5 Bompengeopplegg med trafikkgrunnlag
5.1 Bompengeopplegg
Ved utvikling av bompengeopplegget i dette prosjektet har ein tatt utgangspunkt i overordna føringar om plassering av bomstasjonar. Desse angir at det ved samanhengande utbygging over lengre avstandar bør plasserast fleire bomstasjonar på strekninga, og at strekninga bør delast opp i mindre delstrekningar. Det skal plasserast eitt eller fleire innkrevjingspunkt på kvar delstrekning.
Nye Veier prioriterer utbyggingane sine ut frå samfunnsøkonomisk lønnsemd, og selskapet arbeider kontinuerleg med å forbetre den samfunnsøkonomiske lønnsemda i utbyggingsprosjekta. Det betyr at også bompengeopplegga som selskapet greier ut og legg fram for lokalpolitisk behandling, blir greidde ut og vurderte opp mot samfunnsøkonomisk lønnsemd. I denne samanhengen er det viktig at flest mogleg bruker den nye vegen, og at bompengeopplegget som blir vedtatt, i minst mogleg grad gjer at trafikantane vel å ikkje bruke den nye vegen. Dette har vore eit viktig kriterium i arbeidet med å identifisere det anbefalte bompengeopplegget.
Bompengeopplegget som er vedtatt og som blir lagt fram i dette saksgrunnlaget, bygger på nytteprinsippet. Brukarane av ny E18 Tvedestrand – Dørdal vil betale for lengda dei køyrer, med lik kilometertakst på heile strekninga. Bomstasjonane vil bli plasserte mellom kvart kryss, og betaling skjer etterskotsvis. Det blir ikkje lagt opp til bommar på sidevegar i dette prosjektet. I dette prosjektet er trafikkavvisinga liten, og vurderinga er at det ikkje er nødvendig med sidevegsbommar verken av trafikale eller av finansielle grunnar.
Dei lokale vedtaka som ligg til grunn for bompengeopplegget, oppmodar statlege myndigheiter om å vurdere tiltak som kan redusere bomutgiftene for pendlarar. Passeringstak er eit mogleg tiltak, og det er omtalt i takstretningslinjene. Takstretningslinjene er rammene for takst- og rabattstrukturen for bompengeinnkrevjing på offentleg veg. Dei er fastsette på bakgrunn av føresegner og føringar frå Stortinget og Samferdselsdepartementet. Trafikkanalysane som ligg til grunn for bompengeopplegget, tar utgangspunkt i ein svært høg andel gjennomgåande bilreiser, mens andelen arbeidsreiser/pendlarar er svært låg. Det er derfor ikkje lagt opp til passeringstak i dette prosjektet. Fylkeskommunane, i samarbeid med bompengeselskapet, vil ha moglegheit til å innføre eit passeringstak etter eitt til to års drift Dette vil vere mogleg som eit alternativ til reduserte grunntakstar om evalueringen etter eitt til to års drift gir rom for redusert gjennomsnittstakst.
Ein legg til grunn betaling for nullutsleppsbilar (el- og hydrogenbilar). Dette er i tråd med vedtak i Stortinget, jf. Prop. 87 S (2017–2018). I tråd med Stortinget sitt vedtak blir det lagt til grunn ein takst for nullutsleppsbilar som har brikke og gyldig avtale, på 50 prosent etter fråtrekk av brikkerabatt i takstgruppe 1. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 får 100 pst. rabatt når dei har brikke og gyldig avtale.
Slik planane ligg føre, vil dette bety følgande prinsipielt plasserte bomsnitt, jf. figur 5.1:
på ny E18 mellom Langrønningkrysset og nytt kryss ved Gjerdemyra
på ny E18 mellom kryss Gjerdemyra og kryss Fikkjebakke
på ny E18 mellom kryss Fikkjebakke og kryss Brokelandsheia
på ny E18 mellom kryss Brokelandsheia og kryss Risør
på ny E18 mellom kryss Risør og kryss Grendstøl
Nye Veier AS vil gjennom sin eigarstyringsmodell avgjere tidspunkt for og rekkefølge på utbygginga. Dei finansielle berekningane tar utgangspunkt i utbygging i åra 2021–2028. Bompengeinnkrevjinga er berekna å starte i 2025 ved alle bomstasjonane, men med ein lågare takst dei første åra ved bomstasjon 3 (mellom kryss Fikkjebakke og Brokelandsheia) og 4 (mellom kryss Brokelandsheia og Risør) fram til heile strekninga er ferdig utbygd. Den lågare taksten vil vere basert på lengda på den nye vegen som blir opna som ein del av dei to første enterprisane. Når enterprisen E18 Fylkesgrensen – Pinesund opnar vil bilistane betale for heile strekninga. Føremålet med å starte opp innkrevjinga i snitt 3 og 4 tidleg er å få tidlegare inntekter, slik at opplåninga og rentekostnadane blir mindre. Taksten ved bomstasjon 3 og 4 vil auke når utbygginga av entreprisen gjennom Gjerstad er ferdigstilt (planlagt i løpet av 2028). Dette vil bety 4 år kortare bompengeinnkrevjing samanlikna med dersom bompengeinnkrevjingen i bomstasjon 3 og 4 skulle starta opp når enterprisen mellom E18 Fylkesgrensen – Pinesund står ferdig. Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år ved kvar bom. I finansieringsberekningane har ein lagt til grunn etterskotsvis bompengeinnkrevjing i perioden 2025–2039.
