2 Bakgrunnen for proposisjonen
2.1 Om energimerking av produkt
Målet med energimerking av produkt er at forbrukarar lettare skal kunne gjere informerte val ved kjøp av produkt. Det er venta at høg bevisstheit om energieffektivitet blant forbrukarar også vil medverke til at industrien utviklar og produserer meir energieffektive produkt. Plikta til å energimerke produkt er retta mot leverandørar og forhandlarar.
For å unngå handelshinder er energimerket harmonisert innanfor EØS. For kvart enkelt produkt som skal merkast, gjennomfører Europakommisjonen (Kommisjonen) grundige prosessar med involvering av alle statar og aktuelle produsentar. Prosessane går over fleire år. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for å følgje opp dei ulike produkta og involvere aktuelle partar i Noreg, og er delegert myndigheit til å føre tilsyn etter forbrukermerkeloven.
Forutan krava til energimerking etter energimerkeforordninga, blir det vedteke krav til utforming av produkt (økodesign) gjennom økodesigndirektivet (2009/125/EC). Dette er eit rammedirektiv som gir heimel for å setje minimumskrav for miljøvennleg utforming av produkt og produktgrupper. Mange av produkta som er omfatta av økodesigndirektivet er òg omfatta av energimerkedirektivet, som no blir erstatta av energimerkeforordninga.
Kommisjonen har lagt opp til å nå omlag halvparten av måla for energieffektivisering for 2020 gjennom energimerking og økodesignkrav. NVE har berekna energieffektiviserings-gevinstar i Noreg til 3,5 TWh i 2030 på grunnlag av eit utval av 11 produkt som er energimerkte eller omfatta av økodesignkrav. Til saman er 28 produktgrupper omfatta av energimerke eller økodesignkrav per i dag.
2.2 Om energimerkeforordninga
Energimerkeforordninga vart vedteken 28. juli 2017. Forordninga opphevar og erstattar direktiv 2010/30/EU av 19. mai 2010 om merking av og standardiserte vareopplysningar på energirelaterte produkt (energimerkedirektivet) som vart innlemma i EØS-avtala i 2012. I energimerkedirektivet er det stilt krav om at produkt skal vere tydeleg merkte med energikarakter.
Energimerkeforordninga vart innlemma i EØS-avtala vedlegg II og IV ved EØS-komiteen sitt vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019. Forordninga fører vidare plikta til å gi produkt energikarakter. Det er to sentrale endringar i høve til det tidlegare energimerkedirektivet.
For det første blir det innført ein karakterskala frå A til G. Dette var karakterskalaen då energimerkeordninga vart etablert i EU. Den tekniske utviklinga har gjort at produkta har blitt stadig meir energieffektive slik at karakterklassane A+, A++ og A+++ er tekne i bruk. Desse karakterklassane blir fasa ut, og vil gjere energimerket tydelegare og meir forståeleg for forbrukarar.
For det andre blir det oppretta ein europeisk database for energimerkte produkt, the European Product Registry for Energy Labelling (EPREL). Forhandlarar som fører produkt på marknaden i EU (og EØS) kan sjølv registrere produkta og hente produktdatablad og energietikett frå databasen. Myndigheitene sitt tilsynsarbeid vil kunne forenklast ved at dei gjennom databasen får betre tilgang til nødvendige dokument, og høve til å utveksle og følgje opp tilsynsresultat i andre statar. Kommisjonen vil få betre innsikt i utviklinga i energieffektiviten i produkta, som grunnlag for revideringar. Forbrukarar har òg tilgang til den offentlege delen av databasen.
Overgangen frå eit energimerkedirektiv til ei energimerkeforordning vil medverke til meir harmoniserte konkurransevilkår i EØS, betre produktinformasjon til forbrukarar, og meir føreseielege rettslege tilhøve for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt ved at regelverket skal gjennomførast «som sådan».
Energimerkeforordninga er ei rammeforordning. Den gir Kommisjonen heimel til å vedta produktspesifikke forordningar om energimerking av ulike produktgrupper. Slike forordningar blir innlemma i EØS-avtala ved eigne vedtak i EØS-komiteen. Dei vil deretter måtte gjennomførast i norsk rett på ordinær måte i tråd med EØS-avtala.
