6 Utbyggings- og finansieringsopplegg
Finansieringsopplegget for E18 Tvedestrand – Dørdal omfattar statlege midlar over kapittel 1321 post 70 Tilskudd utbyggingsselskapet for veg og bompengar. Bompengeandelen utgjer 34,4 prosent. Finansieringsplanen er basert på forventa utbyggingskostnad og vist i tabell 6.1 nedanfor.
Statlege midlar
Prosjektet blir gjennomført i regi av Nye Veier AS, og ein føreset at det statlege bidraget blir løyvd over kapittel 1321 post 70 Tilskudd utbyggingsselskapet for veg. Utbyggingsprosjektet vil bli gjennomført innanfor dei rammene som blir fastsett av Stortinget knytta til statlege bindingar for framtidig budsjettår utover gitt løyving på kapittel 1321 post 70 Tilskudd utbyggingsselskapet for veg.
Tabell 6.1 Finansieringsplan for E18 Tvedestrand – Dørdal
Mill. 2020-kr | |
---|---|
Sum | |
Nye Veier AS | |
1321.70 | 7 442 |
Bompengar | 3 910 |
Sum | 11 352 |
Bompengar
Finansieringsopplegget bygger på fem automatiske bomstasjonar på ny E18 som vist i kapittel 5.1. Ein føreset bompengeinnkrevjing i begge retningar. Det blir gitt 20 prosent rabatt ved bruk av elektronisk brikke for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillatt totaltvekt til og med 3500 kg, i tillegg til alle personbilar uavhengig av vekt i køyretøykategori M1 i Autosys) og ingen rabatt for køyretøy i takstgruppe 2(køyretøy med tillatt totaltvekt fra og med 3501 kg med unntak av personbilar som er registrert i køyretøykategori M1 i Autosys). Ein føreset at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga, og at det regionale bompengeselskapet Ferde AS delfinansierer og handterer trafikantbetalinga. Elles gjeld dei til kvar tid gjeldande takstretningslinjene for bompengeprosjekt.
Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år i kvart bomsnitt. I finansieringsberekningane har ein lagt til grunn etterskotsvis bompengeinnkrevjing i perioden 2025–2039.
For at prosjektet E18 Tvedestrand – Dørdal skal vere nedbetalt i løpet av innkrevjingsperioden, er det berekna at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere 19 kr når heile prosjektet er ferdig utbygd. Gjennomsnittlege takstar i dei like bomstasjonane går fram av tabell 6.2 nedanfor.
Tabell 6.2 Oversikt over berekna grunntakstar
2020-kr | ||||
---|---|---|---|---|
Bomsnitt | Gjennomsnittstakst | Grunntakst takstgruppe 1 | Grunntakst nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 | Grunntakst takstgruppe 2 |
1. E18 mellom Langrønningkrysset og nytt kryss ved Gjerdemyra | 18 | 21 | 8 | 41 |
2. E18 mellom kryss Gjerdemyra og kryss Fikkjebakke | 10 | 11 | 5 | 23 |
3. E18 mellom kryss Fikkjebakke og kryss Brokelandsheia | 24 | 30 | 12 | 60 |
4. E18 mellom kryss Brokelandsheia og kryss Risør | 19 | 25 | 10 | 50 |
5. E18 mellom kryss Risør og kryss Grendstøl | 24 | 27 | 11 | 54 |
Gjennomsnittstaksten vil bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Før innkrevjinga startar, vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, lånerente og utbyggingskostnad. Forslag til justeringar av takstane som følge av dette føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist. Ved vurdering av eventuelle takstjusteringar undervegs i innkrevjingsperioden skal ein legge vekt på samfunnsøkonomiske effektar av endra takst.
