8 Departementet sine vurderingar og forslag
8.1 Rutinekontrollar i institusjonar for døgnopphald
8.1.1 Bør det gjevast høve til å innføre rutinekontrollar?
I høyringsnotatet var det referert til fleire undersøkingar som viser at det blir funne våpen, farlege gjenstandar og rusmiddel i institusjonar i psykisk helsevern. Det blir rapportert om branntilløp, sjølvdrap og voldelege og truande episodar. Undersøkingane er også omtalte i proposisjonens kapittel 6. Fleire høyringsinstansar reiser likevel tvil om kor vidt det ligg føre eit tilstrekkeleg empirisk grunnlag for å slå fast at det er behov for å gi høve til å innføre rutinekontrollar.
Departementet er einig i at undersøkingane ikkje gir ei fullstendig oversikt over omfanget av uønskt innføring og bruk av farlege og skadelege gjenstandar i psykisk helsevern. Departementet har også lagt vekt på at mange i det psykiske helsevernet har meldt inn behov for utvida høve til sikkerheitskontroll. Helsedirektoratet skriv:
Helsedirektoratet har over tid registrert at det psykiske helsevernet har uttrykt behov for en større adgang til rutinekontroll med en tydelig hjemmel, da eksisterende adgang etter psykisk helsevernloven (phvl.) § 4-6 til kontroll ved begrunnet mistanke ikke er tilstrekkelig til å hindre innførsel av farlige gjenstander, rusmidler mv., noe som går ut over sikkerhet, helsehjelpstilbud og trygghetsfølelse hos pasienter og andre.
Mange av høyringsinstansane bekreftar også at det er behov for tiltak for å redusere vold og truande åtferd. Legeforeining skriv t.d.:
Pasienter, medpasienter og ansatte innen psykisk helsevern utsettes, i stor utstrekning, for vold og trakassering…
Vestre Viken HF skriv
Virksomheten har ofte meldinger i sitt HMS-system som beskriver risikosituasjoner innen den aktuelle type virksomhet… Vestre Viken har erfaring fra egne avdelinger – og er kjent med hendelser fra psykiatriske avdelinger ellers i landet – hvor det ved en rekke anledninger er brakt inn farlige gjenstander/medisiner/rusmidler. Det kan være mer eller mindre tilfeldig om dette blir oppdaget.
Høve til å bruke rutinekontrollar kan berre innførast dersom andre omsyn veg tyngre enn omsynet til den personlege integriteten til den som skal kontrollerast. Fridommen og rettane til andre personar som den som blir kontrollert kjem i kontakt med, vil kunne vere ei relevant grunngjeving. Omsynet til behandlinga av alvorleg sjuke menneske kan vere ein annan slik grunn.
Fleire høyringsinstansar, m.a. Norsk psykologforening, Mental helse Hordaland og Rettspolitisk forening meiner at sikkerheita i institusjonar i psykiske helsevern kan og bør varetakast på andre måtar enn ved innføring av høve til kontroll av alle pasientar. Desse organisasjonane meiner at høve til kontroll med grunnlag i grunngjeven mistanke er tilstrekkeleg til å unngå farlege situasjonar. Mental Helse Hordaland meiner dessutan at tilstrekkeleg bemanning som har høg fagleg og menneskeleg kompetanse, er eit godt alternativ til rutinekontrollar. Rettspolitisk forening meiner at fokus i tillegg bør rettast mot å gjere kvar enkelt pasient trygg på institusjonen.
Departementet meiner at lokala der institusjonen held til kan ha ein del å seie for faktisk og opplevd sikkerheit. Tilstrekkeleg bemanning og rutinar for tilkalling av fagleg ansvarleg for å gjere vedtak om kontroll som følgje av grunngjeven mistanke, vil også kunne bidra til å redusere risikoen for uønskte hendingar. Deponeringsskap og metalldetektorar vil kunne redusere behovet for å gå gjennom eigedelane. Departementet meiner likevel at undersøkingane som er refererte i kapittel 6, og innspela frå fleirtalet av høyringsinstansane, viser at det er behov for å kunne innføre meir omfattande sikkerheitskontrollar enn dagens regelverk tillét.
