St.meld. nr. 12 (1999-2000)

... og yrke skal båten bera ...

Til innhaldsliste

4 Sentrale sider ved arbeidsforholda for lærarane

Arbeidsforholda har innverknad på rekrutteringa til og stabiliteten i læraryrket. I dette kapitlet er det gjort greie for ulike aspekt ved arbeidssituasjonen, som til dømes arbeidsmiljøet, organiseringa av arbeidet, stillingsstrukturen i skoleverket og lønnssystemet.

4.1 Vurdering av eigen arbeidssituasjon

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (1996) viser at tilsette i skoleverket meir enn andre grupper gir uttrykk for at dei opplever stort arbeidspress. Nær alle lærarane gir uttrykk for at dei opplever arbeidsmengda som tyngjande. Dette talet er noko høgare enn for dei andre gruppene i undersøkinga.

Det går fram av undersøkinga at tilsette i skoleverket opplever at dei har stor fridom til sjølve å leggje opp arbeidet. På spørsmål om det er mogleg for dei sjølve å bestemme korleis arbeidet skal gjerast, svarer fire av fem at dei i høg grad kan bestemme dette sjølve. Tilsette i skoleverket er meir tilfredse enn andre yrkesgrupper på dette området.

Statistisk sentralbyrå si undersøking viser også at ni av ti tilsette i skoleverket er svært tilfredse eller ganske tilfredse med eigen arbeidssituasjon. Dette er om lag som for dei andre gruppene i undersøkinga. Tre firedelar av dei tilsette i skoleverket er svært eller ganske tilfredse med korleis eigen innsats blir verdsett. Den delen som seier seg svært tilfreds, er lågare enn hos dei andre yrkesgruppene.

Tilsette i skoleverket seier seg svært tilfredse med å få utnytta den dugleiken og dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom utdanning og arbeid. Materialet viser at lærarane er meir tilfredse på dette området enn andre yrkesgrupper.

4.2 Skoleanlegg, utstyr og læremiddel

I samband med at alderen for skolestart vart senka til seks år, er det løyvd om lag 5,25 milliardar kroner i kompensasjon for investeringskostnadene til nye skolebygg og ombygging. Tilstandsrapportane frå statens utdanningskontor for skoleåret 1997-98 viser at det i samanheng med Reform 97 er gjennomført ei generell opprusting av lokala i mange grunnskolar. Rapportane viser at arbeidsforholda er blitt betre for mange lærarar som følgje av nye rom, ny innreiing og tilrettelegging av arbeidsplassar.

I samband med Reform 94 har Stortinget i tillegg til fylkeskommunale midlar løyvd vel 700 mill. kroner øremerkte til utstyr og tilpassingar av lokale.

For å stimulere skoleeigarane til auka satsing på tenlege skoleanlegg har departementet innført ein årleg skolebyggpris som vart delt ut for første gong i 1998. Departementet har også etablert samarbeid med Kommunenes Sentralforbund og ulike faginstansar for å medverke til å betre kvaliteten på skoleanlegga.

Undersøkinga frå Statistisk sentralbyrå i 1996 viser at lærarar i høg grad synest skolelokala er bra eller svært bra når det gjeld dagslys, storleik og tilgjenge til spiserom. Nær halvparten meiner inneklimaet i skolane er dårleg.

Det går fram av tilstandsrapportane for 1997-98 at utdanningskontora har inntrykk av at dei fleste grunnskolane er godt rusta når det gjeld lærebøker. Dette blir stadfesta av oversikter over læreboksalet. Tilgangen på lærebøker i vidaregåande skole er no svært god. Reform 94 har medført stor forbetring når det gjeld læreboktilfanget. Dette gjeld særleg innanfor yrkesfaglege studieretningar, der tilstanden tidlegare var mangelfull (jf. St. meld. nr. 32 (1998-99)).

Undersøkingar som Statistisk sentralbyrå gjorde i 1997 og 1998, viser at utstyrssituasjonen når det gjeld informasjons- og kommunikasjonsteknologi i grunnskolen, er blitt betre. Det er likevel store forskjellar mellom kommunar og mellom skolar når det gjeld utstyr og infrastruktur. I 1997 var det i grunnskolen 22 elevar per maskin på barnesteget og 15 per maskin på ungdomssteget. Dei vidaregåande skolane er utstyrte med om lag ein maskin per 5 elevar.

Ei undersøking i regi av Nasjonalt læremiddelsenter i 1998 viser at 24 pst. av barneskolane, 57 pst. av ungdomsskolane og 90 pst. av dei vidaregåande skolane har tilgjenge til Internett. I alle skoleslaga er det likevel berre eit fåtal av dei vanlege elev-PCane som er knytte til Internett. Når det gjeld lærarane sin kompetanse i bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, sjå nærmare omtale i pkt. 5.2.2.

Nasjonalt læremiddelsenter gjennomførte i 1997 ei undersøking om skolebibliotek i grunnskolen som omfatta 1 000 skolar. Undersøkinga viser mellom anna at 90 pst. av skolane meiner dei har eit godt eller tilfredsstillande utval skjønnlitteratur. For fagbøker er tilsvarande tal 65 pst. Av skolebiblioteka er 11 pst. knytte til Internett.

4.3 Organiseringa av arbeidsåret

4.3.1 Årsverket

Årsverket for lærarane er 1 717,5 timar, fordelte over eit arbeidsår på 39 veker. Dette inneber at dei i gjennomsnitt arbeider 44,2 timar per veke i skoleåret (dei 38 vekene/190 dagane elevane er på skolen). For anna personale som arbeider i skoleverket, til dømes kontorpersonale og tilsette i skolefritidsordningane, pedagogisk-psykologisk teneste og vaktmeisterteneste, gjeld kommunale lønns- og arbeidsvilkår. Dette personalet har såleis ei normalarbeidstid på 37,5 timar i veka over ca. 45,8 veker i året.

