3 EØS-komiteen sitt vedtak
Ved EØS-komiteen sitt vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019 vart energimerkeforordninga vedteken innlemma i EØS-avtala. Avgjerda i EØS-komiteen er teken med atterhald om Stortingets samtykke. Avgjerda inneber endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) i EØS-avtala, og inneheld ei fortale og fem artiklar.
I fortala er det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til EØS-avtala ved vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1 og 2 fastset at energimerkeforordninga skal erstatte punkt 4 i EØS-avtala vedlegg II kapittel IV og punkt 11 i vedlegg IV.
Artikkel 3 fastset at teksten i forordninga på islandsk og norsk, som skal kunngjerast i EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende, skal bli gyldige.
Artikkel 4 fastset at avgjerda tek til å gjelde 30. mars 2019 så framt EØS-komiteen har fått alle meldingar etter EØS-avtala sin artikkel 103 nr. 1.
Artikkel 5 presiserer at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.
I dag går krava til produktmerking fram dels av det generelle rammedirektivet, og dels av dei produktspesifikke forordningane. Med overgangen frå eit rammedirektiv til ei rammeforordning får EU-landa mindre valfridom i den lovtekniske gjennomføringa av rettsaktene. Samtidig blir regelverket gjort meir einsarta.
Det er nødvendig med lovendring for å sikre tilstrekkeleg heimelsgrunnlag for gjennomføring av dei nye pliktene som følgjer av energimerkeforordninga, og for å gjere regelverket meir tilgjengeleg. Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak er nødvendig i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.
I samsvar med EØS-avtala skal forordningar «som sådan» gjerast til del av norsk rett, jf. EØS-avtala artikkel 7. Departementet føreslår at forordninga blir gjennomført ved tilvising i lov. Som følgje av at forordninga blir teken inn i norsk rett gjennom ei tilvising i forbrukermerkeloven, vil det vere behov for endringar i energimerkeforskrifta for produkt. Departementet vil følgje opp dette på ordinær måte.