4 Viktige utviklingstrekk i samfunnet - konsekvensar for samarbeidet mellom heim og skole
Både for det einskilde mennesket og for heile samfunnet er utdanning og livslang læring nøkkelen til suksess. Grunnlaget og viljen til vidare læring og menneskeleg utvikling blir lagt i grunnskolen. Foreldra har ansvaret for sine eigne barn og har derfor rett til å påverke det som skjer i skolen. Det er godt dokumentert at interesse frå foreldra er svært viktig både for skolemotivasjonen for utbyttet av skolegangen og for det vidare skolevalet. For at skolen skal kunne gje ei opplæring tilpassa morgondagen må elevane gjerast meir ansvarlege for si eiga læring, og ein open dialog mellom heimen og skolen blir derfor viktigare enn nokon gong.
4.1 Skolen og samfunnsmandatet
Einskapsskolen er ein skole som skal kunne omfatte alle. Skolen har eit mandat gjeve både av foreldra og av samfunnet. Samfunnsmandatet til skolen er gjeven i læreplanverket for den ti-årige grunnskolen.
Skolen er ein felles arbeids- og møteplass. Der kjem elevane saman, uavhengig av kvar dei bur, og uavhengig av sosial bakgrunn, kjønn, religion, etnisk tilhøyrsle eller funksjonsevne. I skolen må elevane lære seg å leve med kvarandre og utvikle seg saman med andre trass i slike skilnader. Dette daglege møtet på skolen er svært viktig for at elevane skal få innsikt, forståing og respekt for kvarandre.
Ytringsfridommen er svært sentral i det norske samfunnet. Ytringsfridommen kan berre overleve dersom folk får øving i å vere med og i å engasjere seg. Skolen har ei viktig rolle i å gjere elevane medvitne om dette, stimulere dei til å uttrykkje seg og til å grunngje meiningane sine. I Noreg legg vi stadig større vekt på at elevane sjølve skal ta ansvaret for si eiga læring og vere aktive i læringssituasjonen.
Elevane kan vere med i dei demokratiske institusjonane i skolen, som elevråd og samarbeidsutval, og dei kan på den måten få praktisk øving i demokrati. For at elevane skal oppleve dette som meiningsfullt og bli stimulerte til vidare engasjement, må dei oppleve at dei verkeleg blir lytta til og har innverknad i dei organa dei er med i.
I dei demokratiske organa på skolen, til dømes samarbeidsutvalet, er også dei tilsette og foreldra med. Her møtest fleire demokratiske tradisjonar, brukardemokratiet representert av elevane og foreldra, som ønskjer reell innverknad på det tilbodet skolen gjev, dei tilsette med rett til demokrati på sin eigen arbeidsplass og det politiske demokratiet. For alle deltakarane er det viktig at ein blir respektert og lytta til i avgjerdsprosessen, endå om ein har ulike interesser og synspunkt. Slik sett er samarbeidsutvalet for fleire grupper i skolesamfunnet ei prøve på demokratiet i praksis.
Skolen har ei svært viktig oppgåve i utvikle toleranse hos elevane, likeins respekt for andre menneske og øving i ytringsfridom og demokrati. Dette er eit samfunnsmandat som det framleis må leggjast vekt på.
4.2 Foreldrerolla i opplæringa
I ei mengd studiar har involvering frå foreldra, deira interesse for skolearbeidet og deira ønske på vegner av sine eigne barn vist seg å vere svært viktig for opplæringa.
Ei større norsk undersøking (Ung i Norge), Program for ungdomsforskning, finansiert av Norsk forskingsråd/Noregs allmennvitskaplege forskingsråd, omfattar 12 287 elevar i ungdomssteget på 67 skolar og ulike tilhøve ved situasjonen deira. I ein spesialrapport for departementet om utdanningstilbod (Wichstrøm 1993) finn vi desse konklusjonane:
Elevar på ungdomssteget opplever i svært stor grad at foreldra er interesserte i skolearbeidet, at dei oppmuntrar elevane, og at elevane får konkret hjelp med skolearbeidet heime. Berre eit lite mindretal opplever at dei ikkje får denne støtta heimafrå. Endå om ungdommen meiner at interessa til foreldra går noko ned gjennom ungdomssteget, er interessa framleis svært sterk i niande klasse.
Støtte og hjelp frå foreldra er langt viktigare for skolemotivasjonen enn sosial klasse, eller om mor og far bur saman, utdanningsnivået til foreldra og dei intellektuelle interessene deira. Det gjeld i høve til lekselesing og for holdninga til skolen, og i endå sterkare grad i høve til regelbrot og skulking.
Den interessa foreldra har for skolearbeidet, verkar direkte inn på planane om å gå vidare på ulike studieretningar i den vidaregåande opplæringa - uavhengig av den holdninga eleven sjølv har til skolen og uavhengig av karakternivået til eleven.
