St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

5 Skole og utdanning

5.1 Innleiing

Det finst få møteplassar der styresmaktene kan nå heile eller store delar av folket. Skolen er likevel ein slik møteplass. Heile barne- og ungdomsbefolkninga og mange vaksne har skolen som fellesarena, og skolen er ein sentral institusjon i lokalmiljøa. Det er derfor avgjerande at spørsmål som er viktige både for samfunn og kultur og for enkeltmenneske, kjem fram og blir reflekterte over på denne arenaen.

Eit overordna mål for opplæringa i skolen er å «utvide barns, unges og voksnes evner til erkjennelse og opplevelse, til innlevelse, utfoldelse og deltakelse». 1 Læreplanen stiller store krav til kreativitet, kritisk sans og sosialt medvit, og i skolen skal vi skape og utvikle kunnskap, danning og solidaritet. Tema som kjærleik og seksualitet generelt, og seksuell orientering og identitet spesielt, bør derfor takast opp og få lys over seg frå fleire synsvinklar.

I NOVA-undersøkinga blei dei spurde bedne om å rangere saker som dei meinte var viktige for den homofile og lesbiske befolkninga. Den saka som blei prioritert høgast, var å styrkje informasjonen om homofili i undervisninga i skolen. 2 Vi vil derfor fokusere på kor viktig det er med informasjon og undervisning om homoseksualitet og homofil og lesbisk identitet i dette kapitlet.

Det finst dessverre lite kunnskap om kor mykje plass temaet homofili faktisk har i undervisninga i den norske skolen i dag. I alle fall er skoleverket pålagt å dekkje dette innanfor rammene av læreplanverket generelt og enkelte fagplanar spesielt. Innanfor høgare utdanning har vi også lite kunnskap om i kva grad dette er tema ved dei ulike skolar og studium.

5.2 Lesbisk og homofil ungdom i skolen

Undersøkingar viser at i overkant av 5 prosent av befolkninga har hatt seksuelt samvær med personar av same kjønn. 3 Dette vil likevel ikkje seie at like mange nødvendigvis ser på seg sjølve som lesbiske eller homofile. Statistisk sett vil 1-2 elevar i kvar skoleklasse etter kvart finne ut at dei er lesbiske eller homofile. Vi veit samstundes at gjennomsnittsalderen for å stå fram som homofil er ca. 18 år og som lesbisk ca. 24 år. Mange av desse ungdommane vil dermed halde den emosjonelle og seksuelle orienteringa si skjult gjennom heile eller store delar av skolegangen.

Ungdom generelt opplever som regel forelskingar, får kjærastar og prøver ut seksualiteten sin i denne perioden av livet. For mange lesbiske og homofile ungdommar derimot er denne perioden prega av unnaviking og løgn overfor omgjevnadene og kanskje overfor seg sjølv. Det er derfor viktig å arbeide for at all ungdom skal få sjansen til å gjennomleve denne viktige livsfasen fri for skam og sjølvbedrag på grunn av si seksuelle og emosjonelle orientering. Dersom lesbisk og homofil ungdom blir møtt på ein likeverdig og respektfull måte, både av vaksne og jamaldrande, er det grunn til å tru at dei lettare vil kunne byggje opp ein trygg og solid sjølvidentitet.

I eit samfunn som vårt, der endringane er raske og omfattande, er vi avhengige av å vere trygge på oss sjølve og omgjevnadene om vi skal lykkast med å skape vår eigen sjølvidentitet. Denne tryggleiken må vere til stades for at vi skal kunne ha og vise tillit til omverda. 4 Ikkje minst er det viktig at også omverda viser tillit til den enkelte. Heilt allment er denne tillitsproblematikken vanskeleg for ungdom, som er i ein fase av livet som er prega av den problematiske overgangen frå barndom til den vaksne livsverda.

