10 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
Til § 4-5
I fjerde ledd første punktum er ordlyden modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016) og forslaget til endring i psykisk helsevernloven § 4-6. Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Sjå nærare omtale i punkt 8.5.
Til § 4-6
Første ledd vidarefører høvet til kontroll ved grunngjeven mistanke om at uønskte gjenstandar vil bli forsøkt innførte, eller er innførte, i ein institusjon i psykisk helsevern. Verkeområdet for kontrollane er utvida til å gjelde alle institusjonar i psykisk helsevern, uavhengig av om pasienten får døgnbehandling eller ikkje. Dette inneber at for eksempel poliklinikkar og døgninstitusjonar er omfatta, men ikkje ambulant verksemd. Utvidinga av verkeområdet går fram ved at avgrensinga «for døgnopphold» i dagens lovtekst er tatt ut. Sjå nærare omtale i punkt 8.3.
Dei andre vilkåra for å gjennomføre kontrollar og rammene for kontrollane, er uendra. Ordlyden er modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016). Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad.
Andre ledd er nytt og regulerer høvet til å innføre rutinekontrollar.
Etter første punktum skal formålet med rutinekontrollar vere å hindre innføring av rusmiddel, legemiddel, skadelege stoff, rømmingshjelpemiddel og farlege gjenstandar. Skadelige stoffer fangar opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Farlige gjenstander omfattar både gjenstandar som er farlege i seg sjølv og gjenstandar som vil kunne brukast på ein farleg måte.
Rutinekontrollar kan berre omfatte pasientar ved eining eller institusjon for døgnopphald i psykisk helsevern og kontrollane kan berre gjennomførast når pasienten kjem til institusjonen, det vil seie når pasienten blir innlagt og når pasienten kjem tilbake etter å ha vore utanfor institusjonen eller eininga. Sjå også omtale i punkt 8.1.3.
Etter andre punktum kan kontrollen omfatte undersøking av eigedelar og kroppsvisitering. Det blir ikkje gjeve høve til å be pasientane kle heilt av seg. Dette i motsetnad til i dei tilfella der det blir gjort vedtak etter første ledd. Det er altså berre høve til å visitere pasientens kropp med kleda på, og lommer i kleda. Avgrensinga er likevel ikkje til hinder for at pasienten kan bli beden om å ta av seg ytre lag av klede, som ytterklede, store genserar, capsar, sko mv. Ytterlegare avkleding krev vedtak etter første ledd, sjå også omtale i punkt 8.1.6.
Tredje punktum fastset vilkår for å innføre rutinekontrollar. Helsehjelp omfattar både tilbodet til pasienten som blir kontrollert og til medpasientane. Omgrepet skal tolkast vidt og omfattar både sjølve behandlingstilbodet og anna omsorg som institusjonane gir pasientane. Sjå også omtale i punkt 8.1.3.
I fjerde punktum blir det slått fast at mindre inngripande tiltak skal vere vurderte. Det er ei utdjuping av kravet om at kontrollane skal vere nødvendige. Det er ikkje høve til å innføre rutinekontrollar viss ein kan oppnå den same betringa av sikkerheita mv. på måtar som ikkje grip like sterkt inn i integriteten til pasientane. Sjå nærare omtale i punkt 8.1.3. Etter femte punktum skal institusjonen dokumentere at vilkåra for å innføre rutinekontrollar er oppfylt. Dette omfattar også vurderingar av t.d. omfanget av kontrollane. Dokumentasjonen skal oppbevarast av institusjonen og vil vere eit viktig grunnlag for eventuelle tilsyn med om lova er følgt.
Tredje ledd gjeld både ved kontroll med grunnlag i grunngjeven mistanke og ved rutinekontroll. Etter første punktum skal kontrollane gjennomførast så omsynsfullt som mogeleg. Etter andre punktum må intensiteten i kontrollen avpassast slik at han står i eit rimelig forhold til det ein kan oppnå. Dette gjeld også for innrettinga av rutinekontrollar som skal omfatte alle pasientane i ein institusjon eller ei eining. Etter tredje punktum skal kroppsvisitering gjennomførast av ein person av same kjønn som pasienten. For kontrollar baserte på mistanke inneber krava til gjennomføringa av kontrollane i tredje ledd, første og andre punktum ei tydeleggjering av krav som allereie følgjer av prinsippet om at tvang skal innskrenkast til det strengt nødvendige, jf. psykisk helsevernloven § 4-2 første ledd første punktum. Sjå nærare omtale i punkt 8.1.6. Fjerde punktum vidarefører dagens forbod i psykisk helsevernloven § 4-6 andre ledd.
Fjerde ledd gjeld både ved kontroll med grunnlag i grunngjeven mistanke og ved rutinekontroll. Undersøking av rom og eigedelar skal så sant det er mogeleg skje i pasienten sitt nærvær eller i nærvær av den næraste pårørande eller ein annan person som pasienten har peikt ut. Dette er ei presisering av kravet om at kontrollane skal gjennomførast så omsynsfullt som mogeleg. Fjerde ledd vidarefører dagens regel knytt til kontroll ved grunngjeven mistanke i § 4-6 første ledd andre punktum.
Femte ledd vidarefører heimelen til å gi nærare forskrift om kontroll, og utvidar denne til også å gjelde rutinekontrollane.
Til § 4-7
I første ledd er ordlyden modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016) og forslaget til endring i psykisk helsevernloven § 4-6. Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Sjå nærare omtale i punkt 8.5.
Til § 4A-4
I første ledd første punktum er ordlyden modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016) og forslaget til endring i psykisk helsevernloven § 4-6. Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Omgrepet «utganger» er erstatta med opphold utenfor institusjonen. Endringa inneber inga realitetsendring. Sjå nærare omtale i punkt 8.5.
Til § 4A-6
I andre ledd er ordlyden modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016) og forslaget til endring i psykisk helsevernloven § 4-6. Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Sjå nærare omtale i punkt 8.5.
Til § 4A-10
I andre ledd er ordlyden modernisert og harmonisert med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet i Prop. 40 L (2015–2016) og forslaget til endring i psykisk helsevernloven § 4-6. Legemidler svarar til medikamenter i dagens lov. Skadelige stoffer er tatt med for å fange opp det som ikkje tydeleg fell inn under dei andre kategoriane, men som kan ha same verknad. Sjå nærare omtale i punkt 8.5.