2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Løyvinga skal finansiere kontingentar til internasjonale organisasjonar mv. innan transport og kommunikasjon. I 2018 er det løyvd 45,2 mill. kr til dette formålet. Dei fleste kontingentane for 2018 er no betalte. Behovet viser seg å vere lågare enn det som blei lagt til grunn ved framlegget til budsjett for 2018. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 5,8 mill. kr.
Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet
Post 74 Sektoravgifter Kystverket
I samband med lønnsoppgjeret for 2018 blei Kystverket tildelt 9,47 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, for den delen av verksemda som er avgiftsfinansiert. Kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med 9,47 mill. kr.
Post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
I samband med lønnsoppgjeret for 2018 blei Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit tildelt 3,29 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er i hovudsak sjølvfinansiert. Kap. 5577, post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 75 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, med 3,29 mill. kr.