1 Innleiing og samandrag
1.1 Bakgrunnen for meldinga
Foreldra har ansvaret for å oppsede sine eigne barn og sørgje for at dei får utdanning etter evne og føresetnader. For at foreldra skal kunne følgje opp dette ansvaret, er det nødvendig med eit godt samarbeid mellom heimen og skolen. Foreldra er ein viktig ressurs for skolen og heile oppvekstmiljøet som skolen er ein del av. Departementet legg med dette for første gong fram eit samla oversyn over og ein analyse av korleis samarbeidet fungerer både i Noreg og i andre land det er naturleg å samanlikne seg med. Det blir lagt særleg vekt på å sjå dette frå foreldra sin ståstad.
I lov om grunnskolen (grunnskolelova) av 13. juni 1969 nr. 24 vart det mellom anna lagt stor vekt på tiltak for å betre samarbeidet mellom heimen og skolen, og på å gje foreldra større innverknad på skolen. Etter at dette har vore praktisert i nærare tretti år, er det ønskjeleg å gjere ei systematisk oppsummering av korleis samarbeidet har fungert. Det er og eit viktig tema i samband med dei utfordringane vi no står overfor i samarbeidet mellom heimen og skolen, til dømes:
at 6-åringane tok til i skolen frå hausten 1997
at det er fastsett eit nytt læreplanverk for heile grunnskolen, som legg større vekt på samarbeidet mellom heimen og skolen
at føresegnene om elevvurdering og skolebasert vurdering, sette i verk 1. oktober 1997, mellom anna tek sikte på å fremje kontakten mellom heimen og skolen
I budsjettinnstillinga S nr 12 (1995-96) uttalte fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna:
«Komiteens flertall, medlemmene fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og representanten Christiansen, viser til skolens formålsparagraf hvor samarbeidet mellom hjem og skole tillegges stor vekt. Understrekningen av samarbeidet med foreldrene er en konkretisering av foreldrerettens bærende idé om at det er foreldrene som har hovedansvaret for oppdragelse og opplæring. Skolen skal være en hjelp for foreldrene i denne oppgaven.
Flertallet viser til at en rekke forskningsrapporter fra flere land fremhever at økt engasjement mellom foreldrene er med på å skape et bedre læringsmiljø for elevene. Flertallet mener at foreldrene må gis medbestemmelse i skolen. Denne medbestemmelsen kan sikres på ulike måter. Graden av medbestemmelse avhenger både av hvor mye beslutningsmyndighet som er delegert til skolen, og hvordan beslutningsprosessen er på den enkelte skole. Flertallet er kjent med at det allerede i dag drives forsøk med betydelig foreldreinnflytelse i mange kommuner. Flertallet mener at det er naturlig å vurdere ulike modeller for foreldreinnflytelse i forbindelse med reformarbeidet i grunnskolen. Flertallet vil be om at det legges frem en egen sak for stortinget som systematiserer de erfaringer som er gjort i Norge og i andre land (med vekt på de nordiske land) for å fremme økt foreldreengasjement og sikre foreldrene medbestemmelse i skolen.»
Regjeringa varsla i St prp nr 1 (1996-97) at det var sett i gang arbeid med ei slik stortingsmelding.
Stortinget drøfta St meld nr 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, 16. januar 1997, jf. Innst S nr 96 (1996-97), og gjorde mellom anna dette vedtaket:
«Stortinget ber regjeringen om å ta nødvendige skritt for å gjøre Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) til et organ uavhengig av departementet og komme tilbake med konkret forslag til oppnevningsmåter og organisering i forbindelse med statsbudsjettet for 1998.»
I St prp nr 1 (1997-98) er det sagt at den organisatoriske tilknytinga til FUG blir vurdert i denne meldinga.
