7 Vidareutvikling av samarbeidet med einskildgrupper
7.1 Innleiing
Grunnskolen i Noreg skal vere ein skole for alle barn, og samhandlinga mellom heimen og skolen skal gjelde for alle foreldre som har barn i grunnskolen. For å få det til å fungere best mogeleg, må ein ta omsyn til den særlege situasjonen og til dei særlege behova somme grupper har. I dette kapitlet vurderer departementet derfor korleis ein kan utvikle vidare samhandlinga mellom foreldre som har barn med særskilde opplæringsbehov og skolen, og mellom minoritetsspråklege foreldre og skolen. Dette er eit supplement til dei generelle framlegga i kapittel 6.
7.2 Samhandling mellom foreldre til barn med særskilde behov og skolen
Funksjonshemma skal få ta del i samfunnet på linje med andre, basert på føresetnadene til den einskilde. Skolen er ein møteplass for alle. Det er ei særleg utfordring å få dei funksjonshemma elevane sosialt inkludert i skolesamfunnet. Gjennom opplevingar i skolen kan funksjonshemma byggje opp ein kompetanse for å meistre kvardagen og få eit grunnlag for vidare vekst og utvikling. Dialogen mellom heimen og skolen er ein føresetnad for å få dette til.
Alle barn har rett til å få opplæring i samsvar med evnene og føresetnadene sine (§ 7.1 i grunnskolelova). I dette kapitlet ser vi på spørsmål som gjeld barn som har ulike behov for individuelt tilrettelagt opplæring. I denne gruppa finst til dømes barn med syns- og høyrselsvanskar, fysiske og medisinske vanskar, språk- og talevanskar, generelle lærevanskar, psykososiale vanskar og lese- og skrivevanskar.
For barn som får spesialundervisning, blir det utarbeidd individuelle opplæringsplanar, med oppgjevne mål, innhald, arbeidsmåtar og organisering tilpassa den konkrete situasjonen deira. Planane skal stimulere utviklinga og læringa til elevane gjennom fagleg innleving, kreativ utfalding og sosial medverknad. Planane og opplegga må heile tida vurderast og justerast.
Foreldra til funksjonshemma barn har ofte ein spesielt krevjande situasjon i høve til barna sine. Den «tidsklemma» foreldre flest er i, kan vere endå sterkare for dei. Foreldra er ofte usikre og urolege i møtet med skolen. Både ut frå situasjonen til eleven og foreldra, og for at skolen skal kunne gje ei tilpassa opplæring, er det særleg viktig med eit tillitsfullt og nært samarbeid mellom heimen og skolen.Verdien av dette samarbeidet er også understreka i læreplanverket:
«For elevar med særskilde opplæringsbehov er samarbeid med foreldra spesielt viktig for å finne fram til det som samla sett er det beste opplæringstilbodet, og for å få ei felles forståing av kva ein kan vente av elevane når det gjeld innsats og utvikling.»
Evalueringar gjennomførte av Møreforsking, attgjevne i kapittel 3.2, viser at mange foreldre ikkje opplever samarbeidet med skolen som godt nok og at mange foreldre ikkje har kontakt med den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).
Regjeringa legg vekt på at det skal vere mogeleg for dei funksjonshemma å medverke i samfunnet på linje med andre, basert på føresetnadene til den einskilde. Skolen er ein møteplass for alle. Her møtest funksjonshemma og funksjonsfriske, og i denne kontakten blir det skapt holdningar i begge grupper, holdningar som får sitt å seie for utdanning, arbeid og vidare fungering i samfunnet. Spesielt er det viktig at funksjonshemma gjennom sine opplevingar i skolen kan byggje opp ein kompetanse for å meistre kvardagen og få eit grunnlag for vidare vekst og utvikling. Det er ei særleg utfordring å få funksjonshemma sosialt inkludert i skolesamfunnet og å gje dei ei opplæring ut frå føresetnadene sine. Derfor må det medvite utnyttast og skapast situasjonar der dei kan få vere med, der det kan etablerast fellesskap, og der det kan utvikle seg eit positivt sjølvbilete. Departementet meiner ein god dialog mellom heimen og skolen er nødvendig for å nå desse måla.
