10 Skatteordning ved erstatning i samband med forbodet mot hald av pelsdyr
10.1 Innleiing og samandrag
Landbruks- og matdepartementet la 26. mars d.å. fram forslag om endringar i lov 21. juni 2019 nr. 63 om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 122 L (2020–2021) Endringer i lov om forbud mot hold av pelsdyr (kompensasjonsordning). Forslaget er at oppdrettarar som heldt pelsdyr 15. januar 2018, kan krevje kompensasjon i form av erstatning i samsvar med utmålingsreglane i ekspropriasjonserstatningslova. I høyringa oppmoda Norges Bondelag og Norges Pelsdyralslag til at det vert gjeve fritak for skatt og meirverdiavgift.
Finansdepartementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å foreslå fullt skattefritak, slik Norges Bondelaget og Norges Pelsdyralslag har oppmoda til. Skattelova har ei ordning med såkalla «betinget skattefritak» ved ufrivillig realisasjon, irekna ekspropriasjon. Departementet gjer framlegg om at det etter mønster av denne ordninga vert opna for skattefritak på vilkår for erstatning i samband med forbodet, som vert utmålt etter reglane i ekspropriasjonserstatningslova.
Ordninga til oppdrettarar som følgje av forbodet gjev òg kompensasjon for kostnader til riving og opprydding, kompensasjon for lågare framtidig alderspensjon, og tilskot til omstilling og kompetanseheving. Desse ordningane bør skattleggjast etter dei vanlege reglane for pensjonsinntekt og inntekt frå verksemd.
Til skilnad frå skatteplikta skal det ikkje svarast meirverdiavgift av erstatning. Departementet legg såleis til grunn at verksemdene ikkje skal betale meirverdiavgift på kompensasjonen dei mottek, knytt til forbodet mot hald av pelsdyr. Forbodet gjev ikkje grunn til unntak frå føresegnene om at det må reknast meirverdiavgift når driftsmiddel frå avgiftspliktig verksemd vert tekne i bruk til andre føremål enn avgiftspliktig verksemd, til dømes til privat bruk. Departementet legg til grunn at ordninga med kompensasjon tek omsyn til meirverdiavgift som må svarast sjølv om driftsmiddel ikkje vert tekne i bruk til andre føremål.
Framlegget vil truleg ha moderate administrative følgjer. Ein kan forvente at det i liten grad vert utbetalt erstatning basert på ekspropriasjonsrettslege reglar i år, og at hovuddelen av utbetalingane vil skje i 2022. Forslaget vil ikkje ha provenyverknader i 2021.
Departementet syner til framlegg til skattelova ny § 14-74. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2021.
10.2 Gjeldande rett
Hovudregelen i skattelova er at gevinst både ved frivillig realisasjon og ufrivillig realisasjon, er skattepliktig. Ufrivillig realisasjon kan ha si årsak i at formuesobjekt er gått tapt ved brann, ulukke eller er eksproprierte. Skatteplikta følgjer av dei vanlege reglane for skattlegging av inntekt frå verksemd. Dei fleste pelsdyroppdrettarar driv verksemda i enkeltpersonføretak. Gevinstar vert då skatta med satsen for alminneleg inntekt. I tillegg vil gevinsten gå inn i den næringsdrivande sitt personinntektsgrunnlag, jf. skattelova § 12-11.
Skattelova § 14-70 har eit unntak frå denne hovudregelen, såkalla «betinget skattefritak», som opnar for at gevinst ved ufrivillig realisasjon av formuesobjekt, under visse høve likevel kan krevjast friteken for skattlegging. Grunngjevinga for ordninga er at skattytar skal sleppe skattlegging straks, dersom erstatninga gjennom reinvestering i nytt formuesobjekt, vert nytta til å rette opp att igjen situasjonen frå før den ufrivillige realisasjonen. Gevinsten skal kome til frådrag i kostprisen til det nye objektet utan å kome til frådrag ved inntektsfastsetjinga, jf. skattelova § 14-70 tredje ledd siste punktum. Skattefritak på vilkår er såleis ikkje noko endeleg fritak for skattlegging, men ei utsetjing (skattekreditt) til det reinvesterte objektet vert realisert, eller ved at det vert avskrive med eit lågare avskrivingsgrunnlag enn om ein ikkje hadde fått skattefritak på vilkår. Føresetnaden for fritaket er at vederlaget innan tre år vert nytta til erverv av nytt objekt av «same art» som det som er avstått.