Av undersøkingar veit vi at det er den yngste aldersgruppa som finn det vanskelegast å akseptere seg sjølv som homofil. 5 Fleire forhold kan forklare kvifor nettopp dei yngste har det vanskelegast, men to grunnar er heilt klare: For det første står ungdom heilt generelt midt i ein vanskeleg avklaringsfase i livet. At somme i tillegg må avklare spørsmålet om eiga seksuell orientering, blir altså ei ekstra påkjenning i denne sårbare livsfasen. For det andre finst det indikasjonar på at delar av ungdomsbefolkninga er svært negative til homofili. 6

Vi veit at jamaldringane har svært mykje å seie i denne livsfasen, 7 og at ungdom generelt er usikre, kan verke med til å gjere avvikande val og levesett problematiske. Mange har derfor lett for å reagere på den usikre situasjonen ved å hegne om ei stereotyp utgåve av «det normale». 8 Det er dessverre mykje som tyder på at ungdom reagerer på nettopp denne måten, og vi ser teikn til ein utbreidd homonegativisme blant norske ungdommar. 9

Homoseksualitet må derfor ikkje teiast bort og på den måten «merkeleggjerast». Om ein i skolesamanheng kan snakke ope og fordomsfritt om spørsmål som gjeld seksualitet og identitet, vil det å vere tiltrekt av sitt eige kjønn kanskje ikkje opplevast som meir frustrerande enn å vere tiltrekt av det motsette kjønn. 10 Og det er ikkje berre homoseksuelle elevar dette er viktig for: Verken heterofile eller homofile er tente med at vankunne og fordommar skal skape frykt og avstand.

Tidlegare undersøkingar, gjorde før L97 var implementert, viser at eit tema som homofili var særleg fråverande i grunnskolen, men også i den vidaregåande skolen. Dette gjeld både kunnskapsformidling om seksualitet, ulike samlivsrelasjonar og seksuell orientering. Ei større ungdomsundersøking gjord i 1998 viste til dømes at berre ca. 40 % av ungdommane som deltok, hadde høyrt eller lært om homofili på skolen. 11 Dette blir støtta opp av resultat frå ei spørjeundersøking blant lærarar i same tidsrommet. 12 Det blir derfor viktig å følgje opp L97, slik at intensjonane i denne læreplanen blir realiserte.

5.3 Homofili i læreplanar, lærarrettleiingar og læremateriell for grunnskolen og vidaregåande opplæring

Tema om homofili er både for grunnskolen sitt vedkomande og for vidaregåande opplæring nedfelt i Læreplanverket (L97). Læreplanen er den styringsreiskapen Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet har når det gjeld innhaldet i undervisninga i skolen, og han er no innført i heile grunnskolen og er bindande for skolane. L97 tek opp tema som forelsking og kjærleik, omsorg, seksualitet og seksuell kjønnsidentitet.

Den generelle delen i læreplanen omhandlar prinsipp og retningslinjer for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Her står det at «oppfostringen skal motvirke fordommer og diskriminering og fremme gjensidig respekt og toleranse», og individ og samfunn er nemnt som eit av kunnskapsområda. Kunnskapsområda set opp tema ein skal arbeide med på tvers av fag, og som skal gå som ein tråd gjennom alle skoleåra. Tema under kunnskapsområdet individ og samfunn er mellom anna familiekunnskap, samlivslære og homofili.

Arbeid med spørsmål som er knytte til puberteten, startar i 5. klasse, når elevane er 10 år. På dette alderstrinnet skal dei drøfte spørsmål knytte til både formeiring og seksuell kjønnsidentitet, heterofili og homofili. I fagplandelen av L97, er temaet homofili først og fremst dekt i plan for faget Natur og miljø, men òg i samfunnsfag og kristendomskunnskap med religions- og livssynskunnskap.

I faget Natur og miljø skal eleven

«(...) drøfte hva som ligger i begrepene forelskelse, kjærlighet, omsorg, seksualitet, seksuell kjønnsidentitet; heterofili og homofili. Videre skal seksuell lavalder, seksuell debut og sexpress drøftes, og det skal læres om prevensjonsmidler og seksuelt overførbare sykdommer».

I faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering blir «filosofiske tolkninger av mennesket, verdier og normer» tekne opp i 8. klasse. I opplæringa skal eleven drøfte etiske konfliktar og val knytte mellom anna til spørsmål om seksualitet, identitet, samliv, heterofili og homofili.

