1 Innleiing
1.1 Verdiar og mål
Vi lever i ei tid med aukande kulturelt mangfald. Dette mangfaldet styrkjer fellesskapet og gjer det rikare. Ulikskapar mellom menneske når det gjeld livsstil og levemåtar, er ein positiv verdi for samfunnet, og i eit kulturelt mangfald er det lettare å vere annleis. I denne situasjonen ser vi også at stadig fleire står ope fram med si lesbiske og homofile orientering. Dette er positivt, og det er sjølvsagt at lesbiske og homofile skal møtast med likeverd og respekt. Regjeringa meiner derfor at ein aktivt må motarbeide negative haldningar til lesbiske og homofile, og at ein må støtte og oppmuntre opne haldningar.
Dette er ei melding om levekåra for homofile og lesbiske. Det har vore vanleg i levekårssamanheng å leggje vekt på dei individuelle, ytre og materielle sidene ved livssituasjonen til menneske. Og ein solidarisk politikk handlar i høg grad om å styrkje og jamne ut dei materielle levekåra. Men like viktige er dei personlege levekåra: Kjærleik, omsorg og utsiktene til å leve ut sin identitet. Solidaritet inneber innleving og respekt både for grupper og enkeltmenneske. Det er først gjennom å vere integrerte i ei eller fleire grupper at vi tek form og står fram som verkelege og personlege enkeltmenneske. Derfor handlar denne meldinga like mykje om livskvalitet. Levekåra ser vi i samanheng med livssituasjonen elles og utvidar altså omgrepet noko: Levekår og livskvalitet handlar om både «å ha», «å elske» og «å vere». 1
Regjeringa ønskjer å avmystifisere forhold omkring det å vere lesbisk og homofil, slik at homofile og lesbiske lettare kan utvikle ein trygg og solid sjølvidentitet. Regjeringa har som mål at lesbiske og homofile utan frykt for sanksjonar kan leve ut sin kjærleik til personar av same kjønn. Dette vil vonleg føre til at fleire deltek innanfor ulike sosiale og kulturelle omgjevnader på eigne premissar.
I norsk historie har det skjedd ei omfattande diskriminering av homofile og lesbiske. Mellom anna var homoseksuelle handlingar ulovlege etter straffelova heilt fram til 1972, og norsk psykiatri har gjort mange forsøk på å endre orienteringa hos homoseksuelle. Utviklinga har gått i ei positiv retning. Ikkje-diskriminering er no ein grunnleggjande del av norsk lov og regelverk. Ikkje dess mindre er det viktig å erkjenne at det framleis skjer diskriminering av lesbiske og homofile i det norske samfunnet. Denne diskrimineringa er i strid med verdiane våre og kan under ingen omstende aksepterast.
Likebehandling legg grunnlaget for likeverd. Likebehandling er likevel eit tvetydig omgrep. Sjølv om ein i enkelte samanhengar greier å etablere formelt like rettar, kan dei reelle ulikskapane framleis vere svært synlege. Det er derfor viktig at formell likskap i rettar og plikter også blir følgde opp med tiltak som betrar dei faktiske vilkåra lesbiske og homofile har til å realisere eit godt liv til beste for seg sjølve og samfunnet. Såleis er det behov for enkelte særtiltak overfor gruppa for å framskunde denne likebehandlinga. Det er likevel ei generell haldning hos regjeringa at velferdssamfunnet må sikre alle tenester av ein høg og i det heile lik kvalitet.
Gjennom arbeidet med meldinga har det blitt klart at det på fleire område manglar forskingsbasert kunnskap om forhold som gjeld situasjonen for lesbiske og homofile. Barne- og familiedepartementet har derfor bede Norges forskningsråd om å arbeide ut ein samla gjennomgang av behovet for å forsterke forskingsinnsatsen. Denne planen blir det no arbeidd med, og han vil bli ferdig i løpet av våren 2001.
Vi har likevel ein del kunnskap - og denne kunnskapen må føre til politisk handling. Først og fremst viser forskinga at det har skjedd ei markant positiv betring i livssituasjonen for lesbiske og homofile. Homofile og lesbiske har gode materielle levekår, og etter NOVA-undersøkinga å dømme faktisk betre enn den generelle befolkninga. Dette gjeld mellom anna utdanningsnivå, inntekt, deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar og sosiale nettverk. Langt dei fleste lesbiske og homofile rapporterer at dei har høg livskvalitet. Ikkje dess mindre er det eit faktum at enkelte grupper, særleg unge menneske, har det vanskelegare enn same gruppe i den generelle befolkninga. Tiltaka i denne meldinga er primært retta inn mot å endre på dette.
