Tilråding
Olje- og energidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og vedtak om samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga) i samsvar med eit vedlagt forslag.