4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m. med netto 5,2 mill. kr. Dei einskilde forslaga er omtalte under.
Premiebetaling til Statens pensjonskasse
Ansvaret for ein del av riksvegnettet, som blei omklassifisert som fylkesveg, blei overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane frå 1. januar 2010. Det blei bestemt at utgiftene til sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegar skulle bli verande i Statens vegvesen, jf. St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010.
Dei tilsette i Statens vegvesen blir t.o.m. 2018 lønna enten over post 23 eller over post 30 på kap. 1320 uavhengig av om dei jobbar med riks- eller fylkesvegar.
For investeringsoppgåver på fylkesvegnettet er det lagt til grunn at Statens vegvesen skal stille dei nødvendige ressursane til disposisjon, men at den einskilde fylkeskommune dekkjer alle kostnader i samband med dette. Det er fastsett ein kalkulatorisk timepris som fylkeskommunane skal betale. Denne timeprisen omfattar lønns- og personalkostnader, reisekostnader og felleskostnader.
Frå 2017 betaler den einskilde statlege verksemd premie til Statens pensjonskasse. Verksemdene blei kompenserte for dette i statsbudsjettet for 2017. I kompensasjonen til Statens vegvesen låg òg kompensasjon for premiebetaling til Statens pensjonskasse for arbeid vegvesenet utfører for fylkeskommunane.
Pensjonskostnader inngår derfor frå 2017 i lønns- og personalkostnadene i den kalkulatoriske timeprisen som fylkeskommunane skal betale. Dette inneber at kompensasjonen som Statens vegvesen fekk i statsbudsjettet for 2017, er for høg.
Gjennom rammetilskotet på statsbudsjettet får fylkeskommunane midlar til å dekkje utgiftene dei har for det arbeidet som Statens vegvesen utfører for dei. I dag inngår ikkje kompensasjon for premien til Statens pensjonskasse i rammetilskotet. Det er derfor for lågt både for 2017 og 2018.
Samla utgjorde premiebetalinga til Statens pensjonskasse frå Statens vegvesen 614 mill. kr i 2017. Basert på alle timar registrert i 2017, inkl. fylkesvegar, utgjorde den samla belastinga for fylkeskommunane til premiebetaling til saman 54,5 mill. kr. Departementet legg til grunn at talet for 2018 er om lag det same.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 23, med 109 mill. kr, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, post 60 Innbyggjartilskot, jf. Prop. 20 S (2018–2019) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Ompostering av utgifter frå post 72 Kjøp av riksvegferjetenester
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på post 23 med 14,2 mill. kr og redusere løyvinga på post 72 tilsvarande. Midlane gjeld lønn, administrasjon og utgifter til konsulentar, m.a. knytt til utviklingskontrakt for hydrogen-elektrisk ferje, AutoPASS brikkebetaling og modernisering av ferjedatabank. Slike administrative utgifter bør ikkje førast på ein tilskotspost.
Auke i gebyrfinansierte tenester
På grunn av auka inntektsoverslag på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23, med 100 mill. kr, jf. omtale under kap. 4320, post 02.
Post 30 Riksveginvesteringar
Ny kostnadsramme for E6 Nordbytunnelen i Akershus
Samferdselsdepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019), side 112, varsla kostnadsauke på prosjektet. Departementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken.
Anleggsarbeida starta i august 2017, og prosjektet er venta opna for trafikk våren 2019.
Prosjektet har til no vore omfatta av fullmakta til å pådra staten plikter for prosjekt under 500 mill. kr. Kostnadsoverslaget for prosjektet var på om lag 410 mill. 2017-kr da anleggsarbeida starta opp i 2017. Prognosen for sluttkostnad er no på 539 mill. 2018-kr. Kostnadsauken kjem i hovudsak av at ei rekkje element blei underestimerte i prosjekteringa. Dette blei først avdekt i gjennomføringsfasen.
Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 581 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Ny kostnadsramme for E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane i Sogn og Fjordane
Samferdselsdepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019), side 123, varsla kostnadsauke på prosjektet. Departementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken.
Anleggsarbeida starta i august 2016, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2020.
Prosjektet har til no vore omfatta av fullmakta til å pådra staten plikter for prosjekt under 500 mill. kr. Kostnadsoverslaget for prosjektet var på om lag 390 mill. 2015-kr da anleggsarbeida starta opp i 2016. Prognosen for sluttkostnad er no på 710 mill. 2018-kr. Kostnadsauken kjem i hovudsak av auka kostnader til arbeidet med grøfter og røyr med tilhøyrande auka behov for å sprengje gjennomgåande i heile tunnellengda. I tillegg har kostnadene til systemet for å samle opp farlege væsker ved lekkasjar auka.
Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 750 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Ny kostnadsramme for E10/rv. 85 Myrland-, Sløverfjord-, Rørvikskaret-, Nappstraumen-, Seljeli- og Sigerfjordtunnalene i Nordland
Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019), side 130. Samferdselsdepartementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme for prosjektet.