Departementet har og merka seg merknadene frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samarbeidet mellom heimen og skolen i Innst S nr 15 (1995-96) jfr St meld nr 29 (1994-1995) Om prinsipper og retningslinjer for ti-årig grunnskole - ny læreplan:
«Komiteen vil understreke skolens plikt til å tilrettelegge for et nært samarbeid med foreldrene eller foresatte. Dette samarbeidet skal omfatte både eget barn, klassen og det øvrige oppvekstmiljøet. Samarbeidet skal skje både gjennom uformell kontakt med det enkelte hjem og gjennom de formelle samarbeidsorganer ved den enkelte skole.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, vil understreke betydningen av et godt samarbeid mellom hjem og skole. Det er ønskelig med mer foreldre- og elevinnflytelse innenfor rammene av nasjonalt lovverk og læreplaner. En vesentlig forutsetning for et godt samarbeid mellom hjem og skole er god informasjon til foreldrene.
Flertallet mener at samarbeidet mellom hjem og skole må bygge på dialog, og det må være et mål at det blir dialog med alle foreldre, ikke bare noen få spesielt interesserte. Dette innebærer at det også stilles noen forventninger til at foreldrene følger opp. En hensiktsmessig måte å utvikle dialog på er gjennom vurderingssystemet.»
1.2 Samandrag
Meldinga tek for seg samarbeidet mellom heim og skole. I samsvar med budsjettinnstillinga S nr 12 (1995-96) frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen er det i meldinga lagt særleg vekt å gjere greie for røynsler i Noreg og i andre land for å fremje foreldreengasjement og sikre foreldra medverknad i grunnskolen.
I kapittel 2 er hovudtrekk i skolesystemet i Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Skottland, England og Nederland omtala. I tillegg er det teke med korleis foreldra sin medverknad er organiserte på ulike nivå. Det viser mellom anna at Noreg er det einaste landet der det i lov eller føresegner er slått fast at det bør vere klassekontaktar,at det skal vere eit fellesorgan av alle foreldre på skolen med eit arbeidsutval (FAU) og eit statleg rådgjevande foreldreutval. I dei fleste landa er det eit styre på skolen. Styret har etter lova avgjerdsrett i Danmark, Nederland og England. I Sverige er det vedteke ei forsøkslov som gjer det mogeleg, dersom skolen og kommunen ønskjer det. Berre i Danmark og i forsøkslova i Sverige har foreldra fleirtalet i eit styre med avgjerdsrett. Noreg er det einaste av desse landa der det ikkje er ein eller fleire nasjonale foreldreorganisasjonar, bygd på medlemskap og lokale kontingentar.
I kapittel 3 er det analysert korleis samarbeidet mellom heimen og skolen fungerer i ulike land og foreldrerolla spesielt. Ulike forsøk for å vidareutvikle samarbeidet er særleg omtala.
Både omtalene og analysene er utforma i kontakt med departement, forskingsmiljø og foreldreorganisasjonar i desse landa.
I vurderingane er det viktig å skilje mellom tiltak for å skape eit godt samarbeid og foreldreengasjement om utvikling av eigne barn og klassen, og tiltak for å auke foreldreengasjementet og foreldreinnverknaden på styringa av skolen. Norske undersøkingar viser at foreldra har stor interesse av det som skjer i skolen. Dei fleste seier dei er nøgde med informasjonen dei får frå skolen, og dei fleste meiner skolen lyttar til dei. Foreldra ønskjer samarbeid om eige barn og klassemiljøet på skolen. Forsøk viser og at foreldra er interesserte i samarbeid om innhaldet i faga dersom skolen legg opp til konkrete og aktive samarbeidsprosessar i eit inkluderande sosialt klima.
Evalueringar mellom foreldre til funksjonshemma barn viser at berre 40 prosent meiner dei har fått tilstrekkeleg med informasjon. Halvparten av elevane som får spesialundervisning, har fått utarbeidd ein individuell opplæringsplan. Berre 9 prosent av foreldra til desse elevane har vore med i arbeidet med planen.
