3 Kompetanse og kompetanseutvikling
I tillegg til kunnskapar om det framtidige behovet for lærarar vil eventuelle tiltak for å sikre rekruttering til læraryrket avhenge av kva kompetanse som allereie finst i skolen. Dette kapitlet gjer greie for kompetansenivået blant lærar med godkjend utdanning og drøftar kva fag det kan bli nødvendig å betre rekrutteringa til, og tek elles opp ulike aspekt ved overgangen frå utdanning til yrke. Kompetanseutvikling kan vere eit tiltak for å medverke til stabilitet i læraryrket; også behovet for etter- og vidareutdanning blir derfor behandla.
Situasjonen for lærarar utan godkjend utdanning er omtalt i avsnitt 2.1.
3.1 Lærarkompetansen generelt
Dei siste 15 åra har stadig fleire lærarar i grunnskolen fått meir omfattande utdanning. Gruppene med 2- eller 3-årig utdanning har minka. Årsakene er mellom anna at lengda på allmennlærarutdanninga er auka, først frå 2 til 3 år på slutten av 1970-talet, så frå 3 til 4 år på 1990-talet, og at mange lærarar har teke vidareutdanning. I same tidsperioden er den praktisk-pedagogiske utdanninga utvida frå 10 til 20 vekttal. Det store fleirtalet av lærarar har utdanning på minst adjunktnivå, dvs. minst fire år universitets- eller høgskoleutdanning.
I grunnskolen har såleis lærarar med godkjend bakgrunn ei meir omfattande utdanning enn tidlegare. Etter at faglærarar fekk utvida høve til å arbeide på mellomsteget og ungdomssteget i grunnskolen, har også dette medverka til å lette rekrutteringssituasjonen.
3.2 Lærarkompetansen i dei enkelte faga
Statens lærarkurs gjennomførte i 1994 kartleggingar av kva utdanning grunnskolelærarane har innanfor dei faga dei underviser i. I dei skriftlege faga på ungdomssteget hadde om lag 70 pst. av lærarane innanfor si samla lærarutdanning minst ei halvårseining (10 vekttal) i det faget dei underviste i. Lågast var talet i matematikk, der vel 60 pst. av lærarane hadde minst eit halvt års utdanning. Høgast var talet i engelsk, der nærmare 80 pst. av lærarane hadde minst eit halvt års utdanning. I dei munnlege faga var talet lågast i kristendomskunnskap, der om lag 35 pst. av lærarane hadde minst eit halvt års utdanning, høgast i forming og naturfag, der prosenttalet var nærmare 75.
Statistisk sentralbyrå har gjennomført ei spørjeundersøking som omfattar 2 681 grunnskolelærarar som skoleåret 1998-99 underviser i matematikk, natur- og miljøfag og tilvalsspråk. Undersøkinga viser at vel 35 pst. av dei lærarane som underviser i matematikk, har minst eit halvt års utdanning i faget, men over 40 pst. har mindre enn ei kvartårseining (5 vekttal). Om lag 40 pst. av dei lærarane som underviser i natur- og miljøfag, har minst eit halvt års utdanning i faget; 43 pst. har mindre enn 5 vekttal.
Lærarar som underviser på ungdomssteget, har gjennomgåande høgare utdanning i faga dei underviser i enn lærarar på barnesteget. 34 pst. av dei lærarane som underviser i matematikk, har eit halvt år eller meir utdanning i faget; av desse har 17 pst. eitt års utdanning (20 vekttal). Tilsvarande har 42 pst. av dei som underviser i natur- og miljøfag minst eit halvt års utdanning i dette faget. Dei fleste som underviser i tilvalsspråka tysk og fransk, respektive 77 og 78 pst., har eitt års utdanning eller meir i faget. I tysk er det slik at dei yngre lærarane gjennomgåande har mindre utdanning enn dei eldre, i fransk er det motsett. I realfaga har ein større del av dei eldre enn av dei yngre eitt års utdanning eller meir. Samtidig har færre av dei yngre enn av dei eldre mindre enn eit kvart års utdanning i sine fag.
I den vidaregåande skolen er det i dag generelt ikkje noko rekrutteringsproblem til lærarstillingar, mellom anna fordi det heilt sidan 1992 har vore ein viss reduksjon i elevtalet. Det heng også saman med at ein del av dei som tek treårig vidaregåande yrkesfagleg opplæring, fullfører denne som lærlingar ute i arbeidslivet.