Ved innløysing av festetomter er det opna for skattefritak på vilkår med ein noko utvida reinvesteringstilgang. I slike høve kan det investerast ikkje berre i objekt av same art, dvs. ny tomt som vert bortfesta, men òg i påkostning på areal, bygg eller anlegg i næringsverksemda til skattytar eller anna inntektsgjevande aktivitet, jf. skattelova § 14-72. Dette er særskilt grunna i at det utan ei slik utviding i realiteten ikkje vil verte noko særleg skattelemping for mange ved innløysing av festetomter.
Òg ved ufrivillig realisasjon av landbrukseigedom kan gevinst krevjast friteken for skattlegging med den same utvida reinvesteringstilgangen som for festetomter, jf. skattelova § 14-73. Bakgrunnen er at det i tilfelle der landbrukseigedomar vert eksproprierte, kan vere vanskeleg å oppdrive nytt objekt av «same art» som det som har vorte avstått. Det er ikkje noko krav om at det kan sannsynleggjerast at det ikkje har vore mogleg å skaffe tilsvarande objekt som det som er avstått. Det vert heller ikkje stilt krav om at reinvesteringa skjer innan jordbruk eller skogbruk. Det gjeld likevel eit unntak for bustad og fritidsbustad. Reinvesteringstilgangen er òg avgrensa mot lausøyreinvesteringar og laupande driftsutgifter i verksemda.
Etter meirverdiavgiftslova § 3-21 fyrste ledd skal det «beregnes merverdiavgift når en vare tas ut fra den registrerte eller registreringspliktige virksomheten.». Føresegnene er grunna både i at meirverdiavgifta skal vere nøytral og i at det private forbruket skal skattleggjast. Eit døme på når det må svarast slik uttaksmeirverdiavgift kan vere at ein ATV vert teken i bruk til private føremål eller til verksemd med omvisingar. Dette er bruk som ikkje gjev rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift. At meirverdiavgifta skal vere nøytral er i noko grad òg ei plikt etter EØS-retten.
Fast eigedom er ikkje omfatta av den generelle meirverdiavgiftsplikta og vert heller ikkje råka av plikta til å rekne uttaksmeirverdiavgift. Endra nytting av fast eigedom kan likevel gje plikt til å justere inngåande meirverdiavgift som er ført til frådrag, til dømes for oppføring av driftsbygning. Eit døme på dette kan vere at ein driftsbygning vert teken i bruk som garasje for privatbil. Føresegna om justering kan òg innebere at det må svarast meirverdiavgift når avgiftspliktig verksemd vert avslutta, utan at bygningen vert teken i bruk til andre føremål. Målet med føresegnene om justering er at frådraget for inngåande meirverdiavgift skal spegla den faktiske bruken i avgiftspliktig verksemd over tid, ikkje berre på tilhøva då kjøpet vart gjort eller då bygningen vart teken i bruk. Overdraging, til dømes når eigedom vert ekspropriert, er ei såkalla justeringshending. I dette ligg at den som overdreg eigedomen kan måtte betale tilbake frådragsført inngåande meirverdiavgift, av di overdraginga inneber at bruken i den avgiftspliktige verksemda vert broten. Riving og sanering av bygning er derimot ikkje justeringshendingar, slike hendingar inneber at bygningen ikkje vert teken i bruk til andre føremål.
10.3 Bakgrunn
Stortinget oppmoda regjeringa gjennom vedtak 353 til 357 den 11. februar 2020, om ei endring av kompensasjonsordninga, slik at det mellom anna skal ytast erstatning som ved eit ekspropriasjonsrettsleg inngrep.
I Prop. 122 L (2020–2021) Endringer i lov om forbud mot hold av pelsdyr (kompensasjonsordning), fremja av Landbruks- og matdepartementet 26. mars d.å., er det gjort framlegg om at gjeldande kompensasjonsordning for ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital og kompensasjon per avlstispe, skal erstattast av ei ordning med kompensasjon i form av erstatning i samsvar med utmålingsreglane i lov 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom (ekspropriasjonserstatningslova), jf. forslag til ny § 3 i lov 21. juni 2019 nr. 63, om forbod mot hald av pelsdyr. Etter desse føresegnene skal då pelsdyroppdrettarar som eig eller leiger anlegg for hald av pelsdyr, ha «rett på erstatning for tap som følge av avviklingen». Dette skal tryggje at pelsdyroppdrettarar får full erstatning i tråd med ekspropriasjonslovgjevinga sine føresegner, og då basert på pelsdyrverksemda sin verdi per 15. januar 2018.