Høyringsinstansane som går imot forslaget om rutinekontroll er redde for at det vil føre til aukane stigmatisering av menneske med psykiske lidingar, at pasientar vil vegre seg mot å søke hjelp og at det vil gjere dei sjukare. Høyringsinstansane som går inn for forslaget viser derimot til at det vil bidra til gode rammer for behandlinga.
Gode relasjonar mellom behandlar og pasient er svært viktige for å nå målet med behandlinga. Formålet med rutinekontrollar er å førebygge hendingar som kan få negative konsekvensar for behandlingsmiljøet for alle pasientane i institusjonen. På denne bakgrunn held departementet fast ved forslaget om å gi høve til å gjennomføre rutinekontrollar for å hindre innføring av uønskte gjenstandar.
Departementet legg vekt på at rutinekontrollar vil kunne bety mykje for kor trygge personalet og andre pasientar følar seg. Tiltaket vil kunne bidra til å redusere risikoen for farlege situasjonar og andre uønskte hendingar. Departementet er klar over at rutinekontrollar ikkje kan ta bort ein kvar risiko for uønskte hendingar i psykisk helsevern. Departementet meiner likevel at institusjonar ved å hindre innføring av rusmiddel, farlege gjenstandar mv. vil kunne gi eit betre helsetilbod til alvorleg sjuke pasientar.
Departementet ser at pasientar vil kunne oppleve det som krenkande å bli kontrollert som følgje av at dei har behov for behandling i psykisk helsevern. Departementet viser likevel til at det ikkje er så enkelt å skilje pasientar som i gjevne situasjonar kan bli farlege frå dei som ikkje vil bli det. Start av behandling er heller ikkje alltid planlagt. Det kan derfor vere litt tilfeldig kva pasientane har med seg når dei kjem til behandlingsstaden. Uønskte gjenstandar kan dessutan bli brukt på farlege måtar av andre enn den som tok dei med seg.
Departementet finn grunn til å understreke at det ikkje er foreslått at institusjonane skal innføre rutinekontrollar. I punkt 8.1.3 blir det tvert imot understreka at det i kravet om at rutinekontrollar skal vere nødvendige for å vareta sikkerheita eller omsynet til helsehjelpa, ligg at institusjonen må ha vurdert andre tiltak som er mindre inngripande for pasientane. Institusjonen må også vurdere om fortsett bruk av rutinekontrollar vil ha innverknad på sikkerheita eller helsehjelpa eller om kontrollen må avviklast fordi han ikkje lenger er nødvendig.
Fleire av høyringsinstansane som støttar forslaget understrekar at informasjon i forkant og omsynsfull gjennomføring har mykje å seie for korleis pasientane opplev kontrollen. Departementet sluttar seg til dette. Sjå nærare omtale i punkt 8.1.6.
8.1.2 Rettsleg grunnlag for rutinekontrollar
Sikkerheitskontrollar i psykisk helsevern er inngrep i integriteten til pasientane. Kontrollar kan derfor berre gjennomførast dersom det ligg føre eit tilstrekkeleg rettsgrunnlag for tiltaket.
Mange pasientar vil vere opptekne av eigen sikkerheit og dermed ha forståing for at det blir gjennomført sikkerheitskontrollar. Samtykke kan i prinsippet vere eit gyldig rettsgrunnlag for sikkerheitskontroll. Pasientar har i utgangspunktet samtykkekompetanse, jamfør m.a. pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4. Samtykket er berre gyldig når pasienten har gitt det frivillig. I det ligg det at tiltaket ikkje vil bli gjennomført dersom pasienten seier nei.
Pasientar i psykisk helsevern vil kunne oppleve at dei ikkje er i ein reell valsituasjon. Den fagleg ansvarlege har t.d. kompetanse til å gjere vedtak om kontroll utan samtykke frå pasienten dersom det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at det er, eller vil bli, innført uønskte gjenstandar. Pasienten vil kunne oppfatte det slik at vedtakskompetansen vil bli brukt dersom han eller ho nektar å samtykke. Pasienten vil også kunne vegre seg for å nekte samtykke i frykt for at dette blir tolka som at han eller ho har noko å skjule og dermed bidra til å oppfylle vilkåret om grunngjeven mistanke. Slik sett blir nekting ikkje oppfatta som eit reelt alternativ.
Somme pasientar vil dessutan mangle samtykkekompetanse i relasjon til kontroll når dei kjem til institusjonen.