Ei undersøking frå FAFO (1999) viser at fire av fem lærarar gir utrykk for at dei har behov for opplæring i å bruke informasjons- og kommunikasjonsteknologi som pedagogisk hjelpemiddel. Tilstandsrapportane frå statens utdanningskontor våren 1999 tyder også på at informasjons- og kommunikasjonsteknologien er eit viktig utviklingsområde. Dei fleste utdanningskontora gir støtte til prosjekt der målet er å utvikle bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi slik at han støttar læringsarbeidet i faga. Fleire kontor peiker også på at det er nødvendig å sjå på organiseringa og arbeidsmåtane i opplæringa i høve til denne nye reiskapen.
3.4 Innhaldet i lærarutdanninga
Stortinget har behandla Innst. S. nr. 285 (1996-97) strukturen og innhaldet i lærarutdanninga, jf. St.meld. nr. 48 (1996-97) Om lærarutdanning. På bakgrunn av dei prinsipp og retningslinjer om oppbygging, organisering og innhald som her vart drøfta, har departementet fastsett rammeplanar for allmennlærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og faglærarutdanningar. I St.meld. nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål har departementet sagt at ein vil vurdere ei systematisk oppfølging av erfaringane med arbeidet i samsvar med det nye planverket, og særleg ha teori- og praksisdimensjonen for auge.
Departementet har gitt fyldig omtale og vurdering av lærarutdanninga i St.meld. nr. 36 (1998-99) Om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning.
I St.meld. nr. 25 (1998-99) Morsmålsopplæring i grunnskolen peiker departementet på behovet for å ha godt kvalifiserte morsmålslærarar, som i tillegg til å vere ein viktig ressurs for skolen, har sentrale oppgåver i kontakten med heimane. I Innst. S. nr. 110 (1998-99) gir komiteen mellom anna uttrykk for at det må setjast inn tiltak slik at dei som har «lærerutdanning fra andre land lettere kan få godkjent sin kompetanse». Vidare ventar komiteen at det blir lagt til rette for at morsmålslærarane får ta etterutdanning. Det blir særleg peikt på at situasjonen i Oslo er spesiell, med ei stor og ueinsarta gruppe barn med ulik kulturell og språkleg bakgrunn.
3.5 Omfanget av etter- og vidareutdanninga
For å setje lærarane betre i stand til å ta læreplanverka for den 10-årige grunnskolen (L97 og L97 Samisk) i bruk, blir det i perioden 1996-2000 gjennomført eit nasjonalt program for kompetanseutvikling. Tilnærma alle lærarar og skoleleiarar tek del i dette. Det er nytta om lag 200 mill. kroner årleg til etterutdanning for lærarar dei tre siste åra.
Som ledd i gjennomføringa av Reform 94 vart det i perioden 1993 til 1998 gjennomført eit omfattande etterutdanningsprogram med i alt 58 800 kursdeltakarar. Både lærarar og skoleleiarar har teke del i dette programmet. Departementet sine vurderingar og prinsippa for vidareføring er gitt i St.meld. nr. 32 (1998-99).
Ei undersøking frå FAFO (1999) viser at det gjennomsnittlege omfanget av etter- og vidareutdanning for dei tilsette i skolen er 69 timar per år. Tilsette i små skolar har meir etter- og vidareutdanning enn tilsette i store skolar. Det er også forskjellar mellom skoleslaga. Lærarar i grunnskolen tek del i om lag 72 timar i året; lærarar i den vidaregåande skolen i om lag 56 timar. I dei statlege verksemdene er den gjennomsnittlege tida til etter- og vidareutdanning 102 timar eller bortimot 14 arbeidsdagar i året.
For lærarane og skoleleiarane varierer omfanget av etter- og vidareutdanning noko med alderen. Dei eldste nyttar seg minst av etter- og vidareutdanningstilboda. Gruppa 35-49 år nyttar tilboda mest. Same tendensen var det innanfor dei statlege verksemdene som var med i undersøkinga. Kvinner tek noko meir etter- og vidareutdanning enn menn. Dei som arbeider heiltid, tek del meir enn dei som arbeider deltid.