Den sosiale klassen og utdanningsnivået til foreldra verkar inn på om ein elev vel allmennfaglege eller yrkesfaglege studieretningar i den vidaregåande opplæringa, men ikkje på styrken i motivasjon og utdanningsnivå.
Rapporten konkluderer med at foreldra er ein stor ressurs. Dei er positivt innstilte og er i stor grad avgjerande for skolemotivasjonen og skoletilpassinga hos eleven. Det blir stilt spørsmål ved om ikkje denne ressursen kan utnyttast endå betre.
I eit omfattande kanadisk forskingsprosjekt (Colemann og Collinge) har ein sett på korleis tilhøvet mellom foreldra og skolen påverkar holdningane hos barna til skolen og til læring. Prosjektet dokumenterer at holdningane og handlingane til foreldra er «det skjulte leddet» mellom det elevane ventar seg, og kor tilfredse dei er med å gå på skolen. Det er igjen avgjerande for motivasjonen hos elevane for å lære. Ei positive interesse hos foreldra for læringa til barna har meir å seie for utbytet av skolegangen enn noko anna. Prosjektet understrekar også at skolen ikkje kan erstatte det avgjerande sosiale livet i familien, men skolen og lærarane kan vere merksame på den innverknaden det sosiale livet har, og vere imøtekomande overfor medverknad og samarbeid frå foreldra.
I OECD-rapporten «Parents as partners in schooling» (OECD 1997) blir samarbeidet mellom heimen og skolen analysert i ni OECD-land. Rapporten konkluderer med at den mest positive tilnærmingsmåten i opplæringa er å konsentrere interessa om at foreldra må støtte barna, særleg i dei første skoleåra. Det blir sterkt tilrådd å utvikle samarbeidet («partnership») mellom skolen og foreldre på alle nivå.
Undersøkingar i Australia, England og USA viser at skolar der elevane greier seg bra, er karakteriserte av gode tilhøve mellom heimen og skolen (Brighouse and Tomlinson, 1991).
Staten Iowa i USA har laga ein rapport om foreldreengasjement i utdanninga («Parent Involvement in Education: A Resource for Parents, Educators and Communities»), der ein summerer opp ulike undersøkingar frå Epstein (1991 og 1992), Henderson (1987), Davies (1988) og Liontos (1992). Hovudkonklusjonen er at når foreldra samarbeider med skolen, er det ein fordel for alle. For eleven er det ein fordel fordi det mellom anna fører til:
meir positive holdningar til skolen
betre resultat i lesinga
betre heimearbeid
For foreldra er det ein fordel fordi det fører til at dei:
får idear frå skolen om korleis dei skal hjelpe barnet
lærer meir om kva elevane lærer, og om korleis skolen fungerer
støttar barna betre
blir meir sikre på korleis dei skal hjelpe barna med å lære
får eit meir positivt syn på lærarane
For lærarane og skolen er det ein fordel fordi det fører til at:
lærarane får moralsk støtte til undervisninga
foreldra ser meir positivt på lærarane
lærarane ser på foreldra som meir hjelpsame
resultatet blir betre for elevane
foreldra støttar skolane
Den skotske pedagogen og forskaren, Alastair Macbeth, som har arbeidd svært mykje med samarbeidet mellom heimen og skolen, seier at samarbeidet er viktig av fem grunnar (Macbeth 1989):
Foreldra har etter lova ansvaret for utdanninga til sine eigne barn.
Mesteparten av opplæringa skjer utanfor skolen, spesielt heime. Skolen og heimen bør samarbeide, slik at ein kan utnytte heimelæringa som ein ressurs.
Undersøkingar indikerer at læringa i familien påverkar effektiviteten i opplæringa på skolen på ein positiv måte.
Læraren er ein agent for utdanningsstyresmaktene og skal undersøkje om foreldra gjennomfører sine plikter. På den måten blir læraren eit sikringsnett i utdanninga for elevar med foreldre som ikkje tek vare på barna sine.
Det er demokratisk fornuftig at foreldra har innverknad på viktige tilhøve i skolen, men ikkje nødvendigvis avgjerdsmakt.
4.3 Auka kompetansebehov og auka omstillingsevne
Nasjonalrekneskapen viser ressursane til nasjonen og kva vi får ut av desse ressursane over ei viss tid. Den menneskelege kapitalen, kompetansen og arbeidskrafta i det norske folket omfattar heile 64 pst av dei nasjonale ressursane. Dei store oljeførekomstane som Noreg framleis har liggjande ubrukt i Nordsjøen, omfattar om lag 7 pst av den felles nasjonale formuen. Det gjev eit viktig perspektiv på kor viktig opplæringa er.