Ein forskingsrapport frå Arbeidsforskingsinstituttet (1998) viser korleis kommunane opplever å måtte administrere to sett avtaleverk. Av rapporten går det mellom anna fram at kommunane opplever at detaljeringsgraden i ein del av avtaleverket for lærarane verkar hemmande på omstillingsevna og fleksibiliteten i skolen. Dessutan gjer forskjellar i avtalane om arbeidstid for dei ulike gruppene som arbeider i skolen, det vanskeleg å samordne arbeidet deira.

Det komprimerte arbeidsåret og lesepliktordningane for undervisningspersonalet inneber at dei er unnatekne frå føresegnene om arbeidstid i arbeidsmiljølova kap. X. Undervisningspersonalet i skoleverket følgjer ferielova og føresegnene om ferie i staten med enkelte særskilde tilpassingar som følgje av den spesielle arbeidstidsordninga.

Arbeidsåret for lærarane består av tre komponentar:

  • Undervisning. Omfanget av undervisningsplikta blir uttrykt som leseplikt, dvs. kor mange timar i gjennomsnitt per veke eller per år ein lærar i full stilling skal ha. Leseplikta kan variere med klassesteg, fag, studieretning og elevtal i klassen.

  • Organisert arbeid utanom undervisninga. Dette arbeidet skal utgjere i alt 190 timar i skoleåret, dvs. i gjennomsnitt 1 time per skoledag (200 timar i 1. klasse/førskolen). I tillegg kjem 37,5 timar (5 dagar, den 39. veka) sette av til felles planlegging, evaluering, kompetanseutvikling og anna, utanfor elevane sitt skoleår.

  • Tid til eige for- og etterarbeid og fagleg ajourføring i tilknyting til undervisninga.

I undervisningstida og i den tida som er sett av til organiserte oppgåver, har undervisningspersonalet plikt til å vere til stades på skolen. I den tida lærarane gjer eige for- og etterarbeid til undervisninga, har dei ikkje plikt til å vere til stades. I 2.-7. klasse på barnesteget skal læraren i gjennomsnitt vere på skolen i minst 30 timar pr. veke (25 timar undervisning og 5 timar til organiserte oppgåver), dvs. om lag 68 pst. av arbeidstida. I vidaregåande skole skal lærarar med lågaste leseplikt i gjennomsnitt vere på skolen i minst 20,7 timar pr. veke (15,7 timar undervisning og 5 timar til organiserte oppgåver), dvs. om lag 47 pst. av arbeidstida.

Det er inngått fleire særavtalar som regulerer dei ulike sidene ved undervisningspersonalet sine arbeidsoppgåver. Fordelinga av arbeidsområde og arbeidsmengd er i stor utstrekning gjenstand for forhandlingar, og såleis ikkje ein del av arbeidsgivaren sin styringsrett slik som i arbeidslivet elles.

4.3.2 Lesepliktsystemet

Høgaste leseplikt for lærarar er 950 timar per år på barnesteget i grunnskolen, mens den lågaste er 598 timar per år i vidaregåande skole. Lesepliktene er oppgitt både i årstimar og gjennomsnitt per veke. På barnesteget er til dømes leseplikta i full stilling 25 timar per veke. Etter spesielle reglar kan den gjennomsnittlege leseplikta per veke variere i samband med periodeundervisning. Lesepliktavtalane inneheld detaljerte føresegner om fordelinga mellom undervisning og andre arbeidsoppgåver. Det er likevel ikkje like detaljerte føresegner for alle klassesteg og skoleslag. Mens det er éi felles leseplikt for alle fag på barnesteget, er det 16 ulike leseplikter i vidaregåande skole.

Leseplikta i grunnskolen er ikkje avhengig av elevtalet i klassen. Om det til dømes er 15 eller 30 elevar i ein klasse, er leseplikta den same. I vidaregåande skole er leseplikta i fleire fag knytt til storleiken på klassen.

Lesepliktsystemet inneber at arbeidsgivarane ikkje, ut frå konkrete vurderingar av alder, kapasitet, erfaringar m.m. hos arbeidstakarane, har høve til å nytte andre leseplikter enn dei som er avtalte i tariffavtalane. Tariffpartane kan derimot krevje forhandlingar om endringar i leseplikta for det enkelte faget ved innføring av nye læreplanar, eller ved vesentlege endringar i gjeldande læreplanar.

Reduksjonar i lesepliktene fører til behov for auka bemanning i skoleverket. Ved fastsetjinga av rammetilskotta til kommunesektoren er det blitt teke omsyn til auka kostnader som følgje av lesepliktreduksjonar. I 1980 stod undervisningspersonalet i skoleverket for i alt ca. 65 000 årsverk, i 1987 for ca. 76 000 og i 1998 for ca. 86 000 (Sentralt tenestemannsregister for skoleverket 1980, 1987 og 1998). Delar av denne bemanningsauken har samanheng med nedslag i lesepliktene.

Lesepliktutviklinga 1960-1996

Lesepliktene i Noreg er lågare enn i dei fleste OECD-land. Departementet har utarbeidd ei oversikt over lesepliktutviklinga frå 1960 til 1996. Oversikta omfattar utviklinga av den gjennomsnittlege leseplikta per veke når ein ser alle fag i kvart skoleslag under eitt.

