8 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegga i denne meldinga byggjer på den lovgjevinga som gjeld, og på at ein utviklar vidare dialogen mellom heimen og skolen på klassenivå, skolenivå, kommunenivå og nasjonalt nivå. Det blir mellom anna gjort framlegg om å betre informasjonen til foreldra. Departementet vil kunne gje økonomisk støtte til forskings- og utviklingsarbeid som kan bidra til å vidareutvikle samhandlinga mellom heim og skole. Det vil bli lagt til grunn at utgiftene kan dekkjast innanfor kapittel 228 post 21 Kvalitetsutvikling i grunnskolen.
Det blir tilrådd at FUG blir etablert som eit eige forvaltningsorgan. Departementet gjer framlegg om å skilje sekretariatet organisatorisk frå departementet. Honorar og driftsutgifter for utvalet vert no finansiert over kap. 229 post 21. For 1998 er det gjort framlegg om ei løyving på 2,15 mill. kroner. Lønnsutgiftene til dei som arbeider i sekretariatet (fire stillingar) og til drift av kontora, blir dekte over kap. 200 post 01.
Dersom Stortinget sluttar seg til framlegga i meldinga, vil det bli tilrådd å føre over pengar frå kap. 200 til kap. 229, slik at utgiftene til FUG blir dekte over dette kapitlet.
Departementet rår til at FUG eventuelt blir omorganisert frå 1. januar 1999. Den endelege løyvinga til FUG blir avklara i samband med budsjettet for 1999.