16 Opprettingar og presiseringar
16.1 Skatteloven § 4-13 fyrste ledd andre punktum
Skatteloven § 4-13 regulerer verdsetjingstidspunktet for aksjar i nokre tilfelle. Føresegna sitt fyrste ledd andre punktum slår fast at verdsetjingstidspunktet skal vere 1. januar i skattefastsettingsåret dersom aksjen året før er stroken frå «(…) notering på SMB-listen ved Oslo Børs.» SMB-lista vart avvikla for fleire år sidan. Det siterte er difor øverflødig, og vert foreslått fjerna frå lovteksten.
Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 4-13 fyrste ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
16.2 Lovendringar som følgje av endringar i skatteloven § 4-10
I samband med statsbudsjettet for 2021 vedtok Stortinget endringar i skatteloven § 4-10. Det er difor naudsynt å korrigere enkelte tilvisingar til ulike ledd i denne føresegna i Svalbardskatteloven og eigedomsskattelova.
Departementet syner til framlegg om endringar i Svalbardskatteloven § 3-2 andre ledd og eigedomsskattelova § 8 C-1 andre ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.
16.3 Skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b
Skatteforvaltningsloven § 7-2 regulerer plikta til å gje opplysingar om løn m.m. for den som sjølv eller gjennom andre utbetalar eller yter fordelen. Ved lov 20. desember 2019 nr. 94 om endringer i skatteloven vart skatteloven § 5-42 fyrste ledd bokstav a og § 6-52 endra slik at underhaldsbidrag m.m. ikkje lenger er skattepliktig. Ved lov 23. juni 2020 nr. 108 vart difor skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b endra slik at det ikkje lenger var plikt til å gje opplysningar om underhaldsbidrag.
Ved ein inkurie kom ordet «underholdsbidrag» inn i lova igjen då skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b vart endra i samband med at lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) vart vedteke. Departementet foreslår at feilen vert retta.
Departementet syner til framlegg om endring i skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
16.4 Skatteforvaltningsloven § 11-2 fyrste ledd bokstav a
Skatteforvaltningsloven § 11-2 regulerer skattestyresmaktene si rett til å gje pålegg om revisjon. Etter fyrste ledd bokstav a gjeld denne retten «aksjeselskap der det er truffet beslutning i medhold av fullmakt etter aksjeloven § 7-6». Ved lov 16. juni 2017 nr. 71 om endringer i aksjelovgivningen mv. (modernisering og forenkling) vart aksjeloven § 7-6 endra slik at det ikkje lenger er naudsynt med fullmakt. Departementet foreslår at «fullmakt» vert teke ut av skatteforvaltningsloven § 11-2 fyrste ledd bokstav a, slik at ordlyden harmonerer med endringa i aksjeloven.
Departementet syner til framlegg om endring i skatteforvaltningsloven § 11-2 fyrste ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
16.5 Merverdiavgiftskompensasjonsloven § 2 fyrste ledd bokstav g
Merverdiavgiftskompensasjonsloven § 2 fastset lova sitt verkeområde. I § 2 fyrste ledd bokstav g står det at lova gjeld «opplæring av voksne elever uten rett til videregående opplæring ved frittstående skoler etter forskrift fastsatt med hjemmel i friskolelova § 3-1 femte ledd og ved frittstående skoler som er godkjent for å drive særskilt opplæring for funksjonshemmede, jf. friskolelova § 3-1 andre ledd andre punktum». Tilvisinga til friskolelova § 3-1 femte ledd er feil. Riktig tilvising skal vere friskolelova § 3-1 andre ledd fjerde punktum.
Departementet foreslår at tilvisinga vert retta og syner til framlegg om endring i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 2 fyrste ledd bokstav g. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.