6 Vidareutvikling av samarbeidet mellom heim og skole
6.1 Grunnlag for samarbeidet
Analysar viser at det samanlikna med andre land er etablert eit godt system i Noreg for å få til samhandling og dialog mellom heimen og skolen. Mange stader fungerer dialogen svært godt, men mykje ser ut til å vere avhengig av holdningane til rektor. Departementet meiner det er særleg viktig å få til ein god dialog om den einskilde eleven og klassemiljøet. Skolen har ansvaret for å ta initiativ til å etablere dialogen, og skolen må vise at han ønskjer dette gjennom konkrete og praktiske handlingar.
I dette kapitlet kjem departementet med framlegg om korleis ein kan utvikle vidare samarbeidet mellom heimen og skolen. Det er lagt særleg vekt på tiltak som kan styrkje foreldreengasjementet og kommunikasjonen lærar-elev-foreldre, og med det sikre foreldra innverknad på ulike nivå i skolesamfunnet.
Omtalane og analysane frå ulike land viser at Noreg, samanlikna med andre land, har etablert gode rammer gjennom lover og forskrifter, for å få til eit godt samarbeid mellom heimen og skolen. Analysane viser at mange foreldre er nøgde med korleis samarbeidet fungerer. Analysane viser også at mykje ser ut til å vere avhengig av holdningane til rektor.
Det er dei seinare åra gjort mykje for å leggje til rette for eit betre samarbeid mellom heimen og skolen, til dømes gjennom det nye læreplanverket, informasjonsmateriell og utviklinga av elevvurdering, skolebasert vurdering og eit nasjonalt vurderingssystem. Dei analysane som er lagde til grunn for denne meldinga, viser at mange foreldre er nøgde med den informasjonen dei får frå skolen, og dei meiner at skolen lyttar til dei. Det er derfor viktig å ta vare på det som fungerer bra, og å utvikle vidare dei sidene ved samarbeidet som ikkje fungerer godt nok.
Framlegga byggjer på analysane i kapittel 3, på dei utfordringane samfunnet og skolen står overfor, jf. kapittel 4, og den prinsipielle avklaringa av foreldreansvaret i høve til skolen, omtalt i kapittel 5. Denne gjennomgangen gjev dette utgangspunktet og dette grunnlaget for dei tiltaka som departementet rår til:
foreldra har ansvaret for at barna deira får ei forsvarleg oppseding og utdanning, og dei har derfor rett til å vere med og påverke det som skjer i skolen
foreldra er vanlegvis dei viktigaste forbilda for barna fram til dei tek til på skolen
foreldra er interesserte i situasjonen for barna sine på skolen, dei ønskjer å støtte barna aktivt og er slik sett ein ressurs for skolen
for å styrkje oppvekstmiljøet og få god effekt av opplæringa, er det svært viktig med aktiv støtte frå foreldra og ein god dialog mellom heimen og skolen
samfunnsutviklinga har ført til at skolen får fleire oppgåver overfor alle elevar, som krev eit konstruktivt samarbeid med heimen
også i skoleåra skjer mykje av opplæringa og utviklinga av barna utanom skolen, mellom anna i heimen
Framlegga vil også byggje på dette grunnlaget:
skolen skal framleis høyre inn under ei demokratisk samfunnsstyring
utviklinga skal skje innanfor rammene av det lovverket som gjeld, læreplanverket og annan overordna nasjonal politikk
det pedagogiske ansvaret for opplæringa skal framleis liggje hos rektor og lærarane
Departementet legg vidare til grunn at eit konstruktivt samarbeid mellom lærarane og foreldra må byggje på aktiv medverknad frå elevane.
Det kan gjerast eit prinsipielt skilje mellom to ulike roller som foreldra har i høve til skolen (Macbeth og Ravn, 1994):
Den administrative rolla, der foreldra er representerte i ulike samarbeids- og styrande organ, er med i dugnadsarbeid og gjennomfører andre tiltak for å betre økonomien på skolen. I denne rolla er det gjerne relativt få foreldre.
Utdanningsrolla, som mellom anna blir praktisert gjennom direkte opplæring, gjennom å vere eit sosialt føredøme og gjennom å skape læresituasjonar. Denne rolla har alle foreldra, og i høve til utviklinga hos barnet er denne rolla den viktigaste.