Samfunnet er i rask endring, og endringstakta ser ut til berre å auke. Informasjon og telekommunikasjon er i ferd med å gje oss ein ny industriell revolusjon. I kvitboka frå Europakommisjonen: «Undervisning og læring. På vei mot læringssamfunnet» (1996) heiter det mellom anna:
«Større investeringer i kunnskapsbasen vil være en forutsetning for å kunne holde følge med, og helst lede an, i utviklingen. Utdanning og læring vil være sentrale virkemidler for å sikre stabilitet og solidaritet, kjennemerker ved de europeiske demokratier.
Utdanning, evnen til å lære, vil være nøkkelen til suksess hva gjelder både stilling i arbeidslivet og personlig utvikling.»
Kunnskap og kompetanse er avgjerande både for utviklinga av samfunnet og for utviklinga av det einskilde mennesket. Eit hovudelement er styrking av grunnskolen som basis for livslang læring.
Den 10-årige grunnskolen og det nye læreplanverket byggjer på at opplæringa skal tilføre elevane holdningar og kunnskap som kan vare livet ut, og som samtidig legg fundamentet for den nye dugleiken som trengst når samfunnet endrar seg raskt. Opplæringa må stimulere både lysta, nyfikna og iveren etter å søkje ny kunnskap og ny dugleik i eit samfunn farga av kontinuerleg endring og utvikling. Omstilling og dermed kunnskapsfornying vert meir og meir den vanlege situasjonen for folk. Elevane må utvikle dugleik og personlege eigenskapar for å kunne meistre omstillingar. Det krev evne til samarbeid og til sjølvdisiplin - og motivasjon for læring. Desse eigenskapane blir utvikla i dei mellommenneskelege tilhøva. På den måten får det sosiale livet på skolen, og skolen som sosial arena, større verdi.
I skolen må ein leggje vekt på å utvikle heile mennesket. Skolen må tilpasse seg behova i samfunnet og heile tida vere i første rekkje for å møte framtidige behov. Det kan ikkje skolen få til aleine. Eit nært samarbeid basert på gjensidig dialog med foreldra blir i dette perspektivet svært viktig.
4.4 Endringar i samfunnet - større krav til skolen
Det har skjedd store endringar i oppvekstvilkåra for barna dei siste 20-30 åra, som mellom anna stiller nye krav til skolen. Det ser vi til dømes ved at (kjelde Statistisk sentralbyrå):
Familiestrukturen er endra. I 1970 opplevde om lag 3 500 barn under 18 år at foreldra vart skilde. Talet auka til 11 850 barn i 1980 og til 17 400 barn i 1994.
Av alle familiar med barn under 18 år har den delen som bur aleine med mor, auka frå 3,5 pst i 1971 til 5,3 pst i 1995. Den delen som bur aleine med far, har derimot halde seg stabil og var 0,7 pst i 1995. Vi presiserer at denne statistikken ikkje fangar opp om mora eller faren eventuelt bur saman med ein annan mann eller ei anna kvinne.
Delen av kvinner i arbeidslivet har auka, utan at fedrane i særleg grad har endra arbeidssituasjonen sin. Det har ført til at den samla arbeidstida for foreldra har auka kraftig. I 1995 var til dømes meir enn 80 pst av alle kvinner mellom 30 og 49 år yrkesaktive. I NOU 1995:26, Barneombud og barndom i Norge, blir det hevda at barna står meir sentralt i familien enn tidlegare. Denne utviklinga har likevel konsekvensar i høve til både omfanget av og kvaliteten på dei opplærings- og omsorgstilboda barna treng.
Det er store endringar i mediebiletet. I 1995 kunne 90 pst av alle barn og unge sjå fleire fjernsynskanalar.
Talet på dei som har personleg datamaskin heime, har auka frå 9 pst i 1985 til 39 pst i 1995. Om lag 60 pst av barn og unge hadde i 1995 tilgang til personleg datamaskin eller fjernsynsspel heime.
Barna brukar stadig meir tid på skolen på grunn av den tiårige grunnskolen og fordi nesten all ungdom mellom 16 og 18 år går i den vidaregåande skolen.
Desse endringane stiller auka krav til skolen. I kontakten med heimen må skolen mellom anna vere merksame på og ta omsyn til dei særlege utfordringane som kan følgje når foreldra ikkje bur saman.
Endå om fleire barn opplever skilsmisse og endra samlivsformer, er hovudbiletet framleis at barna bur saman med foreldra.
