7 Merknader til dei enkelte føresegnene
Til ny § 3 a
Første ledd gjennomfører forordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU i norsk rett, jf. EØS-komiteens vedtak om dette. Rammeforordninga erstattar direktiv 2010/30/EU, som er gjennomført i norsk rett gjennom energimerkeforskrifta for produkt.
Andre ledd gir departementet heimel til å gi forskrift som gjennomførar produktspesifikke forordningar som blir vedtekne i medhald av forordning (EU) 2017/1369 i norsk rett og som er innlemma i EØS-avtala. Departementet legg opp til at myndigheita til å gi slike forskrifter kan delegerast til NVE.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om hvilke brot på forordning (EU) 2017/1369 og forordningar vedtekne i medhald av denne forordninga som kan medføre lovbrotsgebyr eller straffansvar. Brot på forordning (EU) 2017/1369 og forordningar som blir vedtekne i medhald av denne kan medføre lovbrotsgebyr eller straff etter §§ 10 og 11 der dette er bestemt i forskrift.
Til § 5
I første ledd blir det gjort ei tilføying slik at føresegna inneber eit forbod mot å importere, produsere, selje eller by fram til sal varer som ikkje er merkte i samsvar med krava som følgjer av lova. Når krava til energimerking ikkje lenger følgjer av forskrifter gitt i medhald av lova, men også av energimerkeforordninga slik den blir gjennomført i ny § 3 a første ledd i lova, er det nødvendig med ei regelteknisk justering i § 5.
Til § 6
I § 6 andre ledd vert tilvisinga til § 3 utvida til å gjelde § 3 a, slik at tilsynsmyndigheiter også kan føre tilsyn med krav som følgjer av ny § 3 a.
Til del II
Lovendringane skal gjennomføre EØS-rettslige plikter og Kongen bør kunne avgjere når lova skal ta til å gjelde.