Utdanningsrolla er ein kjernefunksjon både for foreldra og for skolen, og ho gjeld alle. Klassen er den sentrale eininga i undervisninga. Sosialt og fagleg er klassen for eleven ei svært viktig ramme for opplæringa. Departementet ser det derfor som særleg viktig å utvikle eit godt samarbeid mellom heimen og skolen og eit konstruktivt foreldreengasjement knytt til eleven og klassen. For å få det til er det også viktig med eit stabilt klassemiljø på barnesteget og grunnskolar i nærmiljøet.
Samarbeidet bør omfatte både innhaldet i skolen, undervisninga og det faglege og sosiale miljøet i klassen. Samarbeidet på skolenivå, kommunenivå og nasjonalt nivå kan gje viktige rammevilkår, vere motiverande og støttande i dette arbeidet.
Den svenske forskaren Gunilla Fredrikson har oppsummert forskinga si på samarbeidet mellom heimen og skolen, og seier det krev at pedagogane (Fredrikson, 1995):
Må kunne grunngje det dei gjer overfor foreldra.
Tek utgangspunktet for verksemda si i røynslene og interessene til eleven.
Ser det som sentralt at foreldra og skolen har tryggleik for og kjennskap til kvarandre. I forlenginga av dette må ein halde fast på at tillit som basis i alt samarbeid tek utgangspunkt i opne tilhøve og i innsyn i korleis andre har det. Felles forståing av ein situasjon går ut frå opne tilhøve og innsyn.
Må ha tru på eleven og foreldra.
Må forstå at når foreldra er rekna som likeverdige, bør dei også ha reell innverknad.
For å tydeleggjere kva ein meiner med samarbeidet mellom heimen og skolen brukar departementet orda samhandling og dialogpå klassenivå og skolenivå. Det krev at det både er gjensidig informasjon, tillit og likeverd mellom partane. Med det ønskjer ein å få fram at foreldra og skolen saman har eit ansvar, og at dei i fellesskap skal handle til beste for elevane.
Undersøkingar har vist at foreldreengasjementet har samanheng med rektor sine holdningar. Skolen, særleg ved rektor og klassestyrar, har ansvaret for å ta initiativ til samarbeidet skal komme i stand. Det avgjerande er kva skolane gjer i praksis. Gjennom konkrete handlingar må skolene vise at dei vil ha ein dialog med heimen.
Sjølv om rektor spelar ei avgjerande rolle, er det likevel læraren som står nærast eleven og foreldra i det daglege arbeidet. Det er derfor avgjerande kva rolle læraren, og særleg klassestyraren, har i dette samarbeidet. Departementet vil peike på at læraren må:
vise respekt for eleven sin bakgrunn
sjå foreldra som ein likeverdig part
ha respekt for den innsikten og det ansvaret foreldra har
Ansvaret for å initiere og utvikle samhandlinga, samarbeidet og engasjementet kviler elles på fleire:
Nasjonalt på Stortinget og regjeringa i utforminga av den nasjonale politikken, og på Kyrkje-, utdanning- og forskingsdepartementet gjennom dei overordna rammevilkåra og rettleiingane som blir gjevne. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit viktig rådgjevande organ for departementet og har eit sjølvstendig ansvar for å stimulere dialogen mellom heimen og skolen.
Regionalt på dei statlege utdanningskontora i deira rettleiing og oppfølging av kommunane.
På kommunen gjennom dei konkrete rammene, retningslinjene, rettleiingane og ressursane som blir gjevne til skolane.
Skolane, særleg på rektor og klassestyraren, slik det er slått fast i grunnskolelova og i læreplanverket.
Foreldra, som har eit sjølvstendig ansvar for å følgje opp utviklinga til barna sine i skolen.
Departementet understrekar også verdien av å betre samarbeidet med foreldre til barn og unge med særskilde behov og foreldre med framandspråkleg bakgrunn. Dette er omtala i kapittel 7.
6.2 Tilrådingar frå OECD
OECD har gjennomført ein analyse av samarbeidet mellom heimen og skolen i fleire land («Parents as partners in schooling, 1997). På grunnlag av denne analysen gjev OECD tilrådingar til regjeringar som ønskjer maksimal positiv effekt av å involvere foreldra i skolen:
Det må publiserast gode døme.
Det må leggjast til rette for at vellukka utviklingsprosjekt kan førast vidare.
Det må utviklast metodar for korleis ein kan lære av vellukka utviklingsprosjekt, slik at foreldre, elevar og lærarar over heile landet kan dra nytte av dei.