I Samfunnsfag skal elevane i 7. klasse

«(...) arbeide med dei fysiske og psykiske endringane som tek til i puberteten, slik at dei betre kan møte problem og utfordringar som er knytte til mellom anna utvikling av seksuell identitet i denne fasen av livet.»

I 10. klasse skal elevane mellom anna

«(...) Diskutere og vurdere normer for seksualitet, samliv og ekteskap og partnarskap. Drøfte likestilling mellom kjønna, seksuell identitet, abort, fosterdiagnose og samanhengen mellom genteknologi, medisinske nyvinningar og etiske val.»

I faget Norsk skal elevane lese bøker og korttekstar som tek opp tema dei unge er opptekne av på ulike alderstrinn, og som kan vere viktige for identitetsutviklinga deira. Det finst òg ei rekkje prosatekster som handlar om homofil og lesbisk identitetsutvikling.

Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med læreplanverket L97. Lærebøkene skal fungere som støtte og hjelp til å få oppfylt krava i opplæringa. Det blei gjeve ut nye lærebøker for alle fag og trinn i den 10-årige skolen ved innføring av L97. Nokre av dei nye lærebøkene dekkjer spørsmål om seksuell orientering, heterofili og homofili. Eitt døme er læreboka "Tellus 10", Natur- og miljøfaget for ungdomstrinnet, som tek temaet homofili opp på ein grundig måte.

I tillegg til gode lærebøker om tema som seksualitet og homoseksualitet, er det viktig at lærarane har eit reflektert forhold til formidlinga av dette stoffet. Dette er spørsmål av svært personleg og eksistensiell karakter (særleg for ungdom). Derfor må ikkje læraren ha eit distansert forhold til stoffet, men snakke «til» (dei eventuelt homofile) elevane og ikkje «om» dei homofile som om dei skulle vere ei særskild gruppe. Målsetjinga for undervisninga må ikkje berre vere å redusere fordommar blant heterofile elevar, men òg å gje lesbiske og homofile elevar ei positiv tilbakemelding på eigne kjensler.

Det bør leggjast vekt på at undervisning om tema knytte til samliv, kropp og seksualitet startar så tidleg som mogleg. I andre nordiske land (Finland og Danmark ) startar til dømes samlivsundervisninga i 1. klasse. 13

I grunnskolen er samarbeid med skolehelsetenesta svært aktuelt i samband med dette. I samarbeid med helsesyster arrangerer mange skolar møte med mellom anna legestudentar eller unge frå Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) og elevane med tema som kjærleik, seksualitet og homofili.

Informasjonsmateriell til elevar i barneskolen er førebels ei mangelvare. Det finst likevel veleigna informasjonsmateriell og undervisningsopplegg som kan nyttast av - og til - barn i aldersgruppene 5 til 12 år i dei andre nordiske landa. Ein modell «Du bestemmer» er omsett til norsk og blir distribuert gjennom Statens helsetilsyn.

I vidaregåande opplæring er «Samliv og seksualitet» eit nasjonalt valfag, der eit av måla er at eleven skal ha innsikt i eigne kjensler og reaksjonsformer, innblikk i det seksuelle mangfaldet og kjennskap til ulike samlivsformer. Dette er eit valfag, slik at det er eleven sjølv som avgjer om han eller ho ønskjer denne opplæringa.

I tillegg til dette nasjonale valfaget, legg måla i læreplanane for felles allmenne fag i vidaregåande opplæring til rette for opplæring i spørsmål knytte til samliv og seksualitet. Dette gjeld først og fremst dei felles allmenne faga Samfunnslære og Religion og etikk, og til dels òg Naturfag.

Læreplanen for Samfunnslære på VK1 har som mål under «Samliv, individ og samfunn»:

Mål 3: Elevene skal kunne drøfte utfordringer og ansvar i samliv og i samfunnet.

Elevene skal

a) ha kunnskap om sosialisering og kunne utvikle en ansvarlig holdning i samhandling med andre

b) kunne drøfte familiens og det offentliges ansvar for barns oppvekstvilkår

c) ha kunnskap om kjønnsroller og normer for samliv

d) kunne drøfte etiske sider ved å inngå et samliv og konsekvenser av samlivsbrudd

e) kjenne lover og regler om ekteskap, samboerskap, partnerskap, skilsmisse og barns rettigheter.