Anleggsarbeida er planlagt starta opp våren 2019, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2021. Det er ikkje tidlegare lagt fram forslag til kostnadsramme for prosjektet. Prosjektet omfattar ei rekkje tiltak for å ivareta krav i tunnelsikkerheitsforskrifta. Det blir gjennomført omfattande tiltak på ei samla tunnellengd på om lag 11 km. Tiltaka omfattar m.a. montering av ledelys/rømmingslys, naudstasjonar med telefon og brannsløkkarar, system for å handtere brannfarleg væske og nye bommar. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme for prosjektet på 694 mill. kr (680 mill. 2017-kr) og ei kostnadsramme på 763 mill. kr (748 mill. 2017-kr).
Departementet foreslår derfor ei kostnadsramme på 763 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Ny kostnadsramme for E6 Forså-, Fagernes-, Larsberg-, Skardal- og Isfjelltunnelane i Nordland og Troms
Samferdselsdepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019), side 131, varsla kostnadsauke på prosjektet. Departementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken.
Anleggsarbeida starta i 2017, og prosjektet er venta opna for trafikk i løpet av 2019.
Prosjektet har til no vore omfatta av fullmakta til å pådra staten plikter for prosjekt under 500 mill. kr. Da anleggsarbeida starta opp i 2017, var kostnadsoverslaget for prosjektet på 440 mill. 2017-kr. Som opplyst i Prop. 1 S (2018–2019), er prognosen for sluttkostnad no på 670 mill. 2019-kr. Kostnadsauken kjem i hovudsak av auka behov for sikringstiltak i tunnelane og at ei rekkje element blei underestimerte i prosjekteringa. I samband med anleggsarbeida er det avdekt at tilstanden for tunnelen er langt dårlegare enn rekna med.
Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 685 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Endra kostnadsramme for rv. 110 Ørebekk–Simo i Østfold
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2018–2019), side 112–113.
Kostnadsramma er på 815 mill. kr. I Prop. 1 S (2018–2019) er prognosen for sluttkostnad på 784 mill. 2018-kr.
Anleggsarbeida starta i september 2015, og prosjektet var opphavleg føresett opna for trafikk hausten 2017. Opningstidspunktet er utsett fleire gonger. I Prop. 1 S (2018–2019) blir det opplyst at prosjektet er venta opna for trafikk sommaren 2019.
Det er avdekt at to av fem pælar i fundamentet til den nye Seutbrua ikkje er fundamenterte i godt fjell. Det er no valt ei ny teknisk løysing for gjennomføringa, men arbeidet er stansa på grunn av usemje mellom Statens vegvesen og entreprenøren om ansvar, kostnader og tilleggskrav frå entreprenøren.
Prosjektet er utløysande for å starte bompengeinnkrevjinga knytt til Bypakke Nedre Glomma fase 1, jf. Prop. 50 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av fase 1 av Bypakke Nedre Glomma i Østfold, side 14. Ytterlegare forseinking vil derfor få konsekvensar for gjennomføring av andre prosjekt og tiltak innanfor denne pakka. Med atterhald om samtykkje frå Stortinget har Samferdselsdepartementet gitt Statens vegvesen fullmakt til å gå i mekling med entreprenøren for Seutbrua for å komme fram til ei samla løysing.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kostnadsramma for prosjektet blir auka til 900 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Endra kostnadsramme for E39 Dregebø–Grytås og Birkeland–Sande nord i Sogn og Fjordane
Samferdselsdepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019), side 118, varsla kostnadsauke på prosjektet. Departementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med endra kostnadsramme i nysalderinga av statsbudsjettet for 2018.
Anleggsarbeida starta i juni 2013, og prosjektet opna for trafikk i juni 2016.
Kostnadsramma for prosjektet er 711 mill. 2018-kr, medan prognosen for sluttkostnad no er på 800 mill. kr. Dette er ein auke på 89 mill. kr samanlikna med kostnadsramma. Kostnadsauken kjem m.a. av ekstra tiltak på grunn av dimensjonering for 200-årsflaum som følgje av nye krav i Statens vegvesens vegnormalar (Handbok N100 Veg- og gateutforming) i 2014, og behov for ekstra sikringstiltak ved tunnelpåhogget. Konflikt med entreprenør om sluttoppgjeret gjer at det framleis er uvisse knytt til prognosen for sluttkostnad.
Samferdselsdepartementet foreslår at kostnadsramma for prosjektet blir auka til 825 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
E18 Lysaker–Ramstadsletta i Akershus
Prosjektet blei omtalt i Prop. 1 S (2017–2018), der det blei prioritert statlege midlar til prosjektering og grunnerverv på E18 Lysaker–Strand–Ramstadsletta i Akershus på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar. Det blei ikkje spesifisert noko beløp. I svar på spørsmål nr. 684 frå Arbeidarpartiet til Prop. 1 S (2017–2018) blei det opplyst at det i statsbudsjettet for 2018 var opphavleg sett av 300 mill. kr til å dekkje grunnerverv og prosjektering i 2018. Under året er det pådratt utgifter på ytterlegare 340 mill. kr i prosjektet. Utgiftene blir dekte innanfor budsjettramma til Statens vegvesen.