Regjeringane må avklare kva dei eigentleg ønskjer å oppnå med samarbeidet. Å byggje opp eit godt samarbeid er ein langsiktig prosess, som krev planlegging og strategisk tenking.
Målet bør vere å etablere ein felles politikk som sikrar at alle skolar byggjer opp sterke program for dialogen mellom heimen og skolen.
Ein må ta omsyn til den politiske kulturen når ein byggjer opp dialogen.
Dialog krev gjensidig respekt og godtaking av det den einskilde kan føre inn i samarbeidet. Lærarar og foreldre bør i fellesskap lære korleis dei skal forhandle, takle skilnader og ulike syn, og forstå verdien av dei forventningane dei ulike partane har.
Støtte frå rektor er avgjerande. Ein føresetnad for denne støtta er at rektorane sjølve ser kvifor samarbeidet med foreldra er viktig.
Foreldreengasjement kan vere ein viktig og spennande politikk for å styrkje dei svake og for å utvikle lokalsamfunnet.
Ein løyser ut nye ressursar når foreldra blir dregne inn i utdanninga.
Ein må avklare kva foreldra ventar av skolen.
6.3 Samhandling på individnivå og klassenivå
Det blir tilrådd at ein utviklar dei eksisterande samhandlingsmønstra mellom heimen og skolen. Som ansvarlege for eigne barn må foreldra få informasjon og ha innverknad på det som skjer i skolen. Dialogen mellom foreldra og skolen er nødvendig for å få til eit godt klasse- og oppvekstmiljø.
Departementet vil sørgje for at det blir arbeid ut informasjons- og opplæringsmateriell saman med Foreldreutvalet for grunnskolen. Kommunane blir oppmoda om å setje i gang utviklingsprosjekt der ein brukar ulike metodar i elevvurderinga og i arbeidet for å styrkje dialogen mellom heimen og skolen. Det bør bli satsa meir på forsking- og utviklingsarbeid.
Foreldre flest har stadig større innsikt i og stiller stadig større krav til skolen. Det er viktig å leggje til rette for best mogeleg dialog mellom heimen og skolen. Dialogen skal sikre gjensidig informasjon om tilhøve som er viktige for eleven og undervisninga. Dette skal ikkje rokka ved det pedagogiske og metodiske ansvaret til lærarane.
Departementet understrekar også verdien av dialogen mellom heimen og skolen for å skape eit positivt og trygt klasse- og skolemiljø, og for å hindre utvikling av vold og mobbing.
Foreldra er på mange måtar i ei «tidsklemme». Den perioden av livet når ein har barn i skolen, er ofte vanskeleg økonomisk, og mange foreldre arbeider mykje. Samtidig krevst det mykje oppfølging av barna, til dømes i høve til oppseding, skole og fritidsaktivitetar. Dialogen mellom heimen og skolen må ta omsyn til at tida til foreldra er avgrensa. Departementet meiner derfor det må leggjast særleg vekt på å utvikle eksisterande samhandlingsmønster, slik at dei kan bli kvalitativt betre.
Rektor og klassestyraren har etter grunnskolelova og læreplanverket eit særleg ansvar for den konkrete dialogen mellom heimen og skolen. Korleis dette fungerer i praksis er svært avhengig av dei holdningane den einskilde rektoren og læraren har.
Boks 6.1 Foreldra er med i lærarteam
På Søndre Modum ungdomsskole er ein av klassekontaktane for kvart klassesteg koordinator. Ho kan vere med på møta i lærarteama som er skipa til for kvart klassesteg. Koordinatoren har regelmessig kontakt med alle andre klassekontaktar på same klassesteg for å få synspunkt som er viktige overfor alle lærarar på det klassesteget. Dette tek så foreldrekoordinatoren opp på møtet i lærarteamet. På denne måten får foreldra og lærarane nær kontakt og kan ta opp saker av felles interesse.
Departementet meiner samhandlinga mellom heimen og skolen knytte til barnet og klassen kan utviklast vidare på følgjande måtar:
Det skal leggjast vekt på god informasjon til foreldra. Departementet vil i samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen sørgje for at det blir utvikla informasjonsmateriell og at gode døme blir formidla til andre.Det vil bli utvikle ein «Foreldreguide», som er ei kortfatta og oversiktleg samling av dei viktigaste lovene, forskriftene og liknande som gjeld foreldre.I tillegg bør det utviklast informasjons- og rettleiingsmateriell for situasjonar som er særleg viktige for foreldra, til dømes om skolestart, om overgangen mellom skolenivå (frå barnehagen til grunnskolen, frå barnesteget til ungdomssteget og til den vidaregåande opplæringa) om rettane til barn, til dømes til spesialundervisning og om konfliktløysing.Departementet oppmodar kommunane å følgje opp med konkret og relevant informasjon, og sørgje for at det er rutinar på skole- og klassenivå for informasjon mellom heimen og skolen.
