om å forplikte staten i investeringsprosjekt gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for prosjektet. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til å prisjustere kostnadsrammene i seinare år.
Andre fullmakter
III
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2018 kan føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen, post 30 Nytt hovudbygg på Jan Mayen.