Av dei som har teke del i etter- og vidareutdanning, oppgir eit fleirtal at utdanninga har ført til at dei i større grad greier arbeidet og/eller at dei har lært å utføre nye arbeidsoppgåver. I underkant av 70 pst. av lærarane uttaler at det siste opplæringstiltaket dei tok del i, har medverka til personleg utvikling. 70 pst. av lærarane uttaler at stort arbeidspress er til hinder for å ta del i etter- og vidareutdanning. Like mange oppgir at det er vanskeleg å få økonomisk støtte til opplæringstiltak.
Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (1999) viser at meir enn halvparten av dei tilsette i skoleverket meiner at vilkåra for etter- og vidareutdanning er dårlege eller svært dårlege. Tilsette i skoleverket uttaler i større mon enn andre yrkesgrupper at høvet til fagleg utvikling er dårleg eller svært dårleg.
Skoleleiarane har same tilbod om kompetanseutvikling som undervisningspersonalet. FAFO-undersøkinga (1999) viser at skoleleiarane tek meir del i etterutdanning enn lærarane, noko det også blir vist i tilstandsrapportane frå utdanningskontora.
Det er i dag varierte tilbod om opplæring i leiing ved utdanningsinstitusjonane. Universitetet i Oslo har mellom anna eit 30-vekttalsstudium delt inn i tre einingar på 10 vekttal kvar. Utdanninga er nært knytt til praktisk arbeid i skolen. Enkelte høgskolar utviklar modular for skoleleiing i tråd med det kommunane treng.
Skoleleiarane har også tilbod om leiarutvikling etter eit spesielt program (LUIS) utarbeidd av departementet i samarbeid med universitet og høgskolar. Skoleleiarane kan dessutan ta del i det leiarutviklingsprogrammet Kommunenes Sentralforbund har for sine leiarar. I tillegg til dette er skoleleiarane ei viktig målgruppe for det kompetanseutviklingsprogrammet som skal setjast i gang etter stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov, jf. Innst. S. nr. 228 (1997-98). Skoleleiarane kan også gjere seg nytte av dei same fagtilboda om kompetanseheving som undervisningspersonalet får.
3.6 Vurderingar
Innanfor realfaga kan rekrutteringssituasjonen synast så vanskeleg at det må setjast inn snarlege tiltak i både grunnskole og vidaregåande opplæring.
I grunnskolen er det nødvendig å følgje situasjonen både på barnesteget og på ungdomssteget. Departementet er ikkje tilfreds med at så mange av lærarane i matematikk og natur- og miljøfag på barnesteget manglar utdanning i desse faga, eller har mindre enn 10 vekttal. Særleg er dette urovekkjande sidan det er dei yngre lærarane som har dei svakaste fagkunnskapane. Dette er ei av årsakene til at det i den nye allmennlærarutdanninga frå hausten 1998 er blitt obligatorisk for alle studentane å ha minst 10 vekttal (eit halvt år) i faget matematikk i tillegg til faget natur, samfunn og miljø.
I vidaregåande opplæring er det særleg situasjonen for faga matematikk og fysikk som gir grunn til uro. Departementet har særleg merka seg dei svært låge tala på studentar i praktisk-pedagogisk utdanning som har fysikkbakgrunn. Det same gjeld rekrutteringa av lærarar med kompetanse i informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Rekrutteringsproblema for lærarar med realfag kan mellom anna komme av at kandidatar med slik utdanning får betre lønnsvilkår i andre yrke. Dersom lønnsnivået for realistar i skolen medverkar til den vanskelege rekrutteringssituasjonen, står dei lokale tilsetjingsmyndigheitene etter tariffoppgjeret 1. mai 1999 friare enn før til å konkurrere lønnsmessig om personale med særleg attraktiv kompetanse. Det er gjort greie for dei nye opningane for slike lønnstillegg i kap. 4.
Departementet er tilfreds med at lærarane på ungdomssteget får stadig betre kunnskapar i dei faga dei underviser i, og at ein no jamt over kan seie at dei har god fagleg bakgrunn. Det er likevel behov for større kompetanse i enkelte fag, særleg i realfaga.