Tabell 4.1 Utviklinga av leseplikt i heil stilling per veke i perioden 1960-1996

Årstal
Skoleslag196019651967197119771984199019941996
Barnesteget363332302927272525
Ungdomssteget24,524,524,524,524242422,422,4
Vidaregåande allmennfag22,721,321,321,320202018,718,45
Vidaregåande yrkesfag30,5282826,524,524,52321,720,6
Gjennomsnittleg normalarbeidstid per veke, statstilsette45454542,540,040,037,537,537,5

Det går fram av tabell 4.1 at leseplikta er monaleg redusert frå 1960, og at reduksjonen har omfatta alle skoleslag. Reduksjonen har vore størst på barnesteget og i yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande skole, minst i vidaregåande allmennfag og på ungdomssteget. Dette heng i høg grad saman med at lesepliktene var så ulike i 1960.

Reduksjonen frå 36 til 30 timar leseplikt per veke på barnesteget hadde samanheng med overgangen frå 6 til 5 dagars skoleveke. Reduksjonen i alle skoleslag i 1994 kom i hovudsak av at skoleåret for elevane vart utvida frå 37 til 38 veker, slik at årsramma for leseplikt vart fordelt på fleire veker. Samtidig har det i samfunnet elles vore ein generell reduksjon i arbeidstida frå 45 til 37,5 timar per veke.

Tabell 4.1 gir likevel ikkje noko fullstendig bilete av utviklinga i denne perioden når det gjeld den tida læraren har plikt til å vere til stades på skolen: I nokon grad kan delar av leseplikta konverterast (omreknast) til andre pedagogiske oppgåver som til dømes arbeidsoppgåver knytte til spesialundervisning, rådgivarteneste, klassestyrarteneste osv.

I større grad enn før føreset læreplanane at lærarane skal samarbeide om opplæringa på tvers av faggrensene. Undervisningspersonalet har derfor fått ein del av årsverket tidfesta til organiserte oppgåver ved skolen. I 1987 vart desse oppgåvene tidfesta til maksimalt 275 timar per år, redusert til 190 timar i 1994. I samband med innføringa av Reform 97 vart tida til organiserte oppgåver sett til 200 timar i 1. klasse/førskolen.

Etter hovudtariffavtalen kan lærarar over 60 år erstatte 7 pst. av leseplikta med andre arbeidsoppgåver.

4.4 Stillingar i skoleverket

Utdanningskrava for undervisningspersonalet i skoleverket er regulerte i universitets- og høgskolelova og dei tilhørande forskriftene. Den som blir tilsett i undervisningsstilling eller anna pedagogisk stilling, skal ha utdanning som lærar, adjunkt eller lektor. Allmennlærarutdanninga er no fireårig, og gir kompetanse som adjunkt. Adjunktkompetanse kan også oppnåast ved universitets- eller høgskoleutdanning på cand.mag.-nivå med praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Kompetanse som lektor krev hovudfag eller lengre profesjonsutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg.

Tabell 4.2 Stillingskategoriar og årsverk i skoleverket 01.10.98*

ÅrsverkProsent
Lærar utan godkjend utdanning2 5473,0
Lærar16 23019,0
Adjunkt29 73434,7
Adjunkt med opprykk19 27522,5
Lektor (stillingskode 0965)1 1491,3
Lektor (stillingskode 0966)6 0737,1
Hovudlærar1 2191,4
Leiar av filialskole690,1
Inspektør4 3815,1
Rektor3 8784,5
Andre1 0911,3
Sum85 646100

* Med «Lærar utan godkjend utdanning» er her meint tilsette som verken har tilstrekkeleg fagleg eller pedagogisk utdanning. Tilsette med fullført fagleg utdanning, men som ikkje har fullstendig pedagogisk utdanning, er ikkje registrerte som ufaglærte her.

Kjelde: Sentralt tenestemannsregister for skoleverket 1998

Av tabell 4.2 går det fram at skoleleiarstillingane utgjer om lag 10 pst. av det samla talet på årsverk. Over halvparten av årsverka blir utførte av adjunktar og adjunktar med opprykk. Etter at allmennlærarutdanninga vart firårig, vil talet på dei som har stillingskoden «Lærar» (treårig utdanning), minke. Utviklinga vil dermed gå mot høgare gjennomsnittleg utdanningsnivå.

4.5 Lønnssystemet og lønnsutviklinga for undervisningspersonalet i skoleverket

I offentleg sektor er stillingane plasserte under ulike lønnsplanar, forhandla fram mellom partane. Arbeidstakarane kan lønnast anten på lønnsstige eller innanfor eit lønnsspenn. For arbeidstakarar som blir lønna på stige, aukar lønna med ansienniteten. Når arbeidstakaren blir lønna i spenn, fastset arbeidsgivaren lønna innanfor dei ytre grensene i lønnsspennet. I staten kan for eksempel ein førstekonsulent lønnast i spenn mellom lønnsstega 32 og 49.

På nittitalet er den offentlege lønnspolitikken utanfor skoleverket blitt sterkare orientert mot individuell lønnsfastsetjing. Det er gitt rom for lokale lønnsforhandlingar i verksemdene, og fleire yrkesgrupper (særleg dei høgast normerte) blir lønte i spenn i staden for på lønnsstigar. Ansiennitet er ikkje aleine utslagsgivande for lønnsopprykk. Mykje av lønnsdanninga skjer som følgje av verdsetjing av individuell dugleik, eller som følgje av endringar i tilbodet på og etterspørselen etter arbeidskraft.