Gjeldande ordning med kompensasjon for kostnader til riving og opprydding, kompensasjon til eldre oppdrettarar for lågare framtidig alderspensjon og ordninga med tilskot til omstilling og yrkesretta kompetanseheving, vert etter forslaget frå Landbruks- og matdepartementet, å vidareføre.
Forslaget frå Landbruks- og matdepartementet til ny kompensasjonsordning seier ikkje noko om skattespørsmål ut over å syne til at dette er til vurdering i Finansdepartementet. Høyringsnotatet omhandlar heller ikkje skattespørsmål, men landbruksministeren har varsla om at det vil verte foreslått ei ordning med skattefritak på vilkår som ved ekspropriasjon. Norges Bondelag og Norges Pelsdyralslag har i sine høyringssvar til Landbruks- og matdepartementet, og òg i brev til Finansdepartementet, teke opp skattlegginga av kompensasjonsordningane. Hovudkravet er fullt skattefritak for kompensasjonane. Norsk bonde- og småbrukarlag har i sitt høyringssvar gjeve si støtte til høyringssvaret frå Norges Pelsdyralslag.
Norges Bondelag har gjort gjeldande at skattereglane ikkje er tilpassa den ekstraordinære situasjon det er med eit forbod mot ei elles lovleg næring, og at nesten halvparten (49,6 pst. maksimal næringsskatt) av erstatninga utmålt etter ekspropriasjonsrettslege prinsipp, vil gå bort i skatt. Det tilseier fullt skattefritak, og då òg for dei kompensasjonsordningane som ikkje går på erstatning utmålt etter ekspropriasjonserstatningslova.
Vidare gjer Norges Bondelag gjeldande at ikkje alle pelsdyrbønder har høve til å reinvestere erstatninga i anna næringsverksemd. Desse vil få svært høg trinnskatt og verte fråtekne generasjonsverdiar. Marknadssituasjonen innan fleire husdyrproduksjonar inneber dessutan at høvet til å reinvestere i anna jordbruksproduksjon, er avgrensa. Tilsvarande meiner Norges Bondelag at ein må sjå på føresegna i skattelova § 14-70 sjuande ledd, om skattefritak på vilkår ved nedslakting av livdyr (irekna pelsdyr) etter pålegg frå veterinærstyresmakter. I høve det ikkje vert gjeve fullt skattefritak, meiner Norges Bondelag at skattefritak på vilkår ikkje berre skal gjelde for erstatning for driftsmiddel (og ev. livdyr), men for heile erstatninga. Med tanke på bakgrunnen for nedlegginga, og den tida som er gått, er det òg naudsynt med ein lengre reinvesteringsperiode enn tre år.
Norges Pelsdyalslag gjer gjeldande at skattefritak på vilkår berre er ei utsetjing av skattlegginga. Kostprisen for det reinvesterte objektet vert redusert tilsvarande gevinsten som skattytar fekk i samband med den ufrivillige realisasjonen.
Norges Pelsdyralslag meiner erstatninga må vere slik at pelsdyrbonden etter skatt må kunne investere i anna objekt, utan at reglane om skattefritak på vilkår set grense for det. Dei skal òg stå i tilsvarande formuesituasjon som før den tvungne avviklinga av pelsdyrhaldet. Det må presiserast i ny lovgjeving at skattefritak/skattefritak på vilkår òg må gjelde for allereie utbetalt erstatning etter gjeldande kompensasjonsordning. Det vil vere urimeleg om rettferdige skattereglar berre skal gjelde for rekneskapsåret 2021 og seinare. Tidlegare utbetalte erstatningar er som følgje av ny erstatningsordning som eit forskot å rekne. All erstatning må behandlast likt med omsyn til skatt.
Norges Bondelag meiner at føresegnene om meirverdiavgift må verte endra, slik at driftsmiddel fritt kan takast i bruk til andre føremål, utan betaling av meirverdiavgift.
