5 Tiltak for rekruttering og stabilitet
Med utgangspunkt i dei føregåande kapitla legg departementet fram ei oversikt over tiltak. Tiltaka er presenterte etter område.
5.1 Lærarbehovet i grunnskolen og den vidaregåande skolen
5.1.1 Utdanningskapasiteten
Den noverande utdanningskapasiteten vil samla sett truleg dekkje behovet i skolen nasjonalt fram til år 2010, men det er regionale forskjellar og manglar på visse fagområde.
Omdisponering av kapasitet mellom lærarutdanningane kan bli nødvendig.
Kompetansereforma vil innverke på behovet for lærarar, både fordi fleire vaksne vil ta grunnskole og vidaregåande opplæring og fordi det kan ventast at fleire lærarar vil ta etter- og vidareutdanning. Kompetansereforma kan også føre til at det frå næringslivet blir større etterspørsel etter lærarar frå skoleverket til opplæringstiltak i bedriftene.
Departementet vil derfor
halde utdanningskapasiteten for lærarutdanning på om lag same nivå som i 1999
omdisponere kapasitet mellom dei ulike lærarutdanningane og vurdere omdisponering mellom institusjonane i samband med dei årlege budsjettframlegga
føre vidare samarbeidet med Statistisk sentralbyrå om analysar for å følgje nøye med i utviklinga i tilbod og etterspørsel i åra framover, slik at oppdaterte vurderingar kan leggjast til grunn for arbeidet med dei årlege budsjettframlegga
5.1.2 Lærarar utan godkjend utdanning
Talet på lærarar utan godkjend utdanning er for høgt. Det er behov for tilleggskvalifisering for tilsette som manglar praktisk-pedagogisk utdanning eller fagutdanning for å ha fullverdig kompetanse.
Departementet vil derfor
arbeide for god regional fordeling av tilbodet om praktisk-pedagogisk utdanning
vurdere om personar som har undervist i skolen i lang tid utan å ha gjennomgått praktisk-pedagogisk utdanning, kan ta avkorta utdanning med utgangspunkt i den realkompetansen dei har
vidareføre satsinga på desentralisert lærarutdanning
vurdere om ordninga for godkjenning av utanlandsk lærarutdanning kan forenklast ytterlegare
5.2 Lærarkompetanse
5.2.1 Lærarane sin kompetanse i enkelte fag
Det er urovekkjande at mange lærarar i realfag manglar utdanning i desse faga eller har mindre enn 10 vekttal. Dei yngste lærarane har dei svakaste fagkunnskapane. Rekrutteringssituasjonen dei nærmaste åra kan bli svært vanskeleg innanfor realfaga.
Det er visse rekrutteringsvanskar i somme av dei tradisjonelle handverks- og industrifaga.
Departementet vil derfor
sjå på kva som kan gjerast for å rekruttere hovudfagskandidatar i matematikk og fysikk til praktisk-pedagogisk utdanning
etablere dei første studieplassane i yrkesfaglærarutdanninga frå år 2000
opne for faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag ved ytterlegare nokre høgskolar
setje ned ei arbeidsgruppe for å vurdere lærarrekrutteringa i faga matematikk, fysikk og informasjons- og kommunikasjonsteknologi
leggje til rette for at statens utdanningskontor i styringsdialogen med kommunane og fylkeskommunane tek opp situasjonen for realfaga
5.2.2 Lærarane sin kompetanse i informasjons- og kommunikasjonsteknologi
Mange lærarar har behov for opplæring i å bruke informasjons- og kommunikasjonsteknologien som pedagogisk hjelpemiddel. Opplæring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi er no obligatorisk i alle fag i allmennlærarutdanninga, men det vil enno ta nokre år før dei nyutdanna lærarane er så mange i skolen at dette tiltaket gir noko større utslag.