Lønnsforhandlingane for det pedagogiske personalet i skoleverket er organiserte annleis enn det som er normalordninga i det statlege tariffområdet elles. Dei lokale lønnsforhandlingane for skoleverket har til no vore førte i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Dette inneber at det i praksis vanskeleg let seg gjere å forhandle individuelle tillegg for bortimot 100 000 personar. Gjennom forhandlingar mellom partane er det derfor etablert eit system der lønnstillegg blir gitt til grupper av tilsette med særskilde funksjonar eller spesifikk utdanning, og til skoleleiarar på grunnlag av objektive kriterium.

Med verknad frå 1. mai 1999 kan kommunane og fylkeskommunane endre lønnsplasseringa og/eller gi tilleggsansiennitet dersom det er heilt spesielle problem med å rekruttere eller behalde undervisningspersonale. Ved tilsetjing av lærarar kan alle alternativ i lønnsramma for den aktuelle stillinga nyttast. Slike tillegg føreset at dei lokale partane er samde. Kommunane og fylkeskommunane må dekkje dei auka lønnsutgiftene av eigne midlar. Dei lokale forhandlingane for skoleverket, med midlar frå staten, er framleis førte i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Lønn etter utdanning og ansiennitet

Allmennlærarutdanninga er den einaste utdanninga som kvalifiserer til pedagogisk arbeid på alle steg i grunnskolen. For førskolelærarar, adjunktar, lektorar og faglærarar er retten til tilsetjing i grunnskolen noko avgrensa. I den vidaregåande skolen må lærarane innanfor den samla lærarutdanninga dei har, som hovudregel ha minst eit års utdanning i det faget dei underviser i. Både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen kan lærarar tilsetjast på vilkår av at dei innan ei gitt tid tek manglande utdanning.

Partane har valt å fastsetje grunnlønna for lærarar etter den undervisningskompetansen (lærar, adjunkt, lektor) og tenesteansienniteten dei har. Ordninga med lønn etter kompetanse er vidareutvikla i hovudtariffavtalen og særavtalane. Mellom anna er det avtalt eigne og betre lønte stillingskodar for adjunktar og lektorar med særs lang utdanning.

Hittil har undervisningspersonalet i skoleverket hatt same stillingskoden gjennom heile yrkesløpet, om dei ikkje tek tilleggsutdanning som kvalifiserer for endring. Eksempelvis må ein med 3-årig lærarutdanning eller førskolelærarutdanning ta eitt års tilleggsutdanning for å få adjunktstatus og tilsvarande lønnsopprykk. Om lærarane tek tilleggsutdanning som kvalifiserer til endra stillingskode, har dei rett til ny stillingskode og høgare lønn anten arbeidsgivaren meiner tilleggsutdanninga er relevant for verksemda eller ikkje, og uavhengig av om skolen/læraren gir undervisning i tilleggsfaget.

I justeringsoppgjeret 1. august 1999 vart det oppretta ein ny stillingskode: seniorlærar. Dette er den første stillingskoden i skoleverket som gjer det mogleg å få endra stillingskode (og høgare lønn) utan at det blir stilt eksplisitt krav om vidareutdanning. Det er for tidleg å vurdere kva verknad ein slik ny stillingskode vil få for bruken av faglege karrierevegar i skoleverket, og om bruk av slike stillingskodar har verknad for å behalde undervisningspersonale i skolen.

Lønnsstigane og lønnsspenna for skoleverket er avtalte i hovudtariffavtalen. Dei vanlege lærarstillingane i skoleverket er innplasserte på lønnsstige, der grunnlønna er bestemt av utdanning og tenesteansiennitet (den nye koden for seniorlærar er plassert i lønnsspenn). Den konkrete lønnsplasseringa i lønnsstigar har hittil skjedd med utgangspunkt i tenesteansienniteten, slik at endringar i lønna skjer etter dei avtalte tidsintervalla for tenesteansiennitet.

Etter det ordinære systemet i hovudtariffavtalen får lærarar, uavhengig av stillingskode, lønnsopprykk etter same tidsintervall. Lønnsopprykka skjer relativt hyppig dei første åra etter fullført utdanning. Topplønn blir nådd etter 28 år.

I tillegg til grunnlønna er det i særavtalar gitt alternativ lønnsplassering på bakgrunn av funksjonar (klassestyrar, rådgivar, sosiallærar, administrasjonslærar og (i vidaregåande skole) systemansvarleg for edb). Som hovudregel gir bestemte tilleggsfunksjonar to lønnssteg høgare lønnsplassering. Som for andre arbeidstakargrupper er det også avtalt ulike former for tillegg i grunnlønna på grunn av særskilde oppgåver eller som kompensasjon for andre forhold, for eksempel undervisning på ettermiddags- og kveldstid, godtgjering for arbeidstøy o.a.

Tabell 4.3 Årleg begynnarlønn og topplønn for lærarar

StillingBegynnarlønn på grunnstigenTopplønn på grunnstigenTopplønn i lønnsramma
Lærar (2 eller 3 års lærarhøgskole)208 700 kr252 700 kr288 000 kr
Adjunkt223 700 kr273 600 kr314 700 kr
Adjunkt med opprykk230 900 kr283 100 kr326 100 kr
Lektor (stillingskode 0965)238 100 kr303 700 kr350 500 kr
Lektor (stillingskode 0966)245 300 kr314 700 kr363 500 kr
Seniorlærar (lønnsspenn)249 000 kr357 000 kr

Dei to første kolonnane i tabell 4.3 viser begynnarlønna og topplønna for dei vanlegaste stillingskategoriane. Begge kolonnane viser grunnlønn, utan tillegg for funksjonar som til dømes klassestyrar og rådgivar. Den tredje kolonnen viser den høgaste topplønna som er teoretisk mogleg, dersom den nye fleksibiliteten som er avtalt frå 1. mai 1999, blir nytta fullt ut. Den siste linja i tabellen viser begynnar- og topplønn for den nye koden Seniorlærar, som er plassert i lønnsspenn.