2.3 Høyringa
Olje- og energidepartementet sende forslaget til gjennomføring av energimerkeforordninga på høyring 19. november 2018. I høyringsnotatet vart det føreslått å gjennomføre forordninga i norsk rett gjennom ei tilvisingsføresegn i forbrukermerkeloven.
Høyringsdokumenta vart sende til følgjande høyringsinstansar:
Departementa
Fylkesmennene
Sivilombodsmannen
Datatilsynet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Forbrukartvistutvalet
Forbrukartilsynet
Konkurransetilsynet
Marknadsrådet
Miljødirektoratet
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Regelrådet
Statens institutt for forbruksforsking
Universitetet i Oslo, Nordisk Institutt for Sjørett
Enova SF
Abelia
Distriktenes energiforening (Defo)
Ecohz
Energi Norge
Elkjøp Norge AS
Elektroforeningen
Elektronikkbransjen
Elretur AS
Elvarme Norge
EL & IT Forbundet
Forbruker Europa
Hovedorganisasjonen Virke
Industri Energi
KS
KS Bedrift
LO
Lyskultur
Miljøstiftelsen Bellona
Nelfo
Nemko AS
Norges Miljøvernforbund
Norges Naturvernforbund
NHO
NOBIO
Norsk varme
Norsk elektroteknisk komité
Norsk elektronisk forening
Norsk kjøleteknisk forening
Norsk teknologi
Norske Energibrukeres Forening
Norsk Industri
Norsk Petroleumsinstitutt
Novap
Norwea
Næringslivets Hovedorganisasjon
Power Norge AS
Sintef Energy Research
Standard Norge
Stiftelsen Elektronikkbransjen
Stiftelsen miljømerking
Tekna
ZERO
Ventilasjon Kulde og Energi (VKE)
WWF
I alt sju høyringsinstansar har uttalt seg.
Energi Norge og Forbrukarrådet ga realitetsuttaler.
Følgjande instansar hadde ikkje merknader:
Helse- og omsorgsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Energi Norge uttaler seg positivt til lovendringane, som organisasjonen ser på som nødvendige grep for å imøtekomme EUs krav i energimerkeforordninga. Energi Norge nemner samtidig at primærenergifaktoren for elektrisitet kan skape uheldige signal mot forbrukarar i samband med energimerking av enkelte produkt, og oppfordrar departementet til å halde fram arbeidet med dette.
Forbrukarrådet uttaler at energimerking er ein av dei best fungerande miljøinformasjonsordningar vi har per i dag, der forbrukarundersøkingar viser at rundt 85 % av europeiske forbrukarar ser på energieffektivitetsetikettar når dei kjøper produkt. Forbrukarrådet er positivt til gjeninnføring av den enklare skalaen frå A til G, og viser til at bruken av teikn og plussar på skalaen har medverka til å tilsløre betydelege skilnader i energiprestasjon. Forbrukarrådet meiner samtidig at det er uheldig med ein lang overgangsperiode mellom ny og gammal skala. Forbrukarrådet peiker på behovet for forbrukarinformasjonskampanjar for å sikre at forbrukarane forstår dei fornya skalaene og skilnader mellom forskjellige produktgrupper.
Forbrukarrådet er positivt til ny produktdatabase, men påpeiker at den offentlege delen av databasen bør vere lett tilgjengeleg og mogleg å søke i for forbrukarar, slik at det er mogleg å samanlikne produkt. Forbrukarrådet meiner det er viktig at det blir sett av tilstrekkelege ressursar til tilsyn med regelverket for å sikre tilliten til systemet, og at det er viktig med auka samarbeid mellom tilsynsmyndigheiter i ulike medlemsland. Forbrukarrådet meiner at Noreg bør arbeide for fornying av testmetodar for å bestemme energiforbruk, slik at desse samsvarer betre med verkelege forbruksforhold. Ved ei eventuell seinare revidering av forordninga, tilrår Forbrukarrådet at krav til merking også omfattar høve til reparasjonar, for å fremje sirkulærøkonomi.