3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
Løyvinga går til å finansiere drift av regionale flyruter innanlands. Departementet inngår fleirårige kontraktar for drift av rutene som blir tildelte etter konkurranse. Det er opna for å reforhandle kontraktbeløpa ved vesentlege endringar i avgiftene som flyselskapa betaler i samband med drifta av desse rutene. Utgiftene til reforhandling vil bli lågare enn først rekna med. Kompensasjonen til flyselskapa har òg blitt noko redusert på grunn av at talet på kanselleringar har vore høgare enn lagt til grunn i kontraktane.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 40 mill. kr.