Saman med klassestyraren har tillitsvalde foreldre eit særleg ansvar for å få til ein konstruktivt dialog og eit konstruktivt foreldreengasjement på klassenivå. I samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen vil departementet arbeide ut opplæringsmateriell for felles opplæring av klassestyrarar og tillitsvalde foreldre.
Skolane må leggje vekt på å få til ein god overgang mellom barnehagen og skolen. Førskoledagane og dei første foreldremøta er særleg viktige, fordi dei skaper holdningar og legg grunnlaget for om foreldra blir motiverte for å engasjere seg vidare.
Systemet med elevvurdering opnar for å utvikle samhandlinga mellom læraren, eleven og foreldra. Det viktigaste formålet med elevvurderinga er å fremje læring og utvikling hos eleven. Her har alle tre partane i skolesamfunnet felles interesser. I § 9-1 i føresegna om vurdering, som vart sett i verk 1. oktober 1997, heiter det:
«Skolen skal halde god kontakt med foreldra. Klassestyraren skal minst to gonger i året ha ei planlagd og strukturert samtale med dei. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom annan med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Eleven bør vere med i desse samtalane; etter fylte 12 år har eleven rett til å vere med.»
Det ligg eit særleg godt grunnlag for å utvikle dialogen mellom heimen og skolen i vurderinga utan karakter, som skal gjennomførast på alle klassesteg i grunnskolen minst to gonger i året. Departementet understrekar verdien av å setje av nok tid til samtalen.
Kommunane blir oppmoda til å gjennomføre utviklingsprosjekt der ein brukar ulike metodar i elevvurderinga. Departementet vil hjelpe til med å formidle røynsler til andre kommunar. I tillegg til dei metodane som er omtala i St meld nr 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, er det særleg interessant å prøve ut heim-skoleavtalar der forventningane og pliktene til både heimen og skolen er nedskrivne. Avtalen bør vere eit viktig grunnlaget for elevvurderinga.
Boks 6.2 Foreldrekontrakt på Hagebyen ungdomsskole i Harstad
Ein foreldrekontrakt er ein avtale mellom foreldra i ein klasse. Bakgrunnen var at mange barn og unge gjekk på byen fredag- og lørdagskvelden utan at foreldra visste kva som skjedde. Med kontrakten ønskte ein å førebyggje og hindre rusmisbruk blant ungdommen. Ein viktig sideeffekt var at foreldra skulle bli betre kjende med kvarandre. Det fører igjen til betre klassemiljø og generelt betre kontakt mellom heim og skole. Klassekontaktane fekk ansvaret for å presentere framlegg til kontrakt og motivere andre foreldre i klassen til ein slik kontrakt. Det set i gang diskusjonar i kvar heim og mellom foreldra i klassen. Med dette utvikla ein felles haldningar blant foreldra til når barna skulle vere heime om kvelden, til bruk av alkohol, og gjensidig informasjon dersom ein ser eit barn er rusa i fritida. Initiativtakar rektor Sonja Luther fekk foreldreprisen i 1996 for dette tiltaket.
Kommunane bør prøve ut ulike metodar for å utvikle samarbeidet mellom heimen og skolen. Det kan til dømes vere å etablere samarbeidsgrupper med foreldre og tilsette for å finne og komme med framlegg til dei viktigaste forbetringsområda i skolen, etablere planleggingsgrupper som gjev innspel til og drøftar framlegg til undervisningsopplegg i klassane. Andre prosjekt kan vere forsøk med arbeidsutval av lærarar, elevar og foreldre som i fellesskap har ansvar for målformulering, for å utvikle planar, velje ut undervisningsinnhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer og bruk av heimearbeid, eller andre måtar å organisere samarbeidet mellom foreldre, elevar og lærarar på.
Saman med Foreldreutvalet for grunnskolen vil departementet ta initiativ til oppsummering og formidling av konkrete døme på korleis samhandlinga om eleven og klassen kan fungere.
Kommunane blir tilrådd å vurdere bruk av spørjeundersøkingar til foreldra på aktuelle område. Det kan til dømes vere i klassen til bruk i planlegging av undervisninga, på skolen i samband med den skolebaserte vurderinga eller til drøftingar av lokale prioriteringar, og i kommunen i samband med utforming av overordna skoleplanar og handlingsprogram.