10.4 Vurderingar og framlegg
10.4.1 Skattefritak
Krav om fullt skattefritak
Finansdepartementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å foreslå fullt skattefritak slik Norges Bondelag og Norges Pelsdyralslag har oppmoda til. Hadde verksemda vorte realisert frivillig, ville det ha ført med seg vanleg skattlegging. Heller ikkje ved ekspropriasjon vert det gjeve fullt skattefritak. Når det vert gjeve full erstatning for verksemda si verdi, er det ingen avgjerande forhold som tilseier at realisasjonen skal behandlast på annan måte enn det som gjeld ved eit ordinært sal. Det er i og for seg ekstraordinært at avviklinga skjer som ei følgje av eit forbod mot ein heil bransje, men for den enkelte oppdrettaren gjer det ingen forskjell.
Skattefritak på vilkår
Skattefritak på vilkår er ei generell ordning ved ufrivillig realisasjon, som til dømes ved ekspropriasjon. Dette er ikkje noko endeleg skattefritak, men ei skatteutsetjing. Bakgrunnen er at det korkje vil vere logisk eller rimeleg at ekspropriasjon i seg sjølv skulle innebere fullt skattefritak, i motsetnad til ved eit frivillig sal. Tvangselementet tilseier likevel at ein slepp skattebelastninga der og då, så framt erstatninga vert reinvestert i ny verksemd. Ei ordning der ein ville kome vesentleg betre ut med omsyn til skatt etter inngrepet enn før, vil dessutan gje ein heilt tilfeldig fordel som andre ikkje får.
Finansdepartementet meiner at gevinst ved erstatning utløyst av forbodet mot pelsdyrhald, og som vert utmålt etter reglane om ekspropriasjonserstatning, kan fritakast for inntektsskatt så langt skattytar reinvesterer vederlaget på nærare gjevne vilkår, på same måte som ved ekspropriasjon.
Departementet legg til grunn at forbodet mot hald av pelsdyr ikkje inneber nokon ekspropriasjon etter ekspropriasjonserstatningslova, og at ekspropriasjonsomgrepet i skatteretten vert å forstå på same måten. Føresegna om skattefritak på vilkår ved ufrivillig realisasjon i skattelova §§ 14-70 og 14-73, kan såleis ikkje nyttast. Ei ordning med skattefritak på tilsvarande måte som ved ekspropriasjon, vil difor krevje ei lovendring.
10.4.2 Nærare om ei avgrensing av ei ordning med skattefritak på vilkår
Kompensasjon i form av erstatning i samsvar med utmålingsreglane i ekspropriasjonserstatningslova
Departementet meiner at det berre er den delen av kompensasjonen som vert fastsett i samsvar med ekspropriasjonserstatningslova, som skal kunne reinvesterast skattefritt på tilsvarande måte som ved ufrivillig realisasjon, til dømes som ved ekspropriasjon, jf. skattelova §§ 14-70 flg.
Ved utbetaling av erstatning etter ekspropriasjonserstatningslova så vert etter forslaget til ny kompensasjonsordning, erstatning som allereie er utbetalt etter gjeldande ordning, å trekkje i frå, jf. § 3 siste ledd i utkast til endring i lov om forbod mot hald av pelsdyr. Finansdepartementet meiner at dersom det til dømes vert utmåla ei erstatning på 100 etter ekspropriasjonserstatningslova, men berre 20 vert utbetale fordi ein allereie har motteke 80 etter gjeldande ordning, så vil det vere 100 som ein kan reinvestera skattefritt på vilkår. Det skal altså kunne gis skattefritak på vilkår for heile erstatninga som bereknast etter reglane i ekspropriasjonserstatningslova, utan frådrag for tidlegare motteke erstatning. Så kan det i nokre høve vere slik at utmålinga etter den nye ordninga, er lågare enn den erstatninga som allereie er utmåla. Etter forslaget frå Landbruks- og matdepartementet skal det då ikkje krevjast tilbakebetaling av det overskytande. Òg i slike høve meiner departementet det bør vere erstatninga utmåla etter dei nye reglane, som kan reinvesterast skattefritt på vilkår. Denne løysinga kan slik departementet ser det, tolkast inn i ordlyden til forslag til nytt føresegn i skattelova § 14-74, jf. at det er «vederlaget» som kan reinvesterast. Soleis vil det ikkje vere behov for noko eksplisitt lovregulering av dette.