I tillegg til dei generelle tiltaka som er lagde fram i kapittel 6, gjer departementet derfor framlegg om desse tiltaka for å få til ein god dialog mellom foreldra til funksjonshemma barn og skolen:
Det første møtet med skolen er svært viktig for alle barn. For barn med behov for spesialundervisning er det ofte nødvendig med betre tid både for foreldra og for skolen til å førebu undervisninga. For å leggje eit best mogeleg grunnlag for reell samhandling mellom heimen og skolen og for å gje eleven det tilbodet han eller ho treng, rår departementet til at det kan etablerast kontakt mellom foreldra og skolen to år før barnet tek til på skolen. Kommunane må etablere formålstenlege rutinar, slik at tilrettelegginga blir følgd opp. Ein slik kontakt og ei slik førebuing kan til dømes arbeidast inn i den obligatoriske 4-årskontrollen eller i kontakt med barnehagen.
Skolen skal ha eit nært samarbeid med foreldra når det blir utarbeidd individuelle opplæringsplanar.
Departementet ser både arbeidet med å arbeide ut individuelle opplæringsplanar og den daglege oppfølginga og tilbakemeldinga om denne oppfølginga, som ein særleg viktig arena for å få til samhandlinga mellom foreldra og skolen. Departementet har derfor under arbeid ein rettleiar om spesialundervisning og individuelle opplæringsplanar, slik at både heimen og skolen skal bli betre kjende med rettane og pliktene sine.
For å få samarbeidet mellom heimen og skolen til å fungere best mogeleg, er det viktig at skolen har innsikt i den særlege situasjonen til barna. Når heimen og skolen etablerer kontakt i god tid før barnet tek til på skolen, har skolen tid til å førebu særskilde tiltak, mellom anna etterutdanning av personalet.
For at eleven skal kunne fungere best mogeleg i klassen, er det viktig at også medelevane og andre foreldre har nok innsikt i situasjonen til den funksjonshemma. Slik informasjon må bli gjeven i samråd med foreldra til barnet.
Det er ikkje gjort undersøkingar om korleis foreldre til funksjonshemma barn engasjerer seg i skolesamfunnet, til dømes i høve til det vanlege foreldrerådsarbeidet eller som tillitsvalde. Endå om mange foreldre til funksjonshemma barn er i ein pressa situasjon når det gjeld tid, er det ønskjeleg å få kartlagt korleis dette fungerer i dag, og om det eventuelt er spesielle hindringar som gjer at dei ikkje engasjerer seg.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er eit viktig organ i arbeidet med å gje elevane ei tilpassa opplæring og til samarbeid med foreldra. Etter § 1-6 i føresegna for grunnskolen skal PPT saman med andre rettleiingstenester i skolen hjelpe elevane, foreldra og personalet med å utvikle gode læringsvilkår for elevar som treng særleg hjelp. Departementet vil understreke kor viktig det er med god samhandling mellom PPT og foreldra.
Utviklinga av dei spesialpedagogiske kompetansesentra blir vurdert i ei eiga stortingsmelding. Departementet vil understreke verdien av ein god dialog mellom kompetansesentra og foreldra.
Etter føresegna for grunnskolelova kan mellom anna foreldre til funksjonshemma elevar etablere eigne undergrupper i foreldrerådet i tillegg til at dei på vanleg måte er medlemmer av foreldrerådet. Departementet vil rå til at ei slik organisering blir utprøvd både på skolenivå og på kommunenivå, der det er etablert kommunale foreldreutval. Departementet ser dette som ei formålstenleg ordning for å sikre dei særlege behova til desse gruppene av foreldre, samtidig som dei organisatorisk er integrerte i det ordinære systemet for samarbeid mellom heimen og skolen.