Forskingsresultat kan tyde på at lærarar har låg gjennomsnittleg årsinntekt og låg livsløpsinntekt samanlikna med andre grupper med høgare utdanning. Det generelle lønnsnivået for undervisningspersonalet blir avtalt gjennom inntektsoppgjera i staten. Den økonomiske ramma for inntektsoppgjera set grenser for kor store lønnsopprykk som kan givast til lærarane i sentrale og lokale forhandlingar. Eksempelvis vil 10 pst. lønnsauke til undervisningspersonalet i skoleverket utgjere ein kostnad på ca. 2 milliardar kroner, eller ca. tre gonger summen for justeringsoppgjeret i staten i 1999.

4.6 Lønns- og arbeidsvilkår for skoleleiarane

Dei seinaste åra er det blitt vanskelegare å få kvalifiserte søkjarar til skoleleiarstillingar. Mange stillingar blir lyste ut fleire gonger. Ei undersøking frå Senter for åtferdsforsking i Stavanger (1998) viser at det er lita interesse blant lærarar for overordna stillingar i skoleverket. Undersøkingar gjorde av Norsk Lærarlag (1997 og 1998) stadfestar dette.

4.6.1 Arbeidsvilkår

Skoleleiarane har ansvaret for å leie og fordele arbeidet ved skolane. Etter opplæringslova § 9-1 skal alle vidaregåande skolar og alle grunnskolar, med unntak for grunnskolar med klassestega 1-7 og 30 elevar eller mindre, ha rektor. Rektor er den øvste leiaren for skolen. I tillegg har større skolar ein eller fleire undervisningsinspektørar. Det er lovbestemt at den som skal tilsetjast i rektorstilling, skal ha lærarutdanning og minst 3 års praksis i skoleverket eller annan utdanningsadministrasjon.

Skoleleiarane har i prinsippet normalarbeidstid (37,5 timar per veke i 45,8 veker per år), men talet på veker dei må vere til stades, kan avkortast noko dersom dei også har undervisning.

Den samla tida til leiaroppgåvene ved skolen skal delast mellom det personalet som har slike oppgåver. Det er avtalt minstesatsar for tid til leiing av den enkelte skolen, på grunnlag av mellom anna elevtal og skolenivå. Avhengig av storleiken på leiarressursen har mange skoleleiarar undervisning i tillegg til leiaroppgåvene. Rektorane ved store vidaregåande skolar og store grunnskolar har vanlegvis så stor leiarressurs at dei ikkje har undervisning, mens rektorane ved mindre skolar kombinerer leiaroppgåvene med undervisning. Dei fleste undervisningsinspektørane har undervisning i tillegg til leiaroppgåvene.

I løpet av 1990-talet har skoleleiarane fått noko meir tid til leiaroppgåver, og mindre til undervisning. Frå 1996 har kommunane, fylkeskommunane og skolane fått fridom til å fordele leiingsressursen slik dei finn det mest tenleg, og dei kan sjølve vurdere lokalt ressursbehov utover det minimumsnivået som er tariffesta. Kommunane og fylkeskommunane er likevel framleis bundne til å nytte dei leiarstillingane og stillingskodane som går fram av stillings- og lønnsplanen for skoleverket i hovudtariffavtalen. Sjølv om kommunar og fylkeskommunar har fått noko større fridom til å fordele leiingsressursen på mellom anna avdelingsleiarar, er det ønskeleg med eit meir fleksibelt system for leiarstillingar i skoleverket. Dagens stillingsstruktur for desse stillingane bør reviderast, slik at kommunane og fylkeskommunane får nødvendig fridom til å organisere leiingsstrukturen i skolane i samsvar med intensjonane i avtaleverket.

Samtidig som leiingsressursane har auka, er arbeidsoppgåvene endra. Å utarbeide stillingsplanar og fordele fag, klassar og grupper på dei einskilde lærarane skjer ved den enkelte skolen. Skoleeigarane har i tillegg delegert mange nye arbeidsoppgåver til den enkelte skolen, mellom anna som følgje av kommunelova. Kommunelova gir mellom anna kommunar og fylkeskommunar større fridom til sjølve å avgjere korleis kommunen skal organiserast, og på kva ansvarsnivå oppgåvene skal løysast. I praksis har dette medført ansvarsfulle oppgåver av administrativ, juridisk og økonomisk karakter. Det er likevel store forskjellar mellom kommunar og mellom fylkeskommunar i kva grad dette er gjort, og korleis dei administrative ordningane er utforma.

4.6.2 Lønnsvilkår

Skoleleiarane er plasserte i lønnsspenn i samsvar med hovudtariffavtalen. Frå 1. mai 1999 kan skoleleiarar ved nytilsetjing tilsetjast på alle trinn i lønnsspennet. Grunnlønnsplasseringa blir avtalt i lokale forhandlingar mellom departementet og lærarorganisasjonane. For å sikre at ingen skal tape lønnsmessig på å søkje leiarstilling, er det avtalt sikringsføresegner som gir skoleleiarane minst to lønnssteg meir enn dei ville hatt i undervisningsstilling etter kompetanse og ansiennitet.