Vi må som samfunn ta eit kollektivt ansvar for også å synleggjere dei positive sidene ved homoseksualiteten. Homoseksuelle kvinner og menn bryt ofte kjønnsrollemønster. Dei har ei livserfaring som når ho blir gjennomarbeidd og brukt, kan gje mykje innleving i livskriser hos andre. Undersøkingar viser at mange homofile og lesbiske byggjer opp sterke nettverk - såkalla vennskapsfamiliar - som gjer mykje for å støtte kvarandre gjennom kriser. Det er viktig å sjå på homoseksuelle som ein ressurs, og ikkje som ein minoritet vi synest synd på.
Homofile og lesbiske ser vi ofte på som ein minoritet, og mange stader utviklar det seg eigne sosiale treffestader for homofile. Men minoritetsstemplet kan verke stigmatiserande og hindre integrering. Gettoisering kan hindre inkludering. Lesbiske og homofile skil seg som gruppe ut på nokre område, men likskapen mellom homofile/lesbiske og heterofile må ikkje undervurderast. Like viktig er det å framheve dei individuelle skilnadene blant lesbiske og homofile som gruppe.
Det mangfaldet som lesbiske og homofile representerer, gjer det vanskeleg å teikne eit eindimensjonalt bilete av gruppa. Sjølve bruker homoseksuelle to symbol som nettopp illustrerer spennvidda i dei livserfaringane som gruppa har. Regnbogen viser til mangfaldet og eit fargerikt fellesskap. Den rosa trekanten blei brukt i konsentrasjonsleirane til Hitler for å identifisere homoseksuelle fangar. Homorørsla bruker i dag begge symbola. Det desse symbola representerer, viser spennvidda i levekåra til lesbiske og homofile. Denne meldinga speglar av dette.
1.2 Bakgrunn for meldinga
På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet sette forskingsinstitusjonen NOVA i 1997 i gang prosjektet «Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn». Prosjektet blei avslutta og rapporten lagd framlag 1.2.99. Resultata i rapporten vekte stor interesse. Det var særleg konklusjonane i rapporten når det gjaldt ungdom, som uroa mange. Det blei funne at mange unge homofile og lesbiske har psykiske problem, og at sjølvmordsforsøk er vanlegare enn i befolkninga elles. Dette var bakgrunnen for ein interpellasjon til barne- og familieministeren, med debatt i Stortinget 20.4.99. Stortinget gjorde dette vedtaket:
«Stortinget ber Regjeringa legge fram en stortingsmelding vedrørende lesbiske og homofiles levekår og livskvalitet i Norge».
I St. meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum var situasjonen for homofile og lesbiske emne for drøfting (pkt. 4.6.11). Det blei mellom anna framheva at spesielle tiltak overfor gruppa er nødvendig for å møte dei problema som NOVA-undersøkinga dokumenterer. Det blei spesielt peikt på at det er nødvendig med tiltak for unge under 25 år, og at slike tiltak blir følgde opp i samarbeid med interesseorganisasjonane til lesbiske og homofile. Regjeringa varsla dette tiltaket:
«Regjeringa vil legge fram en stortingsmelding om homofile og lesbiskes levekår og livssituasjon, der innholdet i NOVA-rapporten og tiltak for å følge den opp vil bli drøftet nærmere».
St. meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum blei teken opp i utanrikskomiteen i stortinget. Komiteen leverte innstillinga si til Stortinget, Innst. S. nr. 23 (2000-2001), den 2. november 2000.
1.3 Omgrepsbruk
Omgrepet homofil blir ofte brukt om både kvinner og menn. Innvendinga mot å nytte fellesnemninga homofil er at lesbiske kvinner dermed blir usynleggjorde. Mange meiner at dette mishøvet kjem til uttrykk i forskingslitteraturen, og i måten både media og ulike offentlege verksemder nyttar omgrepa på. I NOVA-undersøkinga bruker dei nemningane lesbiske kvinner og homofile menn, nettopp for å synleggjere lesbiske kvinner.
