9 Registrering av britiske avgiftssubjekt i Merverdiavgiftsregisteret
9.1 Innleiing og samandrag
Departementet gjer framlegg om endringar i reglane i merverdiavgiftsloven om registrering av avgiftssubjekt heimehøyrande i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (Storbritannia).
Framlegget inneber at avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia framleis får høve til direkte registrering i Merverdiavgiftsregisteret. Dette gjev avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia høve til å registrere seg i Merverdiavgiftsregisteret utan å nytte representant. Departementet foreslår òg at i fall avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia nyttar representant, så skal ikkje representanten verte ansvarleg for å betale meirverdiavgift.
Framlegget er i samsvar med reglane som gjeld for avgiftssubjekt heimehøyrande i EØS-statar. Framlegget er difor ei fortsetjing av ordninga som gjaldt for avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia då Storbritannia var medlem i EU.
Framlegget har ikkje vore sendt på høyring, av di departementet legg til grunn at det ikkje er naudsynt. Framlegget vil ikkje få nemneverdige administrative og økonomiske følgjer, ettersom framlegget fører vidare registreringordninga som tidlegare òg gjaldt for avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia.
Departementet syner til framlegg til endringar i merverdiavgiftsloven §§ 2-1 sjette ledd og § 11-1 fjerde ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå den tida Kongen bestemmer.
9.2 Bakgrunn og gjeldande rett
Meirverdiavgifta er ei generell avgift på innanlandsk forbruk av varer og tenester. Føremålet med meirverdiavgifta er å skaffe staten inntekter. Registrerte avgiftssubjekt krev opp meirverdiavgifta på vegne av staten, og alle ledd i omsetninga av varer og tenester skal som hovudregel rekne ut meirverdiavgift. Registrerte avgiftssubjekt har rett til å føre inngåande meirverdiavgift til frådrag i avgiftsoppgjeret med staten.
Meirverdiavgiftspliktige skal registrere seg i Merverdiavgiftsregisteret. Utgangspunktet er at avgiftssubjekt som ikkje har forretningsstad eller heimstad i meirverdiavgiftsområdet, må registrere seg ved representant, sjå merverdiavgiftsloven § 2-1 sjette ledd fyrste punktum. Representanten må ha heimstad eller forretningsstad i meirverdiavgiftsområdet. Representanten vert då, saman med avgiftssubjektet, ansvarleg for å rekne ut og betale meirverdiavgifta, sjå merverdiavgiftsloven § 11-1 fjerde ledd fyrste punktum.
Ved endringslov 17. juni 2016 nr. 31 vart reglane om representant i merverdiavgiftsloven moderniserte. Etter desse endringane vart kravet om å nytte representant teke vekk for avgiftssubjekt som er heimehøyrande i ein EØS-stat som etter ei skatteavtale med Noreg skal utveksle opplysningar og hjelpe med innkrevjing av meirverdiavgift. Om desse avgiftssubjekta nyttar representant, skal ikkje representanten vere ansvarleg for å betale meirverdiavgift. Omsyna og vurderingar er omtalte i Prop. 113 L (2015–2016) Endringer i merverdiavgiftsloven (utvidet adgang til direkte registrering). Endringane framgår av nye punktum i merverdiavgiftsloven § 2-1 sjette ledd og § 11-1 fjerde ledd.
Storbritannia har trådd ut av EU, og er difor ikkje lenger ein EØS-stat. Ved kongeleg resolusjon 18. desember 2020 vart det med heimel i brexit-loven § 3 vedteke ei forskrift som fråvik reglane om registrering i merverdiavgiftsloven. Føremålet er å motverke uheldige konsekvensar av at Storbritannia ikkje lenger er ein EØS-stat. Sjå forskrift 18. desember 2020 nr. 2843 om overgangsregler om registrering ved representant i Merverdiavgiftsregisteret ved Storbritannias uttreden fra EU. Forskrifta fastset i § 1 at direkte registrerte avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia, som har halde fram med å vere direkte registrerte etter 31. desember 2020, ikkje er råka av plikta til å nytte representant etter merverdiavgiftsloven § 2-1 sjette ledd. I fall avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia har nytta representant, har ikkje representanten etter 31. desember 2020 fått ansvar for betaling av meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven § 11-1 fjerde ledd, sjå forskrifta § 2. Avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia som ynskjer å omsetje varer og tenester i Noreg, og som ikkje var direkte registrerte i Merverdiavgiftsregisteret innan 31. desember 2021, må i dag nytte representant. Representanten vert ansvarleg for å betale meirverdiavgifta.
9.3 Vurderingar og framlegg
Departementet meiner det er gode grunnar til å vidareføre registreringordninga som gjaldt medan Storbritannia var medlem av EU, for avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia. Avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia har tidlegare nytta ordninga, og dei er kjende med ordninga. Føretak frå Storbritannia som ikkje tidlegare har vore direkte registrerte, bør òg kunne drive verksemd i Noreg på vilkår som svarer til dei som gjeld for norske avgiftssubjekt.
Departementet tilrår difor at føretak frå Storbritannia ikkje må nytte representant for registrering, og at ein eventuell representant ikkje vert ansvarleg for betaling av meirverdiavgift. Departementet påpeiker at norske føretak ikkje må nytte representant for registrering i det tilsvarande britiske registeret, og at dette ikkje har vorte påverka av Brexit. Meirverdiavgiftspliktige frå Storbritannia kan likevel velje å nytte representant.
Departementet tilrår at avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia må følgje dei same reglane som avgiftssubjekt heimehøyrande i EØS. Dei same krava vil gjelde for når eit føretak er «heimehøyrande», og til innhaldet i ei folkerettsleg avtale mellom statane. Desse føresegnene er behandla i Prop. 113 L (2015–2016), og departementet syner til desse. Noreg har ei moderne skatteavtale med Storbritannia som dekkjer informasjonsutveksling og innkrevjing av alle skattar. Det geografiske verkeområdet til skatteavtala vil vere bestemmande for omfanget av unntaket frå kravet om å nytte representant.
Framlegget vil ikkje ha særlege administrative og økonomiske følgjer. Føretak frå Storbritannia kunne registrere seg direkte frå 1. april 2017 fram til utlaupet av overgangsperioden 31. desember 2020. Dei føretaka som alt var direkte registrerte før 31. desember 2020, har ikkje måtte registrere seg på nytt med representant.
Framlegget har ikkje vore sendt på høyring. Departementet legg til grunn at det ikkje er naudsynt.
Departementet vil vurdere om det trengst ein meir heilskapleg gjennomgang av representantordninga for utanlandske næringsdrivande, og vil i så fall kome tilbake til dette på eit seinare tidspunkt.
Forskrift 18. desember 2020 nr. 2843 om overgangsregler om registrering ved representant i Merverdiavgiftsregisteret ved Storbritannias uttreden fra EU vart vedteken ved kongeleg resolusjon. Det er ikkje naudsynt med desse mellombelse føresegnene når dei foreslåtte endringane i merverdiavgiftsloven tek til å gjelde. Forskrifta skal difor opphevast samstundes med at dei tilrådde endringane i merverdiavgiftsloven tek til å gjelde.
Departementet syner til framlegg til endringar i merverdiavgiftsloven §§ 2-1 sjette ledd og § 11-1 fjerde ledd.
9.4 Iverksetjing
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå den tida Kongen bestemmer.