5 Drøfting av foreldreansvaret i høve til skolen
Med det samfunnsansvaret skolen har, er det viktig at skolen høyrer inn under ei demokratisk samfunnsstyring, og at ingen av partane i skolesamfunnet til vanleg bør ha fleirtalet i dei styrande organa i skolen. Foreldra og skolen møtest med ulike utgangspunkt og føresetnader. Læraren er den profesjonelle pedagogen, og foreldra er dei som kjenner barnet sitt best. Det er i dette møtet, med ulike utgangspunkt og ståstader, at foreldra og skolen skal samarbeide til beste for barnet sjølv.
Det er slått fast både gjennom grunnskolelova og barnelova at foreldra har hovudansvaret for at barna deira får ei forsvarleg oppseding og utdanning. Skolen skal leggje til rette for at barn får ei fagleg og menneskeleg utvikling ut frå evnene og føresetnadene sine.
På den andre sida har samfunnet ei sjølvstendig interesse og eit ansvar for at barna får god allmennkunnskap, og for at dei utviklar seg til gagnlege og sjølvstendige menneske til nytte både for samfunnet og for seg sjølve. Det er allment akseptert at alle barn og foreldre må tilpasse seg visse samfunnsnormer og samfunnsreglar. Slik sett verkar foreldreansvaret innanfor nokre oppdregne samfunnsrammer. Samfunnet trekkjer opp rammevilkåra for skolen mellom anna gjennom lover, forskrifter og læreplanar. Der er dei samfunnsinteressene uttrykte som skolen må tilpasse seg og utvikle seg innanfor.
Skolen blir dermed ein møtestad i skjeringspunktet mellom samfunnsinteressene og dei private interessene knytte til barnet og til foreldra.
Skolen speler også i større grad ei viktig rolle i høve til lokalsamfunnet. Det er mellom anna gjennom det nye læreplanverket lagt stor vekt på at skolen skal opne seg i høve til samfunnet rundt. Skolen bør vere eit senter for aktivitetar i lokalmiljøet, og samfunnet rundt bør trekkjast inn i opplæringa.
Ut frå det samfunnsansvaret skolen har, meiner departementet det er viktig at skolen framleis ligger under ei demokratisk samfunnsstyring. Kommunane bør derfor trekkje opp klare rammer for det ansvaret som blir delegert til skolane. Fordi opplæringa er eit ansvar fordelt mellom fleire partar, finn departementet det heller ikkje rett at ei gruppe, verken foreldre eller andre, til vanleg bør ha fleirtal aleine i dei styrande organa i skolen. Det at skolen er ein møtestad i skjeringspunktet mellom fleire interesser, bør også kome til uttrykk i korleis dei styrande organa er samansette, jf reglane i grunnskolelova om samansetjinga av samarbeidsutvalet.
Det er fleire stader i meldinga vist den verdien foreldra har både i høve til å støtte sine eigne barn og i høve til klasse- og skolemiljøet. Det er slik sett av interesse både for barnet og for samfunnet at ein får utløyst mest mogeleg av dei ressursane og den krafta foreldra representerer overfor skolen. All røynsle viser at det får ein best til dersom foreldra får ei oppfatning av å bli tekne på alvor i skolesamfunnet, og at dei i dette samarbeidet blir møtte som likeverdige med andre grupper i skolen. Det vil seie at foreldra både må få innsikt og sjanse til reelt å påverke tilhøve som er viktige for barna deira, for klassen og for heile skolemiljøet.
Foreldra er opptekne av korleis barna trivst på skolen og av korleis dei utviklar seg i ein sosial samanheng. Foreldra er interesserte i kva som skjer i undervisninga, kva som blir teke opp, og korleis det blir gjort. Foreldra må få innsikt i og høve til å påverke dei tilhøva som er viktige i utviklinga av heile barnet, både fagleg og sosialt. Det gjeld ikkje minst i høve til barn med særskilde behov.
Lærarane har det faglege ansvaret for undervisninga. Dei har ein særleg kompetanse både fagleg og metodisk i høve til det som skjer i klassen. Ein profesjonell lærar er den som møter foreldra med tillit og respekt for den innsikta og det ansvaret foreldra har. Foreldre og lærarar møtest med ulikt utgangspunkt og ulike føresetnader. Læraren er den profesjonelle pedagogen, og foreldra er dei som kjenner barnet sitt best. Det er i dette møtet, med ulike utgangspunkt og ståstader, at skolen og foreldra skal samarbeide til beste for barnet sjølv. P.g.a. ulike ståstader og holdningar, er det ikkje unaturleg at det i dette møtet også kan oppstå konfliktar. For å kunne løyse dei, må det vere ein dialog basert på gjensidig tillit og repekt.
Foreldra viser stor interesse for og stiller auka krav til skolen. Det er både forståeleg og rett at det skjer. Foreldra bryr seg om og er opptekne av korleis barna deira utviklar seg og trivst. Skolen har ansvaret for barna mange timar kvar dag. Mange opplever skolen som lukka, og det er vanskeleg å vite kva som konkret skjer i skolen og innanfor klasserommet. Departementet meiner det er ei viktig utfordring for mange skolar å opne klassen og skolen meir mot samfunnet rundt. Det førebyggjer og uvisse og uro hos foreldra.
Det viktigaste for foreldra er det som skjer med deira eigne barn. Det er derfor særleg nødvendig å få til eit godt samarbeid mellom foreldra og skolen om barna og om klassen.
Foreldra viser ei stadig større interesse for heile skolesamfunnet og for skolepolitikken. Det ser ein mellom anna av at det blir etablert stadig fleire kommunale foreldreutval. Det er viktig at foreldra, med sin ståstad og ansvar for barna sine, får høve til å få fram synspunkta sine og kan påverke rammevilkåra for oppvekstmiljøet. Det må skje innanfor ramma av dei ordinære demokratiske institusjonane.