For å gjere språket så enkelt som mogleg, vil meldinga nytte omgrepa homofil om menn og lesbisk om kvinner som kjenner seg emosjonelt og seksuelt tiltrekte av personar av eige kjønn. 2 Omgrepa vil samstundes bli nytta for ein særskilt identitet, og i mange tilfelle også vise til eit bestemt levesett eller ein viss livsstil. Desse omgrepa vil samstundes omfatte bifile personar, i dei tilfella der tematikken også synest relevant for denne gruppa. Elles vil det dukke opp ei viss nyansering i omgrepsbruken, slik at omgrepet homoseksuell også blir brukt somme gonger.
Likevel ser vi klare avgrensingar ved å bruke «sekkenemninga» lesbiske og homofile, som nemning for ei heil gruppe. Det er svært problematisk å sjå gruppa under eitt, fordi det er like store individuelle skilnader mellom homoseksuelle, som mellom heteroseksuelle og homoseksuelle.
Både homofili og heterofili er i meldinga tidvis omtalte som emosjonelle og seksuelle orienteringar. Ordet orientering er valt med vilje i staden for ordet legning. Forskinga tyder på at det er ein glidande overgang mellom homofili og heterofili, snarare enn at dei to orienteringane står som fastlåste og motsette polar. Ordet legning viser til ei biologisk, determinert oppfatning av kjensler og seksualitet, noko som forskinga i stadig større grad reserverer seg mot. Ordet legning blir derfor berre brukt når vi siterer direkte frå til dømes lovtekster.
1.4 Oversikt over kapitla
I kapittel 2 - Homofili, heterofili og samfunnet - blir det gjort greie for ein del samfunnsendringar og kulturelle endringar som i løpet av dei siste 20-30 åra har verka med til å endre synet på homofili og homoseksualitet. Slike endringar har ført til at viktige skilje mellom den heterofile og den homofile og lesbiske befolkninga har blitt mindre synlege. Det blir også gjort greie for forskingsbasert kunnskap om homofili, og det er teke med eit konsentrert tilbakeblikk på historia til lesbiske og homofile.
I kapittel 3 - Allmenn rettsstilling og rettsleg vern for homofile - går meldinga gjennom det lovverket som spesielt vedkjem gruppa homofile: tidlegare strafferettsleg regulering av homoseksualitet og noverande strafferettslege føresegner om forbod mot å krenkje homofile. Det er med ein gjennomgang av internasjonale konvensjonar som gjev vern av homofil orientering og livsform, og det blir gjort greie for føresegner som regulerer homofilt samliv, under dette partnerskapslova.
I kapittel 4 - Oppvekst og identitetsutvikling - er formålet å forklare dei spesielle problema som unge menneske har i avklaringsprosessen fram mot ein lesbisk eller homofil identitet. Det å velje ei annleis form for seksualitet enn den fleirtalet vel, kan vere spesielt trugande i ungdomstida, då mange er svært usikre omkring sin eigen identitet. Kapitlet kastar lys over utviklinga av seksuell identitet hos unge menneske generelt, for så å gå spesifikt inn på utviklinga av homofil identitet.
Kapittel 5 - Skole og utdanning - gjer greie for kor viktig det er at undervisninga i skolen hjelper til med å synleggjere og gje informasjon om homofili. Dette er ein viktig føresetnad for å hindre diskriminering og å betre levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile. Dette gjeld både i grunnskolen og i høgare utdanning. Skoleverket er pålagt å dekkje slik undervisning innanfor rammene av læreplanverket (L97). Med det er likevel lite kunnskap om kor mykje plass temaet homofili har i undervisninga i dei norske skolane i dag.
Kapittel 6 - Familie og samliv - set fokus på den generelle utviklinga i familiemønstera dei siste 20 åra, og på kva desse endringane har hatt å seie for lesbiske og homofile. Par av same kjønn er i dag ein del av det aukande mangfaldet i samfunnet når det gjeld samansetjing av familiar. Ei rekkje undersøkingar har vist at gifte og sambuande rapporterer om at dei er meir tilfredse og har betre livskvalitet enn andre sivilstatus-kategoriar. Dette gjeld også lesbiske og homofile.
