9 Språkleg harmonisering med statstilsettelova
Karantenelovutvalet skulle etter mandatet vurdere og eventuelt foreslå språklege endringar. Med tilvising til at mandatet var avgrensa og ikkje omfatta alle overgangane som blir regulerte av lova, og at karantenelova er ei relativt ny lov, gjorde ikkje Karantenelovutvalet ein fullstendig språkleg gjennomgang av lova. Utvalet tilrådde enkelte gjennomgåande endringar, slik at omgrepa «tilsettingsmyndighet» og «tilsetting» blir endra til «ansettelsesmyndighet» og «ansettelse». Endringane vil føre til at omgrepsbruken i karantenelova samsvarar med omgrepsbruken i statstilsettelova.
Departementet er einig med Karantenelovutvalet i at ei harmonisering av omgrepsbruken mellom karantenelova og statstilsettelova er formålstenleg, og foreslår derfor endringar i samsvar med forslaget frå utvalet. Det inneber at omgrepa «tilsetting» og «tilsettingsmyndighet» blir endra til «ansettelse» og «ansettelsesmyndighet» i §§ 13, 14, 15, 17, 18, 19 og 20 i kapittel 4 om overgang til stilling mv. utanfor statsforvaltninga for embetsmenn og statstilsette og i kapittel 5 om reaksjonar ved brot. Tilsvarande vil omgrepet «ansettelsesmyndigheten» bli brukt i ny § 21 om stans og tilbakekrevjing av godtgjering.