1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår å utvide høvet til å gjennomføre sikkerheitskontrollar i det psykiske helsevernet. Forslaget har to sider: Innføring av høve til å gjennomføre rutinekontrollar og utviding av dagens høve til å kontrollere med bakgrunn i grunngjeven mistanke.
Institusjonar for døgnopphald i det psykiske helsevernet skal kunne innføre rutinekontroll av pasientens person (kroppsvisitering) og eigedelar. Rutinekontroll skal kunne innførast når det er nødvendig for å vareta sikkerheita eller omsynet til helsehjelpa. Mindre inngripande tiltak skal vere vurderte.
Rutinekontroll skal kunne gjennomførast ved innlegging eller når pasienten kjem tilbake til institusjonen etter permisjon eller liknande. Formålet med kontrollane skal vere å hindre innføring av legemiddel, rusmiddel, skadelege stoff, rømmingshjelpemiddel og farlege gjenstandar. I dag kan slik kontroll berre gjennomførast når det ligg føre ein konkret mistanke om innføring av uønskte gjenstandar.
Vidare skal alle pasientar som kjem til ein institusjon i det psykiske helsevernet, uavhengig av om det dreier seg om innlegging til døgnbehandling eller ikkje, kunne kontrollerast når det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at pasienten har med seg legemiddel, rusmiddel, skadelege stoff, rømmingshjelpemiddel eller farlege gjenstandar. I dag er lovheimelen for slik kontroll i psykisk helsevernloven avgrensa til institusjonar for døgnopphald.
Kontrollar skal gjennomførast så omsynsfullt som mogeleg. Intensiteten i kontrollen av den einskilde pasienten må stå i eit rimeleg forhold til det ein kan oppnå ved kontrollen. Kroppsvisitering skal gjennomførast av ein person av same kjønn som den som blir kontrollert. Det er ikkje lov å undersøke holromma i kroppen.
Forslaga gjeld både for pasientar som er under frivillig psykisk helsevern, tvungen observasjon og tvungent psykisk helsevern.
Departementet har foreslått liknande heimlar for rutinekontroll i rusinstitusjonar i Prop. 40 L (2015–2016), sjå omtalen i kapittel 5.