Departementet la i høyringsnotatet til grunn at husordensreglar eller samtykke ikkje vil vere tilstrekkelege rettsgrunnlag for utvida høve til kontroll og at reglar om kontroll av person og eigedelar bør nedfellast i lova.
Ingen høyringsinstansar har innvendingar mot denne vurderinga. Departementet held derfor fast ved at høve til å innføre rutinekontrollar i psykisk helsevern må lovfestast.
8.1.3 Nærare om kvar og når rutinekontrollar skal kunne innførast
Fleire av høyringsinstansane, m.a. Mental Helse Hordaland og Informasjonssenteret Hieronimus meiner at det er diskriminerande og i strid med menneskerettane å gje særreglar for pasientar med psykiske lidingar. Norsk sykepleierforbund meiner prinsipielt at tiltaket bør gjelde alle delar av helsetenesta fordi eit trygt behandlingsmiljø for pasientar og pårørande og eit trygt arbeidsmiljø for tilsette bør vere eit overordna nasjonalt mål, uavhengig av tenestestad, diagnose, alder og liding.
Departementet ser at høve til å innføre rutinekontrollar også ville kunne bidra til betre sikkerheit i andre delar av helsetenesta. Temaet for høyringa var behov for kontrolltiltak i psykisk helsevern. Bakgrunnen var at det særleg var meldt inn behov frå denne sektoren. Departementet held derfor fast ved at endringa berre skal gjelde for psykisk helsevern. Departementet legg til grunn at dei særlege utfordringane knytte til psykiske lidingar, ofte saman med rusproblem, kan grunngje ulike kontrollordningar i psykisk helsevern og andre delar av helsetenesta. Slike særreglar vil ikkje vere i strid med menneskerettane. Sjå også departementet sine vurderingar i punkt 8.4.
Verkeområdet må avgrensast til einingar og institusjonar der det er eit reelt behov for å gjennomføre rutinekontrollar. Det bør på den andre sida ikkje innførast grensedragingar som det kan bli vanskeleg å praktisere. Etter departementet sitt syn reiser dette fleire spørsmål. For det første om reglane bør avgrensast til nærare oppgjevne institusjonar eller avdelingar/einingar, eller om lova bør opne for ein meir skjønnsprega vurdering knytt til det konkrete behovet. For det andre kven som skal kunne kontrollerast, sjå omtale i punkt 8.1.4. Kva for kontrollar som skal kunne gjennomførast blir omtalte i punkt 8.1.5 og 8.1.6.
Psykisk helsevern er etter psykisk helsevernloven § 1-2 spesialisthelsetenesta si undersøking og behandling av menneske på grunn av psykisk liding og den pleia og omsorga som dette krev. Gjennomføring av psykisk helsevern skjer i spesialisthelsetenesta og høyrer inn under ansvarsområda for dei regionale helseføretaka. Undersøking og behandling kan skje i og utanfor institusjon. Helsehjelpa kan gjevast frivillig eller som tvungent psykisk helsevern.
Departementet meiner at det er størst behov for å føre kontroll med kva som blir ført inn på ein institusjon der pasientane er innlagde på døgnopphald. Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg mot forslaget. Departementet held derfor fast ved forslaget i høyringsnotatet og foreslår at høvet til å innføre rutinekontrollar skal avgrensast til institusjonar eller einingar for døgnopphald.
Departementet legg til grunn at det ikkje er eit generelt behov for å gjennomføre rutinekontrollar på alle institusjonar for døgnopphald. Lova må derfor trekke opp rammene for når slike kontrollar skal kunne innførast. Departementet kom i høyringsnotatet til at det ville vere meir formålstenleg å krevje at den enkelte institusjonen vurderer om kontrolltiltaket er nødvendig hos dei enn å prøve å trekkje ei generell grense i lova for kva type institusjonar som skulle vere omfatta.
Eit vilkår om at utvida sikkerheitskontroll berre skal kunne gjennomførast når institusjonen har utfordringar knytt til sikkerheit eller høvet til å yte forsvarleg helsehjelp, vil bidra til å redusere omfanget av kontrollane. Ei slik avgrensing vil òg vere meir fleksibel og tilpassa det reelle behovet, enn ei avgrensing etter type institusjon. Departementet held derfor fast ved forslaget i høyringsnotatet om at rutinekontrollar skal kunne innførast dersom det er nødvendig for å vareta sikkerheita eller omsynet til helsehjelpa for pasienten sjølv eller medpasientane.