I somme av dei tradisjonelle handverks- og industrifaga i vidaregåande opplæring er det visse rekrutteringsvanskar. Desse problema må analyserast nærmare.
Det er ei utfordring for lærarutdanningsinstitusjonane å ha god kontakt med skoleverket for å kunne gi utdanning som er relevant i forhold til behova i skolen. Ikkje minst gjeld dette informasjons- og kommunikasjonsteknologi som pedagogisk hjelpemiddel. Lærarutdanningsinstitusjonane må vere med og støtte opp under og vidareutvikle bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i opplæringa.
Innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologien er det viktig at lærarar og skoleleiarar får oppdatering, slik at dei kan nytte nye reiskapar på ein måte som tener opplæringa. Opplæring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi er no obligatorisk i alle fag i allmennlærarutdanninga, men det vil enno ta nokre år før dei nyutdanna lærarane er så mange i skolen at dette tiltaket gir større utslag. Leiinga på dei skolane dei nyutdanna kjem til, må leggje til rette for at den kompetansen dei nyutdanna har med seg, kan styrkje den samla kompetansen i kollegiet.
Det kjem no i gang utviklingsarbeid om korleis ein nyttar informasjons- og kommunikasjonsteknologien i pedagogisk samanheng. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien opnar for nye arbeidsmåtar og høve til utvikling, og vil kunne gi spennande utfordringar.
Det er skoleeigarane som har ansvaret for at lærarane ved ein skole har ein variert kompetanse som samsvarer med behova, og det er viktig at institusjonane utdannar lærarar med dei fagkombinasjonar og den faglege fordjuping som skoleverket har behov for. Dette behovet vil kunne variere over tid, til dømes som følgje av reformer i skoleverket, demografisk utvikling, endringar i val av fag i allmennlærarutdanninga, avgangen frå yrket og endringar i reglane for undervisningskompetanse i utdanningssystemet.
Skoleeigarane bør leggje til rette for fleksible ordningar som mellom anna gir lærarane høve til å skaffe seg kompetanse der skolen ser at det trengst styrking. Ei slik form for kompetanseutvikling kan til dømes vere knytt til hospitering i arbeids- og næringsliv. Slik kontakt vil også kunne knyte skole og nærmiljø tettare saman.
Nye rammeplanar vart innførte for å heve kvalitet og relevans i utdanninga i forhold til reformene i skoleverket. Det vil likevel ta fleire år før nye lærarar er utdanna etter dei nye planane.
Stortinget har gått inn for at den valfrie delen av allmennlærarutdanninga skal organiserast som anten 20 vekttal fritt val eller to 10-vekttalseiningar der den eine 10-vekttalseininga er styrt, i første omgang til engelsk, jf. St. meld. nr. 48 (1996-97) og Innst. S. nr. 284 (1996-97). Bakgrunnen for dette var mellom anna eit ønske om å styrkje engelskfaget i allmennlærarutdanninga.
Innføringa av eit slikt bunde val 4. studieåret har konsekvensar når det gjeld høgskolane sitt fagtilbod, særleg med tanke på ikkje-obligatoriske fag som samfunnsfag, praktiske og estetiske fag og naturfag. Eit bunde val har i tillegg verknader for institusjonane sine fagmiljø og studentar sine val. Konsekvensane av ordninga med styrt val 4. studieåret vil derfor bli følgde av departementet. Departementet vil også kartleggje kompetansen i engelsk til lærarane i grunnskolen. Ut frå ei slik kartlegging vil departementet vurdere om Noregsnettrådet ved Statens lærarkurs skal prioritere engelskfaget ved tildeling av midlar til etter- og vidareutdanning. Det er viktig at høgskolane held oppe eit fagtilbod i engelsk, både i den valfrie delen av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod.
Departementet ser det som avgjerande at lærarutdanningsinstitusjonane også gjennom lokale fagplanar legg til rette for ei utdanning som er i samsvar med behova i skolen.
Førskolelærarutdanninga kvalifiserer for arbeid i barnehagen og det første året i grunnskolen. Det er viktig at rammeplanen har heile dette feltet inne i perspektivet for utdanninga. Gjennom eitt års vidareutdanning innretta på arbeid på småskolesteget kan førskolelæraren tilsetjast for arbeid på heile dette steget. Det er naturleg at allmenn- og førskolelærarutdanninga samarbeider både om utdanning og utviklingsarbeid på dette steget. Alle lærarutdanningsinstitusjonar gir tilbod om relevant vidareutdanning. Det er også lagt til rette for at tilbod blir gitt desentralisert og som fjernundervisning.
