7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Samla sett vil ikkje endringane ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaga om møteoffentlegheit vil ha administrative konsekvensar for dei interkommunale selskapa ved at dei må leggje til rette for at møter i representantskapet er opne. Møta må vidare kunngjerast og dokument må gjerast tilgjengeleg. Endringane kan krevje nye rutinar og nokre mindre investeringar til ulike IKT-anskaffingar for å eventuelt strøyme fjernmøte og kunngjere møta og gjere innkallinga, saklista og protokollane tilgjengelege for allmenta. Det vil også kunne krevje nokre ressursar til å publisere dokumenta på heimesida til selskapet. Dette vil truleg ikkje vere store utgifter, og eventuelle meirutgifter blir såleis dekte innanfor det ordinære budsjettet til selskapa. Departementet legg til grunn at endringane ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Forslaga til endringar i økonomiføresegnene vil ikkje ha særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslaget til endringar i minimumsavdrag på lån har likevel økonomiske konsekvensar for dei selskapa som ved ikraftsetjing har avdrag som er lågare enn nytt lovkrav. For desse vil endringa krevje høgare avdrag. Ein auke i avdragstakta er kostnadsinnparande, da rentekostnadene over tid blir lågare.
Endringane som er omtalte i punkt 6.2, om å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa, vil kunne bidra til smidigare og raskare oppløysing av selskapet. Det vil også føre til mindre arbeid for selskapa og departementet, da prosessen med å søkje om godkjenning frå departementet fell bort. Endringane vil også bidra til at spørsmål om utgang og utestenging blir endeleg avgjorde direkte mellom deltakarane i selskapet utan at det kan bli behov for å vente på departementsbehandlinga av om det skal gjerast pålegg om vidare deltaking.
Forslaget til endring om valmetode av representantskapsmedlemmer i punkt 6.3 vil berre ha konsekvensar dersom det blir nytta. Endringen kan gjere at det blir enklare for kommunen å velje medlemmer til representantskapet.
Forslaget om å auke talet på varamedlemmer til representantskapet vil kunne ha økonomiske konsekvensar for kommunane, da dette er kommunale tillitsverv som gjev krav om godtgjering etter kommuneloven § 8-4. Det er kommunane sjølve som fastset godtgjeringa, men denne godtgjeringa kjem truleg til å vere lita. Dersom forskrifta til kommunen er slik at ho berre gjev godtgjering for deltaking i møte, vil ikkje endringa ha noko å seie.
Forslaget i punkt 6.5 om å presisere at det er representantskapet som fastset godtgjeringa til leiar og nestleiarvervet, og dermed også utbetaler denne, vil kunne få mindre konsekvensar for nokre IKS. Det vil variere om vervet som leiar av representantskapet er noko som krev eiga godtgjering, og om det er eit verv som inneber mykje arbeid. For IKS der leiaren for representantskapet har ei høg godtgjering i dag, og der godtgjeringa ikkje har blitt utbetalt direkte frå selskapet i tråd med gjeldande rett, vil endringa kunne innebere ei mindre auking av kostnader for selskapet.