Rv. 4 Roa–Gran grense inkl. Jaren–Amundrud i Oppland
Prosjektet blei sist omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, (NTP), side 303. Prosjektet er ikkje tidlegare omtalt i statsbudsjettet.
Prosjektet omfattar bygging av 4,2 km firefelts veg i ny trasé på austsida av dagens veg. I tillegg skal dagens veg utbetrast på strekninga Jaren–Amundrud og på strekninga Almenningsdelet–Lygnebakken, jf. Innst. 460 S (2016–2017), side 93. Prosjektet er ei vidareføring av utbygginga på strekningane Lunner grense–Jaren og Lygna sør som blei fullført i 2017.
Prosjektet er i NTP prioritert gjennomført i perioden 2018–2023, føresett tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging. Så langt er det brukt om lag 200 mill. kr til grunnerverv og førebuande arbeid i prosjektet. I tillegg er det brukt 50 mill. kr i bompengar på planlegging, prosjektering og grunnerverv, jf. Prop. 50 S (2012–2013) om rv. 4 Lunner grense–Jaren der det blei opplyst at det vil bli stilt 60 mill. kr til disposisjon på strekninga Roa–Gran grense.
Alt grunnerverv er ferdig på strekninga Roa – Gran grense, medan det står att grunnerverv for totalt om lag 15 mill. kr på strekningane Jaren–Amundrud og Almenningsdelet–Lygnebakken. Arbeidet med KS2 er starta opp.
Utgiftene til prosjektet i 2018 blir dekte innanfor budsjettramma til Statens vegvesen.
Post 31 Skredsikring riksvegar
Ny kostnadsramme for rv. 13 Deildo i Hordaland
Samferdselsdepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019), side 120, varsla kostnadsauke på prosjektet. Departementet opplyste at ein ville komme tilbake til Stortinget med endeleg kostnadsramme i nysalderinga av statsbudsjettet for 2018.
Anleggsarbeida starta i desember 2015, og prosjektet opna for trafikk i oktober 2018.
Prosjektet har til no vore omfatta av fullmakta til å pådra staten plikter for prosjekt under 500 mill. kr. Kostnadsoverslaget for prosjektet var på om lag 300 mill. 2014-kr da anleggsarbeida starta opp i 2015. Prognosen for sluttkostnad er no på 562 mill. 2018-kr. Kostnadsauken kjem i hovudsak av meir omfattande behov for bergsikring og meir omfattande arbeid med trafikkavvikling i anleggsfasen enn føresett.
Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 590 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Endra kostnadsramme for E69 Skarvbergtunnelen i Finnmark
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2018–2019), side 131. Ved behandlinga av Prop. 87 S (2017–2018) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar blei styringsramma for prosjektet fastsett til 816 mill. kr og kostnadsramma til 898 mill. kr, jf. Innst. 380 S (2017–2018).
Prosjektet er føresett gjennomført med totalentreprise som kontraktform. Som omtalt i Prop. 1 S (2018–2019), inneber dei mottekne pristilboda på bygging av prosjektet ein prognose for sluttkostnad i nærleiken av kostnadsramma. Etter nokre reduksjonar i prosjektet er prognosen for sluttkostnad no vurdert til 877 mill. kr (860 mill. 2017-kr). Dette er ein auke på om lag 60 mill. kr frå den fastsette styringsramma.
Samferdselsdepartementet foreslår at kostnadsramma for prosjektet blir auka til 918 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 36 E16 over Filefjell
Prosjektet E16 Øye–Eidsbru er siste etappe av den samla utbygginga av E16 over Filefjell. Det er sist omtalt i Prop. 1 S (2018–2019), side 123.
I 2018 har entreprenøren hatt raskare framdrift på prosjektet enn det som låg til grunn for forslaget til løyving i Prop. 1 S (2017–2018). Statens vegvesens prognosar viser at det i 2018 vil bli brukt om lag 130 mill. kr meir enn løyvinga. Restbehovet vil bli tilsvarande lågare.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 36 E16 over Filefjell, med 130 mill. kr.
Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester
Ein gjennomgang viser at utgifter til lønn, administrasjon og konsulentutgifter m.a. knytt til utviklingskontrakt for hydrogen-elektrisk ferje, AutoPASS brikkebetaling og modernisering av ferjedatabank er medrekna i løyvinga på post 72. Slike administrative utgifter bør ikkje førast på ein tilskotspost, jf. m.a. Prop. 31 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 72 med 14,2 mill. kr, mot ein tilsvarande auke av post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 02 Diverse gebyr
I 2018 er det budsjettert med inntekter frå diverse gebyr på 437,6 mill. kr. Omfanget av gebyrinntekter blir høgare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2017–2018). Dette gjeld i hovudsak auka etterspurnad etter førarkort, m.a. fornying av nokre typar førarkort, teoriprøver og praktiske førarprøver.
Samferdselsdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 100 mill. kr, og med ein tilsvarende auke på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.