Ved å legge til grunn gjennomsnittstakstane som går fram av tabell 6.2 over, bereknar ein at grunntakstane (skilta takst) i takstgruppe 1 vil ligge mellom 11 og 30 kr ved dei ulike bommane, mens grunntakstane i takstgruppe 2 vil ligge mellom 23 og 60 kr. Med rabatt vil er det berekna å koste 91 kr for ein lettbil å køyre heile strekninga mellom Dørdal og Tvedestrand. Det gir ein kilometertakst på vel 1,7 kr/km. For ein nullutsleppsbil (el- og hydrogenbil) med elektronisk brikke og gyldig avtale er det berekna å koste 46 kr, mens det for ein tungbil er det berekna å koste 228 kr for å køyre heile strekninga. Det blir lagt til grunn at tunge køyretøy skal betale to gonger taksten for lette køyretøy. Dette er i tråd med hovudregelen i sektoren og i tråd med styrevedtak i det interkommunale plansamarbeidet.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Eventuelle kostnadsaukar over forventa kostnad (P50) ut over prisstiging skal dekkast med statlege midlar innanfor ramma til Nye Veier AS og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor den avtalte kostnaden for prosjektet. Eventuelle overskridingar ut over 10 prosent er Nye Veier AS sitt ansvar. Bompengeselskapet og Nye Veier vil dele eventuelle innsparingar med same fordeling som er lagd til grunn i finansieringa av forventa kostnad. Bompengeselskapet vil altså vere med på 34,4 prosent av heile innsparinga.
Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke realtakstane med inntil 20 prosent og forlenge innkrevjingsperioden med inntil fem år.
Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 5.2. Følgande basisføresetnader er lagde til grunn for finansieringsberekningane:
Lånerenta er på 5,5 prosent dei første ti åra, deretter på 6,5 prosent resten av innkrevjingsperioden.
Tunge køyretøy betaler to gonger lettbiltakst.
Den årlege prisveksten er på 2 prosent. Dette gjeld anleggskostnader, driftskostnader og bomtakstar.
Elbilandelen er på 23 prosent ved dei bomstasjonane som opnar i 2025, og 40 prosent når heile prosjektet opnar i 2029.
Årlege innkrevjingskostnader blir fastsette basert på tal passeringar, mellom 5 og 6 millionar kroner ved kvar bom.
Andelen som bruker brikke, er 80 prosent.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden berekna til om lag 15 år ved kvar bom. Brutto bompengeinntekter er berekna til om lag 5 950 millionar 2020-kroner. Av desse føreset ein at 3 910 millionar 2020-kroner blir nytta til å dekke delar av investeringskostnadene. Resterande inntekter etter bidraget til investeringskostnader går til å dekke finansieringskostnader og innkrevjingskostnader.
Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgande føresetnader:
ÅDT er 5 prosent høgare i opningsåret.
Lånerenta blir redusert med 1 prosentpoeng til 4,5 prosent dei første ti åra og deretter 5,5 prosent i resten av innkrevjingsperioden.
Elles har ein lagt til grunn dei same føresetnadene som i basisalternativet.
Med desse føresetnadene bereknar ein at innkrevjingsperioden vil bli redusert med om lag to år. Alternativt kan ein redusere takstane med ca. 12 prosent.
Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgande føresetnader:
Bompengeselskapet dekker sin andel av ein kostnadsauke på 10 prosent.
Renta er på 6,5 prosent i heile innkrevjingsperioden.
Trafikkmengda blir vel 5 prosent lågare frå opningsåret og ut innkrevjingsperioden.
Med desse føresetnadene bereknar ein at innkrevjingsperioden vil bli forlenga til om lag 20 år, det vil seie ein auke på nærmare fem år ut over basisalternativet. I tillegg vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet ha moglegheit til å auke takstane med inntil 20 prosent ut over prisstiginga i løpet av innkrevjingsperioden.
Vegdirektoratet har gjennomført ei kvalitetssikring av det foreslåtte bompengeopplegget. Vegdirektoratet si vurdering, under gitte føresetnader om inngangsdata for trafikk og kostnader, er at berekningane ser ut til å vere rimelege.