5 Gjennomføring av forordninga
5.1 Gjeldande rett
Formålet med forbrukermerkeloven er å leggje til rette for bedømming og val av varer og tenester, jf. § 1. I forbrukermerkeloven §§ 3 og 4 er det gitt heimel til å fastsetje krav om merking av varer. Med heimel i desse føresegnene og delegeringsvedtak av 17. februar 2011 har NVE fastsett krav om energimerking i energimerkeforskrifta for produkt. Produkt er i denne samanhengen forstått som synonymt med omgrepet varer som er nytta i lovføresegnene. Energimerkeforskrifta for produkt gjennomfører energimerkedirektivet 2010/30/EU i norsk rett.
Dei enkelte produktspesifikke forordningane som er vedtekne i EU med heimel i direktivet er tekne inn i EØS-avtala gjennom eigne vedtak i EØS-komiteen. Ved tilvisingar i energimerkeforskrifta for produkt §§ 12 til 26 er forordningane om energimerking av følgjande produkt gjennomført i Noreg: Oppvaskmaskiner til hushaldsbruk, kjøleinnretningar til hushaldsbruk, vaskemaskiner til hushaldsbruk, fjernsyn, klimaanlegg, tørketromlar, elektriske lamper og lysarmatur, støvsugarar, ventilasjonsaggregat til bustader, varmeomnar (fastbrensel, gass, olje), kjelar for fast brensel og pakkar med ein kjel for fast brensel, supplerande varmeanlegg, temperaturregulatorar og solvarmeinnretningar, kjøleskap og fryseskap til yrkesbruk, anlegg for oppvarming av rom, anlegg for kombinert oppvarming av rom og tappevatn, og pakkar med slike anlegg, temperaturregulator og solvarmeinnretning, trykkvarmarar, vassvarmarar og pakkar med trykkvarmarar og solvarmeinnretning, steikeomnar og avtrekkshetter til hushaldsbruk.
Energirelaterte produkt som er omfatta av energimerkeforskrifta for produkt kan ikkje omsetjast eller takast i bruk i næringsverksemd, med mindre krava i forskrifta er oppfylte. Krava går ut på å forsyne produkta med etikett og datablad. Det er forbode med villeiande merking, og det skal visast til energieffektivitetsklasse i reklame som inneheld energi- eller prisrelaterte opplysningar, og i teknisk salsmateriell.
Energimerkeforskrifta for produkt oppstiller detaljerte krav til leverandørar og forhandlarar i §§ 9 og 10, og krava er utdjupa og presiserte i dei produktspesifikke forordningane. Forordningane regulerer blant anna korleis etikettane for dei enkelte produkttypane skal sjå ut, korleis dei skal visast og kva slag opplysningar som skal gå fram av produktdatablada. Krava varierer frå produkttype til produkttype.
Det er i dag ikkje krav om at energimerkeetikettane eller informasjon om produkta må registrerast eller lagrast på ein bestemt måte. Leverandøren skal likevel, straks etter bestilling, kunne levere etikettar og produktdatablad til forhandlarar, og stille teknisk dokumentasjonsmateriale til rådvelde for NVE.
NVE er delegert myndigheit etter forbrukermerkeloven § 6 til å føre tilsyn med overhalding av energimerkereglar for produkt, jf. delegeringsvedtak av 22. desember 1995. Tilsynsmyndigheita er vidare utdjupa i energimerkeforskrifta for produkt § 27. Etter forbrukermerkeloven § 7 har NVE heimel til å påleggje retting ved brot på føresegner i eller i medhald av lova, og kan fastsetje tvangsmulkt for å sikre at påbod om retting blir overhalde. Sanksjonsføresegner er òg gitt i energimerkeforskrifta for produkt kapittel 4.
Regelverket om energimerking av produkt gjennomfører plikter etter EØS-avtalen, og gjeld derfor ikkje Svalbard og Jan Mayen.
