3 Dagens situasjon og omtale av utbygginga
3.1 Dagens situasjon
E18 Tvedestrand – Dørdal startar i Dørdal i Bamble kommune, Vestfold og Telemark fylke, og sluttar i Fløyheitunnelen i Tvedestrand kommune, Agder fylke.
Strekninga for ny E18 Tvedestrand – Dørdal er ca. 54 km lang. I dag er det tofeltsveg utan midtdelar og fartsgrense på 80 km/t frå Dørdal i Bamble til Tangen i Kragerø. Frå Tangen er det midtrekkverk og fartsgrense på 90 km/t fram til Akland i Risør kommune. Vidare sørover til Tvedestrand er det tofeltsveg utan midtdelar og fartsgrense på 70 og 80 km/t. Årsdøgntrafikken på strekninga varierer mellom 8 000 og 10 000 (ÅDT 2018).
I perioden 2009–2019 er det registrert 129 ulykker på strekninga, med til saman 3 drepne, 1 svært alvorleg skadd, 2 alvorleg skadde og 123 lettare skadde.
Dagens E18 på strekninga Tvedestrand – Dørdal er utbygd med midtdelar i forskjellige etappar med seinaste utbygging i år 2014 frå Østerholtheia til Tangen. Utbygginga av midtrekkverk og dei varierande breiddene medfører redusert framkomst på strekninga. Dette gjer seg særleg gjeldande ved hendingar på vegnettet. Det er heller ingen god omkøyringsveg på store delar av strekninga, noko som påverkar reisetida i stor grad.
3.2 Omtale av utbyggingsprosjektet
Utbygginga av nye E18 Tvedestrand – Dørdal inngår i ei heilskapleg utbygging av E18 frå Oslo til Kristiansand og Stavanger. Utbygginga av E18 Tvedestrand – Dørdal vil bidra til å auke trafikksikkerheita, betre framkomsten, redusere reisetida og jamne ut spranga i faktiske og opplevde standardforskjellar på dagens veg. Med ein betre vegstandard på strekninga vil ein kunne utvide arbeidsmarknaden for regionen nordover mot sentrale næringslivsklynger i Grenland-området. Forbetra veg og reisetid vil også gi grobotn for næringsutvikling i sjølve regionen gjennom tilknyting til ein større bu- og arbeidsmarknad.
Nye Veier har som overordna mål å redusere CO2-utsleppa i både utbyggings- og driftsfasen: Utsleppa ved bygging av infrastruktur skal reduserast med 40 prosent. Utsleppa frå drift og vedlikehald skal reduserast med 75 prosent.
For å oppnå meir samfunnsøkonomisk lønnsemd i vegutbygging treng ein større fleksibilitet i val av standardar. Nye Veier arbeider med å vidareutvikle prosjektet for å oppnå reduserte byggekostnader og redusert arealbruk samanlikna med det som blei vedtatt i kommunedelplanen. Nye Veier meiner at ei ny og meir arealeffektiv vegutforming kombinert med betre trafikkovervaking kan bidra til dette på strekninga Tvedestrand – Dørdal. Dei føreslåtte løysingane varetar trafikksikkerheita på ein god måte.
Nye Veier meiner at det vil bli utvikla meir kostnadseffektive og betre miljømessige løysingar ved at utførande entreprenør får fleksibilitet til å kunne optimalisere vegløysingane. Dette vil også kunne gi meir effektiv anleggsgjennomføring. Det går føre reguleringsarbeid på heile strekninga. Nye Veier har kome fram til ein kontraktsstrategi som medfører tre entrepriser:
E18 Dørdal – Fylkesgrensen
E18 Fylkesgrensen – Pinesund
E18 Pinesund – Tvedestrand
Arbeidet med anskaffing og kontrahering av entreprenør for delparsellane E18 Dørdal – fylkesgrensa og E18 Pinesund – Tvedestrand er i gang, og desse er planlagt utbygd i parallell og før enterprisen mellom E18 Fylkesgrensen – Pinesund.
Strekninga Dørdal – Tvedestrand og Arendal – Grimstad har vedtatt kommunedelplan (KDP) med konsekvensutgreiing. Vegstrekninga blir utvikla med bakgrunn i følgjande relevante offentlege plangrunnlag:
– KVU E18 Langangen – Grimstad | Publisert oktober 2008 |
– KDP E18 Tvedestrand – Dørdal | Vedtatt september/oktober 2019 |
– KDP E18 Arendal – Grimstad | Vedtatt september/oktober 2019 |
Det interkommunale plansamarbeidet om kommunedelplanen for E18 Dørdal – Grimstad har også vore viktig i arbeidet med lokal forankring av bompengeopplegget som ligg til grunn for denne proposisjonen. Det interkommunale plansamarbeidet blir vidareført i arbeidet med regulering og utbygging av E18 Tvedestrand – Dørdal.
Vegutbyggingsavtalen mellom Samferdselsdepartementet og Nye Veier AS regulerer omfanget av utbyggingsprosjektet. Utbygginga omfattar eit funksjonelt og trafikksikkert veganlegg som inkluderer køyrebana med nødvendige grunnarbeid, bruer, tunnelar, sideterreng, kryss, tekniske installasjonar og eventuelle nødvendige vegtiltak for å knyte ny hovudveg til eksisterande vegnett.