Bompengeordninga vil vere basert på AutoPASS-systemet. Utstyret (antenner, kamera osv.) blir plassert på portalar langs vegen. Det er derfor ikkje føresett arealinngrep ut over det som er nødvendig for sjølve veganlegget og for plassering av stolpar med kamera og anna utstyr, samt til parkeringsareal for tilsyn med bomstasjonane. Betaling av bomavgift skjer anten ved bruk av elektronisk brikke (AutoPASS) eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummeret på bilen.
5.2 Trafikkgrunnlag
Til berekning av trafikkgrunnlaget har ein nytta Nasjonal transportmodell (NTM6) og Regional transportmodell (RTM) for Region sør. Transportmodellen bereknar persontransport basert på koda transporttilbod og data om innbyggartal og arbeidsplassar. Tala i transportmodellen blir nytta til å sjå korleis trafikken i utbygd situasjon endrar seg samanlikna med berekna trafikk i dagens situasjon. Det er i trafikkberekningane lagt til grunn at ny E18 får ein vegstandard med 110 km/t og fire køyrefelt.
Det er berekna ein gjennomsnittleg årleg trafikkvekst for lette køyretøy på 1,2 prosent frå 2022 til 2040. For tunge køyretøy er det berekna ein trafikkvekst på 2 prosent.
Trafikkbelastninga for E18 med og utan bompengar og tilhøyrande avvising går fram av tabellen under.
Tabell 5.1 Berekna totaltrafikk på ny E18 med og utan bompengar i 2022 [kjt/døgn] (Rekna med gjennomsnittleg inntekt på 19 kr per passering)
Stad | ÅDT 2022 utan bom | ÅDT 2022 med bom | Trafikkavvising |
---|---|---|---|
E18 Dørdal – Gjerdemyra | 12 500 | 11 900 | –5 % |
Eksisterande E18 | 100 | 150 | |
E18 Gjerdemyra – Fikkjebakke | 10 300 | 9 800 | –5 % |
Eksisterande E18 | 600 | 700 | |
E18 Fikkjebakke – Brokelandsheia | 11 100 | 10 300 | –7 % |
Eksisterande E18 | 700 | 900 | |
E18 Brokelandsheia – Risør | 10 600 | 9 850 | –7 % |
Eksisterande E18 / fv. 418 | 1 100 | 1 250 | |
E18 Risør – Tvedestrand | 10 800 | 10 250 | –5 % |
Eksisterande E18 | 1 550 | 1 650 |
Berekningane viser at utbygd firefeltsveg utan bompengeinnkrevjing vil ha ei trafikkmengde som varierer mellom 10 500 og 12 500 ÅDT i 2022 på ny E18. Det er ein stor andel lange reiser og tunge køyretøy på strekninga. Lange reiser er i transportmodellen definert som reiser over 70 km, og dei utgjer rundt 70 prosent av trafikken på strekninga. Tunge køyretøy har ein berekna andel på ca. 19 prosent på strekninga.
Trafikkavvisinga er berekna å ligge mellom 5 og 7 prosent, noko som blir vurdert som ei beskjeden trafikkavvising. Trafikken er i hovudsak lengre reiser der ein vel å køyre heile strekninga. Desse reisene verdset reisetid høgare enn kortare reiser og er mindre følsame for bomtakstar. Overføringa til sidevegnettet på grunn av bompengar er berekna å vere svært liten, rundt 100 til 200 køyretøy per døgn.
Ei innføring av bomstasjonar på ny E18 mellom Dørdal og Tvedestrand vil isolert sett medføre ei overføring av trafikk frå ny E18 til dagens E18. Men ein reknar med at denne tilbakeføringa av trafikk til dagens E18 grunna bom vil bli beskjeden. Totalt sett vil dagens E18 bli betydeleg avlasta samanlikna med dagens situasjon dersom ny E18 blir bygd, uansett om vegen har bom eller ikkje.
Figur 5.2 under viser berekna ÅDT (prognoseår 2022) for ny E18 med bom. Som det går fram av kartet, reknar ein med at mengda overført trafikk frå ny E18 til dagens E18 grunna bompengar vil bli svært liten. Overført trafikk til dagens E18 ligg på under 250 ÅDT i alle bomsnitt. Dette er lågare enn avvist trafikk på ny E18, som ligg mellom 500 og 800 køyretøy per døgn. Dette kjem av at bompengar generelt reduserer totalt tal bilturar og samtidig endrar målpunktet for enkelte reiser.
Når det blir innført bomavgift, må ein forvente ein reduksjon i trafikkgrunnlaget, dels fordi nokre trafikantar vil velje andre køyreruter viss det er mogleg, og dels fordi nokre vil utelate enkelte reiser eller velje andre reisemål for å unngå å betale bompengar. Berekningane som er gjennomførte, inneber noko usikkerheit med tanke på kor stor trafikkavvisinga blir, og kor store trafikkmengder som blir overførte til sidevegnettet. Det er derfor grunn til å følge opp trafikkutviklinga på dei alternative vegrutene etter at bompengeinnkrevjinga er starta, og eventuelt vurdere trafikkreduserande tiltak der dette er nødvendig.