Det må takast omsyn til tilhøva for den samiske befolkninga. Innføring av det samiske læreplanverket vil bidra positivt til at samiske elevar lettare kan identifisere seg med skolen og lærestoffet. Skolane må ha språkleg og kulturell kompetanse til å ha dialog med dei samiske foreldra. Dette vil bli følgt opp gjennom etterutdanninga av lærarar og i Samisk utdanningsråd si rådgjeving og støtte til lærarane.
I St meld nr 48 (1996-97) Om lærarutdanning er det i fleire samanhenger peika på at utdanninga må leggje vekt på samarbeidet mellom heim og skole. Dette vil bli følgt opp i arbeidet med rammeplanane.
I følgje plan for kompetanseutvikling, skal foreldrene få informasjon om viktige sider ved det nye læreplanverket og kjennskap til viktige områder ved verksemda på skolen. Kommunene har ansvaret for at dette blir følgt opp overfor foreldra.
Samarbeid mellom heim og skole skal inngå i kommunanes planar for kompetanseutvikling. Det bør både knytast til leiaropplæringa og etterutdanninga av lærarar, særleg klassestyrarar.
Departementet vil legge til rette for forskings- og utviklingsarbeid omkring samhandling mellom heim og skole. Aktuelle tema er:
sjå nærare på skilnaden i foreldremedverknaden på barne- og ungdomssteget
vurdere vilkåra som skal til for at brukarane skal få innverknad på styringa av skolene, både knyta til den administrative og utdanningsmessige delen
systematisere utviklingsarbeid for å betre dialogen mellom heim og skole
vurdere korleis og kva for føresetnader som skal til for at foreldra kan ta del saman med elevane og lærarane i planlegginga av undervisninga
evaluere røynsler knyta til elevvurdering, skolebasert vurdering og andre utviklingsprosjekt
Boks 6.3 Foreldremøte kvar månad med læraren som gjest
Dei 23 foreldrepara til 2. klasse ved Breidablikk skole på Ilseng har møtt til foreldremøte kvar månad. Læraren informerer om kva klassen har gjort sidan siste møte og kva dei skal gjere i den næraste tida. T.d. viser dei video, slik at foreldra kan sjå korleis ungane arbeider på skolen. Da kan dei også lettare vere med på å diskutere det som skal skje framover. Møte kvar månad meiner både foreldra og læraren er viktig for at både lærar og foreldra skal bli betre kjende med kvarandre. Da tør alle ta opp saker dei lurer på, og alle føler samarbeidet blir meir reelt. Det er nesten 100 prosent oppmøte frå foreldra på kvart møte.
6.4 Samhandling på skolenivå
Som ein del av det samla læringsmiljøet bør ein gjennomføre undersøkingar om dialogen mellom heimen og skolen. Kommunane bør arbeide for at samarbeidsutvala blir eit organ for ein god dialog. Gode døme vil bli samla inn og formidla vidare. Departementet framhevar den verdien skolen har for nærmiljøet.
Departementet legg til grunn at den lovgivinga som gjeld, må vere grunnlaget for å utvikle vidare samhandlinga mellom heimen og skolen på skolenivå. Departementet gjer ikkje framlegg om å endre samansetjinga av samarbeidsutvalet. Kommunen kan i tillegg velje å etablere eit driftsstyre på skolenivå. Kommunen avgjer sjølv medlemstalet i styret, men det skal ha minst to foreldre, og kva for ansvar og fullmakter ein vil delegere til styret. Det kan vere formålstenleg å etablere eit driftsstyre med eit klart definert ansvar og klare fullmakter for å få større engasjement frå alle partane i skolesamfunnet om styringa av skolen, jfr. kap. 5.
