6 Programkategori 21.60 Kystformål
Kap. 1360 Kystverket
Post 72 Tilskot for overføring av gods frå veg til sjø
I 2018 er det løyvd er 75,2 mill. kr. Det vil i 2018 bli lågare utbetalingar enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2017–2018), fordi tre prosjekt som fekk tilsegn om støtte i 2017 likevel ikkje blir gjennomførde som føresett.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1360, post 72 Tilskot for overføring av gods frå veg til sjø, med 57 mill. kr.
Kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen
Post 30 Nytt hovudbygg på Jan Mayen, tilføying av stikkord
I 2018 er det løyvd 5 mill. kr til forprosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen. På grunn av seinare framdrift enn det var lagt opp til i Prop. 1 S (2017–2018), vil delar av utgiftene til forprosjektet først bli betalt i 2019. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1361, post 30 Nytt hovudbygg på Jan Mayen, får føyd til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til romartalsvedtak.