Om kven som kan krevje skattefritak på vilkår
Det er oppdrettarar som hadde pelsdyr per 15. januar 2018, som kan få kompensasjon etter ekspropriasjonsrettslege prinsipp, og med det verte omfatta av dette framlegget om skattefritak på vilkår. Dei fleste av desse driv verksemda som enkeltpersonføretak, men nokre driv òg selskap. Etter gjeldande rett er det inga grense for kva for subjekt som kan få skattefritak på vilkår. For oppdrettarar som driv verksemda i selskap med deltakarfastsetjing, kan det vere problematisk å reinvestere gevinsten i det same selskapet. Sidan det må vere minst to deltakarar i slike selskap, er det truleg mest tenleg å løyse opp selskapet når den sams verksemda vert nedlagd. Dette omsynet gjeld ikkje på same måten for aksjeselskap. Omsynet til likebehandling tilseier at oppdrettarar som må leggje ned pelsdyrverksemda vert behandla likt, uavhengig av organisasjonsform. Departementet vil difor foreslå at det vert gjeve ein spesialregel for reinvestering ved oppløysing av selskap med deltakarfastsetjing.
Departementet legg til grunn at deltakarar som vidarefører skatteposisjonen dokumenterer at gevinsten vert realisert ved å halde fram med å levere skattemelding for næringsdrivande og næringsoppgåve (eller tilsvarande i ny skattemelding).
Reinvesteringsobjekt
For å ha krav på skattefritak på vilkår ved ufrivillig realisasjon, er hovudregelen at vederlaget vert reinvestert i nytt objekt av «same art» som det som er realisert. Eit slikt krav er ikkje aktuelt i samband med avviklinga av pelsdyrverksemd. Departementet gjer difor framlegg om at det vert opna for ein noko utvida reinvesteringstilgang tilsvarande den som gjeld for festetomter i skattelova § 14-72 og for landbrukseigedom i skattelova § 14-73. Dette vil gje eit relativt smidig bruksområde for erstatninga etter utmålingsreglane i ekspropriasjonserstatningslova ved avvikling av pelsdyrhald. Som organisasjonane peiker på, er det nok slik at det av ymse grunnar ikkje vil vere alle pelsdyrbønder som det vil vere aktuelt for å gjere seg nytte av ordninga, men slik er det òg for ordninga som elles gjeld. Det utvida området for reinvestering vil likevel i nokon grad bøte på dette.
Skattefritak på vilkår vil etter dette framlegget vere mogleg dersom vederlaget vert nytta til erverv eller påkosting på areal, bygg eller anlegg i skattytar si næringsverksemd eller annan inntektsgjevande aktivitet. Det kan då reinvesterast både i erverv av nytt objekt og påkosting på tidlegare erverva objekt som fell innanfor reinvesteringsområdet. At reinvestering òg kan skje i annan inntektsgjevande aktivitet inneber til dømes at reinvestering kan skje i bygg eller anlegg der utleiga/aktiviteten ikkje er omfattande nok til å vere næringsverksemd i skattelova sin forstand.
I tillegg meiner departementet at det bør kunne reinvesterast i anna buskap, til dømes som grunnlag for storfe-, kylling-, eller svineproduksjon.
Det bør likevel ikkje kunne reinvesterast i lausøyre og laupande driftskostnader eller vedlikehald. Heller ikkje bør det kunne reinvesterast i bustad eller fritidsbustad. Bakgrunnen for det er at gevinsten elles kan gjerast endeleg skattefri gjennom dei generelle gevinstfritaksreglane for slike eigedelar. Unntaket for reinvestering i bustad eller fritidsbustad gjeld sjølv om eigedommen skal leigast ut, og sjølv om inntekta ved utleiga vil vere inntekt av verksemd, fordi desse enkelt kan overførast til eigen bruk seinare (med endeleg skattefritak til følgje).
Lovteksten om området for reinvestering kan ha behov for avklårande presiseringar og avgrensingar, og departementet gjer difor framlegg om ei forskriftsfullmakt til dette føremålet.
Frist for reinvestering
Etter skattelova § 14-70 tredje ledd, må nytt formuesobjekt vere erverva, eller bindande avtale om erverv, vere inngått innan utløpet av det tredje året etter realisasjonsåret.