Boks 6.4 Døme på foreldreengasjement for å stoppe valdsproblem
På Bjølsen skole i Oslo var stoda i 1992 at stadig fleire elevar vart utsette for utpressing, trugslar og ran. Elevar vart stoppa på veg til skolen og kravd «bompengar». Problema hadde ikkje starta på skolen, men var til stades i bydelen og i nabolaga. Politiet fortel at dei blei kopla inn då nokre ungdomar likevel våga å seie i frå. Dei fekk vite om døme frå foreldra og frå skolen. Ein elev vart pressa for 8-9000 kroner. Han måtte tøme sparekontoane til familien og stele litt for å klare det.Skoleåret 1992-93 auka valden. Politiet fortalde skolen kva dei visste og inviterte til foreldremøte. Foreldrerådets arbeidsutval begynte å mobilisere foreldra. På eit møte med 300 foreldre, lærarar og nokre politikarar vart ein samd om kva foreldra kunne gjere og kva dei ikkje kunne gjere. Dei samla seg om tre haldningar; Trygge kvardagen for barna, redde ungane som vert rekruttert til gjengane, samtidig som ein må innsjå at foreldra ikkje kan gjere noko med dei med størst problem. Det er ein sak for politiet og hjelpeapparatet.Ei slik grensesetting var viktig. Foreldra hadde felles haldningar for å takle problema. Det var tett samarbeid mellom FAU, rektor og politiet, og eit nært samarbeid med PP-tenesta. Vidare organiserte foreldra såkalla ravning. Målet var å vere synlege og vandre rundt i ungdomsmiljøet på ettermiddagen og kvelden.Med hjelp av samarbeidet og det sterke foreldreengasjementet klarte dei på Bjølsen skole å bli kvitt valdsproblemet.
Fleire av punkta i kapittel 6.3 gjeld også utviklinga av samhandlinga på skolenivå. Departementet vil peike på behovet for å prøve ut nye samhandlingsformer på tvers av sektorane mellom foreldre, elevar og lærarar. Dette kan vere på område der elevane har felles interesser, på andre arenaer og i andre møteformer for å involvere ein større del av foreldra i dialogen med skolen. Det er viktig å få til gode og naturlege møteplassar mellom lærar-foreldre og elev.
I føresegna om vurdering § 9-9, som handlar om skolebasert vurdering heiter det:
«Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei einskilde læreplanane for fag.
Kommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.»
I St meld nr 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, er det understreka at også foreldra og elevane skal vere med i den skolebaserte vurderinga i emne som særleg gjeld dei. Ut frå det felles ansvaret for opplæringa departementet har lagt til grunn i denne meldinga, er det naturleg at foreldra er aktivt med i arbeidet med kva for tema som skal vurderast, i val av metodar og i analysane av resultata. Dette bør derfor takast opp i samarbeidsutvalet etter drøftingar i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU).
Departementet vil understreke at den skolebaserte vurderinga er eit hjelpemiddel til å betre kvaliteten på undervisninga. Dialogen mellom heimen og skolen er viktig for å utvikle eit godt læringsmiljø. Det er derfor naturleg at undersøkingar om denne dialogen høyrer med i den skolebaserte vurderinga. Gjennom den skolebaserte vurderinga får også foreldra komme med sine synspunkt.
Departementet vil oppmode kommunane om å arbeide for å utvikle samarbeidsutvalet, slik at ein kan få ein god dialog mellom dei ulike partane i skolesamfunnet. Samarbeidsutvalet bør kunne diskutere tilhøve som både gjeld det sosiale miljøet i skolen, undervisninga, den rolla skolen har i nærmiljøet, tiltak for å vidareutvikle samhandlinga mellom heimen og skolen osv.
Røynslene viser at samarbeidsutvalet kan fungere på denne måten dersom skoleleiinga gjev god informasjon og inviterer til dialog, slik at diskusjonane kan skje ut frå gjensidig respekt og forståing. Det er viktig at forventningane til dei ulike partane i samarbeidsutvalet er avklara på førehand
Det er også viktig at det er ein god dialog mellom alle foreldre, klassekontaktane, foreldrerepresentantane i FAU og samarbeidsutvalet.
Departementet vil ta initiativ til å systematisere gode røynsler frå arbeidet i samarbeidsutvalet, i FAU og for klassekontaktane.
I tillegg vil departementet særleg peike på den viktige rolla skolen har i lokalsamfunnet. Samarbeid med foreldra og med ulike foreiningar og lag i lokalsamfunnet er ein føresetnad for at skolen skal kunne fylle denne rolla.