Evalueringar av forsøk i Noreg viser at auka ansvar til eit styre eller eit samarbeidsutval og auka engasjement frå foreldra i dette organet ikkje av seg sjølve fører til at foreldra elles blir meir engasjerte. Korleis styret eller samarbeidsutvalet på skolen fungerer, synest å vere meir avhengig av dei holdningane rektorhar til foreldra, enn av den formelle makta dette organet har.
Danmark og Noreg har tradisjonelt lagt stor vekt på desentralisering og på foreldreretten. På same måte som i Noreg meiner foreldra i Danmark at holdningane til rektor avgjer om «skolebestyrelsen» fungerer bra, jamvel om foreldra har fleirtalet. Foreldra i Danmark har gjennom styret innverknad på det daglege livet i skolen, men innverknaden blir mindre dess nærare ein kjem den konkrete undervisninga. Foreldra i styret har vanskar med å halde god kontakt og å skape engasjement hos dei andre foreldra. Interessa for val til skolestyret er redusert, og fleire foreldrerepresentantar trekkjer seg i perioden. Det tyder på at styret ikkje har fått den sentrale rolla i skolen som styresmaktene ønskjer.
I Nederland, England og Skottland blir det lagt stor vekt på fridommen til å velje skole, og større vekt på å kontrollere skolane enn i dei nordiske landa. Retten til å velje skole gjev ikkje i seg sjølve foreldra meir innverknad i skolen. Både i Nederland og England har styret på skolen formelt stort ansvar og mynde. Styremedlemmene meiner styret i praksis har avgrensa makt, og at mykje er avhengig av rektor sine holdningar.
Det synest generelt å vere samanheng mellom det ansvaret styret har og foreldra sin interesse for å delta i styret. Men auka interesse for å delta i styrearbeidet fører ikkje i seg sjølve til meir engasjement mellom andre foreldre.
Foreldre frå språklege minoritetar tek ikkje så aktiv del i foreldreforeiningar og i styret på skolen. Det same gjer heller ikkje foreldre til funksjonshemma barn.
I kap. 4 blir det vist til viktige utviklingstrekk i samfunnet og konsekvensar for samarbeidet mellom heim og skole. Både for det einskilde menneske og for heile samfunnet, vil utdanning, evna til livslang læring og omstilling vere nøkkelen til suksess. Fleire internasjonale undersøkingar viser at foreldra si positive interesse i læringa til barna har svært mykje å seie både for skolemotivasjon, for det utbyttet barna har av skolegangen og det vidare skolevalet. Foreldra har ut frå ansvaret for barnet, rett til å være med og å påverke kva som skjer i skolen. Skolen har eit viktig samfunnsmandat i arbeidet med å utvikle toleranse, solidaritet, ytringsfridom og demokrati.
Grunnskolen skal vere ein skole for alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn og føresetnader. Gjennom mellom anna den 10-årige grunnskolen og det nye læreplanverket er det lagt til rette for at skolen skal kunne gje alle barn og unge opplæring tilpassa eigne føresetnader og behova i samfunnet. For å få det til i praksis ute på kvar skole krevst det aktivt engasjement frå skoleeigaren, leiinga på skolen og dei tilsette. Skolen kan ikkje greie dette aleine. Utviklinga krev i aukande grad aktive elevar som blir gjorde meir ansvarleg for si eiga læring, og ein open og god dialog med foreldra, der skolen og heimen gjensidig støttar kvarandre.
I kapittel 5 er det ei prinsipiell drøfting av det ansvaret foreldra har i skolen. Ut frå det samfunnsansvaret skolen har, meiner departementet det er viktig at skolen framleis er under ei demokratisk samfunnsstyring. I tillegg til den statlege styringa bør kommunane derfor trekkje opp klare rammer for det ansvaret dei gjev til skolane. Opplæringa er eit felles ansvar for fleire partar: kommunen, skolen, foreldra og elevane sjølve. Det bør og kome til uttrykk i styringa av skolen, slik at ikkje ein part til vanleg har fleirtalet aleine i det styrande organet på skolen.