Vurderinga kan til dømes baserast på erfaringar med innførsel av uønskte gjenstandar og utagerande åtferd hos pasientar etter inntak av rusmiddel og kva for konsekvensar dette har for sikkerheita og behandlinga i institusjonen.
Det må dessutan takast stilling til om andre, mindre inngripande tiltak er like hensiktsmessige. God informasjon om kva for gjenstandar som er uønskte og kvifor, gode rutinar for innkomstsamtaler der ein t.d. spør pasienten om dei har med seg uønskte gjenstandar og bruk av metalldetektor er eksempel på andre, mindre inngripande tiltak som vil kunne vere aktuelle. Viss mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege, vil ikkje vilkåret for å innføre rutinekontrollar vere oppfylt.
Det må også vurderast om kontrolltiltaket skal setjast i verk for heile institusjonen eller berre for delar av han. Institusjonen må vidare ta stilling til kor omfattande sikkerheitstiltaket skal være, t.d. om pasientane skal kontrollerast kvar gong dei kjem til institusjonen, berre ved innlegging eller berre den første gongen pasienten blir lagt inn i institusjonen og kor omfattande kontrollane skal vere. Så lenge vilkåra er oppfylt, skal rutinekontroll kunne innførast ved alle typar døgninstitusjonar i psykisk helsevern.
Fleire høyringsinstansar tar opp spørsmålet om krav til dokumentasjon og skriftleggjering av vurderingar og retningsliner. Rettspolitisk forening tar til orde for å pålegge institusjonar som innfører rutinekontrollar rapporteringsplikt. Departementet meiner at det følgjer av lovkrava at institusjonen må kunne dokumentere at vilkåra for å innføre rutinekontrollar er oppfylte og foreslår at dette blir tydeleggjort i lova. Det bør likevel vere tilstrekkeleg at dokumentasjonen blir behalde på institusjonen, m.a. som grunnlag for seinare tilsyn med om lova er følgd.
8.1.4 Bør det vere høve til å kontrollere andre enn pasientar?
Sikkerheitskontroll av personar som skal inn på institusjonar er eit inngrep i integriteten til personen. Fordelen ein kan oppnå ved å gjennomføre tiltaket må derfor vere klart større enn ulempene for den som blir kontrollert. Ingen av høyringsinstansane som støttar forslaget om å gi høve til å innføre rutinekontrollar tar til orde for å kontrollere tilsette og besøkande.
Departementet meiner at sikkerheitsgevinsten ein kan vente å oppnå ved å kontrollere andre enn pasientar som skal inn på institusjonen, ikkje er stor nok til å sette i verk eit såpass inngripande tiltak. Departementet viser til at det ikkje er juridiske hinder for at besøkande kan påleggast å passere ein metalldetektor på veg inn i institusjonen. Dersom det er mistanke om at besøkande har med seg uønskte gjenstandar, vil det eventuelt kunne vere grunnlag for eit vedtak om kontroll av pasienten etter besøket som følge av ein grunngjeven mistanke. Departementet viser også til at dersom det ligg føre aktuell risiko for alvorleg voldeleg åtferd, kan pasienten greiast ut og behandlast på ei regional sikkerheitsavdeling. Ein kvar som skal inn og ut av ei slik avdeling kan påleggjast kontroll, jf. psykisk helsevernloven § 4A-5 første ledd.
Departementet held derfor fast ved forslaget i høyringsnotatet om at den utvida sikkerheitskontrollen skal avgrensast til pasientar.
8.1.5 Kva type kontrollar skal det vere høve til å gjennomføre?
Undersøkingane som er refererte i kapittel 6 viser at det først og fremst er innføring av rusmiddel og farlege gjenstandar som blir opplevd som ein sikkerheitsrisiko i institusjonane i psykisk helsevern.
Inntak av rusmiddel kan skape problem for behandlinga institusjonen tilbyr og t.d. bidra til at pasienten blir aggressiv. Det same gjeld for legemiddel som ikkje er skrivne ut av den behandlande legen.
