5 Forslag til nye reglar om rettar og bruk av tvang i rusinstitusjonar
Departementet har i Prop. 40 L (2015–2016) Endringer i psykisk helsevernloven mv. (rettigheter og bruk av tvang på rusfeltet) foreslått tydelegare rammer i lovverket for bruk av tiltak utan samtykke frå pasienten eller brukaren. Det er også varsla at departementet tar sikte på å fastsette ny oppdatert forskrift om rettar og bruk av tvang som skal gjelde for alle institusjonar for rusbehandling. Det blir m.a. lagt opp til at det skal gjevast høve til å innføre rutinekontrollar av eigedelar og kroppsvisitering, når brukaren eller pasienten kjem til institusjonen. I særlege tilfelle kan undersøkinga omfatte munnhola. Det skal vere forbode å undersøke andre holrom i kroppen. Ordninga med rutinekontroll i rusinstitusjonar skal berre kunne innførast når det er nødvendig ut frå formålet med opphaldet. Kontrollen skal kunne omfatte rusmiddel, legemiddel, skadelege stoff og farlege gjenstandar.