I det nogjeldande kriterielønnssystemet blir skoleleiarane i grunnskolen lønte etter kor mange årsverk personalet utfører ved skolen. I den vidaregåande skolen er lønna avhengig av talet på årsverk og ein elevtalsfaktor. Grunnlønna varierer mellom 293 200 kroner for rektorar ved dei minste grunnskolane og 377 000 kroner for rektorar ved dei største vidaregåande skolane.

I tillegg til grunnlønna kan kommunen og fylkeskommunen, med heimel i hovudtariffavtalen pkt. 2.4.1, frå 1. mai 1999 velje å gi skoleleiarane inntil 20 pst. lønnstillegg som ledd i kommunal eller fylkeskommunal omorganisering, styrking av leiarrolla eller delegering av ansvar. Slike tillegg kan også givast dersom det er særskilde problem med å rekruttere eller behalde skoleleiarar.

For undervisningspersonale med lang ansiennitet vil det i dag gi liten lønnsmessig gevinst å søkje skoleleiarstilling i grunnskolen, sidan forskjellen mellom grunnlønna for lærarar og skoleleiarar er relativt liten. For mange skoleleiarar med lang ansiennitet vil det ikkje skilje meir enn to lønnssteg mellom det dei har i stillinga som skoleleiar og det dei ville hatt i vanleg undervisningsstilling, om kommunane og fylkeskommunane ikkje gir ekstra lønn etter den nye ordninga i hovudtariffavtalen frå 1. mai 1999. I den vidaregåande skolen er forskjellane mellom grunnlønna som lærar og skoleleiar noko større.

4.7 Vurderingar

Tilsette i skoleverket gir uttrykk for opplevd arbeidspress og tyngjande arbeidsmengd. Dette må mellom anna sjåast i samanheng med det komprimerte arbeidsåret lærarane har.

Den fridom lærarane opplever til sjølve å bestemme planlegginga og gjennomføringa av arbeidet er sterkare enn i andre yrkesgrupper. Lærarar synest å vurdere yrkesmessig fridom positivt. Departementet vil synleggjere det handlingsrommet som finst innanfor lovverk, økonomiske rammer og arbeidsavtale og oppmuntre skolane til å nytte det.

Fridommen inneber stort ansvar for den enkelte, og kan dermed medverke til at arbeidsoppgåvene blir opplevde som tyngjande. Departementet ser det som svært positivt at det i dei seinare åra er blitt meir vanleg at lærarar samarbeider i team, og at det blir drive meir organisert planlegging enn tidlegare. Når det blir lagt til rette for at lærarane kan bruke tid til samarbeid, er det ei utfordring å få til eit samarbeid som den enkelte opplever er til nytte for arbeidet med elevane.

Dagens utfordringar i skolen er samansette, og ein del lærarar opplever at dei ikkje strekk til når mykje av tida må nyttast til andre oppgåver enn dei som er knytte til undervisning. Situasjonen utfordrar til debatt, mellom anna om korleis lærarane si yrkesrolle kan tilpassast på ein måte som gjer at kompetansen deira blir betre utnytta. Dette kan til dømes skje ved å opne for og fremje samarbeid med andre yrkesgrupper i skolen. Desse kan avlaste læraren for oppgåver som dei er kvalifiserte for og som læraren ikkje kjenner seg kvalifisert for. Slike yrkesgrupper må tilsetjast på kommunale vilkår.

Utviklinga i samfunnet har medført behov for fleire vaksne i skolen. Fleire vaksne vil betre dekkje elevane sine behov, samtidig som det kan lette arbeidspresset på lærarane. Ei god arbeidsdeling mellom ulike yrkesgrupper kan vere ein veg å gå for å oppnå dette, innsatsen i form av lærartimar ein annan. Skoleeigarane kan auke talet på lærartimar, dvs. kor mange timar skolen bruker for å dekkje den undervisninga elevane skal ha (elevtimetalet). I grunnskolen bruker kommunane i snitt nær 80 pst. fleire lærartimar enn elevtimetalet. Auka lærartimetal inneber at skolen til dømes kan dele klassane i fleire timar eller ha klassar med færre elevar.

Opplevinga av tyngjande arbeidsmengd kan truleg også vere eit resultat av dårleg samvit for arbeidsoppgåver som ikkje blir gjorde, samanlikna med krava i læreplanverka. For å utvide høvet til lokal tilpassing i grunnskolen, har departementet gjort justeringar i forskrifta til opplæringslova som samla sett gir større lokal fleksibilitet og gir skolane utvida høve til val. Departementet vil følgje med og vurdere behovet for ytterlegare justeringar av læreplanverka, med sikte på balansen mellom eit fastsett fellesstoff og lokal tilpassing.

Skoleeigarane sin handlefridom er avgrensa når viktige aspekt ved lærarane sin arbeidssituasjon, som til dømes fordelinga av arbeidet, ikkje er underlagde arbeidsgivaren sin styringsrett. Arbeidsgivaren ha dermed ikkje høve til å gi til dømes nyutdanna lærarar eller lærarar med ein særleg vanskeleg arbeidssituasjon lågare leseplikt. Det er også detaljerte vilkår for bruken og organiseringa av periodisert undervising.

Skoleeigarane har ansvaret for å forme ut og praktisere ein personalpolitikk som gir lærarane råd og støtte i det daglege arbeidet. Tiltak som kollegarettleiing, medarbeidarsamtalar, råd og rettleiing er viktige for alle arbeidstakarar. Det vil vere særleg viktig at skoleleiarane legg forholda til rette for nye lærarar gjennom gode samarbeidsmodellar eller fadderordningar, slik at overgangen frå studium til arbeidsliv blir best mogleg, jf. pkt. 2.3.