Farlege gjenstandar kan både vere gjenstandar som skytevåpen og gjenstandar som kan vere farlege dersom dei blir brukte til andre formål enn dei er meinte for, t.d. knivar, barberblad og ulike typar verktøy. Gjenstandane er ofte ikkje farlege i seg sjølv, men dei kan likevel ha skadepotensial når dei blir brukte til andre føremål enn dei er meinte for.
I høyringsnotatet blei det foreslått å harmonisere terminologien i psykisk helsevernloven § 4-6 med forslaget til tilsvarande reglar for rusfeltet, sjå Prop. 40 L (2015–2016). Det blei såleis foreslått at kontrollane i psykisk helsevern skulle omfatte rusmiddel, legemiddel, skadelege stoff og farlege gjenstandar. Departementet bad dessutan om høyringsinstansane sitt syn på å inkludere rømmingshjelpemiddel i rutinekontrollen, på same måte som i dagens reglar om kontroll på grunnlag av grunngjeven mistanke.
Høyringsinstansane har berre kommentert spørsmålet om rutinekontrollar skal omfatte rømmingshjelpemiddel. Norsk sykepleierforbund skriv:
NSF ser ikke mobiltelefon og kommunikasjonsmidler som noen direkte og reell trussel mot ansatte, medpasienter, pårørende eller en selv. «Rømning» som begrep er lett å assosiere med fengsel, og kan derfor bidra til en uønsket stigmatisering. Særskilt gjelder dette innen psykisk helsevern. NSF støtter derfor ikke innlemming av rømningshjelpemidler i form av mobiltelefoner og andre kommunikasjonshjelpemidler som et ledd i å øke sikkerhetskontrollen ved ordinære døgnavdelinger.
Statens helsetilsyn meiner på si side at rømmingshjelpemiddel truleg i stor grad vil vere dekte av omgrepet «farleg gjenstand» og at det er liten risiko for meirbelasting for pasientane ved å inkludere rømmingshjelpemiddel i lovteksten.
Departementet har komme til at lova bør gi institusjonane høve til å hindre innføring av dei same gjenstandane ved rutinekontrollar som ved kontroll med grunnlag i grunngjeven mistanke. Departementet viser likevel til at institusjonen må ta stilling til kor omfattande kontrollane skal vere før dei blir innførte, dvs. m.a. til om han skal omfatte rømmingshjelpemiddel. Beslag av ein uønskt gjenstand vil vidare, som ved kontroll basert på grunngjeven mistanke, måtte skje ved eige vedtak etter psykisk helsevernloven § 4-7. Det må takast stilling til om det er nødvendig å beslaglegge ein gjenstand som vil kunne brukast som rømmingshjelpemiddel og om risikoen for at gjenstanden faktisk skal bli brukt ved rømming er stor nok sett i forhold til den ulempa det er for pasienten at gjenstanden blir tatt frå han eller henne.
Uønskte gjenstandar kan skjulast i bagasje, klede eller på annen måte i nær tilknyting til kroppen til pasienten. Høyringsinstansane som støttar forslaget om høve til å innføre rutinekontrollar støttar også forslaget om at sikkerheitskontrollen skal kunne omfatte både kropp, klede og andre eigedelar. Fleire instansar etterlyser likevel meir detaljerte reglar og føringar for korleis kontrollane skal gjennomførast. Sjå nærare omtale og forslag i punkt 8.1.6.
Departementet meiner at det er viktig å halde fast ved prinsippa om at restriksjonar og tvang skal innskrenkast til det strengt nødvendige og at verknaden av eit tiltak må vere så gunstig at det klart oppveg ulempene. Undersøkingsmetodane som i dag blir brukte ved kontroll basert på mistanke vil ikkje hindre all innføring av uønskte gjenstandar. Departementet ser det likevel ikkje som ønskeleg å opne for nye undersøkingsmetodar. Departementet held fast ved at rutinekontrollane skal kunne omfatte kropp, klede og andre eigedelar. Undersøking av holromma i kroppen skal framleis vere forbode.
