1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 72/2019 av 29. mars 2019 om endring av vedlegg II (Tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala, særleg artikkel 98,
og ut frå desse synsmåtane:
1) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av ei ramme for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU1 skal takast inn i EØS-avtala.
2) Forordning (EU) 2017/1369 opphevar direktiv 2010/30/EU, som er teke inn i EØS-avtala og difor skal opphevast i EØS-avtala.
3) Vedlegg II og IV til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Teksta i EØS-avtala vedlegg II kapittel IV nr. 4 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU) skal lyde:
«32017 R 1369: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av ei ramme for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU (EUT L 198 av 28.7.2017, s. 1).»
Artikkel 2
Teksta i EØS-avtala vedlegg IV nr. 11 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU) skal lyde:
«32017 R 1369: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av ei ramme for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU (EUT L 198 av 28.7.2017, s. 1).2
Artikkel 3
Teksta til forordning (EU) 2017/1369 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 4
Denne avgjerda tek til å gjelde 30. mars 2019, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn3.
Artikkel 5
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 29. mars 2019.
For EØS-komiteen
Claude Maerten
Formann