Kapittel 7 - tek opp kva open haldning og sosialt nettverk har å seie. Det å kunne stå ope fram med si seksuelle orientering er sentralt for integritet og sjølvkjensle hos den enkelte, og er dermed ein føresetnad for livskvalitet. Forsking viser at lesbiske og homofile generelt har gode sosiale nettverk, og at dei ofte er med i kultur- og fritidsaktivitetar. Dette er likevel lettare å realisere i større byar enn i mindre lokalsamfunn, der frykta for diskriminering er større. Kapitlet gjennomgår også korleis homofile og lesbiske er med i idrettslivet.
I Kapittel 8 - Helse og sosiale forhold - tek meldinga for seg nokre viktige sosial- og helserelaterte problemstillingar som gjeld lesbiske og homofile. Kapitlet drøftar også psykisk helse, sjølvmordsrisiko, problem knytte til HIV/AIDS og seksuelt overførbare sjukdommar, dessutan rusmiddelmisbruk. Vidare tek kapitlet opp korleis homofile og lesbiske møter helse- og sosialpersonell. Det finst like store variasjonar blant lesbiske og homofile når det gjeld helseforhold, som i befolkninga elles. Men gruppa kan likevel oppleve spesielle psykiske påkjenningar fordi dei tilhøyrer ei gruppe som tradisjonelt er blitt utsett for fordommar og diskriminering. Det er eit mål å auke kunnskapsnivået blant helse- og sosialpersonell og normalisere og synleggjere lesbiske og homofile.
Kapittel 9 - Arbeidsliv - inneheld ein gjennomgang av reglar om vern mot diskriminering og forbod mot forskjellsbehandling i arbeidsmiljølova. Ein del homofile og lesbiske opplever diskriminering og trakassering, og kapitlet gjer greie for omfanget av dette. Sjølv om dei fleste lesbiske og homofile har positive erfaringar frå arbeidslivet, held framleis fire av ti si seksuelle orientering skjult for kollegaene sine. Det er eit mål å arbeide for meir opne haldningar og eit betre arbeidsmiljø. Kapitlet drøftar om det er mogleg å opprette ei ombodsmannsordning for homofile, men konkluderer med at LLH - Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring - i staden må styrkjast slik at organisasjonen kan fungere som «vaktbikkje».
Kapittel 10 - Homofili og trudomssamfunn - inneheld ein gjennomgang av det arbeidet Den norske kyrkja har gjort med homofile sin plass i kyrkja. Kyrkjemøtet i 1997 gjorde eit fleirtalsvedtak om at personar som lever i homofilt samliv, ikkje kan gjere kyrkjeleg teneste i vigsla stillingar. Unntaksregelen i § 55 A i arbeidsmiljølova gjer det mogleg å diskriminere mellom andre homofile frå stillingar knytte til religiøse trudomssamfunn der det er stilt særlege krav ut frå den karakteren stillinga har. For lesbiske og homofile som er kristne og som ønskjer å ha eit forhold til Den norske kyrkja som ein stad der dei kan utøve trua og oppleve fellesskap, kan denne utestenginga opplevast djupt krenkjande. Regjeringa meiner at lesbiske og homofile har ein sjølvsagd plass i Den norske kyrkja på linje med alle andre. Regjeringa går derfor inn for å oppheve unntaksreglane i arbeidsmiljølova § 55 a om homofile i Den norske kyrkja. Kapitlet omtaler også «læking» av homoseksuelle.
Kapittel 11 - Støtteordningar - gjennomgår ulike støtteordningar som rettar seg spesielt mot organisasjonsarbeidet til lesbiske og homofile. For det første gjeld det driftsstøtta til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring og den støtta som rettar seg mot ungdomsarbeidet som LLH driv. Regjeringa ser på det arbeidet LLH driv, som svært viktig, og gjer framlegg om å auke støtta i budsjettet for 2002. For det andre tek kapitlet for seg støtteordningar i samband med arbeidet mot HIV og AIDS. Denne støtta er i hovudsak retta til Helseutvalet for homofile, over løyvingar frå Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien og vidareføringa av denne planen.
Kapittel 12 - Økonomiske og administrative konsekvensar - fokuserer på dei økonomiske konsekvensane av dei tiltaka det er gjort framlegg om. I dette kapitlet blir det òg gjort greie for kor vidt desse tiltaka krev eigne og øyremerkte tilleggsløyvingar.