I rutinekontroll ligg det at alle pasientane blir kontrollerte i nærare oppgjevne situasjonar. Generelle kriterium skal avgjere om pasienten skal kontrollerast. Vurderinga av om kontroll er nødvendig og dei nærare vilkåra for gjennomføringa skal vurderast før tiltaket blir sett i verk. Det skal dermed ikkje gjerast vedtak for kvar enkelt pasient. Det er dette som skil tiltaket frå kontroll basert på mistanke i det enkelte tilfellet. Når institusjonen eller eininga t.d. har bestemt at det skal innførast bagasjekontroll, skal alle pasientane få kontrollert bagasjen, uavhengig av om det er sannsynleg at pasienten faktisk vil prøve å innføre uønskte gjenstandar.
8.1.6 Nærare om gjennomføringa av rutinekontrollar
Fleire høyringsinstansar, m.a. Helsedirektoratet, Sivilombodsmannen og Statens helsetilsyn etterlyser meir detaljerte reglar for gjennomføringa av kontrollane enn det som blei foreslått i høyringsnotatet. Departementet har på denne bakgrunn foreslått å ta inn fleire presiseringar av rammene for bruk av rutinekontrollar i lovteksten. Rammene skal gjelde tilsvarande for kontroll basert på grunngjeven mistanke.
Kontrollar skal alltid gjennomførast på ein omsynsfull måte. I det ligg det t.d. at ein må ta seg tid til å snakke med pasientar som er skeptiske til kontrollen. Departementet foreslår at det skal gå fram av lova at kontrollen skal skje så omsynsfullt som mogeleg. Vidare bør det gå fram av lova at kroppsvisitering skal gjennomførast av personar med same kjønn som den som blir undersøkt.
Fleire høyringsinstansar, mellom dei Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn, peiker på at Grunnlova og menneskerettane krev at det blir tatt individuelle omsyn ved praktiseringa av rutinekontrollen. Helsedirektoratet skriv:
Helsedirektoratet er av den oppfatning at institusjonen må kunne kontrollere etter et skjønn og med varierende grad av intensitet.
Departementet sluttar seg i hovudsak til denne vurderinga og foreslår at det i lovteksten blir gjort tydeleg at intensiteten i kontrollen må tilpassast det ein kan vente å oppnå. Utgangspunktet for lovkravet vil likevel vere noko ulikt for kontroll basert på grunngjeven mistanke knytt til den enkelte pasienten og rutinekontroll på grunnlag av generelle vurderingar av risiko. Når det gjeld rutinekontroll, vil vurderinga av intensitet først og fremst vere knytt til den generelle innrettinga av ordninga, til dømes grensa for kor inngripande tiltak personalet kan bruke i undersøkinga.
Kroppsvisitering er eit klart meir inngripande tiltak enn gjennomgang av eigedelar. Departementet meiner derfor at institusjonen må gjere ei særskild vurdering av om kroppsvisitering skal inngå i rutinekontrollane. Det må også gå ei grense for kor langt ein kan gå ved rutinekontroll av pasientens person. Helsedirektoratet skriv:
Selv om direktoratet mener at kroppsvisitasjon ved avkledning aldri vil være «helt nødvendig» for en hel avdeling/enhet i det psykiske helsevernet, vil det kunne vurderes som «helt nødvendig» etter en konkret vurdering av pasienten. Det vil da etter vårt syn i realiteten være snakk om begrunnet mistanke og kroppsvisitasjonen bør da heller hjemles i ny phvl. § 4-6 andre ledd.
Departementet sluttar seg til denne vurderinga. Departementet foreslår derfor at det skal gå fram av lova at rutinekontrollar, i motsetnad til kontroll basert på grunngjeven mistanke, må avgrensast mot avkleding.
Dei foreslåtte reglane gir ikkje institusjonen høve til å bruke fysisk makt for å gjennomføre kontrollane. Dersom det heilt unntaksvis er nødvendig å bruke fysisk makt, må det heimlast i psykisk helsevernloven § 4-8 om bruk av tvangsmiddel. Departementet antek at dette vil vere mest aktuelt ved tvungen observasjon og tvungent psykisk helsevern. Kravet om at kontrollen skal skje så omsynsfullt som mogeleg gjeld også i desse tilfella og det må ikkje brukast meir makt enn det som er heilt nødvendig for å få gjennomført kontrollen.
