3 Avgift på viltlevande marine ressursar – oppmodingsvedtak nr. 554 (2019–2020)
3.1 Innleiing og samandrag
I behandlinga av Meld. St. 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping – En fremtidsrettet fiskerinæring og tilhøyrande Innst. 243 S (2019–2020) fatta Stortinget følgjande oppmodingsvedtak nr. 554:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget (så snart som mulig, eventuelt fra 2021) med et forslag om en fiskal avgift på fiskeriene (villfisk) tilsvarende om lag 100 mill. kroner årlig. Det vurderes i den forbindelse om det kan gjøres etter modell av fiskeriforskningsavgiften. Modellen må være forenlig med Norges forpliktelser under EFTA-konvensjonen og EFTA-frihandelsavtaler.»
Som varsla i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 kapittel 17, følgjer regjeringa no opp Stortingets vedtak.
Framlegget har vore på høyring og inneber ei fiskal særavgift på fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar. Avgift skal betalast med 0,42 pst. av avgiftsgrunnlaget, som er brutto salsbeløp minus sektoravgift som skal betalast til fiskesalslaget. Føresegner om pliktar og berekning av avgifta er knytte til fiskesalslagslova. Fiskeridirektoratet har medverka i utgreiinga av avgifta.
Framlegget vil auke det årlege provenyet med om lag 100 mill. kroner. Sidan avgifta vert innført 1. juli, vil provenyet i 2021 auke med om lag 50 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført. Resten av heilårsverknaden kjem i 2022.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp med framlegget.
Departementet syner til framlegg til vedtak om avgift på viltlevande marine ressursar.
3.2 Gjeldande rett
Etter fiskesalslagslova skal fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar skje gjennom eller med godkjenning av eit godkjent fiskesalslag. Det er forbode å omsetje viltlevande marine ressursar i Noreg utanom salslaga. Per januar 2021 er det fem godkjende salslag i Noreg.
Salslaga er eigde av fiskarane, og skal mellom anna tryggje fiskarane oppgjer for fangst. Salslaga er pålagde eit kontrollansvar etter fiskesalslagslova og havressurslova. Salslaga skal kontrollere all fangst som vert landa og omsett innanfor verkeområdet for fiskesalslagslova.
Fiskesalslagslova gjeld norske fartøy med landing i norsk hamn, norske fartøy med landing i utanlandsk hamn, og utanlandske fartøy med landing i norsk hamn. Lova gjeld ikkje fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar som er hausta med utanlandsk fartøy når fangsten vert landa i utanlandsk hamn.
Fiskesalslagslova kapittel 7 har føresegner om reaksjonar ved lovbrot. Fangst av viltlevande marine ressursar frå utanlandske fartøy i norske farvatn som ikkje vert landa eller omsett i Noreg, inngår ikkje i kontrollansvaret til salslaga.
3.3 Høyringa
Den 4. februar 2021 sende Skattedirektoratet framlegg om avgift på viltlevande marine ressursar på høyring. Høyringsfristen vart sett til 18. mars 2021. Av til saman 22 mottekne svar hadde 12 høyringsinstansar merknader.
Høyringsframlegget inneber ei fiskal særavgift på fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar hausta av norskregistrert fartøy. Definisjonane i fiskesalslagslova § 2 av viltlevande marine ressursar og fyrstehandsomsetjing skal gjelde tilsvarande for den nye avgifta. Avgiftsgrunnlaget er brutto salsbeløp minus den avgifta som skal betalast til fiskesalslaga etter fiskesalslagslova.
Havfiskeflåtens organisasjon Fiskebåt, Fiskarlaget Nord, Agder fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Vestland fylkeskommune, Noregs Fiskarlag, Pelagisk foreining, Sjømatbedriftene og Noregs Kystfiskarlag er negative til innføring av avgifta. Fleire av instansane meiner at avgifta òg bør omfatte utanlandske fartøy som landar fangst i Noreg, eller foreslår andre avgrensingar av avgifta.
Norsk Villfisk, eit samarbeidsorgan, har uttalt seg på vegner av salslaga. Norsk Villfisk har merknader til sjølve innrettinga av avgifta. Merknadene gjeld mellom anna avgifts- og registreringsplikta, endringsmelding, skattleggingsperiode, fristen for rapportering og innbetaling. Norsk Villfisk peiker vidare på at for dei tilfella der salslaget ikkje får oppgjer for fyrstehandsomsetjinga, bør salslaga ha eit avgrensa ansvar. Norsk Villfisk meiner òg at avgifta ikkje bør gjelde for fangst som er hausta før iverksetjing av avgifta.