Dersom det er uklårt om skattytar får erstatning, eller storleiken på kravet er omtvista, så vert det i praksis godteke at reinvestering av det omtvista beløpet vert gjort innan utgangen av det tredje inntektsåret etter det året storleiken på erstatninga vert endeleg fastsett. I svaret sitt i høyringa til Landbruks- og matdepartementet har Norges Bondelag bede om lengre reinvesteringsperiode enn desse tre åra.
Finansdepartementet meiner at ein frist på tre år for reinvestering bør vere tilstrekkeleg romsleg òg for desse tilfella. Å rekne denne fristen frå realisasjonsåret vil likevel vere mindre treffande. Her kjem òg inn at det tidlegare kan vere gjeve erstatning for ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital, og som skal kome til frådrag ved utbetaling av erstatning fastsett på grunnlag av ekspropriasjonserstatningslova. Departementet har difor kome fram til at det mest føremålstenlege, mellom anna fordi erstatningsoppgjeret kan ta tid, vil vere at fristen vert å rekne frå det året storleiken på erstatning utmåla etter ekspropriasjonsrettslege reglar, vert endeleg fastsett. Det kan vere høve der erstatninga vert fastsett i fleire omgangar. Det er forståeleg om skattytar vil kvi seg for å setje i gang eit reinvesteringsprosjekt før det er klårt kor stor den samla erstatninga vert. Fristen bør difor reknast frå då heile erstatninga endeleg er fastsett. I praksis vil det gje ein forlenga frist for reinvestering for erstatning som er klår på eit tidlegare tidspunkt.
Departementet syner til framlegg til skattelova ny § 14-74.
10.4.3 Skattlegging av dei andre elementa i kompensasjonsordninga
Kompensasjon for kostnader til riving og opprydding, kompensasjon for lågare framtidig alderspensjon, og tilskot til omstilling og kompetanseheving, skal skattleggjast etter dei vanlege reglane for næringsinntekt og pensjonsinntekt.
10.4.4 Meirverdiavgift
Føresegnene om meirverdiavgift når driftsmiddel frå avgiftspliktig verksemd vert tekne i bruk til andre føremål, er som nemnt grunna i omsyn til mellom anna at meirverdiavgift skal skattleggje forbruk og vere nøytral. Forbodet mot hald av pelsdyr gjev etter departementet si vurdering ikkje grunnlag for unntak frå desse føresegnene.
At det kan måtte svarast meirverdiavgift etter føresegna om justering, åleine av di at verksemd med hald av pelsdyr endar, kunne isolert sett verka urimeleg – sett i ljos av at verksemda vert forbode.
Departementet syner til at kompensasjonsordninga som nemnt skal syte for at verksemdene vert gjevne erstatning, på line med det som vert gjeve ved ekspropriasjon. I dette ligg det at justeringsplikt, utan at bygning vert teken i bruk til andre føremål, vert teken omsyn til i tilboda til verksemder som vert råka av slik tilbakebetalingsplikt.
Departementet si vurdering er at det ikkje er naudsynt å gjere endringar i føresegnene om meirverdiavgift.
10.5 Administrative og økonomiske følgjer
Omlegginga vil innebere eit visst meirarbeid for skattestyresmaktene fordi skattefritak på vilkår vil gjelde fleire tilfelle enn i dag. Regelverket vil likevel truleg ikkje vere spesielt krevjande å handtere korkje for skattytarar eller skattestyresmakter. Dei administrative konsekvensane av forslaget vil difor vere moderate.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til at Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) skal utarbeide berekningar som skal danne eit grunnlag for arbeidet med å utforme statens tilbod til pelsdyroppdretterane. Landbruks- og matdepartementet tek sikte på at NIBIOs berekningar skal liggje føre innan 1. juni 2021. Det er anslått at den samla kostnaden til kompensasjon for ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital kan verte på mellom 650 og 950 mill. kroner. Statens provenytap av å innføre skattefritak på vilkår, vil avhenge av kor stor del av kompensasjonen som vert reinvestert. Det er liten eller ingen informasjon om dette. Landbruks- og matdepartementet meiner det i liten grad vil verte utbetalt erstatning basert på ekspropriasjonsrettslege reglar i år, og at hovuddelen av utbetalingane etter ekspropriasjonsrettslege reglar er forventa å skje i 2022. Forslaget vil dermed ikkje ha provenykonsekvensar i 2021.
10.6 Iverksetjing
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2021.