Departementet viser også til at gjennomgang av eigedelane til pasienten, både ved rutinekontroll og kontroll basert på grunngjeven mistanke, skal skje mens pasienten er til stade. Dersom pasienten ikkje sjølv kan vere til stade, skal den næraste pårørande til pasientens, eller ein annan person som pasienten har peika ut, kunne vere til stade.
Fleire høyringsinstansar har innspel om praktiseringa av psykisk helsevernloven § 4-7 om beslag. Departementet held fast ved at det ikkje er behov for endringar i reglane om beslag av uønskte gjenstandar som følgje av forslaget om høve til å innføre rutinekontrollar. Departementet understrekar at det under føresetnad av at ein ikkje røper identiteten til pasienten, eller på annan måte bryt teieplikta, ikkje er noko forbod mot å samarbeide med politiet om avklaring av kva gjenstandar ein person lovleg kan ha og korleis ulovlege gjenstandar skal oppbevarast og om kva for gjenstandar som skal destruerast.
Som nemnd i punkt 8.1.3, må institusjonane vurdere om lovvilkåra er oppfylte før dei innfører rutinekontrollar. Dersom rutinekontrollar blir innførte, skal alle kontrollerast på grunnlag av generelle kriterium t.d. knytte til i kva situasjonar kontroll skal gjennomførast og kva slags kontroll som skal settast i verk. Det er ikkje klagerett for kvar enkelt pasient slik det er når det blir gjort vedtak om kontroll med grunnlag i grunngjeven mistanke mot ein bestemt pasient. Fylkesmannen og Statens Helsetilsyn skal derimot på vanleg måte føre tilsyn med institusjonane i det psykiske helsevernet, m.a. med at dei rettar seg etter lovkrava for kontroll.
8.2 Særleg om barn og unge
Barne-, familie- og inkluderingsdepartementet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Statens helsetilsyn etterlyser ein særskild omtale av bruk av reglane på barn og unge.
Departementet viser til at institusjonar som har barn og unge som pasientar må ta dette med i vurderinga av om det er nødvendig å bruke rutinekontrollar, kva for kontrollar som eventuelt skal innførast og korleis dei i så fall skal gjennomførast. Det må særleg vurderast om andre, mindre inngripande tiltak, vil vere meir effektive for målgruppa. Det kan også tenkast at enkelte kontrolltiltak vil kunne verke meir skremmande på barn enn vaksne og at ein derfor bør vere meir tilbakehalden med å ta dei i bruk. Departementet viser vidare til at alle pasientar skal behandlast med respekt og på ein omsynsfull måte. I det ligg det m.a. at det må takast omsyn til at barn og unge kan ha andre behov enn vaksne. Informasjon må t.d. tilpassast mottakaren. Departementet minner også om at intensiteten i kontrollen skal stå i eit rimeleg forhold til den faren ein prøver å hindre.
8.3 Utvida høve til kontroll ved grunngjeven mistanke
Høvet til kontroll ved mistanke om innføring av uønskte gjenstandar gjeld i dag ikkje pasientar utan døgnopphald. Psykiske lidingar blir i aukande grad behandla utanfor døgninstitusjon. Rusmiddel og farlege gjenstandar kan også utgjere ein sikkerheitsrisiko i poliklinikkar.
Helsedirektoratet, Legeforeningen, NTNU og Sørlandet sykehus støttar forslaget om å utvide høvet til kontroll ved grunngjeven mistanke.
Helsedirektoratet skriv:
Adgangen vil typisk kunne omfatte pasienter som møter jevnlig på poliklinikk til depotinjeksjoner, og hvor man har erfaring for at pasienten har hatt med farlige gjenstander og/eller opptrådt truende og aggressivt. Problematikken med innføring av rusmidler og lignende vil være av begrenset omfang og risiko i poliklinikker, mens eventuell innføring av farlige gjenstander kan ha like stort skadepotensial her som i døgninstitusjoner.
Ingen høyringsinstansar har uttalt seg mot forslaget.
Departementet held derfor fast ved at alle institusjonar i psykisk helsevern skal kunne kontrollere pasientar når det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at han eller ho har med seg uønskte gjenstandar. Som foreslått i høyringsnotatet skal kontrollen kunne gjelde pasientar både med og utan døgnopphald. Den fagleg ansvarlege må gjere vedtak om kontroll. Pasienten eller dei næraste pårørande til pasienten kan klage vedtaket inn for Kontrollkommisjonen.