Boks 6.5 Trygt og godt oppvekst- og nærmiljø på Vinne skole
Skolen hadde i lengre tid vore eit lokalt kultursenter. Dørene stod opne for bygdefolket på kveldstid. Det var tilsett eigen vaktmeister på kvelden, og både idrettslag, 4H og skolemusikken hadde lang tradisjon for å bruke skolen heilt fram til kl. 22.00 dei fire første dagane i veka. Men FAU ønska å gjere meir. Dei sette i gang ulike aktivitetar for å danne eller styrkje dei uformelle nettverka mellom barn, unge og vaksne utover det som skjer i det vanlege foreiningslivet. Det vart sendt ut spørjeskjema til alle barn og vaksne for å kartleggje ressursane i nærmiljøet og kva barna var interessert i. Det er no ca. 20 grupper som driv ulike aktivitetar og ca. 30 leiarar som har ansvaret. Sjølv om målgruppa først var elevar på barnesteget, er og eldre ungdommar med. Arbeidet blir drive av ei styringsgruppe med bla. representantar for FAU, elevråd og rektor. Den einaste ekstra utgifta kommunen har fått med dette tiltaka er at ein kontormedarbeidar har fått noko tid til å koordinere det praktiske arbeidet. FAU og skolen samler heile bygda. Dette prosjektet vann Foreldreprisen i 1994.
6.5 Samarbeid på kommunenivået og regionalt nivå
Som regel vil både kommunane og foreldra vere tente med at ein får eit forum på kommunalt nivå for dialog om saker av felles interesse.
Etter kommunelova har kommunane stor fridom til sjølve å velje korleis dei vil organisere seg.
Departementet viser til det engasjementet og dei positive røynslene mange kommunar har med kommunale foreldreutval. Kommunane står fritt til å vurdere om dei vil ta initiativ til å etablere slike utval. Som regel vil både kommunane og foreldra vere tente med at ein har eit forum for dialog og samarbeid om saker av felles interesse.
Det er ei viktig utfordring for dei kommunale foreldreutvala at dei har eit heilskapleg perspektiv på arbeidet sitt. Dei skal sikre interessene til alle foreldre, og støtte det arbeidet foreldra gjer på skolen.
Kommunen har driftsansvaret for grunnskolen innanfor rammene av dei lovene og føresegnene som gjeld. Kommunen har derfor eit ansvar for å sjå til at samarbeidet mellom heimen og skolen fungerer i samsvar med grunnskolelova, læreplanverket og føresegna om vurdering.
I samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), bør det vurderast korleis ein på regionalt nivå kan leggje til rette for å utvikle foreldreengasjementet, Det kan t.d. skje gjennom at SU-kontoret har felles samlingar med representanter for dei kommunale foreldreutvala og tilsette i kommunane som arbeider med heim-skole samarbeidet. Det kan også vere aktuelt å vurdere samarbeid mellom fleire fylke for ei felles informasjons- og rådgjevingsteneste for foreldra. Ein slik teneste bør eventuelt knytast til SU-kontoret.
6.6 Samarbeid på det nasjonale nivået
Foreldra avgjer sjølve om dei vil skipe ein sjølvstendig nasjonal foreldreorganisasjon. Departementet finn det formålstenleg at Foreldreutvalet for grunnskolen blir ført vidare som eit rådgjevande organ for departementet, samtidig som utvalet kan støtte aktivt opp om det lokale foreldrearbeidet. Det blir tilrådd at departementet framleis oppnemner medlemmene i Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), og at FUG med sekretariat blir organisert som eit eige forvaltningsorgan.
FUG er både eit rådgjevande organ for departementet og ei aktiv støtte for det lokale foreldrearbeidet, jf omtale i kap. 3.2.4. På den måten er FUG eit viktig element i det samla systemet for samhandling mellom heimen og skolen.
I samband med drøftinga av Innst S nr 96 (1996-97) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem vedtok Stortinget mellom anna:
«Stortinget ber regjeringa om å ta nødvendige steg for å gjere Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) til eit organ uavhengig av departementet og komme tilbake med konkret framlegg til oppnemningsmåtar og organisering i samband med statsbudsjettet for 1998.»
Departementet har i budsjettet for 1998 orientert om at dette spørsmålet blir vurdert i denne meldinga. Det er særleg to problemstillingar som er viktige i denne samanhengen:
korleis FUG blir oppnemnt
den organisatoriske plasseringa av sekretariatet til FUG
6.6.1 Oppnemning av FUG
Utvalet blir etter § 35 i grunnskolelova oppnemnt av departementet. Etter vedtektene bør alle som blir oppnemnde, ha barn i grunnskolen. Ein av representantane bør ha eit funksjonshemma barn, og ein representant bør ha framandspråkleg bakgrunn, slik at interessene deira kan bli særleg sikra. Dei to representantane har no også knytt til seg andre personar med særleg kjennskap til området og er eigne referansegrupper for FUG.