7.3 Samhandling mellom foreldre frå språklege minoritetar og skolen
Foreldre frå språklege minoritetar kan vere ein positiv ressurs for skolen og oppvekstmiljøet. Det kan vere eit problem for desse foreldra å forstå korleis det norske skolesystemet fungerer. Departementet vurderer korleis ein kan gje betre informasjon og skape ein betre dialog, slik at det også kan bli ei aktiv samhandling mellom foreldre frå språklege minoritetar og skolen.
Grunnskolen skal vere for alle, utan omsyn til bakgrunn og føresetnader. I Innst S nr 225 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge, jf. St meld nr 17 (1996-97), vart verdien av skoletilbodet understreka av fleire årsaker: Oppvekst og skolegang legg grunnlaget for medverknad i samfunnslivet og trygge levekår, skolen er ein arena der barn og foreldre med ulik bakgrunn møtest og der holdningar blir skapte, og skoletilbodet er avgjerande for at alle barn og unge skal ha like vilkår til vidare utdanning og arbeid. Det vart dessutan understreka at ein må styrkje kontakten mellom skolen og foreldra, og at det bør arbeidast vidare med å utvikle kontaktformer med foreldra, slik at dei kan bli aktive støttespelarar for skolegangen til barna.
Det kan vere eit problem for foreldre frå språklege minoritetar å forstå korleis det norske skolesystemet fungerer. Problemet kan bli forsterka av at den skriftlege informasjonen er omsett til språket deira ut frå norsk tenkjemåte, og ikkje tilpassa det særlege utgangspunktet til foreldra.
I tillegg til det som er vurdert i kapittel 6, gjer departementet framlegg om desse konkrete tiltaka overfor foreldre frå språklege minoritetar:
Departementet vil oppmode skolane om å bruke den ressursen foreldra representerer, på ein meir aktiv måte. Det bør vere eit stort potensiale i den kunnskapen, erfaringsbakgrunnen og kulturelle bakgrunnen som språklege minoritetar representerer.
Departementet vil ta initiativ til å arbeide ut informasjon om viktige sider ved det norske skolesystemet for nokre store grupper språklege minoritetar. Det vil bli lagt vekt på å forklare kvifor skolen gjer det han gjer, og kvifor foreldra skal verte involvert. Det må skrivast i eit språk og i ei form som kan vere mest mogeleg lett å kjenne att ut frå den bakgrunnen foreldra har. Det er ønskjeleg også å prøve ut andre informasjonsmåtar enn skriftleg informasjon. I første omgang er målgruppa foreldre med barn som tek til på skolen.
Skolane må leggje vekt på å få til ein god overgang mellom barnehagen og skolen. Det kan vere ønskjeleg å prøve ut ulike forsøk med førskoledagar, foreldremøte og nye, utradisjonelle møtestader mellom skolen og foreldra.
Det er generelt eit problem både i Noreg og i andre land å få foreldre frå språklege minoritetar til å engasjere seg som tillitsvalde. I føresegna til grunnskolelova er det opna for at det på skolane kan setjast ned undergrupper av foreldre frå språklege minoritetar under Foreldrerådets arbeidsutval (FAU). Det kan vere ein interessant veg å gå. Kommunane blir oppmoda om å gjennomføre ulike forsøk som kan føre til at fleire foreldre frå språklege minoritetar blir tillitsvalde.
Metodar for samarbeid med språklege minoritetar bør vurderast inn i etterutdanninga.
Departementet vil understreke det ansvaret skolane har for å få til eit godt samarbeid med heile foreldregruppa. Det er viktig at skolen er open for foreldra og for andre delar av nærmiljøet. Overfor alle foreldre, og kanskje spesielt foreldre frå språklege minoritetar, er det viktig å vise kva som skjer i skolen og i klasserommet.
Kommunane blir oppmoda om å setje i gang med ulike utviklingsprosjekt for å få til eit betre samarbeid mellom skolen og foreldre frå språklege minoritetar. Departementet vil leggje vekt på å få til prosjekt i kommunar som er i ulike situasjonar, frå å ha ein svært stor del frå språklege minoritetar til å ha berre nokre få språklege minoritetar i skolemiljøet.