Det komprimerte arbeidsåret blir truleg sett på som ei ulempe av somme lærarar, mens andre synest organiseringa av arbeidsåret inneber store fordelar. Departementet legg til grunn at fleire av dei som har valt læraryrket, kan ha valt det mellom anna ut frå korleis arbeidsåret er organisert. Ein stor del ubunden arbeidstid og ein årsrytme som i høg grad følgjer skoleåret til eigne barn, kan ha innverknad ved valet av utdanning og arbeidsstad. Organiseringa av arbeidsåret kan særleg vere avgjerande for nyutdanna lærarar som er usikre på om dei skal nytte utdanninga i skolen eller velje ein annan arbeidsstad.

Departementet ser at det kan vere vanskeleg for kommunar og fylkeskommunar å ha både statleg og kommunalt avtaleverk i skolesektoren. Dei ulike arbeidstidsordningane kan også vanskeleggjere samarbeid mellom ulike arbeidstakargrupper. Dersom det i større grad enn no kjem andre yrkesgrupper enn lærarar inn i skolen, kan det vere eit problem ein må ta meir omsyn til i planlegginga av samarbeidet.

Avtaleverket for undervisningspersonalet har ofte vist seg å vere til hinder for å utvikle nye organiseringsformer og alternativ organisering av den pedagogiske verksemda. Initiativ og iderikdom blant pedagogar som ønskjer å prøve nye vegar i undervisninga, møter ofte hindringar i dagens avtaleverk. Arbeidsgivarane kan til dømes ikkje gi lågare leseplikt enn den avtalefesta til eldre lærarar som treng avlasting i forhold til undervisningsoppgåver, eller til lærarar som nett har starta i yrket og er utan erfaring. Arbeidsgivarar og lærar kan heller ikkje avtale ei meir fleksibel fordeling av leseplikta over året enn det særavtalane opnar for.

Om skoleeigarane ønskjer eit meir fleksibelt avtaleverk, t.d. på dei områda som er nemnde her, må dei søkje departementet og lærarorganisasjonane om lov til å inngå forsøk som tillet avvik frå tariffavtalane. Departementet og lærarorganisasjonane forhandlar om vilkåra for forsøket sjølv i tilfelle da arbeidsgivaren og dei lokale organisasjonane er samde om rammene for forsøket. I tilfelle ein kommune ønskjer å prøve alternative ordningar ved fleire skolar, må det forhandlast fram eigen protokoll om forsøk ved kvar enkelt skole i kommunen.

Sjølv om avtalane dei seinare åra er endra slik at dei er blitt noko meir fleksible, kan enda større fleksibilitet vere ønskeleg. Til dømes kan det vere ønskeleg å arbeide for meir fleksible avtalar for leseplikt, der ein lokalt kan gjere avvik/tilpassingar innanfor ei totalramme. Målsetjinga må vere å få eit avtaleverk som sikrar lønns- og arbeidsvilkåra for dei som arbeider i skolen, og som samtidig opnar for lokalt engasjement og lokale variasjonar når det gjeld organisering og arbeidsmåtar.

I dei seinare åra har departementet arbeidd for at nye avtalar i større grad skal gi rammer og mindre detaljstyring enn tidlegare. I 1998 gjennomførte departementet, i samarbeid med lærarorganisasjonane, ei sanering og forenkling av avtaleverket ved at om lag 500 avtalar dels vart sanerte, dels samla i 12 (seinare 11) nye særavtalar. Gjeldande avtalar er likevel framleis prega av detaljregulering, og det må også i framtida arbeidast for at

  • avtaleverket skal bli ytterlegare forenkla

  • informasjonstiltaka om avtalane og praktiseringa av dei skal bli mest mogleg formålstenlege

  • avtalane så langt mogleg skal vere rammeavtalar med høve til lokale tilpassingar

I tillegg til dette meiner departementet at ein i avtaleverket framover må leggje til rette for løysingar som gjer det enklare enn no å planleggje og etablere samarbeid mellom lærarar og andre yrkesgrupper i skolen.

Med den nye opplæringslova har kommunane og fylkeskommunane fått instruksjonsmynde og dermed større fridom til å definere innhald og funksjonar for dei enkelte stillingane. Dette stiller også krav om eit rammeprega avtaleverk, som gir rom for lokale variasjonar mellom anna når det gjeld stillingsstrukturen, og som ikkje legg unødige bindingar på det instruksjonsmyndet arbeidsgivaren har. I denne situasjonen kan det bli nødvendig å drøfte om skoleverket er best tent med det noverande lønnssystemet basert på kompetanse (tilsette har lønn etter utdanning), eller om utviklinga bør gå mot eit lønnssystem basert på lønn etter stilling (tilsette med ulik utdanningsbakgrunn kan søkje same type stilling).

Den lite fleksible praktiseringa av statens lønnssystem ein til no har hatt for lærarar, har ført til at ein har premiert kompetanse og vidareutdanning uavhengig av kva kompetanse eller vidareutdanning arbeidsgivaren har behov for. Vidareutdanning i andre fag enn dei læraren underviser i, har gitt same lønnspremiering som utdanning i læraren sine aktuelle skolefag. Etter departementet si vurdering er det positivt at lærarane har brei kompetanse, men systemet med lønn etter utdanning har uheldige sider som bør vurderast nærmare.