Dette blir følgt opp i lærarrettleiinga med framlegg til rollespel.

I samarbeid med andre departement arbeider Sosial- og helsedepartementet med å utvikle ei særskild ressursbok om seksualitet og samliv. I denne ressursboka handlar teksta gjennomgåande både om heterofili og homofili, samstundes som ho òg har eit særskilt kapittel om homofili. Ressursboka problematiserer også familieomgrepet på bakgrunn av eit mål om respekt for dei faktiske heimeforholda eleven har. Ressursboka blir send alle skolar med ungdomssteg og grunnkurs i vidaregåande, og det er framlegg om at ho blir distribuert til alle lærarstudentar. Materialet er lagt opp med tanke på at det òg skal kunne nyttast av andre grupper enn lærarar.

5.4 Høgare utdanning

I universitets- og høgskolelova slår ein fast at Regjeringa fastset kva for gradar, yrkesutdanningar eller andre utdanningsprogram den enkelte institusjonen kan gje, og kva krav til breidd, omfang og fordjuping som skal gjelde. Frå 1. januar 2000 har høgskolar og universitet fått delegert styringsmakt til mellom anna å etablere fag og emne med omfang til og med 30 vekttall på lågare grad. Ved behov kan høgskolane gje tilbod i særskilde emne som ikkje byggjer på rammeplanen i til dømes lærarutdanninga.

Institusjonane kan ikkje gjevast pålegg om læreinnhaldet i undervisninga, innhaldet i forskinga eller i det faglege utviklingsarbeidet. Det er heller ikkje vanleg at institusjonane blir pålagde å tilby særskilde utdanningsprogram. Departementet kan på den andre sida fastslå nasjonale rammeplanar for enkelte utdanningar og for enkeltfag som inngår i desse utdanningane. Rammeplanane avgjer på eit overordna nivå kva for hovud- og delemne utdanninga skal innehalde.

5.4.1 Universitetsutdanning

I skoleåret 1996/97 gjekk Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) med støtte frå Samarbeidsorganet for helsefremmende oppgaver (SOHO) gjennom pensum og undervisning for alle helserelaterte utdanningar på høgskole- og universitetsnivå. Spørjeskjema blei sende til alle høgskolar og universitet i Noreg som driv slik utdanning. Undersøkinga viste at berre eit lite mindretal av høgskolane har undervisning om homofili. Mange svarer at det ikkje blir gjeve noka undervisning om homofili fordi det ikkje lenger er ein sjukdomsdiagnose. 14

Innanfor medisinarutdanninga blir homofili derfor i svært liten grad tematisert, og berre eitt av medisinstudia viste til ei grundig og oppdatert undervisning. På bakgrunn av kartlegging av helsa hos homofile og lesbiske i NOVA-undersøkinga, ser vi at denne tematikken bør styrkjast innanfor medisinstudiet. Det same forholdet gjer seg gjeldande for embetsstudiet i psykologi. Også her bør tema som tangerer homofil og lesbisk identitetsdanning, takast opp.

5.4.2 Spørsmål om seksuell identitet i lærarutdanning

Det norske utdanningssystemet byggjer på det synet at menneske er likeverdige, og at menneskeverdet er ukrenkjeleg. Omsorgsoppgåvene til lærarane gjer at dei treng grunnleggjande kunnskapar om kva for behov barn og unge har. Læraren må forstå når ein elev treng hjelp og må vere fortruleg med alders- og utviklingsrelaterte endringar. I etiske spørsmål er lærarane forplikta på internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, slike som menneskeretts- og barnekonvensjonen.