Departementet inviterer dei kommunale foreldreutvala, utdanningskontora og andre organisasjonar som arbeider med barn og unge, om å komme med framlegg til kandidatar. Det vidare arbeidet med oppnemninga har vore gjennomført i nært samarbeid med FUG.
I dei andre landa som er omtala her, er det vanleg med ein sjølvstendig foreldreorganisasjon med valde representantar. På den andre sida har ingen andre land eit statleg oppnemnt utval med slike funksjonar som FUG.
Tidlegare i meldinga er det vist til at det viktigaste for foreldra er den utdanningsmessige rolla, ikkje den administrative rolla, jf kap. 6.1. Ein foreldreorganisasjon ved sida av det noverande systemet vil føre til at foreldra må bruke meir tid på dei administrative oppgåvene.
Forsøket med å byggje opp ein sjølvstendig foreldreorganisasjon i Noreg (Foreldre for skolen) viste at det var vanskeleg å få til. No har Voksne for barn (tidlegare Mental barnehjelp) teke over funksjonane til organisasjonen.
Departementet vil rå til at den lovgivinga som gjeld vert ført vidare, og at FUG framleis blir oppnemnt av departementet. Det bør vurderast om det skal leggjast opp til ein breiare prosess når det gjeld å kome med framlegg på kandidatar, til dømes at FAU på skolane kan komme med framlegg. Dette kan enkelt gjerast gjennom omtale i Foreldrekontakten, og eventuelt samordnast gjennom dei kommunale foreldreutvala.
6.6.2 Organisering av FUG med sekretariat
Sekretariatet er no organisert som ein del av departementet. Honorar og driftsutgifter for utvalet er samla på eigen post i budsjettet (kap. 0229, post 21). Lønnsutgiftene til sekretariatet og drift av kontora vert dekka over budsjettet til departementet.
Denne organiseringa gjev FUG nærleik og høve til å kome inn tidleg i avgjerda på tema heim og skole. Det gir departementet innsikt i røynsler frå foreldra. I tillegg får FUG tilgang til kompetanse i departementet.
Organiseringa har den ulempe at FUG vert oppfatta som ein del av departementet. Postadresse og fysisk plassering kan også virke inn på oppfatninga. Det kan også stillast spørsmål ved om det er riktig at ein interesse er organisert direkte inn i departementet.
Departementet tilrår at sekretariatet til FUG organisatorisk vert skild frå departementet.
6.6.3 Alternative organisatoriske løysingar for FUG
Departementet meiner det er mest aktuelt å organisere FUG med sekretariatet på desse måtane:
Som eige forvaltningsorgan. Utvalet får dermed ei meir sjølvstendig stilling. Departementet kan framleis instruere verksemda og gje dei fullmakter. Dei vil kunne få stor fridom t.d. ved disponering av eigne inntekter og for tilsetjingar innanfor dei overordna rammene som departementet gjev. Dette er i samsvar med organiseringa av fleire andre råd og utval, t.d. dei som arbeider med likestilling og forbrukerspørsmål. Denne organiseringa gjer at FUG kan markere seg som eit sjølvstendig informasjons- og rådgjevingsorgan til foreldre med barn i grunnskolen. Tilsetjingshøvet for sekretariatet blir regulert av lov om statstenestemenn med føresegner.
Som stifting i samsvar med stiftingslova av 23. mai 1980 nr. 11. Sekretariatet blir då eit reelt sjølveigande og sjølvstendig rettssubjekt. Det blir ikkje lagt inn under noka statleg styresmakt eller nokon statleg instruksjon, så nær som det som følgjer av lovgiving, vedtekter og vilkår for løyvingane. Departementet kan likevel oppnemne styret (utvalet), som er ansvarleg overfor departementet.
I begge tilfella kan utvalet ha stor sjølvstendig i høve til departementet.
Departementet rår til at utvalet blir organisert som eit eige forvaltningsorgan.
Departementet vil understreke verdien av at det framleis blir gode samhandlingsrutinar mellom departementet og FUG. Departementet vil bruke FUG som rådgjevande organ i alle saker som gjeld dialogen mellom heimen og skolen. Utvalet kan i tillegg ta sjølvstendige initiativ. Dermed kan FUG utvikle vidare den rolla dei har overfor foreldre. Det gjeld t.d. utarbeiding av informasjonsmateriell og rådgjeving til klassekontaktar og kommunale foreldreutval, og som ein stad alle foreldre kan kontakte for å ta opp spørsmål omkring heim og skole.