Frå den offentlege debatten har departementet merka seg påstandane om at låge lærarlønningar er årsak til dårleg rekruttering til læraryrket. Særleg har mange hevda at menn sviktar læraryrket fordi dei oppfattar det som eit låglønt yrke. Også departementet reknar med at lærarlønningane har innverknad på rekrutteringa til yrket.

Norske lærarar er blant dei lærarane i Europa som har relativt låg lønn samanlikna med andre yrkesgrupper med tilsvarande utdanningsnivå, men dei har også relativt låg leseplikt samanlikna med lærarar i andre europeiske land. Låg leseplikt fører til større bemanningsbehov og dermed større lønnsutgifter i kommunane og fylkeskommunane. Sidan lesepliktsystemet utgjer ein så stor del av det sentrale avtaleverket for lærarane, vil reduksjonar i leseplikta innebere at lønnsutgiftene for skolane stig utan at lønna for den enkelte læraren stig. Departementet meiner at ein ikkje kan sjå bort frå dette i ein diskusjon om lærarlønnene.

Etter 1. mai 1999 har arbeidsgivarane i skoleverket fått høve til å gi lærarar meir lønn ved nytilsetjing eller om det er særlege problem med å rekruttere eller behalde kvalifiserte arbeidstakarar. Det er førebels uvisst i kva grad kommunar og fylkeskommunar vil nytte det nye høvet til tilleggslønn. Slike tillegg kan føre til auka konkurranse om lærarar med til dømes særs attraktiv undervisningskompetanse, eller til auka konkurranse om lærarar i område der det er mangel på kvalifisert arbeidskraft.

Truleg vil ordninga også kunne auke rekrutteringa av personar som har gått ut av skolen, eller som manglar praktisk-pedagogisk utdanning for å bli kvalifiserte for undervisningsstilling. Føresetnaden for at dette skal kunne skje, er at ordninga er med på å sikre eit lønnsnivå som kan konkurrere med yrke utanfor skolen. Kostnadene ved ordninga blir ikkje dekte av statlege midlar.

At undervisningspersonalet som gruppe hittil i det alt vesentlege har vore avstengt frå å ta del i lokal lønnsendring, kan også ha medverka til dårleg lønnsutvikling for yrkesgruppa. Det er ikkje noka formell hindring i det statlege avtaleverket for at tariffpartane, dersom dei er samde om det, kan gi differensierte lønnstillegg for eksempel ut frå forskjellar i leve- og etableringskostnader eller ut frå at problema med rekruttering kan variere i ulike delar av landet.

Departementet er ikkje tilfreds med rekrutteringa til skoleleiarstillingar. Det kan vere fleire årsaker til sviktande rekruttering. Fleire skoleigarar har delegert nye arbeidsområde til skolane. Ikkje alle skoleleiarar meiner dei er kompetente til å behandle alle desse nye sakene. Det er skoleeigarane som tilset det personalet som er nødvendig for å utføre leiararbeidet i skolen. Skoleeigarane må derfor syte for at skoleleiarane får opplæring i å behandle også nye område som dei får ansvaret for.

Kravet om planar og dokumentasjon i tilknyting til vurdering og kvalitetsutvikling kan føre til at skoleleiarane bruker forholdsvis mykje tid på dette. Skolane har funne svært ulike system for slikt arbeid. Det same gjeld arbeidet med å få oversikt over bruken av 190-timarsramma i arbeidstidsavtalen. Ein del lærarar og skoleleiarar gir uttrykk for at denne timeramma ikkje må brukast slik at ho tek merksemd og krefter bort frå oppgåver dei opplever som meir sentrale i opplæringa.

God planlegging og påliteleg vurdering er viktig. Samtidig kan krav om dokumentasjon, og bruk av målstyrte læreplanar, medføre ei vriding av innhaldet i arbeidet for lærarar og skoleleiarar. Det er viktig å følgje utviklinga på dette feltet nøye, slik at metodar og system blir nyttige reiskapar. Departementet meiner at alle som har leiaransvar i utdanningssystemet, på alle nivå, må bruke styringsretten slik at ein ikkje pålegg rutinar som blir opplevde som unødvendige eller lite formålstenlege. Her er det avgjerande at ein får gode prosessar på den einskilde skolen, slik at alle er fortrulege med dei arbeidsreiskapane som skal nyttast.

Skoleleiarrolla har endra seg på fleire vis på 1990-talet. I ei tid med store skolereformer og omlegging av kommuneøkonomien føler mange skoleleiarar at dei kjem i lojalitetskonflikt mellom overordna myndigheit og lærarpersonalet. For andre skoleleiarar vil nettopp leiaraspektet og utfordringar som inneber endringar, vere attraktive.

Enkelte skolar har prøvd ut alternativ skoleleiing, og opplæringslova fører vidare ein lovheimel til å ha tidsavgrensa forsøk med slik leiing. Enkelte stader deler fleire lærarar leiarfunksjonen. I eit leiarteam kan dei pedagogiske og administrative funksjonane fordelast. Det kan vere utviklande både for leiinga og for resten av personalet. Alternativ leiing ved ein skole kan gjere arbeidet meir interessant for dei som tek del, samtidig som somme kan bli motiverte til å bli skoleleiarar ved å ha starta i eit fellesskap.

For mellom anna å lette arbeidssituasjonen for skoleleiarane utarbeider departementet ei handbok om avtaleverket for skolen. Handboka skal gi ei samla framstilling av avtaleverket, med kommentarar. I samband med dette vil departementet gi kommunar og fylkeskommunar tilbod om opplæring i avtaleverket.

Til forsida