Samfunnsøkonomisk netto nytte av vegprosjektet med bompengar er berekna til om lag –2,8 milliardar 2020-kroner. Netto nytte per budsjettkrone (NNB) er berekna til –0,57. Utan bompengar er samfunnsøkonomisk netto nytte av prosjektet berekna til om lag –2,7 milliardar kroner og netto nytte pr. budsjettkrone –0,3. I den vidare utviklinga av prosjektet vil det bli sett på moglegheiter for å auke nytten og redusere kostnadene ytterlegare.
Det er gjennomført kvalitetssikring av kostnadsoverslag i fleire omgangar som følge av prosjektutvikling og verdiaukeprosessar i prosjektet. Den seinaste kvalitetssikringa blei gjennomført i februar 2020. Nye Veier har berekna at prosjektet har ein forventa kostnad på 11 352 millionar 2020-kroner. Kvalitetssikrar angir ein forventa kostnad på 11 872 millionar 2020-kroner. Det er i hovudsak tre usikkerheitsmoment der den eksterne kvalitetssikraren vurderer risikoen høgare enn Nye Veier, og som bidrar til høgare forventa tillegg og usikkerheitsavsetning: risiko for potensielle framtidige tillegg og uspesifiserte kostnader som følge av at prosjektet er i tidleg fase, risiko for uføresette tillegg i gjennomføringsfasen og risiko for påslag hos entreprenør som følge av prosjekteringsansvaret i totalentreprise. Selskapet meiner det er gode moglegheiter for ytterlegare optimaliseringar som gir tryggleik for at prosjektet vil kunne realiserast innanfor foreslått styringsramme. Selskapet har derfor valt å ta utgangspunkt i sitt eige overslag av forventa kostnad (11 352 millionar 2020-kroner), og dette blir dermed lagt til grunn i den inngåtte vegutbyggingsavtalen.
I vegutbyggingsavtalen for prosjektet som er inngått mellom Samferdselsdepartementet og Nye Veier AS, har partane avtalt at utbygginga skal gjennomførast innanfor ei økonomisk ramme (P85) på 13 449 millionar 2020-kroner. Det er i denne prisen tatt utgangspunkt i ein forventa kostnad på 11 352 millionar 2020-kroner.
I tillegg til den ovannemnde kvalitetssikringa av kostnadsoverslaget har selskapet i mai 2020 fått gjennomført ekstern kvalitetssikring av finansieringsopplegg og trafikkgrunnlag. Konklusjonen frå denne kvalitetssikringa er at føresetnadene, grunnlaget og berekningane til Nye Veier i hovudsak er riktige og i samsvar med dei føresetnadene som skal vere gjeldande for ein stortingsproposisjon.
Statens vegvesen laga i løpet av 2016 nye kostnadsoverslag for alle prosjekta i porteføljen til Nye Veier. Dette kostnadsoverslaget (estimat 0) dannar grunnlaget for måling av kostnadsutviklinga på prosjekta til Nye Veier. Det prosjektalternativet for E18 Tvedestrand – Dørdal som ein i 2016 la til grunn for det samla kostnadsoverslaget for porteføljen, hadde ein samla kostnad på i overkant av 15,5 milliardar 2020-kroner for strekninga.
Gjennom arbeidet med kommunedelplanen og eit grundig silingsarbeid fekk selskapet vedtatt ein korridor som mogleggjer ytterlegare innsparingar, og ved prioriteringsprosessen Nye Veier gjennomførte hausten 2019, var den estimerte utbyggingskostnaden for prosjektet redusert til 12,6 milliardar (2020-kroner). I etterkant av dette har selskapet arbeidd vidare med å optimalisere omfanget for å oppnå best mogleg samfunnsøkonomisk lønnsemd og redusert utbyggingskostnad. Den estimerte utbyggingskostnaden for prosjektet er ytterlegare redusert til 11,352 milliardar (2020-kroner) – ein reduksjon på ca. 28 prosent frå estimat 0 for prosjektet. Frå oppstart har prosjektet funne ein trasé som mogleggjer ein kraftig reduksjon av brukonstruksjonar og ein tunnelreduksjon på over 3 500 meter frå estimat 0. Gjeldande prosjektomfang har ingen tunnelar og består av ca. 95 prosent veg i dagen og 5 prosent bruer. Desse løysingane har bidratt til vesentlege kostnadsreduksjonar og forbetra samfunnsøkonomisk lønnsemd.
Meld. St. 25 (2014–2015) legg til grunn at Nye Veier skal bygge ut heilskapleg og samanhengande strekningar for bl.a. å styrke bu- og arbeidsmarknadsregionar. Utbygging av ny E18 på strekninga Dørdal til Tvedestrand vidarefører utbygginga av ny trafikksikker veg mellom dei allereie utbygde firefeltsstrekningane mellom Oslo og Kristiansand. Nye Veier har lagt til grunn vurderingar av trafikksikkerheit, heilskapleg utbygging og modenheit i tillegg til samfunnsøkonomisk lønnsemd ved prioriteringa. I arbeidet med kommunedelplanen for strekninga har kommunane i samarbeid med Nye Veier planlagt å redusere kostnaden med 28% fra kostnadsestimatet som låg til grunn da Nye Veier tok over utbyggingsansvaret for denne strekninga.