3.4 Vurderingar og framlegg
Stortinget har i Innst. 243 S (2019–2020) grunngjeve oppmodingsvedtaket med
«at kvotetildeling [likevel] innebærer en betydelig økonomisk mulighet basert på fellesskapets ressurser. Deler av denne gevinsten hentes inn gjennom skattesystemet, og deler gjennom en variert flåtestruktur med aktivitet langs hele kysten. Det er derfor naturlig at de som får disse tildelingene, også bidrar noe mer til fellesskapet. Et slikt forslag er i tråd med forslag fra næringen selv.»
Regjeringa følgjer no opp Stortingets oppmodingsvedtak med eit framlegg om ei fiskal særavgift på viltlevande ressursar.
Salslaga har i høyringa uttrykt bekymring når det gjeld ansvaret dei vil ha om salslaget ikkje får oppgjer for fyrstehandsomsetjinga (til dømes i tilfelle med eigenovertaking eller sal frå kai). Utgangspunktet for andre særavgifter er at den avgiftspliktige er ansvarleg for at korrekt avgift vert betalt til Skatteetaten. Departementet meiner at den nye avgifta bør følgje hovudregelen som gjeld for andre særavgifter.
Fleire høyringsinstansar meiner avgifta òg bør omfatte utanlandske fartøy som landar fangst i Noreg. Ein høyringsinstans støtter dette, men peiker på at avgifta ikkje bør omfatte utanlandske båtar sin fangst fiska i utlandet, sjølv om fangsten vert landa i Noreg. Fiskeridirektoratet og representantar frå salslaga, som har vore involverte i utgreiinga av avgifta, har meint at utanlandske verksemder bør haldast utanfor. Tilsvarande avgrensing er lagt til grunn for fiskeriforskningsavgifta og produktavgifta. Det kan òg verte utfordrande å krevje inn avgift frå utanlandske fartøy. Departementet meiner samla at avgifta i fyrste omgang berre bør omfatte norskregistrerte fartøy. Det saklege verkeområdet vil verte vurdert på nytt dersom avgrensinga får negative verknader.
Fleire høyringsinstansar støttar framlegget om at inndregen fangst skal haldast utanfor avgifta. Ein høyringsinstans peiker på at tilsvarande bør gjelde all inndraging av fangst som ikkje kjem av overlagt brot på fiskeriføresegner. Departementet syner til at avgifta ikkje er meint å omfatte fangst som er inndregen etter forskrift om inndraging av fangst m.m. Dette vil omfatte alle tilfelle med inndraging av fangst, uavhengig av om det er overlagt eller ikkje.
Høyringsnotatet drøftar alternative avgrensingar av avgifta, til dømes basert på fartøylengde eller kvotegrunnlag, utan at dette vert foreslått. Enkelte høyringsinstansar er samde i at avgifta vert berekna av all fangst uavhengig av fartøylengde eller kvotegrunnlag, medan andre meiner at det skal vere fleire unntak, til dømes for fartøy som leverer fangst til tilarbeiding på land, og fartøy under 28 meter. Ein høyringsinstans ynskjer unntak for kvoteordninga for ungdom, alternativt at maksimalbeløpet for fiskeordninga for ungdom vert auka tilsvarande. Departementet meiner at ytterlegare unntak frå avgiftsplikt kan bidra til å komplisere avgifta. Ut frå omsynet til forenkling foreslår ein difor ingen fleire unntak frå avgifta. Slike unntak er heller ikkje gjeve i fiskeriforskningsavgifta.
I høyringsnotatet la ein i utgangspunktet opp til månadleg skattleggingsperiode med leveringsfrist den 18. i påfølgjande månad, men oppmoda om innspel frå høyringsinstansane på dette. Salslaga har uttalt at det er mest effektivt om ein kan ha tilsvarande skattleggingsperiode som for dei eksisterande avgiftene salslaga handterer, det vil seie to månader per termin. Dei påpeikte at månadsterminar vil doble arbeidet med å rapportere og betale, og dermed òg doble kostnaden for fiskesalslaga.
Når det gjeld leveringsfrist, er det fleire innspel om at rapportering og betaling den 18. i påfølgjande månad vert i tidlegaste laget. I den samanheng er det nemnt som eit døme at salspris ved omsetjing av fisk til fiskemjølproduksjon vil avhenge av kvalitetsprøvar som vert analyserte i eksternt laboratorium, noko som kan forseinke endeleg prisfastsetjing med 14 dagar. Det er difor ynskjeleg med leveringsfrist den 25. i påfølgjande månad, tilsvarande som for dei eksisterande avgiftene salslaga handterer.