5.2 Høyringsforslaget
Olje- og energidepartementet foreslo i høyringa at energimerkeforordninga blir gjennomført i norsk rett gjennom ei ny føresegn i forbrukermerkeloven. Det gir heimel for å gjennomføre dei pliktane for leverandørar og forhandlarar som følgjer av energimerkeforordninga. Forslaget vart òg grunngitt med at det ville gjere regelverket meir tilgjengeleg.
Olje- og energidepartementet foreslo å klargjere i forbrukermerkeloven at forordningar som blir vedtekne med heimel i energimerkeforordninga kan gjennomførast i norsk rett ved tilvising i forskrift. Dei produktspesifikke forordningane som er omtalte i punkt 5.1 er i dag gjennomførte ved ei rekkje tilvisingar i energimerkeforskrifta for produkt. Departementet foreslo ein uttrykkeleg heimel for å gi slike forskrifter.
Etter forbrukermerkeloven § 5 er det forbode å importere, produsere, selje eller by fram til sal varer som ikkje er merkte i samsvar med forskrifter gitt med heimel i lova eller der merking inneheld urette opplysningar om vara. I høyringa foreslo departementet ei tilføying i § 5 første ledd, slik at forbodet også gjeld for produkt som skal merkast i samsvar med føresegner som følgjer av lova. Forslaget er ein konsekvens av at pliktene som følgjer av energimerkeforordninga vil gå fram av ny § 3 a i lova.
Departementet foreslo ei tilvising til ny § 3 a i føresegnene om lovbrotsgebyr og straff i forbrukermerkeloven §§ 10 og 11. Etter § 10 kan NVE eller Statens vegvesen påleggje lovbrotsgebyr ved forsettleg eller aktlaust brot på § 5, dersom det i den aktuelle forskrifta er fastsett at slikt brot kan medføre lovbrotsgebyr. Energimerkeforskrifta for produkt § 29 gir NVE heimel for å påleggje lovbrotsgebyr ved forsettleg eller aktlaust brot mot forskrifta §§ 4 til 10 eller føresegn i kapittel 3 i forskrifta. Etter forbrukermerkeloven § 11 kan den som forsettleg eller grovt aktlaust vesentleg bryt § 5 straffast med bøter, dersom det i den aktuelle forskrifta er fastsett at slikt brot er straffbart. I energimerkeforskrifta § 30 er det heimel for straff ved forsettleg eller grovt aktlaust brot mot lova § 5.
Nye plikter som følgjer av den nye forordninga er forbodet mot å bringe i omsetning eit produkt som er konstruert slik at ytinga automatisk blir endra under testing, plikta til å innhente samtykke frå kunden for å foreta oppdateringar av produktet dersom dette medfører at produktet får ein dårlegare energieffektivitetsklasse, og forhandlaren si plikt til å stille produktdatabladet til rådvelde for kundane i fysisk form på salsstaden etter oppmoding. Føresegnene om sanksjonar vil òg kunne takast i bruk dersom leverandørar bryt mot plikta til å registrere etikettar og opplysningar om produkt i produktdatabasen.
Som påpeikt i høyringsnotatet vil nødvendige endringar i energimerkeforskrifta for produkt måtte utgreiast og sendast på høyring mv. på ordinær måte.
5.3 Departementet si vurdering
Ingen av høyringsinstansane har komme med innspel til forslaget om å gjennomføre forordninga i lova. Departementet opprettheld forslaget om at energimerkeforordninga blir gjennomført i norsk rett ved ei tilvisingsføresegn i ny § 3 a første ledd i forbrukermerkeloven. Departementet opprettheld også forslaget om endring i forbrukermerkeloven § 5, slik at det er forbudt å importere, produsere, selge eller framby til salg varer som ikke er merket i samsvar med krav i loven.
