Prop. 78 L (2015–2016)

Endringar i psykisk helsevernloven (kontroll for å hindre innføring av uønskte gjenstandar)

Til innhaldsliste

6 Erfaringar frå det psykiske helsevernet

6.1 Innleiing

Fleire institusjonar i psykisk helsevern har tatt i bruk metalldetektorar for å hindre innføring av farlege gjenstandar. Institusjonar og tilsette har i tillegg uttrykt eit sterkt ønske om å også kunne gjennomføre rutineundersøkingar av pasientar for å hindre at dei tar farlege gjenstandar, rusmiddel mv. med seg inn på institusjonen.

6.2 Undersøking gjennomført av Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri, Helseregion Sør-Øst i 2008

Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri, Helseregion Sør-Øst gjennomførte i 2008 ei spørjeundersøking blant 29 akuttpsykiatriske og 20 sikkerheitspsykiatriske avdelingar. 27 einingar opplyste at dei betente ei befolkning med «storbyproblematikk» mens 17 opplyste at dei ikkje gjorde det.

60 prosent av avdelingane hadde eigne husordensreglar for kontroll av pasientar og eigedelar. 75 prosent av avdelingane meinte at drifta ville vere uansvarleg dersom dei ikkje kunne gjennomføre rutinekontrollar. 17 pst. av dei spurde opplyste at dei brukte skap der eigedelar kan oppbevarast utan at dei er undersøkte fram til pasienten blir skriven ut.

Ifølgje rapporten frå kompetansesenteret, gjekk så mange som 96 prosent av einingane som svara alltid gjennom bagasjen til pasientane ved innlegging. 94 prosent av desse opplyste at dei hadde funne knivar og rusmiddel.

Det går vidare fram av rapporten at omgrepet «grunngjeven mistanke» blir oppfatta som uklart og at det gir rom for ulike tolkingar og praksis. Leiarane for kompetansesentra for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri gir i forordet til rapporten uttrykk for uro over den store usikkerheita om tolkinga av regelen om kontroll basert på grunngjeven mistanke og markerte ulikskapar i praktiseringa av psykisk helsevernloven § 4-6. Dei ser behov for endringar i regelverket som sikrar rettstryggleiken til pasientar med psykiske lidingar samtidig som det blir teke omsyn til pasientane sin rett til eit trygt behandlingstilbod.

6.3 Høyringa av forslaget om særlege reglar for gjennomføring av psykisk helsevern i regionale sikkerheitsavdelingar

Problemstillinga blei også tatt opp i samband med lovforslaget1 om særlege sikkerheitsreglar i regionale sikkerheitsavdelingar. Fleire av høyringsinstansane, m.a. Helsedirektoratet og Legeforeningen, meinte at reglane om rutinekontroll også burde gjelde for psykiatriske akuttavdelingar og lokale sikkerheitsavdelingar. Regional sikkerheitsavdeling Helse Sør-Øst meinte på den andre sida at endringane først burde prøvast ut på regionalt nivå.

6.4 Helsedirektoratets undersøking i 2015

I 2015 utarbeidde Helsedirektoratet, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ein rapport basert på respons frå fire akuttavdelingar, fire lokale sikkerheitsavdelingar og tre distriktspsykiatriske senter (DPS) med døgnplassar. Institusjonane var frå ulike delar av landet.

Institusjonane rapporterer at det blir gjort funn av våpen, andre farlege gjenstandar og rusmiddel. Det er flest funn i dei akuttpsykiatriske avdelingane. Akuttavdelingar og lokale sikkerheitsavdelingar har opplevd sjølvdrap, drapsforsøk, alvorlege branntilløp med helseskadar, drapstrugsmål mv. som følgje av farlege gjenstandar som er innført i avdelinga. Rusmiddel blir opplevd som ei stor utfordring for sikkerheit og behandling. Funna skapar utryggleik blant pasientar og tilsette og dreier fokuset frå å behandle til å vakte. Avdelingane vurderer høve til kontroll basert på konkret mistanke som utilstrekkeleg. Berre éin av dei elleve institusjonane meiner at det ikkje er eit klart behov for å kunne gjennomføre rutinekontrollar. Rutinekontrollar blir opplevd som mindre stigmatiserande enn kontrollar basert på konkret mistanke.

Behovet for rutinekontroll blir grunngjeve med at det vil bidra til større grad av faktisk og opplevd sikkerheit for pasientar og tilsette og til eit betre behandlingsmiljø. Ei av avdelingane samanfattar det slik:

Det fremmer trygghet i miljøterapien og fører til bedre samhandling for alle parter. Vår erfaring er at en med trygge ansatte og trygge pasienter kan flytte ressurser som tidligere var bundet opp som «vokter» over pasientene til en bedre miljøterapi som fokuserer på trivsel og sameksistens.

Ein av respondentane skriv vidare:

En slik endring mener vi vil bedre behandlingsmiljøet i en sengepost, særlig for pasienter som er kommet langt i en rehabilitering bort fra rus og over i mer meningsfull aktivitet. Det vil også korte ned liggetiden i institusjon for denne pasientgruppen fordi det kan forebygge tilbakefall. Vi opplever at tilliten til sykehuset fra denne gruppen av pasienter svekkes når vi ikke kan forhindre aktiv rusing eller oppbevaring av illegale rusmidler inne i sengeposten.

Ein annan respondent ønsker harmonisering av regelverket om kontroll i rusomsorga og psykisk helsevern, og meiner at det er:

… meningsløst at man skal ha hjemmel for ransaking i rusomsorgen og ikke i psykiatrien, spesielt der hvor man ikke har eget akuttmottak for rus.

Ein respondent meiner at overlapping av pasientgruppene på regional og lokal sikkerheitspost, talar for tilgang til rutinekontroll. Ein annan meiner det er paradoksalt at regional sikkerheitsavdeling, der ein er meir førebudd på farlege situasjonar, har høve til å innføre rutinekontrollar, mens akuttpsykiatrien, der ein har (ukjente) pasientar som er innlagde for første gong og meir ruspåverknad, ikkje har det.

Ein respondent meiner at høve til rutinekontroll kan vere ein «trigger» til meir vold. Denne respondenten meiner også at rutinekontrollar kan gi falsk tryggleik, og samtidig redusere fokus på fortlaupande og breie voldsrisikovurderingar og motverke samarbeid mellom pasienten og institusjonen.

Fotnotar

1.

Prop. 108 L (2011–2012) Endringer i psykisk helsevernloven (regionale sikkerhetsavdelinger og enhet med særlig høyt sikkerhetsnivå m.m.)

Til forsida