3 Høyring om forslag til endringar i IKS-loven
Eit høyringsnotat med forslag til endringar i IKS-loven vart sendt på høyring 25. mai 2022, med frist 23. september 2022.
Høyringsnotatet vart sendt på høyring til desse instansane:
Departementa
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arkivverket
Barneombodet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Brønnøysundregistera
Datatilsynet
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Finanstilsynet
Forbrukarrådet
Forbrukartilsynet
Helsedirektoratet
Husbanken
Kommunalbanken
Konkurransetilsynet
Krisesentersekretariatet
Kystverket
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Miljødirektoratet
Nord universitetet
Noregs Bank
Noregs handelshøgskole NHH
NTNU
OsloMet – Storbyuniversitetet
Regelrådet
Skatteetaten
Statens helsetilsyn
Statens kartverk
Statsforvaltarane
Statistisk sentralbyrå
Sysselmeisteren på Svalbard
Universitetet for miljø- og biovitskap
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Riksrevisjonen
Sámediggi – Sametinget
Sivilombodet
Fylkeskommunane
Kommunane
Longyearbyen lokalstyre
SIVA – Selskapet for industrivekst
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Avfall Norge
Delta
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Fagforbundet
Fellesforbundet
Forum for kontroll og tilsyn
Friluftsrådenes landsforbund
Handelshøyskolen BI
IKT-Norge
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
NITO
Norges Juristforbund
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges kommunerevisorforbund
Norges kulturvernforbund
Norsk Journalistlag
Norsk Kommunalteknisk Forening
Norsk Kommunedirektørforum
Norsk Presseforbund
Norsk Psykologforening
Norsk Redaktørforening
Norsk Vann
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regnskap Norge
Samarbeidsrådet for yrkesopplæring
Samfunnsbedriftene
Unio
Utdanningsforbundet
Virke
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Arbeidarpartiet
Demokratane
Det Liberale Folkepartiet
Framstegspartiet
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Kystpartiet
Miljøpartiet Dei Grøne
Noregs Kommunistiske Parti
Partiet Dei Kristne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Raudt
Samfunnspartiet
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Venstre
Departementet har fått høyringssvar frå 83 høyringsinstansar. Desse høyringsinstansane har hatt merknader til forslaga:
Brønnøysundregistera
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
Kystverket
Statens kartverk
Statsforvaltaren i Rogaland
Rogaland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune
Viken fylkeskommune
Aurskog-Høland kommune
Gjøvik kommune
Holmestrand kommune
Indre Østfold kommune
Larvik kommune
Lørenskog kommune
Oslo kommune
Sandnes kommune
Skien kommune
Stavanger kommune
Sunndal kommune
Søndre Land kommune
Sør-Varanger kommune
Time kommune
Trondheim kommune
Vefsn kommune
Vestre Toten kommune
Øvre Eiker kommune
Kommunalbanken AS
Arkiv Troms (Interkommunalt arkiv Troms IKS)
Aust-Agder museum og arkiv IKS
Borg Havn IKS
Driftsassistansen i Viken IKS
Fosen Helse IKS
GIVAS IKS
Glitrevannverket IKS
Grenland brann og redning IKS
Haugaland brann og redning IKS
Hias IKS
Horisont Miljøpark IKS
IKA Trøndelag IKS
IKT Valdres IKS
Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS
Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS
KomRev NORD IKS
Krise- og incestsenteret i Follo IKS
Krisesenteret for Molde og omegn IKS
Kristiansund og Nordmøre Havn IKS
Lillesand og Birkenes Interkommunale Renovasjonsselskap LiBiR IKS.
Midt-Hedmark brann- og redningsvesen IKS (MHBR IKS)
Midtre Romerike avløpsselskap IKS
MOVAR IKS
Nedre Romerike brann- og redningsvesen IKS
Nord-Trøndelag krisesenter IKS
Norges kommunerevisorforbund (NKRF)
Revisjon Øst IKS
Romerike krisesenter IKS
Sirkula IKS
Sør-Øst 110 IKS
Tønsberg Renseanlegg IKS
Valdres kommunale renovasjon IKS
Verdensarvsenter for bergkunst – Alta Museum IKS
Vestfold Krematorium IKS
Vestfold Vann IKS
Viken kommunerevisjon IKS
Viken kontrollutvalgssekretariat IKS
Øst 110-sentral IKS
Den norske Revisorforening
Fagforbundet
Forum for kontroll og tilsyn
KS – Kommunesektorens organisasjon
Norsk Industri
Norsk Presseforbund og Norsk Journalistlag
Norsk Redaktørforening
Norsk Vann
Samfunnsbedriftene
Transparency International Norge
Følgjande høyringsinstansar har ikkje hatt merknader til forslaga:
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Ein del interkommunale selskap har vore kritiske til at høyringsnotatet ikkje er sendt til dei direkte. Departementet oppmoda i høyringsbrevet kommunane og fylkeskommunane til å sende høyringsnotatet til interkommunale selskap dei deltek i, men merkar seg at få interkommunale selskap opplyser at dei har fått høyringa frå ein eigarkommune. Samfunnsbedriftene, som organiserer mange interkommunale selskap, sende høyringsnotatet vidare til sine medlemsbedrifter. Dette har ført til at departementet har fått mange høyringssvar frå interkommunale selskap, noko som har bidrege til å opplyse saka på ein god måte.
Det er fleire av høyringsinstansane som gjev generell støtte til forslaga, men dei fleste høyringsinstansane går nærmare inn på dei enkelte forslaga og gjer greie for synet sitt. Ein del av dei interkommunale selskapa gjev også generell støtte til høyringsfråsegna til Samfunnsbedriftene eller gjentek konkrete innspel frå Samfunnsbedriftene.
Synspunkta til høyringsinstansane i høyringa er gjort greie for i samband med omtalen av dei ulike forslaga.
Enkelte av høyringsinstansane kjem med innspel som ikkje har vore direkte tema i høyringa. Blant desse innspela er det fleire høyringsinstansar som peiker på at det ikkje er mogleg for interkommunale selskap å sende samordna registermelding til Brønnøysundregistera, og at innmelding på papir er arbeidskrevjande. Desse høyringsinstansane etterlyser moglegheita til å samhandle elektronisk med Brønnøysundregistera. Det er også fleire høyringsinstansar som etterlyser ein grundigare gjennomgang av IKS-loven, og som meiner lova er lite brukarvennleg. Fleire høyringsinstansar etterlyser også reglar om fusjon og fisjon etter mal av aksjeloven. Fleire høyringsinstansar har vidare kommentert ESA-saka om like vilkår. Departementet har merka seg desse innspela som ikkje var knytte til forslag i høyringsnotatet. Departementet vil eventuelt vurdere dei seinare.
For fråsegnene til høyringsinstansane i heilskap viser departementet til at alle høyringsfråsegnene er tilgjengelege på nettsidene til regjeringa.