Departementet vil derfor
gjennom tilskott medverke til å vidareutvikle informasjons- og kommunikasjonsteknologikompetansen ved lærarutdanningsinstitusjonane
løyve midlar til eit etterutdanningsprogram for det vitskaplege personalet innanfor allmenn- og faglærarutdanninga og den praktisk-pedagogiske utdanninga
5.2.3 Overgangen frå utdanning til yrke
Ein del nyutdanna lærarar gir uttrykk for at dei opplever utfordringar og problem som dei ikkje er tilstrekkeleg førebudde på når dei kjem ut i arbeid. Dette kan til dømes komme av at oppfølginga frå skoleeigaren ikkje er god nok eller at utdanninga ikkje har makta å førebu tilstrekkeleg for yrkesutøvinga.
Departementet vil derfor
leggje til rette for at høgskolane i Oslo og Nesna kan organisere oppfølgingstilbod for nyutdanna lærarar
vurdere ei prøveordning med eit praksisår før studentar vel fag til fjerde året i allmennlærarutdanninga
følgje med i dei erfaringane som blir gjorde i pilotprosjekt om det første arbeidsåret for nyutdanna lærarar
5.3 Kompetanseutvikling
5.3.1 Lærarane
Lærarane har ein type arbeid som gjer jamleg oppdatering nødvendig både fagleg og pedagogisk. Derfor må det leggjast til rette for fleksible etter- og vidareutdanningstilbod som kan vareta behova i skoleverket.
Både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring har den grunnleggjande kompetansen i informasjons- og kommunikasjonsteknologi hos lærarane auka. Det er likevel stort behov for kompetanseutvikling, særleg i bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i opplæringa.
Departementet vil derfor
føre vidare og auke midlane til kompetanseutvikling etter Reform 94 og 97
nytte 45 millionar kroner til kompetanseutvikling i bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i opplæringa
nytte 50 millionar kroner til fleksible permisjonsordningar som opnar for at lærarar kan fordjupe seg i fag og område der skolen treng kompetanse, og gi lærarar med rådgivingsoppgåver høve til å hospitere i det lokale arbeids- og næringslivet
utarbeide ein plan for informasjons- og kommunikasjonsteknologi i utdanninga (2000-2003)
føre vidare satsinga på etter- og vidareutdanning i realfag, finansiert av Noregsnettrådet ved Statens lærarkurs
forenkle forskrifta om lærarkompetanse
etablere eit ressurssenter for utvikling av den fleirkulturelle skolen, knytt til Høgskolen i Oslo
leggje til rette for tilbod om etter- og vidareutdanning i vaksenpedagogikk, finansiert av Noregsnettrådet ved Statens lærarkurs
5.3.2 Skoleleiarane
Skoleleiarane står overfor nye utfordringar og nye ansvarsområde når skolen er i stadig endring. Rekrutteringa til slike stillingar er ikkje god nok. Ei satsing på mellom anna kompetanseutvikling vil kunne styrkje rekrutteringa til skoleleiarstillingane.
Departementet vil derfor
revidere LUIS-programmet med vekt på skoleutvikling
innføre ein mastergrad i skoleleiing med vekt på skoleutvikling
samle inn og gjere kjende erfaringar med alternativ skoleleiing
setje ned ei arbeidsgruppe samansett av skoleleiarar, representantar frå Kommunenes Sentralforbund og lærarorganisajonane for å sjå nærmare på arbeidstilhøva for skoleleiarane
gi kommunar og fylkeskommunar som ønskjer det, tilbod om opplæring i avtaleverket
gi ut ei handbok om avtaleverket for skolen
5.4 Arbeidsforhold
5.4.1 Arbeidsmiljø
Det er dei lokale skoleeigarane som har ansvaret for skoleanlegg, personalpolitikk og lærarane sitt arbeidsmiljø. Mange lærarar opplever større arbeidspress enn arbeidstakarar i andre yrke, samtidig som lærarane har større fridom til å disponere delar av arbeidstida. Den kvinnelege delen av lærargruppa er stor, og veks i alle skoleslag. Det er også stor overvekt av kvinner blant søkjarane til førskolelærar- og allmennlærarutdanning.