8.4 Forholdet til menneskerettane
Departementet legg til grunn at kroppsvisitering og undersøking av eigedelar er inngrep i den personlege integriteten etter Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. For at tiltaka skal vere lovlege, må det m.a. godtgjerast at formålet ikkje kan varetakast med mindre inngripande tiltak, og at inngrepet står i forhold til det ein kan oppnå med tiltaket. Sjå gjennomgang av krava etter Grunnlova og menneskerettane i pkt. 4.1.
Fleire av høyringsinstansane, m.a. Mental Helse Hordaland, Rettspolitisk forening og Gatejuristen meiner at forslaget om høve til å innføre rutinekontrollar er i strid med menneskerettane.
Departementet legg stor vekt på å sikre at kontrollane ikkje er meir inngripande enn nødvendige. Rutinekontroll skal berre kunne innførast når det er nødvendig for å vareta sikkerheita eller omsynet til helsehjelpa og berre i institusjonar for døgnopphald. Institusjonen må gjere ei konkret vurdering av om rutinekontrollen er nødvendig i den enkelte avdelinga eller eininga.
I tillegg foreslår departementet fleire presiseringar i lova ut over det som blei foreslått i lovutkastet i høyringsnotatet. Mindre inngripande tiltak enn rutinekontroll skal vere vurderte. Institusjonen skal vidare dokumentere at vilkåra for å innføre rutinekontrollar er oppfylt. Sjå nærare omtale i punkt 8.1.3. Kontrollane skal gjennomførast så omsynsfullt som mogeleg. Kroppsvisitering skal gjennomførast av ein person av same kjønn som pasienten og rutinekontroll skal ikkje kunne omfatte avkleding. Intensiteten i kontrollen må vidare stå i eit rimeleg forhold til det ein kan oppnå ved kontrollen. Sjå nærare omtale i punkt 8.1.6.
Departementet meiner at omsynet til sikkerheit og behandling veg tyngre enn omsynet til at pasientane kan oppleve bagasjegjennomgang og kroppsvisitering som ubehageleg og krenkande.
Departementet legg til grunn at kontrollane det er lagt opp til ikkje er nedverdigande behandling etter EMK artikkel 3 og CRPD artikkel 15 og at forslaget elles er i tråd med menneskerettane.
8.5 Behov for harmonisering av ordlyden i psykisk helsevernloven
I høyringsnotatet blei det foreslått at ordlyden i reglane om kontroll etter psykisk helsevernloven skal harmoniserast med ordlyden som er foreslått i den nye rusforskrifta. Dette skulle også følgast opp i dei delane av psykisk helsevernloven der det ikkje er foreslått endringar av innhaldet. Det blei derfor foreslått endringar i §§ 4-5 om forbindelse med omverda, 4-7 om beslag, 4A-4 om undersøking av pasientens person, rom og eigedelar i regionale sikkerheitsavdelingar, 4A-6 om forbindelse med omverda i regionale sikkerheitsavdelingar og 4A-10 om kontroll i eining med særleg høgt sikkerheitsnivå. Det blei vidare foreslått at ordlyden i § 4A-4 skulle harmoniserast med dei foreslåtte reglane i psykisk helsevernloven kapittel 4 ved at omgrepet rutinekontroll blir lagt til i første ledd.
Fleire instansar, m.a. Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn sluttar seg prinsipielt til ambisjonen om å harmonisere så langt det er hensiktsmessig.
Statens helsetilsyn saknar likevel ei betre samordning mellom ny § 4-6 i psykisk helsevernloven og § 8 i forslaget til ny rusforskrift.
Departementet opprettheld forslaget om harmonisering av ordlyden i dei ulike reglane om kontroll og beslag i psykisk helsevernloven.
Departementet viser til at Prop. 40 L (2015–2016) om rettigheter og bruk av tvang på rusfeltet er til behandling i Stortinget, sjå også omtalen i kapittel 5. Dersom Stortinget sluttar seg til dei foreslåtte lovendringane, vil departementet fastsette ny forskrift om rettigheter og bruk av tvang i institusjonar for rusbehandling. I arbeidet med ny forskrift vil departementet ta med seg innspela om vidare harmonisering av regelverka for psykisk helsevern og rusfeltet.