Det var ikkje merknader til forslaget om ein ny heimel for å gjennomføre forordninger i medhald av energimerkeforordninga i forskrift. Departementet opprettheld dette forslaget som i høyringa. Slike forordningar, med seinare endringsforordningar, kan bli gjennomførte i norsk rett ved tilvising som blir teken inn i energimerkeforskrifta for produkt. Departementet opprettheld forslaget om eit nytt § 3 a andre ledd i forbrukermerkeloven, der kompetansen til å gi slike forskrifter går klart fram.
Det kom ikkje synspunkt i høyringa til forslaget til endring i forbrukermerkeloven §§ 10 og 11 om lovbrotsgebyr og straff. I staden for å foreslå endringar i desse føresegna, foreslår departementet eit tredje ledd i § 3 a, om at departementet kan gi forskrift om lovbrotsgebyr og straff ved brot på plikter som følgjer av energimerkeforordninga og forordningar i medhald av den. I forskriften kan det definerast nærmare kva slag brot som kan medføre lovbrotsgebyr og straff.
Departementet merker seg innspelet frå Energi Norge om å vere påpasseleg når det gjeld EU sin bruk av primærenergifaktor for elektrisitet, som kan skape uheldige signal overfor forbrukarar ved energimerking av enkelte produkt. Departementet viser samtidig til at energimerket er harmonisert i EØS, og at Noreg derfor ikkje kan ha ei særeigen berekning av energikarakter for produkt. Departementet er merksam på dei utfordringane med bruk av primærenergifaktor som Energi Norge påpeiker, og tek dette med seg i det vidare arbeidet med å påverke regelutviklinga i EU på best mogleg måte.
Når det gjeld innspelet frå Forbrukarrådet om å setje av ressursar til tilsyn med energimerkeordninga og om internasjonalt samarbeid, viser departementet til at NVE har tilsynet med energimerkeordninga i Noreg og samarbeider på nordisk og europeisk nivå. Etableringa av produktdatabasen vil lette tilsynet hos NVE.
Vidare er Forbrukarrådet oppteke av at produktdatabasen skal vere tilgjengeleg. Departementet viser her til at produktdatabasen er utvikla og blir halden ved like av Kommisjonen. Databasen skal vere eit verktøy for alle involverte grupper, under dette tilsynsmyndigheiter, leverandørar, forhandlarar og forbrukarar. Departementet er samd i at databasen bør vere lett tilgjengeleg og mogleg å søke i også for forbrukarar, slik at dei kan samanlikne produkt. Norske myndigheiter vil her kunne påverke den vidare utviklinga av regelverket for energimerking ved å delta på fagleg nivå i utarbeidinga av produktspesifikke forordningar som skal vedtakast i medhald av energimerkeforordninga. Aktørar som har innspel til eventuelle forbetringar i produktdatabasen kan vende seg til NVE, som har ansvaret for å koordinere arbeidet på norsk side, og kan ta opp saka i rette fora.
Forbrukarrådet er oppteke av at testmetodane for å bestemme energibruk skal vere betre i samsvar med verkelege forbruksforhold. Departementet viser til at dette er eitt av områda som NVE følgjer opp i dei faglege førebuingane av nye produktforordningar. Særleg gjeld dette produkt der Noreg kan ha avvikande forbruksforhold, som ved merking av varmepumper, der klima og temperatur kan vere av stor betydning.
Forbrukarrådet uttaler at ei eventuell seinare revidering av forordninga bør omfatte høve til reparasjonar for å fremje sirkulærøkonomi. Departementet viser til at Kommisjonen har varsla at sirkulærøkonomiaspekt som høve til reparasjonar skal vurderast i samband med revisjonar av produktspesifikke forordningar.
Departementet viser òg til at overgangsperioden mellom nytt og gammalt merke ikkje berre er noko som vil gjelde i Noreg, men også i EU. Departementet er samd i behovet for å drive eit godt informasjonsarbeid i samband med gjennomføring av den nye forordninga. I Noreg blir dette følgt opp av NVE, som har ansvaret for informasjon til leverandørar, forhandlarar og forbrukarar.