Mange eldre lærarar gir uttrykk for at dei er slitne, og at dei opplever arbeidssituasjonen sin som meir krevjande enn tidlegare.
Det er etablert eit samarbeidsorgan for å vurdere og utvikle arbeidsmiljøet i skolen, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund og lærarorganisasjonane.
Departementet vil derfor
styrkje rettleiinga til skoleeigarane om korleis ein skal få tenlege og framtidsretta skoleanlegg også med tanke på lærarane sitt arbeidsmiljø
ta initiativ til at Statistisk sentralbyrå i si neste store levekårsundersøking i 2001 også gjennomfører ei brei kartlegging av lærarane sitt arbeidsmiljø, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund.
saman med Sosial- og helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og skoleeigarane arbeide for at sentrale lover og reglar som gjeld arbeidsmiljø, blir følgde opp i skoleverket.
sikre at utdanningskontora følgjer med i utviklinga av lærarane sitt arbeidsmiljø og gjer greie for situasjonen i dei kommande tilstandsrapportane
saman med skoleeigarane ta initiativ til å utvikle ein seniorpolitikk som del av den samla arbeidsgivarpolitikken
5.4.2 Lønns- og arbeidsvilkår
Lønns- og arbeidsvilkår er eitt av fleire tilhøve som har innverknad på rekrutteringa til læraryrket. Departementet meiner at eit meir fleksibelt avtaleverk tilpassa lokale tilhøve vil kunne gjere skolen til ein meir attraktiv arbeidsplass. Ein må derfor sjå nærmare på korleis lønnssystemet for lærarar og skoleleiarar blir praktisert.
Etter 1. mai 1999 er det opna for større fridom når det gjeld lønnsplasseringa av lærarar. Dette gir kommunane høve til å gi lokale lønnstillegg for å rekruttere og halde på lærarar innanfor fagområde eller i geografiske område der situasjonen til no har vore vanskeleg.
Graden av omstilling og fleksibilitet i skolen heng saman med korleis avtaleverket er innretta.
Departementet vil derfor
gå inn for ytterlegare forenklingar i avtaleverket som gjeld skolen
ta initiativ til å setje ned utval som skal utgreie ordningar som gir rom for lokal lønnsdanning tilpassa lokale tilhøve og sjå nærmare på meir fleksible arbeidstidsordningar
gjennomføre informasjonstiltak om avtaleverket slik det er - og blir - utforma mellom partane i arbeidslivet
leggje til rette for dialog med arbeidstakarorganisasjonane om viktige rekrutteringstiltak
5.5 Utviklingsarbeid og forsøk
Lærarane si oppleving av arbeidspress og arbeidsmengd kan ha samanheng med den organisatoriske tilrettelegginga ved den enkelte skolen.
Utviklinga i samfunnet har medført behov for fleire vaksne i skolen. Større vaksentettleik kan dekkje elevbehov samtidig som det kan lette arbeidspresset på lærarane. Ei god arbeidsdeling mellom yrkesgrupper kan vere éin veg å gå for å oppnå dette; innsatsen i form av lærartimar ein annan. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien kan samtidig opne for nye moglegheiter når det gjeld organiserings- og arbeidsformene.