Lærarstudentar skal mellom anna arbeide med spørsmål om seksuell orientering i faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

5.4.3 Kompetanseutvikling for lærarar

Opplæringslova inneheld vedtak om ansvarsdeling mellom departementet, kommunar og fylkeskommunar når det gjeld grunnskolen og vidaregåande opplæring. Av denne lova følgjer at hovudansvaret for kompetanseutvikling hos lærarane ligg i kommunane og fylkeskommunane, som er arbeidsgjevarar for lærarane. Statens utdanningskontor har ansvaret for å koordinere nødvendige kompetanse- og etterutdanningstiltak i eit samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar på den eine sida og universitet og høgskolar på den andre sida. I samband med gjennomføringa av utdanningsreformene (Reform 94 og L 97) er det over statsbudsjettet gjeve ekstra midlar til etterutdanning og oppgradering av lærarar.

Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet har nyleg utarbeidd eit etterutdanningsopplegg for kompetanseutvikling i natur- og miljøfag frå år 2000 der mellom anna emnet Kropp og helse, med undertittel Mennesket fra foster til voksen, er teke opp. Målgruppene er universitet, høgskolar, Statens utdanningskontor, kommunar og skolar. Dette skal tene som eit felles grunnlag for utarbeiding av strategiar og verkemiddel for kompetanseutvikling i faget.

5.5 Tiltak

5.5.1 Grunnskole og vidaregåande opplæring

Elevane når kjønnsmoden alder medan dei er elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Den kjønnslege identiteten er viktig for alle menneske, og skolen har ei viktig rolle i det helsefremjande arbeidet som omfattar det å gje barn og unge tryggleik i eigen identitet, som den kjønnslege identiteten er ein del av. Læreplanane gjev høve til å behandle temaet homofili i fleire fag og over fleire årstrinn, men det er eit lokalt ansvar korleis ein vel å ta dette opp i undervisninga. Det er ikkje kunnskap om i kva for grad dette temaet blir behandla på ein brei og dekkjande måte, verken i grunnskolen eller i vidaregåande opplæring. Mange homofile og lesbiske rapporterer å ha sakna informasjon om homofili, og dessutan rollefigurar til dømes frå bøker der homofile eller lesbiske har ein sentral posisjon. 15

Statens helsetilsyn har gjennomgått undervisnings- og rettleiingsopplegg om samliv og seksualitet som blir nytta i skolen i dag, og har laga ein eigen katalog med oversikt over informasjons- og rettleiingsmateriell om samliv og seksualitet som ein kan tilrå til informasjon og undervisning av barn og ungdom om samliv og seksualitet (Statens helsetilsyn 1999). Katalogen skal reviderast i 2001.

I arbeidet med å gje barn og unge tryggleik i eigen kjønnsleg identitet må skolen og lærarane samarbeide med den pedagogisk psykologiske tenesta og skolehelsetenesta, som og har ei særs viktig rolle når det gjeld samtalar og rettleiing av barn og unge som treng vaksne å snakke med om deira eigen seksualitet, her også homofil identitet.

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • Det er ein føresetnad at intensjonane i læreplanen om undervisning om homofili blir implementerte i dei konkrete undervisningsopplegga i skolane. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje opp og sjå til at dette blir gjort.

  • Utdanningsstyresmaktene vil arbeide for å styrkje lærarane sin kompetanse når det gjeld å gje barn og unge tryggleik i eigen kjønnsleg identitet, også medrekna homofil identitet. I samråd med Læringssenteret og Sosial- og helsedepartementet blir det laga ei ressursbok til lærarar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Boka blir send skolane våren 2001.

  • I opplæringslova § 9-2 heiter det at elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Biblioteka skal utstyrast i pakt med læreplanane som elevane arbeider etter. Det er derfor ein føresetnad at skolebiblioteka kjøper inn litteratur der homofili på ulikt vis blir teke opp.

5.5.2 Høgare utdanning

Fagpersonalet i lærarutdanninga har ei nøkkelrolle i kunnskapsbygging blant lærarstudentane om levekåra for lesbiske og homofile og med det indirekte òg for kunnskapsformidlinga om desse spørsmåla i skolen. Temaet inngår som del av menneskerettsaspektet i rammeplanane for lærarutdanninga. Det er òg viktig at det er tilbod om relevant etterutdanning, slik at kommunane og fylkeskommunane skal kunne oppfylle sitt etterutdanningsansvar.