Salslaga har uttalt i møte med Skattedirektoratet at dersom det ikkje er mogleg med skattleggingsperiode på to månader og leveringsfrist den 25. i påfølgjande månaden, er det betre med kvartalsvis skattleggingsperiode og leveringsfrist ein månad og 18 dagar etter utløpet av skattleggingsperioden. Dette vil forenkle arbeidet for salslaga, og redusere behovet for korreksjonar i skattemeldinga etter leveringsfrist.
Departementet meiner at det for denne avgifta ligg føre avgiftstekniske omsyn for å ha kvartalsvis skattleggingsperiode, med leveringsfrist ein månad og 18 dagar etter utløpet av skattleggingsperioden. Dette vil samsvare med avgiftene på trafikktrygdingar og elektrisk kraft. Framlegget skjer ved endring av skatteforvaltningsforskriften.
Fleire høyringsinstansar har kome med innspel på omfang av korrigeringar. Korrigering vert gjort ved prisauke eller prisreduksjon etter fullført oppgjer ved til dømes reklamasjon, etterbetaling der fiskaren mottek bonus frå kjøpar grunna gode eksportprisar, og inndregen fangst.
Skattedirektoratet har fått opplyst at Råfiskelaget har 160 000 leveransar i året, og at det årleg er om lag 1 500 endringar. Det er ikkje uvanleg med reklamasjonar etter dag 18. Reklamasjonar på frosen vare kan skje inntil eitt år etter at fisken er omsett.
Utgangspunktet for særavgiftene er at korrigering etter leveringsfristen krev ei endringsmelding. Fleire høyringsinstansar syner til at rutinane for eksisterande avgifter, inkludert fiskeriforskningsavgifta, er at korreksjonar eller seine setlar automatisk vert rapporterte og betalte på neste termin. Salslaga med fleire meiner det vil verte kompliserande, og gje ein meirkostnad, dersom ein må sende inn ei endringsmelding for korreksjonar.
Departementet syner til at det er ei særskild ordning i avgifta på trafikktrygdingar der endringar av tidlegare terminar vert gjort i inneverande termin. Dette vert gjennomført ved at ein nyttar eigne tilleggskodar for tidlegare for lite rapportert avgift og frådrag for tidlegare for mykje rapportert avgift. Desse kodane kan nyttast av dei avgiftspliktige verksemdene dersom det etter fristen for levering av skattemeldinga er endringar i Autosys/TFFAuto som verksemda ikkje har hatt kunnskap om før leveringsfristen.
Det er mogleg å innføre tilsvarande tilleggskodar for avgifta på viltlevande marine ressursar, slik at det ikkje er naudsynt med endringsmelding. Det må i tilfelle avgjerast i kva for tilfelle desse kan nyttast. Sidan det no vert foreslått kvartalsvis skattleggingsperiode med utsett leveringsfrist med ein månad og 18 dagar, reknar departementet med at behovet for korrigeringar etter leveringsfristen er noko mindre, og at desse tilfella kan handterast med endringsmeldingar. Skulle det syne seg at omfanget av korrigeringar etter leveringsfristen er stort, eller at arbeidsbøra for salslaga vert for stor, kan ein seinare innføre dei nemnde tilleggskodane.
Salslaga meiner at føresegnene bør vere presise med omsyn til tidspunktet for iverksetjing, og at ein i andre avgifter både nytter haustedatoen og omsetjingsdatoen. Dei meiner at fangst som er hausta før iverksetjinga, ikkje bør inngå i avgiftsgrunnlaget. Departementet syner til at det i høyringa vart foreslått at avgiftsplikta skal oppstå ved fyrstehandsomsetjinga av viltlevande marine ressursar i samsvar med fiskesalslagslova. Det er difor omsetjingsdatoen som er avgjerande for avgiftsplikt. Dette vil i praksis vere det tidspunktet når slutsetelen er ferdig utfylt og underteikna. For å unngå tvil, vil departementet i særavgiftsforskriften presisere at satsen på omsetjingsdatoen skal leggjast til grunn ved fastsetjing av avgifta. Sidan omsetjingsdatoen er avgjerande for avgiftsplikta, skal det betalast avgift for all fangst som fyrstehandsomsetjast etter iverksetjinga, òg når fangsten er hausta før iverksetjinga.
Det er ikkje motteke merknader til innrettinga av avgifta som tilseier at det ikkje er avgiftsteknisk mogleg å innføre avgifta frå 1. juli i år.
3.5 Administrative og økonomiske følgjer
Framlegget vil auke det årlege provenyet med om lag 100 mill. kroner. Sidan avgifta vert innført 1. juli, vil provenyet i 2021 auke med om lag 50 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført. Resten av heilårsverknaden kjem i 2022.
Framlegget inneber elles ingen vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar.
3.6 Iverksetjing
Regjeringa foreslår at vedtaket om avgift på viltlevande marine ressursar tek til å gjelde 1. juli 2021.