Departementet vil derfor
nytte 35 mill. kroner til forsking, forsøk og utvikling av informasjons- og kommunikasjonsteknologi som pedagogisk hjelpemiddel i opplæringa
nytte 20 mill. kroner til utvikling og utprøving av elektroniske læremiddel og utdanningstilbod over Internett
nytte 25 mill. kroner til forsøk for å vidareutvikle lærarrolla og prøve ut ordningar med andre yrkesgrupper i skolen
nytte 14 mill. kroner til forsøk med ulike modellar for tildeling av lærartimar til ungdomstrinnet, mellom anna for å styrkje lærartimetalet i store klassar
vidareutvikle Skolenettet og andre virtuelle møteplassar og læringsarenaer
medverke til at lærarar, skoleleiarar og anna personale får høve til å vidareutvikle kompetansen ved å ta del i lokalt forsøks- og utviklingsarbeid
oppmuntre til at det lokalt blir prøvd ut alternative organiseringsmåtar innanfor dei utviklingsprosjekta for grunnskole og vidaregåande opplæring som skal setjast i verk
følgje opp resultata frå eit seniorpolitisk prosjekt som fire fylkeskommunar har sett i verk
Boks 5.1 Andre yrkesgrupper i skolen
På Gran skole i Oslo har 70 pst. av elevane innvandrarbakgrunn. Skolen har måtta tenkje nytt for å skape eit godt lærings- og oppvekstmiljø. I tillegg til lærarane består skolens pedagogiske personale av 1 konfliktmeklar, 1 dansepedagog, 1 korpsdirigent og 2 leikleiarar. Av dei tilsette har ca. 16 pst. innvandrarbakgrunn; dette gir elevane positive førebilete dei kan identifisere seg med.
Boks 5.2 Andre yrkesgrupper i skolen
Ved tre vidaregåande skolar i Buskerud er det sett i gang eit prøveprosjekt med miljøterapeutar i skolen. Miljøterapeutane skal drive oppsøkjande verksemd i skolemiljøet. Dei har fått ei sentral rolle i skolekvardagen for mange elevar. Fylkeskommunen finansierer dette treårige prosjektet.
Boks 5.3 Andre yrkesgrupper i skolen
«Aktivt skolesamfunn» er eit prøveprosjekt på alle ungdomsskolar i Oppegård kommune. Det er oppretta eit miljøteam som har til oppgåve å setje i gang tiltak for ungdom og drive foreldrerettleiing på 8. klassetrinn.
FAU ved en av skolane har konkludert med at «...prosjektet har synlig positiv effekt på elevene og skolemiljøet».
Boks 5.4 Alternativ skoleorganisering
Hausten 1999 starta Hå kommune eit omfattande forsøk med alternativ skoleorganisering. Forsøket omfattar sju skolar, kvar skole prøver ulike ordningar innan eitt eller fleire område:
alternativ skoleleiing (inspektørar blir erstatta av lærarar med utvida ansvarsområde)
alternativ organisering av arbeidstid (lærarane er meir på skolen og meir saman med elevane)
meir fleksibel arbeidstid (undervisningstida kan i større grad enn vanleg variere i løpet av skoleåret)
Slike former for organisering krev at kommunen inngår forsøksavtale for kvar enkelt skole. Forsøksavtaler skal først godkjennast av partane lokalt, deretter sentralt av Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet og dei lærarorganisasjonane som har medlemmer i kommunen.
5.6 Andre tiltak
Departementet vil
gi alle ungdomsskolar 10 000 kroner til å dekkje kostnader ved å bruke Internett.
vurdere å fremje ein odelstingsproposisjon for å endre § 8-4 i opplæringslova, som seier at det skal vere to pedagogar i 1. klasse/førskolen når elevtalet er over 18. Ved å frigjere den eine pedagogen vil ein kunne omdisponere ressursen til anna personale, til dømes to assistentar
i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund vurdere tiltak for å oppmuntre lærarutdanna personar som har forlate skolen, til igjen å søkje arbeid der
saman med lærarstudentorganisasjonene sjå på kva som kan gjerast for å motivere ungdom, og særskilt menn, til å ta lærarutdanning
følgje opp utgreiinga om samisk lærarutdanning i samarbeid med Sametinget
5.7 Iverksetjing
Somme av tiltaka vil bli sette i verk allereie i 1999; dei fleste vil komme i gang i år 2000. Samarbeidet mellom departementet, Kommunenes Sentralforbund og Statistisk sentralbyrå om kartlegging av arbeidsforholda i skolen vil bli sett i gang i 2001.