Også andre utdanningskategoriar er sentrale når det gjeld kunnskapsbygging om levekåra for lesbiske og homofile. Dette gjeld universitets- og høgskoleutdanningane for mellom anna legar, psykologar, sosionomar, barnevernspedagogar og helsesystrer.

  • For å auke kompetansen hos fagpersonalet i lærarutdanninga på området levekår for lesbiske og homofile, er Norgesnettrådet, ved Staten lærarkurs, bede om å leggje til rette for relevante kompetansehevingstiltak, mellom anna i kurs om samliv og seksualitet i 2001.

  • Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet vil ta opp med utdanningsinstitusjonane at tema med fokus på lesbiske og homofile blir styrkte i medisinar- og psykologutdanninga. Tilsvarande blir teke opp med høgskoleutdanningane for lærarar og helse- og sosialfagleg personell.

  • På bakgrunn av NOVA sitt prosjekt «Levevilkår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn i Norge» vil Høgskolen i Oslo utvikle og arrangere eit kursopplegg fokusert på kjønn, identitet og marginalisering. Målgruppene er lærarar, barnevernspedagogar, legar, prestar, psykologar, sosionomar og andre. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet vil løyve 300.000 kroner til dette over statsbudsjettet for 2000/2001.

  • Det vil bli sett i gang forsking om lesbisk og homofil ungdom i skolen og utdanningsinstitusjonane.

Fotnotar

1.

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen. Det kongelege kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartement 1996. s. 15.

2.

NOVA-undersøkinga s. 313.

3.

Mellom anna viser «Rapport fra seksualvaneundersøkelsene i 1987, 1992 og 1997» (s.9) frå Statens institutt for folkehelse at 5,1 prosent av kvinnene og 6,7 av mennene har hatt seksuelt samvær med personar av same kjønn (sjå www.folkehelsa.no/filer/pdf/sex8797/pdf)

4.

Sjå til dømes Giddens, Anthony (1996) op.cit.

5.

For ei nærmare utgreiing, sjå spesielt kapitla 4 og 7.

6.

Sjå NOVA-undersøkinga s. 91-105. Særleg unge gutar er negativt innstilte. Sjå også nedanfor.

7.

Frønes, Ivar (1994) De likeverdige: Om sosialisering og de jevnaldrendes betydning . Oslo: Universitetsforlaget.

8.

I verste fall gjennom rigid eller autoritær konformisme . Fleire forskarar ser tendensar til at ungdom på enkelte område synest å ha blitt meir konforme. Sjå mellom anna drøftinga av eit såkalla «konformitetsopprør» i Bakken, Anders (1998) Ungdomstid i storbyen . NOVA Rapport nr 7, s. 248.

9.

Sjå til dømes Hegna, Kristinn (1996) Koss har me det? Ungdomsundersøkelsen i Stavanger 1995 . Ungforsk Rapport nr 1, s. 186, Strandbu, Åse (1997) Gutter og jenter i Asker og Bærum. Ungdomsundersøkelsen 1996 . NOVA Rapport nr 5, s. 27 og Øia, Tormod (1998) Oppvekst i Skien. Et forebyggende perspektiv . NOVA Rapport nr 13, s. 111.

10.

Wegling, Monica (1997) Trine + Marit. En bok om ungdom og (homo)seksualitet . Oslo: Sosialistisk opplysningsforbund og LLH.

11.

Statens Helsetilsyn, 1998

12.

Elvebakken KT (1998) En undersøkelse blant lærere om samlivsundervisningen i ungdomsskolen og i videregående skole. Vedlegg til Riise G. Evalueringsprosjektet - Bergen: SEFOS.

13.

Aaen, C (1999) Ny pædagogikk kan leve opp til unges krav til seksualundervisningen. Sex og samfund, nr. 27.

14.

Benum, Friis og Offerdal (red) (1997) Vite for å forstå - 10 artikler om homoseksualitet og lesbiske og homofiles livsvilkår i Norge i dag . Oslo. Sjå også Friis, Eva: Oppsummering av spørreundersøkelse om undervisning

15.

NOVA-rapport Om homofili skoleåret 1996/97 (ikkje publisert).

Til forsida