Vidareutdanning for lærarar er viktig, både for å styrkje den faglege kompetansen i lærarkollegia og for å tilfredsstille den enkelte læraren sine ønske om vidare kvalifisering. I samband med gjennomføringa av Reform 94 og Reform 97 har det vore gjennomført omfattande etterutdanningsopplegg. Departementet har merka seg at dei fleste meiner å ha både fagleg og personleg utbytte av å ta del i desse opplegga.
FAFO-undersøkingane viser at det gjennomsnittlege omfanget av etter- og vidareutdanning for tilsette i skoleverket er mindre enn i statlege verksemder som var med i undersøkingane. Det er mogleg at noko av forskjellen kan forklarast med at undervisningspersonalet i skoleverket har 5 dagar til kompetansetiltak som del av arbeidstidsavtalen.
Vidare registrerer departementet at undersøkinga stadfestar rapporteringa frå kommunane om at skoleleiarar tek meir del i etterutdanning enn lærarar, og at det er store forskjellar i deltaking mellom kommunar, mellom fylkeskommunar og mellom skolar. Departementet tek sikte på å føre vidare dei statlege midlane til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar.
Departementet legg vekt på at det skal finnast tilbod om vidareutdanning som deltidsstudium, desentrale og modulorganiserte, slik at lærarar kan få høve til å utvide kompetansen. Mellom anna er det viktig at lærarar som underviser språklege minoritetar, har kompetanse for å takle dei særskilde utfordringane som ein slik undervisningssituasjon inneheld.
Det er viktig for rekrutteringa til skoleverket og for å halde på lærarane at dei jamleg får høve til tilstrekkeleg fagleg og pedagogisk oppdatering. Ansvaret for dette må delast mellom skoleeigarane og staten. Det er viktig at kommunane, fylkeskommunane og skolane utarbeider eigne opplæringsplanar. Iverksetjinga av den planlagde kompetansereforma vil ha stor innverknad på dette området i åra framover.
I samband med interpellasjonsdebatt 15. april 1999 gjorde Stortinget dette vektaket:
«Stortinget ber Regjeringen om snarest å utarbeide og iverksette retningslinjer for et forkortet utdanningsløp basert på videregående skole og realkompetanse for ufaglærte lærere og lærer-/skoleassistenter. Utdanningsløpet skal lede fram til eksamen som gir formell kompetanse som faglært lærer. Det skal gis mulighet for å ta utdanningen som deltidsstudium, ved siden av jobb.»
Bakgrunnen for forslaget var eit ønske om å gi førskolelærarar betre høve til å arbeide i grunnskolen. Departementet vil påpeike at det i forskrift til opplæringslova § 14-30 e er fastsett at førskolelærarar som tek eitt års relevant vidareutdanning, kan tilsetjast på småskoletrinnet, jf. Innst. O. nr. 56 (1995-96). Der er òg fastsett at førskolelærarar som har 10 vekttal relevant utdanning, kan tilsetjast dersom dei innan 5 år tek ytterlegare 10 vekttal utdanning innretta på undervisning på småskoletrinnet. Denne forskriftsparagrafen imøtekjem såleis den problemstillinga som vart framheva i stortingsdebatten.
Mjøsutvalet avleverte 19. april 1999 NOU 1999: 17 Realkompetanse i høgre utdanning. Her blir mellom anna dokumentasjon av realkompetanse og etablering av avkorta og tilpassa studieløp i høgre utdanning vurdert. Utgreiinga har vore på ein omfattande høringsrunde, og departementet vil i løpet av hausten 1999 oppsummere høringsfråsegnene og deretter vurdere ulike løysingar. Departementet vil derfor vurdere retningslinjer for eit forkorta utdanningsløp for ufaglærte lærarar i samanheng med dette arbeidet. Departementet vil særleg vurdere om personar som har undervist i lang tid i skolen utan å ha formell pedagogisk kompetanse, kan ta avkorta praktisk-pedagogisk utdanning med utgangspunkt i den realkompetansen dei har.