Noreg er på veg mot eit fleirkulturelt samfunn. Det stiller skolen overfor ein lang rekkje nye utfordringar, jf kapittel 7. I skoleåret 1996-1997 omfattar elevar frå språklege minoritetar 5,8 pst av det samla elevtalet i grunnskolen. Talet er meir enn tredobla dei siste ti åra. Talet varierer mykje frå fylke til fylke. I Oslo omfattar språklege minoritetar 27 pst av elevtalet. Om lag halvparten av innvandrarane (definerte som personar busette i Noreg med to utanlandskfødde foreldre) bur i dei ti største kommunane. 45 pst av innvandrarane frå land utanom Europa og Nord-Amerika bur i Oslo. I Oslo er innvandrarane 14,7 pst av den samla folkemengda. Det er også store skilnader innanfor Oslo.
Det blir lagt stor vekt på integrering i samfunnet, til dømes integrering av psykisk utviklingshemma og av personar med psykiske problem i lokalsamfunna, og det blir lagt stor vekt på at vi skal ha ein grunnskole som skal gje undervisning til alle barn og unge. 30 000 elevar får i skoleåret 1996/1997 spesialundervisning etter einskildvedtak. Det omfattar 6,2 pst av elevtalet, men det blir bruka heile 21,9 pst av det totale elevtimetalet til spesialundervisning.
Utdanningsnivået til foreldra har auka vesentleg:
I 1950 hadde 80 pst av dei fødande kvinnene berre grunnskolen. I 1990 er dette talet redusert til rundt 11 pst. Det var særleg i 1980-åra at utdanningsnivået til kvinnene auka mykje.
For 97 pst av barna har minst ein forelder utdanning ut over grunnskolen.
For 22 pst av barna har begge foreldra eit utdanningsnivå som er minst like høgt som utdanningsnivået til læraren.
Utviklinga med eit høgare utdanningsnivå blant folk kjem til å auke også i framtida. Etter at Reform 94 er gjennomført, tek om lag 95 pst av all ungdom til i den vidaregåande skolen.
Sjølv om det har vore store endringar i samfunnsutviklinga, utgjer framleis familien - saman med skolen - ein viktig arena for formidling av kunnskap, sosial kompetanse og personleg utvikling.
Det er viktig at skolen arbeider med eigne holdningar omkring barna, slik at dei kan vere ei støtte som barn og foreldre kan rekne med.
Tidlegare var læraren ofte ein av dei få med høg utdanning i lokalsamfunnet. Det gav læraren ein særleg status og respekt mellom foreldra. I dag har stadig fleire foreldre eit høgt utdanningsnivå. Dermed blir foreldra meir likeverdige med læraren. Det er grunn til å rekne med at det samtidig fører det til at foreldra får ei større interesse for og stiller større krav til det som skjer i grunnskolen.
4.5 Oppsummering
Både for det einskilde mennesket og for heile samfunnet er utdanning og evna til livslang læring nøkkelen til suksess. I grunnskolen får eleven viktig basiskunnskap, og det blir lagt eit fundament for evna og viljen til vidare læring og menneskeleg utvikling.
Dugleik og personlege eigenskapar må utviklast for å kunne meistre omstilling. Mellommenneskelege tilhøve og det sosiale livet på skolen blir stadig viktigare. Skolen står overfor mange utfordringar på grunn av andre endringar i samfunnet, til dømes endringar i oppvekstvilkåra til barn, det fleirkulturelle samfunnet og integrering av alle grupper i lokalsamfunnet og dermed i grunnskolen.
Skolen har eit viktig samfunnsmandat slik det er gjeven i læreplanverket. Skolen skal utvikle toleranse, solidaritet og respekt for andre, stimulere elevane til å få fram og grunngje meiningane sine og vere med i dei demokratiske avgjerdsprosessane.
Forskingsarbeid frå grunnskolen i fleire land viser at foreldra har ei sterk interesse av skolegangen til sine eigne barn, og at det er svært viktig både for skolemotivasjonen og for det vidare skolevalet.
Gjennom den 10-årige grunnskolen og det nye læreplanverket er det lagt til rette for at skolen skal kunne gje ei opplæring tilpassa morgondagen. For å få det til i praksis ute på skolane krevst eit aktivt engasjement frå skoleeigaren, skoleleiinga og dei tilsette. Men skolen kan i stadig mindre grad greie dette aleine. Aktive elevar som blir gjorde meir ansvarlege for si eiga læring, og eit ope og godt samarbeid med foreldra, der heimen og skolen gjensidig støttar kvarandre, er viktigare enn nokon gong.
Med det ansvaret foreldra har for sine eigne barn og med den viktige rolla foreldra har i utviklinga til barnet, har foreldra rett til også å kunne påverke det som skjer i skolen. Der skal det vere eit samarbeid mellom to likeverdige partar, der begge er like viktige både for eleven og for det samfunnet eleven skal vekse inn i.
Departementet ser samarbeidet mellom heimen og skolen og ei styrking av foreldreengasjementet som viktig for å utvikle skolen vidare. Dette er nærmare omtalt i kapittel 6 og i kapittel 7.