Foreldra og lærarane møtest med ulike utgangspunkt og føresetnader. Læraren er den profesjonelle pedagogen, medan foreldra er dei som kjenner barnet sitt best. Det er i dette møtet, med ulike utgangspunkt og ståstader, at foreldra og skolen skal samarbeide til beste for barnet. Departementet vil framheve at det skal vere eit møte mellom skolen og alle foreldre, ikkje berre dei spesielt interesserte. Det er derfor viktig å leggje samarbeidet opp slik at alle kan og vil vere med.
I kapittel 6legg departementet fram tiltak for korleis ein kan og bør utvikle foreldreengasjementet vidare, likeins medverknaden til foreldra og samarbeidet mellom heimen og skolen på ulike nivå. Analysane av tilhøva i Noreg samanlikna med andre land viser at samarbeidssystemet som er gjeve gjennom lov og føresegner, gjev gode rammer for ein dialog mellom heimen og skolen. Utfordringa er å få systemet til å fungere i praksis i det daglege og for alle.
Departementet legg derfor til grunn at ein bør utvikle vidare dei eksisterande samhandlingsmønstra, slik at dei kan bli kvalitativt betre.
Departementet meiner det er særleg viktig å få til ein god dialog om den einskilde elev og klassen. Skolen, særleg ved rektor og klassestyrar, har ansvaret for å ta initiativet til dialogen. Skolen må vise at han ønskjer dialogen gjennom konkrete og praktiske handlingar. Samhandlinga bør både femne om klassemiljøet og opplegget for undervisninga.
Tilrådinga byggjer på gjeldande lover og føresegner. Det blir mellom anna tilrådd at:
det blir satsa på god informasjon til foreldra, mellom anna ein «foreldreguide»
det blir utvikla materiell for felles opplæring av klassestyrar og klassekontaktar
skolane må leggje vekt på å få til ein god overgang mellom barnehagen og skolen
systemet med elevvurdering og skolebasert vurdering blir utvikla vidare
kommunane blir oppmoda til å setje i gang ulike utviklingsprosjekt for å betre samhandlinga mellom heim og skole
departementet, sammen med FUG, tek initiativ til oppsummering og formidling av konkrete døme på korleis samhandling omkring den einskilde elev og klassen kan fungere
kommunane vurderer å gjennomføre spørjeundersøkingar til foreldra på aktuelle område
skolane må ha språkleg og kulturell kompetanse til å ha dialog med dei samiske foreldra. Dette vil mellom anna bli følgt opp gjennom etterutdanninga av lærarane
dialogen mellom heim og skole blir profilert i lærarutdanninga, jf St meld nr 48 (1996-97)
dialogen mellom heim og skole skal inn i kommunane sine planar for kompetanseutvikling
det bør satsast på forsking- og utviklingsarbeid innanfor området heim-skole
kommunane bør arbeide for å utvikle samarbeidsutvalet slik at ein kan få til ein god dialog mellom dei ulike partane i skolesamfunnet
kommunane og foreldra vil til vanleg vere tente med at ein utviklar eit felles forum for foreldra på kommunenivået
Departementet tilrår at FUG framleis blir oppnemnt av departementet, og at FUG med sekretariatet blir organisert som eit eige forvaltningsorgan.
I kapittel 7tek departementet opp spørsmål knyta til samhandling mellom skolen og foreldre frå språklege minoritetar og foreldra til funksjonshemma barn, og korleis ein kan videreutvikle samarbeidet mellom skolen og desse foreldregruppene. Det er viktig for at skolen i praksis skal vere for alle barn og unge. Vurderinga i dette kapitlet er eit supplement til kapittel 6.
I kapittel 8blir dei økonomiske og administrative konsekvensane omtala.
I meldinga blir det bruka ordet foreldre om foreldre eller føresette og om andre som i praksis har ansvaret for barnet.